Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Interiør’ Category

Fastelavn!

Endeleg kom søndagen der vi har egg i bollane og masse masse deilig vaniljekrem og syltetøy inni! Faste etterpå? Burde vel det. Men i dag er det fastelavn!

fastelavnsris-shrovetide

I år vart det visst eit minimalistisk fastelavnsris pynta med sløyfeband og duskar av restegarn. Fint familieprosjekt medan bolledeiga hevar! Og så fekk eg omsider testa duskelagedingsane mine. Vurdering: Bra dei var på sal.

fastelavn-katt

To fastelavnskattar var med heim frå barnehagen. Å slå katten ut av tønna er vel opprinneleg ein dansk og tysk tradisjon, ein leik der målet er å jage vinteren (symbolisert med ei tønne) bort og la våren (symbolisert med ein katt) sleppe til. Vår er eg for!

fastelavnspynt

fastelavnsris-med-dusk

Snella

Reklame

Read Full Post »

Nyleg blei barndomsveninna 40 år. Ho har ei flott funkisleilighet der interiøret går i kvitt og grått, med innslag av gult. Snella fann eit bilete på Pinterest av eit flott pledd strikka i Chevronmønster. Både fargane og mønsteret passa perfekt til interiøret! Det var ikkje knytta ei oppskrift til bilete, så eg strikka oppvaskkluter som prøvelapper for å finne ut korleis eg skulle få til den fine stripa med «kjedemasker» i knekkane på mønsteret.

Chevronpledd

Chevronpledd

Strikkefakta:

Mønster: Satt saman frå litt forskjellig. Bruk f.eks dette som utgongspkt, men juster antall masker til den størrelsen du vil ha og strikk rettmasker på vrangsida. For å få kjedemaskene i knekkane strikker ein vrangmaske i knekken på vrangsida. Eg la opp 213 masker.

Størrelse: 85 * 170 cm

Garn: Dobbel Drops Alpaca, gul 2923, lys grå 0517, naturkvit/gråmix 9020, lime/lys grøn 7300 og koksgrå 0506. Total garnmengde, 1060 gram.

Pinne: 5,5 mm

Chevronpledd

Chevronpledd

Det blei ei flott feiring av veninna med god mat og litt bobler. No er det nokre måneder til neste veninne er 40, men eg må skynde meg å finne på noko fint å lage til ho òg. Ho gifta seg ifjor og då fekk ho Primulapledd. Dei andre veninnene som har passert 40 har fått Umaropledd og sydd veske
 Nøstet –

Read Full Post »

Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord? I år synest eg det har vore ein spesielt dyster vinter. Medan eg drøymer om grønkande lier, har eg i det minste fått inn litt sol ved å pusse opp den mørkebrune laminerte finerkommoden frå 70-åra (ikkje av den kule retrochice typen, men ein sliten, flekkete og trufast travar).

Oppussa kommode - rennande malingseffekt

Du treng:

– vaskemiddel
– svamp
– fint sandpapir
– heftgrunn
– målingskost
– tre boksar spraylakk i kvitt, gult og oransje

Det kjedelege du må gjere først:

  1. Ta av knottane og puss dei.
  2. Ta ut skuffene, vask alle flater og puss dei med sandpapir før du vaskar igjen.
  3. Mål flatene med heftgrunn slik at spraylakken får godt feste.

Det gøye etterpå:

  1. Sett skuffene på plass og spray av hjartans lyst med den kvite boksen nedanfrå og oppover så langt du vil ha det kvitt og litt til. Spray tynt på frå ca. 30 cm avstand. Det er sikkert måtar å gjere det penare på ved t.d. å spraye skuffene for seg, men så nøyaktig hadde eg ikkje behov for å vere denne gongen.
  2. Når det kvite er tørt, gå over til gul sprayboks og gjenta. Når du har definert det gule området, spray langs kanten nede med berre fem cm avstand. Beveg boksen veldig sakte (men ikkje stopp heilt opp) slik at målinga renn nedover det kvite feltet.
  3. Gjenta med oransje spray.
  4. Fest knottane att når målinga er heilt tørr. Eg trur det hadde vore veldig kult med treknottar i same farge som underlaget, men juksemessingknottane mine fekk vere med vidare denne gongen. 

