Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Kvardagstankar’ Category

Vi er klare for innrykk! Ytterdøra er blitt småskummel, og ekle hender av matgodkjende gummihanskar fulle av snop ligg og ventar. Vi kjem vel alltid til å ønske at det heller kom julebukkar, men vi seier: Velkomne, godteskrømt!

                                                                   Dei hekla skhalloween-shawlallane er eit sjal av restegarn frå lageret. Artig prosjekt, men lett å gjere feil! Eg auka litt meir enn oppskrifta sa, for at sjalet skulle bli breiare og ikkje gå så langt ned på ryggen.

Heklefakta Mønster Lost Souls Skull Shawl by Maryetta Roy (gratis på Ravelry) Heklenål 3,5 Garn uidentifisert raudt restegarn i ull

 

hodeskallesjal-crochet-skull

Snella

Reklame

Read Full Post »

 

Det er alltid artig å sjå reaksjonane når ein fortel utanlandske vener om norsk barnehagepolitikk, og at norsk sommar derfor er babyboomtid. Så langt kjenner eg seks augustbarn, og tida strekk derfor berre til til babysokkar. For å gjere det litt meir interessant har eg begynt å gi dei vekk på bamsar.

*

Bamsar med babysokkar

*

No er gåva til dei to siste tullene klare, sokkar i lilla, kvitt og ymse gråfargar. Mønsteret er det same som eg alltid brukar, garnet er babyull frå Gjesdal, og pinnane heiter 2,5.

*

Strikka babysokkar i fargane grå, kvit og lys lilla

 *

Ei hekla blomsternål i dei same fargane til storesøster til eine tulla ligg også klar. Og neste sokkepar er sjølvsagt på pinnane alt. Her er det berre å henge i.

*

Babyføtter

Snella

Read Full Post »

Då var kvardagen igong igjen. Ungane er på skulen og i barnehage, og vi vaksne på jobb. Ettermiddagar og kveldar går med til leksehjelp, oppstart på aktiviteter og diverse ryddeprosjekt. Innimellom blir det nokon omganger på eit av dei mange prosjekta som har blitt starta opp iløpet av sommaren.

Og i sommar blei det strikka på litt forskjellig. Favorittstrikketøyet blei oppvaskkluter, og favorittstrikkeplassen blei i vasskanten nedanfor hytta.

Klutstrikking på stranda!

Klutstrikking på stranda!

Ungane herja på med båtar, bading og krabbefangst, mens eg kosa meg med strikketøy og strikkepodcast. Eg henger litt etter på kva som fins der ute i den store strikkeverda, så strikkepodcast var nytt for meg. Foreløbig har eg fått med meg Pinneguri sin og eg har høyrt mange episodar av den svenske Stickpodden. Og det er mange på lista som skal høyrast på utover hausten. Kjempegøy!

Enkle oppvaskkluter

Enkle oppvaskkluter

Oppvaskklutane er strikka i Mandarin Petit og Safran. Legg opp oddetal antall masker (trur eg har litt over 60), strikk ein pinne rettmasker og neste pinne ei rett og ei vrang maske ut pinnen, avslutt med ei rett maske. Fortsett med desse to pinnane til kluten er passe lang, fell av og hekle krepsemasker rundt kluten for ein fin avslutning. Perfekt strandstrikk sidan det ikkje gjer noko at strikketøyet ramlar i vatnet når ein plutseleg reiser seg for å telle unger…

Middagsblomar

Middagsblomar

Så må eg berre legge ved eit par skrytebilete av dei fine Middagsblomane eg har på hytta. Etter at eg sådde frøa for evigheter sidan hadde eg avskreve heile prosjektet sidan det såg ut til berre å bli masse grøne blad. Men så plutseleg eksploderte det med blomar!

No skal eg planlegge haustprosjekta!

 

– Nøstet –

Read Full Post »

Dei er hektiske, alle desse dagane som kjem og går. Var det ikkje i går at vesle Skjønnas kom til verda? Lite søvn, mas, rot og konstant dårleg samvit gjer det av og til vanskeleg å hugse at det er dette som er sjølve livet. Derfor treng eg å bli minna om det og at dette er dei gode gamle dagar. Det er jo akkurat denne tida eg kjem til å mimre om. Og med det perspektivet går alt så mykje betre.

