Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Mat og drikke’ Category

– I morgon kjem familien Emriksen innom. Vi har vel ei kake i frysen? Sonen toler forresten ikkje egg. 

Eg tenkte febrilsk. Det er sikkert ikkje så kjekt å vere fem år og ha eggallergi. Kva kan vi lage som er litt spennande? Appelsinbåtgele! 

Appelsinbåtar med gele

Eg hadde sett bilete på Pinterest, og det fungerte faktisk også i praksis. Det var berre å dele appelsiner i to og ta ut fruktkjøtet. Eg brukte ein pakke appelsingele og litt mindre vatn enn det som stod. Då det hadde koldna litt, fylte eg i appelsinskala og lot det stivne i kjøleskap. Med ein skarp kniv dyppa i kokande vatn, skar eg så appelsinbåtar. 

Allergivennleg bursdagsmat - geleappelsin

Dette blei superpopulært! Alle ville ha, så neste gong må eg visst lage eit større «fruktfat».

Snella-

Reklame

Read Full Post »

Til 17. mai, til sommarfesten eller, som i vårt tilfelle, til dåp er det fint å kunne tilby ein alkoholfri velkomstdrink. Til sommardåpen eksperimenterte eg meg fram til ein nydeleg alkohofri sangria.

Alkoholfri sangria til velkomstdrink

Oppskrift:
1 l druejus
1 l mangojus eller pasjonsfruktjus (eller kanskje tropisk nektar)
safta av ei grapefrukt (eller ferdig grapefruktjus)
safta av to sitronar
safta av to limar
mynteblad
ei pære (skrella og skoren i bitar)
druer (delt i to)
5 dl ingerfærøl
5 dl vatn med kolsyre

Bland jusar og safter og sett kaldt. Når du er klar til å servere, har du i ingeræfrølet og vatnet.

Skulle du ville ha i alkohol, kan du byte ut litt av jusane og vatnet med kvitvin. Ekstra godt blir det om pærebitane og druene får trekke i fruktlikør i nokre timar. 

Isbitane med sitronskiver:
Fyll dei tolv gropene i eit muffinsformbrett halvvegs med kokt, koldna vatn og sett i frysen. Når vatnet er kokt, blir isen klar. (Jepp, det stemmer at eg gløymde det denne gongen.)

Legg i sitronskiver og fyll opp med meir kokt vatn. Sett i frysen att, og snart har du store, kule sitronskiveisbitar. 

Har du sitronskiver til overs, så frys dei òg.

Alkoholfri sangria

Andre alkoholfrie velkomstdrinkar:

Mimosa
Prinsessebrus
Kvit gløgg

Snella

 

 

 

 

 

 

 

Read Full Post »

Vi koser oss på hytta! Vestlandet har hatt eit fantastisk veir i det siste og både dagar og kveldar blir tilbragt ute.

 

Sånne kveldar vil vi ha mange av!

Sånne kveldar vil vi ha mange av!

Innimellom blir det litt strikking. Eg held på med Mariusjakker til begge gutane mine. Monteringsvegring gjer at eg strikker begge før eg set igang med klipping og sying av glidelås. Nokre dagar har det vore så varmt at eg har måtte strikke med bomullsgarn istaden. Eit par oppvaskklutar har blitt strikka på hytta, men heklenåla låg igjen heime så kanten rundt får vi ta ein annan gong. Nepalnøsta er ein del av det neste store prosjektet. Både svogeren og svigerinna har runde dagar i år og har invitert til felles feiring i september. Så innan då håper eg at desse og mange fleire nøster har blitt trylla om til eit pledd. Kanskje blir det eit havskumteppe.

Prosjekt på gong

Prosjekt på gong

Late dagar i Nøsteheimen og Nøstehytta altså. Akkurat sånn det skal vere når Vestlandet byr på strålande sommerveir i mai.