Sol stig og sol sig på barnerommet no – sjølv om sommaren skulle la vente på seg.

Snella

Read Full Post »

Eksperimentell flettestrikk! Eit eksperiment for meg, iallfall, med asymmetriske fletter. Desse flettene har klartenkte Nøstet hjelpt meg å teikne opp mønster til, og eg synest resultatet vart riktig så fint.

 

Flettestrikk, sofapute

 

Putetrekket er strikka i same svabergsgrå babyull som babysokkane, kjøpt på sal ein gong. Dobbelt garn og 142 masker på pinne nr. 3,5 vart passe. No skal puta få varme ein kollega i ryggen i vinter. Ho har flunkande ny heim mørk grå sofa.

Snella

Read Full Post »

Dei er hektiske, alle desse dagane som kjem og går. Var det ikkje i går at vesle Skjønnas kom til verda? Lite søvn, mas, rot og konstant dårleg samvit gjer det av og til vanskeleg å hugse at det er dette som er sjølve livet. Derfor treng eg å bli minna om det og at dette er dei gode gamle dagar. Det er jo akkurat denne tida eg kjem til å mimre om. Og med det perspektivet går alt så mykje betre.

 *

Babyrom

 

*

Eg er så lei av at nesten alle skilta i butikkane er på engelsk. Det burde vere unødvendig, synest eg, så eg laga mitt eige skilt av seks minilerret frå TGR. Dei vart grunna med samme måling som veggen, fekk kvit tekst og vart hengde opp med frøkentyggis (tack-it).

*

 

Babykroken  nursery

 *

Det er mykje  å gjere med det vesle huset vårt, og vi tar det litt etter litt. Sidan vi berre har to soverom, har vi innlemma det gamle vaskerommet i soverommet og fått ein babykrok. I ein vill augneblink bestemte eg at vi skulle ha kvitt vegg-til-teppe på golvet. Ikkje spesielt lurt med to små ungar, men det kjennest herleg dekadent. Den gresselege glasfiberstria lot vi bli, for planen er å ta dette rommet skikkeleg seinare, men stria har fått fargen «gustaviansk blå», og vindauga fekk tjukke kvite lingardin. Leandervogga og ein god ammestol med tjukke puter har vore gode å ha i våkenettene.

Snella

Read Full Post »

Heldige eg har ein hage som bognar av angande blomar. Denne vakre pinsehelga har eg kunna plukke inn berusande bukettar med kaprifol, klematis, vill iris, dagliljer, spirea og blåbærlyng.

*

Bukett frå hagen  *

Til pinsebrunsjen hos ei veninne tok eg med nokre av dei flottaste klematisblomstene, pakka inn med silkepapir og hyssing.

*

Klematis

 

På kortet skreiv eg eit av yndlingsdikta mine, eit hagedikt som passar godt saman med blomar frå hagen.

 

Brui

Det gjer godt
å møta menneske
som let opp dører
inn til ukjende rom
med utsyn til hagar
der smilande blomar
opnar sovande sansar

Johan Fjellby

Det har vore ei perfekt pinsehelg. Måtte resten av sommaren bli like skjønn!

Snella

Read Full Post »

Det var farmor som lærte meg å hekle. Mange fine helgetimar sat vi saman i sofaen på det koselege kjøkenet hennar med kvart vårt hekletøy og prata om livet. Ho fortalte historier frå svunne tider, historier som har vore med å forme meg. Ein gong ga ho meg ei filethekla brikke eg skulle ha til minne. Brikka var med meg som nattbordbrikke i mange år. Uansett kvar i verda eg budde, vart det heime når brikka var på plass.