 *

Babyrom

 

*

Eg er så lei av at nesten alle skilta i butikkane er på engelsk. Det burde vere unødvendig, synest eg, så eg laga mitt eige skilt av seks minilerret frå TGR. Dei vart grunna med samme måling som veggen, fekk kvit tekst og vart hengde opp med frøkentyggis (tack-it).

*

 

Babykroken  nursery

 *

Det er mykje  å gjere med det vesle huset vårt, og vi tar det litt etter litt. Sidan vi berre har to soverom, har vi innlemma det gamle vaskerommet i soverommet og fått ein babykrok. I ein vill augneblink bestemte eg at vi skulle ha kvitt vegg-til-teppe på golvet. Ikkje spesielt lurt med to små ungar, men det kjennest herleg dekadent. Den gresselege glasfiberstria lot vi bli, for planen er å ta dette rommet skikkeleg seinare, men stria har fått fargen «gustaviansk blå», og vindauga fekk tjukke kvite lingardin. Leandervogga og ein god ammestol med tjukke puter har vore gode å ha i våkenettene.

Snella

Read Full Post »

Vi koser oss på hytta! Vestlandet har hatt eit fantastisk veir i det siste og både dagar og kveldar blir tilbragt ute.

 

Sånne kveldar vil vi ha mange av!

Sånne kveldar vil vi ha mange av!

Innimellom blir det litt strikking. Eg held på med Mariusjakker til begge gutane mine. Monteringsvegring gjer at eg strikker begge før eg set igang med klipping og sying av glidelås. Nokre dagar har det vore så varmt at eg har måtte strikke med bomullsgarn istaden. Eit par oppvaskklutar har blitt strikka på hytta, men heklenåla låg igjen heime så kanten rundt får vi ta ein annan gong. Nepalnøsta er ein del av det neste store prosjektet. Både svogeren og svigerinna har runde dagar i år og har invitert til felles feiring i september. Så innan då håper eg at desse og mange fleire nøster har blitt trylla om til eit pledd. Kanskje blir det eit havskumteppe.

Prosjekt på gong

Prosjekt på gong

Late dagar i Nøsteheimen og Nøstehytta altså. Akkurat sånn det skal vere når Vestlandet byr på strålande sommerveir i mai.

 

God helg frå

– Nøstet –

Read Full Post »

Takk for i går, kjende og ukjende strikkevener som var på Strikkeprosalong i Oslo i går eller skulle ønske de var der.

ProsalongEg hadde tenkt å skrive ei lita oppsummering i dag, men det har sjølvaste Pinneguri allereie gjort på fortreffeleg vis. Ho har notert mykje av det same som eg (og jammen er eg ikkje blitt linselus også), så då kan eg jo supplere med eigne tankar.

Arve Juritzen frå Juritzen forlag er ein dyktig forretningsmann som tydeleg var ute etter å lære noko om den kjøpesterke marknaden sin. Han sjarmerte oss med kommentarar som «På 1800-tallet var det menn som strikket. Så tok damene over, og det ble farger og mønster og fint.» Juritzen stilte nokre spørsmål til salen, og eg hjelper han gjerne. Sidan eg ikkje fekk ordet, presenterer eg hermed eit fiktivt intervju:

Juritzen: Hvorfor kjøper du strikkebøker?

Snella: Eg kjøper mønster på Internett, nyt inspirasjonen og bruker gratisoppskrifter. Likevel kjøper eg strikkebøker. Åttebladrose Eg kjøper først og fremst fordi ei bok borgar for kvalitet. I vår tid når kven som helst kan publisere kva som helst, set eg pris på produkt eg veit er gjennomarbeidde og grundig tygde. Det er eit hav av tekst der ute, og kvaliteten varierer enormt. Då er det godt å plukke opp ei god gammaldags bok som eg veit har vore gjennom redigering, og er vurdert, knadd og omarbeidd til ho er funnen verdig å bli foreviga på papir.

Juritzen: Har du strikkebøker hjemme som du ikke har brukt?