 

God helg frå

– Nøstet –

Read Full Post »

Snellefamilien er på tur i sitt kjære Førjulsberlin. Denne gongen har vi utført ein uformell test av Feuerzangenbowle (Eldtongpunsj) på ulike julemarknader. Punsjen har litt sitrussmak, og derfor likar eg god Feuerzangenbowle betre enn Glühwein. Både drikken og kultfilmen har eg skrive om i dette innlegget, og her finn du òg oppskrift.

.

Dreherfanpage - ildtangpunsj, ildtangspuns, eldtongspunsj

Panelet har bestått av Snella, Herr Fiks, svigermor og svigerfar. Fikslein har testa julekakene som blir servert til drikken.

Vi har vore på julemarknadene på Alex(anderplatz), Gendarmenmarkt, Potsdamer Platz, ved Gedächtniskirche på Ku’Damm, ved Schloss Charlottenburg og i Moabit.

Konklusjonen var samrøystes:  Den einaste plassen å få skikkeleg god og varm punsj laga på skikkeleg vis, er hos familien Dreher-Vespermann ved foten av Gedächtniskirche. Dei finaste krusa har dei òg. Dei fleste andre serverer lunka Feuerzangenbowle frå kartong. Spekulasjekakene, som alle kan forsyne seg av hos Dreher-Vespermann, fall i smak hos det vesle sjarmtrollet vårt.

Det same sjarmtrollet har dessverre sletta bileta eg tok, og då eg leita på nettet, fann eg jammen ei nettside for favorittpunsjen vår. Biletet har eg lånt frå denne sida.

tipsBerlintips: I Tyskland får du som regel skikkelege glas og krus når du kjøper drikke frå boder. For desse må du vanlegvis betale pant, som du får att når du leverer glasa/krusa tilbake.

Snella

Read Full Post »

Lånt frå www.erfinderladen-berlin.deHausten er den beste tida. Då blir eg alltid inspirert og får lyst å lage god mat og strikke lune plagg. I år blir det allehelgen i Sverige, så eg kan ikkje ønske godteskrømta velkomne, men graskar blir servert i heimen opptil fleire gongar i oktober! Eg har tidlegare delt den deilige oppskrifta mi på graskarpai og på bakt flaskegraskar. I år skal fylt graskar få skape stemning rundt bordet.

Oppskrift på fylt graskar à la Snella:

1 graskar på eitt kg (eller litt over)
800 g karbonadedeig
150 g god chorizopølse (Bacon er eit alternativ)
1 liten finhakka løk
1 neve sopp i skiver
1 neve svarte oliven utan stein (kan sløyfast)
1 finhakka chili
ca 3 dl ris
riven parmesan
litt god olivenolje
fersk timian
salt og pepar

1 glas ferdig salsa

Skjer toppen av graskaret, grav ut gugget i midten og spyl innsida godt etterpå. Kok risen og fres kjøttdeig og chorizo litt i ei panne. Bland dette saman med alt det andre unntatt parmesan. Ha fyllet i graskaret og strø parmesan på toppen. Steik alt på 170 grader i ein times tid. Plasser heile stasen på bordet, og ikkje gløym å få med graskarkjøt når du auser opp. Server med salsa, god vin og gjerne litt salat.

Eg kjem nok til å trekke i den fine sengehyggen min, for eg kjenner meg litt som eit graskar i den.

Snella

Read Full Post »

Ei mor i ammetåke, ein far i våketåke og eit obligatorisk selskap å arrangere. Kreativiteten blomstrar ikkje akkurat for tida, men så kom eg brått på ein lågterskelidé frå det KK-bladet eg las fram og tilbake, opp og ned då eg låg på barselavdelinga med Fikslein tidleg i mars i fjor. Sugerør med bartar på! Enkelt og skrekkeleg populært.

.

Bartesugerør

.

Eg brukte ekstra lange sugerør og skreiv ut ein bråte med ulike bartemønster frå nettet. Bartane vart klippa ut i svart kartong og festa par cm innpå sugerrøret. Eg forsøkte å lage holet i bartane så trangt at dei sat fast av seg sjølve, men nokre bartar måtte eg likevel feste med litt limband. Småttisane som kom på besøk, digga å få si eiga flaske brus og hadde mykje moro med å velge seg rett bart.