*

Romantisk hekla sofapute

*

No når eg er blitt etablert og forsøksvis ansvarleg mamma i hus med karnapp, er brikka blitt sofapute. Eg har sydd eit putetrekk av to stoffbitar, beige på baksida og raudt på framsida slik at mønsteret kjem fram. Brikka er nesta på på framsida for hand og kan lett takast av og vaskast om ein til dømes søler kaffi på puta i ammetåka (sånn reint hypotetisk, så klart).

*

Sofapute i filethekling

*

No har eg ei gammaldags og romantisk pute som minner meg ikkje berre om gode stunder saman med farmor, men også om kven eg er og vil vere.

Snella

Read Full Post »

På bloggrunda mi i ettermiddag kom eg over den koselege utfordringa frå Monstermønster om å vise fram kor ein strikker. Her er min strikkekrok.

Min strikkekrok

Min strikkekrok

Det er viktig med ein god stol, og Sting frå Brunstad er min favoritt. Både mann og barn veit at denne er min, så dei hopper kjapt vidare til sofaen (eller tilsvarande stol på andre sida av bordet) når eg kjem inn i rommet. Nedanfor stolen har eg to bokser fra Ikea som har lokk som ein lukkar med glidelås. Lokka er sjeldan på, men får vi plutseleg gjestar er det ein kjapp måte å rydde på. Dei er slett ikkje alltid så ryddige og organiserte som dei er idag. I eine boksen ligg der pågåande prosjekt og litt bøker, blader og hefter som det ikkje er plass til i aviskorga. I den andre boksen har eg strikkepinnane mine, heklenåler, saks, måleband og alle andre småting som er «kjekt å ha». I tillegg har eg strikkeposer og mapper, og idag ser eg det ligg eit nøste Schachenmayr Argentina eg fekk frå Strikkeveninna. Det skal strikkast sjal av i ein spesiell teknikk, så det prøver eg å finne ut av for tida. Garn, stoff og alt anna hobbystæsj er eg så heldig å ha eit eige rom til. Der er eg innom fleire gongar for dagen. Alltid noko som må sjekkast ut!

Ha ein flott strikkekveld!

 

– Nøstet –

Read Full Post »

Adventsstake i ny drakt

I desse dagar er den sjuarma adventsstaken å sjå i annankvart vindauge. Den kjedelege, masseproduserte staken har alltid gjort meg meir trist enn glad. Men i år arva vi nettopp ein slik. Pimpa med litt lakk vart staken riktig så lekker.

*
Sjuarma lysestake i sølvdrakt

*

Dette er eit superenkelt og raskt oppussingsprosjekt. Eg berre skrudde ut lyspærene og spraya staken med sølvlakk kjøpt på Jernia. Tre strøk måtte til for at fargen skulle dekke skikkeleg. No pyntar adventsstaken opp og skapar lun stemning i stova.

Slik såg staken ut før:

Klassisk sjuarma adventsstake

Snella

Read Full Post »

Det er sopptid, og sidan Fikslein skulle bli storebror i september, skulle han få flugesoppmøblar i storebrorgåve. No hadde rettnok Skjønnas hastverk og kom i august, men gåva vart likevel til som planlagt.

*

Bord malt som fluesopp

*

Det gamle, arva bordet såg sine betre dagar i 70-åra. Det passa godt inn i det gamle biblioteket vårt, men i den nye heimen passa det ikkje.

*

Flugesoppbord før

*

Eg pussa bordet godt ned og lakka det med kvit lakk. Så fekk beina litt gras av grøn lakk, og toppen eit par strøk raud lakk. Prikkane har eg måla på ved hjelp av ein heimelaga sjablong av kontaktpapir. Til slutt spraya eg på eit lag klarlakk. Ferdig!

*

Flugesoppsett

*

Krakken kjøpte eg på sal på Åhléns i fjor.

*

Flugesoppkrakk frå Åhléns

*

Møblane vart møtte med stor begeistring, og no står dei og lyser opp kjellarstova, som har utsikt til naturtomta vår med blåbær- og tytebærlyng. God haust!

Flugesoppar

Snella

Read Full Post »

Older Posts »