Snella: Kva er å ikkje bruke? Har eg bøker eg ikkje har brukt oppskriftene i? Åja! Eg har enno ikkje strikka noko frå yndlingsboka mi, Literary knits, men eg har jo brukt boka likevel. I timesvis har eg kosa meg med bileta og tekstane og blitt inspirert, mellom anna til å lage sjiraffvottane.

Juritzen: Om du har ein idé til strikkebok, må du kunne summere opp temaet i én setning. Hvilken bok vil du selge meg?

Snella: Eg drøymer ikkje om å lage mønster til ei strikkebok, men eg vil gjerne skrive historiene og spinne draumar til bøkene «Strikk art deco» (kanskje Miss Lemon-toppen min kan vere med?) og «Downton Abbey – ladystrikk». I den siste kan dei fine hekla blondehanskane inngå.

 

Pickles lånt frå evidencemagOgså dei imponerande Pickles-jentene deltok på Prosalongen. Dei uttalte seg nøkternt og tilbakelent utan å selje seg inn for hardt. Dei hadde interessante observasjonar som at det no gir status å ha tid og vise det, til dømes ved å strikke. Folk i dag er rastlause og travle og må fylle tida, og så lenge vi strikkar samtidig, kan vi gjerne sjå på tv.

Det er meg i eit nøtteskal! Og Pickles er topp! Vi har brukt fleire av mønstra deira, mellom anna islandsk soloppgangssjal, tøysetopp og babyteppe.

Nokon nemnde at strikkeinteressa kan henge saman med at vi higar etter noko terapeutisk. For meg vart det bokstaveleg då Juritzen lodda ut den populære boka «Guttestrikk» av Charlott Pettersen. Dama framfor meg vann. Ho viste seg å vere strikketerapeut frå Holtet, hadde sjølv ein 18-åring og håpa det vart ei stund til det kom barnebarn, så ho ga boka til meg. Det var fantastisk hyggeleg gjort, og eg garanterer at dei to pjokkane mine skal få nyte godt av boka! Tusen takk!

Takk til NFF for eit godt initiativ! Det var min første kveld utanfor huset sidan minstemann kom til verda, og eg håpar det blir skapt fleire slike møtestadar.

Snella

Read Full Post »

Det var farmor som lærte meg å hekle. Mange fine helgetimar sat vi saman i sofaen på det koselege kjøkenet hennar med kvart vårt hekletøy og prata om livet. Ho fortalte historier frå svunne tider, historier som har vore med å forme meg. Ein gong ga ho meg ei filethekla brikke eg skulle ha til minne. Brikka var med meg som nattbordbrikke i mange år. Uansett kvar i verda eg budde, vart det heime når brikka var på plass.

*

Romantisk hekla sofapute

*

No når eg er blitt etablert og forsøksvis ansvarleg mamma i hus med karnapp, er brikka blitt sofapute. Eg har sydd eit putetrekk av to stoffbitar, beige på baksida og raudt på framsida slik at mønsteret kjem fram. Brikka er nesta på på framsida for hand og kan lett takast av og vaskast om ein til dømes søler kaffi på puta i ammetåka (sånn reint hypotetisk, så klart).

*

Sofapute i filethekling

*

No har eg ei gammaldags og romantisk pute som minner meg ikkje berre om gode stunder saman med farmor, men også om kven eg er og vil vere.

Snella

Read Full Post »

Ein oppglødd to-åring kom springande mot meg i barnehagen. Halen slepa i bakken bak han. Vent litt. Halen? Den var då vitterleg ikkje der då pjokken vart levert. Brått svinga han halen opp i fjeset mitt med eit stolt smil, og eg kjente ein kvist finne vegen opp det eine naseboret. Aha. Eit fastelavnsris! Eller det som var att av det. — Så fint det er, sa eg.

*

Fastelavnsris med noko attåt

*

Eg er sikker på at eg høyrde riset sukke letta då det fekk pensjonere seg i ein vase. Det såg litt pjuskete ut, men i selskap med friske roser, kneisar det stolt.