.

Sugerør med bart

Dermed kunne eg servere kjøpekake i ro og mak og nyte det gode selskapet.

Snella

Read Full Post »

Av mange gleder i den nye heimen er det å kunne følge epletreet gjennom alle årstidene blant dei største. Dei nakne greinene eg henge fuglemat i i vinter, dei sarte blomstene i mai, eplekarten og no sist den tunge børa av raude, syrlege sommareple, som gjorde at steinen treet er tjora fast i for ikkje å gå over ende, vippa 40 grader.

.

Sommareple

På tide å hauste treet

Det var berre å hauste treet og sette i gang med syltetøyproduksjon. 100 % økologisk! Desse epla blir gode som eit litt grovt syltetøy med lite sukker til bruk t.d. på frukostblandingar og i eplekaker med vaniljeis eller krem til. Eg synest tytebær er nydeleg saman med eple, og heldigvis hadde eg ein pose bær liggande i frysen etter hausten i fjor. Dette syltetøyet kan dessutan brukast til viltkjøt.

.

Epla vart skorne i fire og kjernehuset fjerna, men skalet fekk sitte på

Epla vart skorne i fire, men ikkje skrella

Epla fekk kjørt seg i blender

Epla fekk kjørt seg i blender

Her kosar epla seg i panna saman med fjorårets tytebærfangst frå tomta

Her kosar epla seg i panna saman med fjorårets tytebærfangst frå tomta

Ferdig kokt eple- og tytebærsyltetøy tilsett litt sukker

Ferdig kokt eple- og tytebærsyltetøy tilsett litt sukker

Litt reint eplesyltetøy vart det òg.

Litt reint eplesyltetøy vart det òg.

.

Det er ei kjensgjerning at syltetøy blir endå betre når ein krydrar det med song. Der André Bjerke passar til rabarbrasyltetøy, passar Ibsen til eplesyltetøy – spesielt når epla kjem frå eit tre ein har følgt med på eit heilt år. Så medan eg rørte i gryta, fekk syltetøyet høyre Henrik Ibsens «Forviklinger» i den kjenslevare og smektande bluesversjonen vi har sunge i koret.

FORVIKLINGER

Der stod i en have et epletre;
der var dryssende fullt av blomster-sne.
Der vimset i haven en liten bi;
en epleblomst han forelsket seg i.

Så mistet de begge sin hjertero.
Men så forlovet de seg, de to.
Bien fløy vidt på sin sommerfart.
Da hjem han vendte, var blomsten kart.

Bien sørget, og karten led!
Men det var nu intet at gjøre ved.
Tett under treet, i murens grus,
levet en fattig, men dydig mus.

I lønn han sukket: du kart så fin,
min kjeller var himlen hvis du var min!
Den trofaste bi gikk atter på flukt.
Da hjem han vendte, var karten frukt.

Bien sørget, og frukten led;
men det var nu intet at gjøre ved.
Tett under takskjegget hang som en kurv
et fuglerede; der bodde en spurv.

I lønn han sukket: du frukt så fin,
mitt rede var himlen hvis du var min.
Og bien sørget, og frukten led,
og musen kjempet, og spurven stred.

Men alt gikk stilt; der fikk ingen beskjed; –
den ting var jo intet at gjøre ved.
Så trillet frukten fra grenen og sprakk.
Og musen falt død i et halvkvalt akk!

Og spurven falt likervis; – i sitt skjul
lå han da kornstangen reistes til jul.
Da bien var fri, sto nøken hver hekk,
og alle somrens blomster var vekk.

Så gikk han i kuben; der fred han fant,
og døde omsider som voksfabrikant. –
Se, all denne jammer og nød var spart,
var bien blitt mus da blomsten ble kart.

Og alt kunne endt så godt og smukt,
var musen blitt spurv da karten ble frukt.

Henrik Ibsen

Snella

Read Full Post »

Endeleg var den nye leiligheta til barndomsveninna ferdig, og det var klart for innflytningsfest. Sidan ho har planlagt innreiing i lang tid, fann eg ut at innflytningsgåva fekk vere noko som ikkje skulle plasserast i interiøret.

