Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Kvardagstankar’ Category

Om eg er aldri så glad i det fine mammatøyet mitt, håpar eg likevel snart vanlege klede passar igjen. Men ny baby er ein glimrande unnskuldning for å handle, og omslagsjakker er supert for ammande mødre som ikkje trivst i ammetoppar.

I Binz i sommar kjøpte eg ei tynn og pen grå jakke, og irritasjonen var stor då eg oppdaga eit hòl i stoffet. Å reise tilbake og byte jakka var uaktuelt, så det var berre å reparere. Usynleg kunne det ikkje bli, så på med perler og pynt. Aldri så galt, jakka er søtare no. Kanskje eg skal begynne å beperle alle kleda mine.

.

Omslagsjakke reparert med perler

Snella

Read Full Post »

Det kan sjå ut som at sommaren har tatt seg ein pause på Vestlandet, eller så har den takka for seg. Uansett er kvardagen tilbake i Nøsteheimen, og idag har eg kosa meg med bilder frå årets ferieveker.

Sidan vi har nybygd hytte var det naturleg å tilbringe mesteparten av ferien der. Veiret varierte frå store nedbørsmengder, lyn og torden til fantastisk sommarveir med blå himmel, strålande sol og nesten tropenatt. Uansett veir kosa vi oss med ulike aktivitetar. Brettspel, kortspel, krabbefisking, bading, roing og litt vedsanking for både små og store. I tillegg kunne dei vaksne nyte seine kvelder med eit glas kvitvin og ei bok, og innimellom litt strikking og brodering.

Finaste pusekatten vår, Lykke, fekk òg vere med på hytta denne sommaren. Ho veksla mellom musejakt, der fangsten blei levert på trappa, og avslapping på dei mjukaste plassane ho kunne finne.

Glimt frå sommarferien

Glimt frå sommarferien

Som bilete viser var det ikkje dei store prosjekta som blei avslutta i sommar, men det blei eit par raggsokkar til Snuppa strikka i Opal med glitter som eg kjøpte på den fantastiske jenteturen til Berlin.

No er det berre å glede seg til alle dei flotte strikkeplagga vi kan lage til hausten 🙂

– Nøstet –

Read Full Post »

å ha besøk av besteveninna og lage muffins med sjølvplukka blåbær frå hagen (og litt rips frå fryseren).

Kva kan vere betre enn ferske blåbær i muffins

Kva kan vere betre enn ferske blåbær i muffins

Lukka for mor er å kunne slappe av på verandaen med strikketøyet,

Akkurat varmt nok til å sitte ute og strikke med ullgarn

Akkurat varmt nok til å sitte ute og strikke med ullgarn

gjerne med nybakte muffins med bær (som Snella gav meg idèen til).

NAM!

NAM!

– Nøstet –

Read Full Post »

Ein dag skal eg sette meg ned og sy i knappane i Jackie, det er tross alt mange månader sidan den var ferdig strikka. Men så haster det jo ikkje så veldig sidan det heldigvis ikkje er så kaldt ute.

Jackie mangler knappar

Jackie mangler knappar

Om ikkje så lenge skal eg sy i knappane i alpakkajakka eg strikka ferdig her om dagen, den blir perfekt til dei småkjølege sommarkveldar som skal nytast på hytta.

Alpakkajakka mangler òg knapper

Alpakkajakka mangler òg knappar

Om det regnar ein kveld skal eg sette meg inn på syrommet og sy puter av dette nydelege Unikkostoffet frå Marimekko. Dei vil passe fint med dei andre putene eg sydde for ei stund tilbake.

Kjempestore, flotte Unikkoblomster skal bli puter

Kjempestore, flotte Unikkoblomster skal bli puter

Eg bør hive meg rundt og sy noko av dei flotte mønstera eg kjøpte når eg var på tur til Berlin, då vil nok Snuppa bli glad!

Snuppa skal jammen bli flott

Snuppa skal jammen bli flott

Og så var det den sommertoppen som eg hadde lovt ho, den har eg iallefall starta på. Håper sommaren blir lang og varm sånn at ho rekk å bruke den mykje.

Sommertopp

Sommertopp

Det mangler ikkje på planer. Og det er kjekt å kunne veksle mellom ulike prosjekt. Aller kjekkast er det kanskje å begynne på eit nytt. Og nyte dei deilige sommardagane som innimellom kjem på Vestlandet.

Ut på tur!

Ut på tur!

– Nøstet –

Read Full Post »

Våren

Våren

Enno ein gong fekk eg vetren å sjå for våren å røma,
heggen med tre som der blomar var på, eg atter såg bløma.
Enno ein gong fekk eg isen å sjå frå landet å fljota,
snjoen å bråna og fossen i å, å fysa og brjota.
Graset det grøne eg enno ein gong fekk skoda med blomar,
enno eg høyrde at vårfuglen song mot sol og mot sumar.