No er fastelavnsbollane fortært. I år flomma det flytande sjokolade og marsipan då gjestene delte bollane. Vi toppa dei med krem og lune skogsbær, og krydra med gode historier.

Kveldsroa har senka seg, gutane er i seng og strikkekvelden kan starte. Ein flunkande ny Poirot freistar i boksen sin, tekoppen er fylt, og Umaro er på pinnane.

*

Umaro på pinnane

God fastelavnskveld, alle saman!

Snella

Read Full Post »

Å vere mamma har sine oppturar og nedturar, gitt. Mest opp, og litt ned. Toåringen er i skrivande stund på sitt første karneval i barnehagen. Temaet er Eventyrland. Perfekt! Den lyslugga pjokken er jo berre ei kofte og ei skreppe unna Askeladden. Tenkte eg.

Så var det berre det at denne mammaen hadde oversett eit lite ord. Det skulle visst vere eit dyr. Såg eg då klokka tikka mot leggetid i går. Lettare panisk gjekk hjernen gjennom alle eventyra. Auga fall på skinnfellen der babyen låg og kosa seg. Den minste bukken Bruse! Det må eg klare. Tenke tenke. Den tynne kvite ullhua. Ein stoffrest der. Nål og tråd og ein rest av brunt nepalgarn. Litt fyll. Snurre, rulle, trykke, sy. Horn på plass. Litt skeivt, men det står ikkje på godvilje her. Garn under haka blir bukkeskjegg. Den kvite ullnattdrakta underst, saueskinnfell (sorry, baby) rundt magen og rare horn på toppen. Ferdig!

*

Bilde

*

Det er dagar der eg lurer på om heile dette mammaprosjektet blir ein fiasko, men i dag då eg leverte ein motvillig bukk Bruse  i barnehagen, nådde vi ein milestein. Han såg alle dei andre dyra, drog seg litt i det eine hornet og begynte å breke høgt og støyande.

Dette går så fint atte.

Snella

Read Full Post »

Plutseleg var det berre tre veker igjen til jul! Kor blei dei siste vekene av? Vel, noko av tida har eg jobba, litt har eg trent, og jammen har eg ikkje strikka litt òg.

Nøstet presenterer Julegåvestrikkestatistikk for dei tre siste vekene:

Strikkestatistikk

På x-aksen er det altså datoane og på y-aksen strikketimer. Måndagar kan ein sjå at er dårlege strikkedagar. Då går det i eit med jobb, middag, lekser, trener for barneidrett (frå 18.nov), køyring av Nøsteguten til handball, og så få alle i seng litt for seint. Elles må eg sei at eg har overraskande mykje strikketid. Eg har med meg strikketøyet overalt, og nytter alle ledige stunder. I tillegg var det mykje god strikketid på hyttetur i skikkeleg uveir den 23.

Det gjeld å utnytte tida, strikk mens Snuppa bader, når det er barneidrett (og du ikkje er trener), når det er handballkamp eller trening, når det er musikkbarnehage, på hytta, når mannen skal sjå Bonanza ein søndag morgon og når samme mann jobbar overtid og  ein kan sjå Jane Austen Bookclub.

Det gjeld å utnytte tida, strikk mens Snuppa bader, når mannen skal sjå Bonanza ein søndag morgon, på hytta i uveir, når det er barneidrett (og du ikkje er trener), når det er handballkamp eller trening, når det er musikkbarnehage, og når mannen jobbar overtid og ein kan sjå Jane Austen Bookclub heilt aleine heime.

Så korleis gjekk det eigentleg med alle julegåvene du skulle strikke, Nøstet? Jaudå, månge gåver er påbegynt. To er heilt ferdig, derav oldemorsstripeteppet. Ei gåve som består av to deler er halvferdig, ein genser er ferdig strikka og skal monterast, eit par Moon Socks er ferdig strikka og må òg monterast, eit rilleteppe er 60% ferdig, eit sokkepar er 60% ferdig og eit Babybornsett er påbegynt. I tillegg skal det strikkast minst ein liten ting til. Det skal gå fint. Evig optimist når det gjeld strikkeprosjekt! Har du kontroll over julegåvene?

– Nøstet –

Read Full Post »

Older Posts »