Klar for tur!

Klar for tur!

Eg kjøpte ei samanleggbar piknikkorg på Jernia og fylte den med diverse som er kjekt å ha. Eit par kokebøker, flotte serviettar som eg kjøpte på jenteturen til Berlin, miniflasker med noko godt og ein marmelade også innkjøpt på samme turen. Gode ostar innkjøpt på den lokale delikatessebutikken og ein pakke kjeks og melon som passa til. På toppen ein pakke med Yogurette som er favorittsjokoladen og ei flaske Prosecco for å feire.

Nøstet

Read Full Post »

å ha besøk av besteveninna og lage muffins med sjølvplukka blåbær frå hagen (og litt rips frå fryseren).

Kva kan vere betre enn ferske blåbær i muffins

Kva kan vere betre enn ferske blåbær i muffins

Lukka for mor er å kunne slappe av på verandaen med strikketøyet,

Akkurat varmt nok til å sitte ute og strikke med ullgarn

Akkurat varmt nok til å sitte ute og strikke med ullgarn

gjerne med nybakte muffins med bær (som Snella gav meg idèen til).

NAM!

NAM!

– Nøstet –

Read Full Post »

Det er rabarbratid! Og litt rabarbrasyltetøy er kjekt å ha i frysen. I år ville eg lage eit litt søtt syltetøy som passar saman med rømme på vaflar, lappar, sveler, munkar og slikt, saman med brunost på polarbrød, og til sterke blåmuggostar.

*

Frisk og sprø rabarbra

Frisk og sprø rabarbra på skjerefjøla

*

Eg myste litt på oppskrifter på nettet, men ingen såg ut til å vere akkurat det eg var ute etter, så eg laga mi eiga.

Først rensa eg sjølvsagt stilkane og skar opp i ganske tynne skiver (ca. fem mm tjukke).

*

Rabarbra klar for gryta

1250 g rabarbra i skiver klar for gryta

*

Vekta enda på 1, 25 kg rabarbra, og sidan eg ville gjere det litt søtt denne gongen, blanda eg i

500 g sukker

1, 5 vaniljestong delt på langs
(Det hadde sikkert vore nok med éi, men eg hadde no halvanna liggande)

5 ss vatn
(for at det ikkje skal svi seg før safta siv ut)

Eg lot syltetøyet koke i nesten ein time, og mot slutten av koketida jamna eg med

1 ss potetmjøl rista ut i 0,5 dl vatn

Etter eit raskt oppkok var syltetøyet passe tjukt. Det stivnar jo òg litt meir når det kolnar.

*

Rabarbra i gryta

Rabarbra, sukker og vaniljestang gler seg til å bli syltetøy

Og medan rabarbraen putra og eg rørte i gryta, tralla eg i veg på den einaste rabarbrasongen eg kan, nemleg André Bjerkes herlege dikt, som vi har sunge i eit hjernetilklistrande arrangement i koret:

Fru Kobros hubro

Fru Barbro von Kobro
som bodde på Ljabru,
hun matet sin hubro
fra Ebro med tebrød,
men det fikk den feb’r av.

Gi hubro’n rabarbra!
sa dyrlege Hambro.
Er det bra for hubro’n?
sa Barbro von Kobro.

Ja, gi Deres hubro
kantabrisk rabarbra
istedenfor tebrød,
og abra-kadabra!
vil hubro’n fra Ebro
bli frisk som en sebra,
fru Barbro von Kobro!
sa Hambro.

André Bjerke

*

Ferdig rabarbrasyltetøy

Ferdig rabarbrasyltetøy med vaniljestong

*

Herr Fiks og Fikslein, som hadde jobba i hagen, gleda seg over at det vart servert lappar med rømme og rabarbrasyltetøy til kvelds.

*

Lappar med rømme og rabarbrasyltetøy til kaffien

Lappar med rømme og rabarbrasyltetøy

Snella

Read Full Post »

Older Posts »