Eingong eg sjølv i den vårlege eim, som mettar mitt auga,
eingong eg der vil meg finna ein heim og symjande lauga.
Alt det, som våren i møte meg bar, og blomen eg plukka,
fedranes ander eg trudde det var som dansa og sukka.
Difor eg fann millom bjørkar og bar i våren ei gåta,
difor kvar ljod i den fløyta eg skar, meg tyktes å gråta.

Kirsebærtre i bløming

Dette er første og siste strofe i Aasmund Olavsson Vinjes uendeleg vakre og såre dikt «Våren» – første gong publisert i Vinjes eige vekeblad, Dølen, i 1860. Diktet er tonesett av Edvard Grieg.

Endeleg, endeleg er våren kommen!

Snella

Read Full Post »

Brui

Brui

Det gjer godt
å møta menneske
som let opp dører
inn til ukjende rom
med utsyn til hagar
der smilande blomar
opnar sovande sansar

Johan Fjellby

Smilande blomar på Engø gård

Biletet er tatt ut frå frukostsalen på Engø gård på Tjøme ein vakker morgon i august.

Vi treng nokre gode sommarminne å varme oss på no, ikkje sant?

Snella

Read Full Post »

Hev du ein ven
som vel du trur,
far då og finn han tidt;
for med ris gror til
og med høgt gras
ein veg der ingen vankar.

Håvamål

Biletet er lånt frå kunstnet.de.

I helga kjem Nøstet på besøk for å inspisere den nye snelleheimen. Fikslein og eg gler oss masse til ei heil helg saman med deg. Velkommen!

Snella

Read Full Post »

Valentinsdagen blir ikkje feira i Nøsteheimen, men kort er kjekt å få uansett kva dag det måtte vere. Og det får eg rett som det er av Snuppa, som nærmer seg 4 år. Ein dag ho var sjuk, teikna ho meg og Nøstemannen slik ho ser oss. Teikninga heng på veggen, og eg smiler kvar gong eg ser den.

Nøstemannen og Nøstet

Nøstemannen og Nøstet

LÆRDOM

Å elska
er å vera stille
nesten heile tida
og ha varme hender.

Å elska
er ikkje å vakta,
men å sjå ein annan veg
til rett tid.

Snakk ikkje om ekstasen
når du meiner kjærleiken.
Dei bur på kvar sin stad
og møtest
sjeldan.

Snakk heller om å gå til fots
gjennom titusen kvardagar
og aldri halda opp
med å vera den rette.

Å elska er å tenne lys
og tørka tårer,
natt og dag.

Alf A. Sæter

Nøstet –

Read Full Post »

Eg kom til å tenke på det i dag. Det kan komme godteskrømt i kveld. Eg er jo blitt sånn som bur i hus i eit nabolag, og her kan det vere ein sterk tradisjon for slikt.

Likar eg at ein slik tradisjon etablerer seg her i landet? Tja. Tjei.

Synest eg det hadde vore betre om vi heller heldt i hevd julebukktradisjonen? Ja.

Vil eg bli kjent med naboane? Ja.

Vil eg vere den sure nye nabokjerringa? Definitivt ikkje.

Vil eg ta vel i mot småfolk som ringer på? Absolutt.

No fell mørkret på. Lysa er kveikte. Eg er klar. Velkomne, godteskrømt!

Snella

Read Full Post »

Vi er i ammetåke og våketåke. Det er heilt utruleg kva eit halvt år utan søvn kan gjere med ein. Her om dagen prøvde herr Fiks å steike pizza i oppvaskmaskina.

Men når ein skal amme om natta, må ein i det minste vere varm og god no når haustkulda kjem krypande. Og kva passar vel betre enn eit plagg med det treffande namnet «sengehygge»?

Sengehygge til ammetåka

Dette mønsteret frå Garnstudio såg fint ut, med herlege trompetarmar og krage som går godt opp i nakken.

Det perfekte hausgarnet dukka opp i flytteprosessen – rustraudt Vestlandsgarn eg hamstra på sal då fargen skulle gå ut. Nok var det ikkje, så eg spedde på med litt grønt og kvitt.

Kanskje ikkje tidenes lekraste plagg, men varmt og artig. Og kollegaene mine kom med rosande ord då eg brukte den på jobb her ein dag eg ikkje hadde noko anna grautfritt å ha på meg.

I sengehyggen kjenner eg meg litt som ein figur i Harry Potter, og litt som eit graskar. Det er definitivt antrekket for Halloween i tilfelle det kjem godteskrømt.

Snella

Read Full Post »

« Newer Posts - Older Posts »