Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Milesteinar i livet’ Category

I dag kom våren på ordentleg her hos oss! Og med våren kom inspirasjonen til å hekle nokre nydelege små hjarte til eit festbord som skal dekkast til jonsok.

syrininspirert garn

Hekla hjarte i rosatonar

Heklefakta| Mønster: Amal Shebl (lenke til gratis diagram) Garn: DMC 5 cotton pearl 818 og 223 og metallic pearl 5283 Heklenål: 2

Garnet er eigentleg broderigarn, men det var heilt perfekt. No skal eg hekle opp resten av hjarta medan eg gler meg til jonsokbryllaup.

-Snella-

Reklame

Read Full Post »

Tenk at det har gått fem år sidan vesle Fikslein blei fødd. Han måtte feirast med ein skikkeleg fest! Skulle vi våge å invitere til utebursdag i lunefulle mars?

Ugler godtepose owl goodiebag

Ja visst, og det blei ein suksess! Norske ungar er då vikingar! Vi sette opp ein lavvo og spidda pølser, mais og s’mores på bål i nyinnkjøpt fyrfat/bålpanne frå Felleskjøpet.

Bålpanne og lavvo

Etterpå hadde vi kaker og sånn, som seg hør og bør. Bålkake:

Bålkake cake on fireBålkake firecake

Kaka er av torokvalitet, men pimpa til det uigjenkjennelege. Brune m&ms og nonstop er ved, og gule, raude og oransje er glør. Flammane er laga av kamferdrops og bringebærdrops som er smelta i omnen på 200 grader i fem minutt for deretter å gjenoppstå som logande eld.

Appelsingelebåtar jelly oranges

Appelsinbåtar av gelé har eg laga før, og det er alltid ein supersuksess. Denne gongen brukte eg fire appelsiner, ein pakke appelsingelé og ein pakke sitrongelé. Eg hadde i all safta frå appelsinene, og det gjorde geleen veldig frisk. Alt forsvann på eit blunk. Det gjorde også bjørnebæsjen:

Bjørnebæsj Bearpoo

Det var ikkje før ein vaksen las skiltet at bjørnebæsjen fekk bein å gå på. – Bjørnebæsj? Æsj! Og så var alt vekk i dei glupske gapa.

Oppskrifta? Superenkel og supergod: Smelt sjokolade og rør i cornflakes. Ha i minimuffinsformer og la stivne. Eg har pynta med litt kakepynt.

Dei fine skilta er lånt frå Hallmark (free printable signs courtesy of Hallmark Thank you for providing blank printables!) Og så pynta eg litt med kongler og greiner og marshmellows:

Camp birthday decoration marshmellow pine cones

Vi har mykje naturtomt, og ungane var overalt – i trea, på dissestativet, ved bålet, i lavvoen og i akebakken. Og litt natursti vart det tid til. Målet var å finne godteposane, som for høvet var fine ugler:

Ugler godtepose owl goodiebag2Ugler godtepose owl goodiebag 1

Uglegodteposane er laga av dorullar og innpakningspapir frå Panduro. Uglene er inspirert av det koselege programmet Hygge i Strömsö, og har fått søte uglefjes (free printables courtesy of My owl barn).

For å få tak i skattekartet måtte bursdagsgjestene finne ting i naturen (sjå bilete under). Eg hadde lagt kartet i eit skrin med kodelås, og for kvar ting ungane fann, fekk dei eit nytt tal til låsen. Når alt var på plass, kunne vi opne skrinet. Derifrå gjekk det unna:

Ugler i bjørk owl in a berch tree

Scavenger hunt natursti

Invitasjonen laga eg enkelt i PowerPoint med teikningar freidig lånt frå nettet. Takk til alle som deler bilete og inspirasjon!

Invitasjon til utebursdag i mars

Naturstien:

Natursti scavenger hunt

Bileta er lånt frå CBC . Thank you!

Og alle var samde om at det hadde vore ein fin bursdag!

Snella

 

Read Full Post »

Nøstet har feira rund dag! Hurra og gratulerer! Ein så skjønn skapning måtte få ei heilt spesiell gåve. Sidan ho er glad i bunaden sin og til og med kan sy sjølv, vart det to bunadshårklyper i spesiallaga oppbevaringspose med perlemønster. Posen er ein variant av eit pulsvarmarmønster til bunaden vår frå Sunnfjord.

bunadsharklyper-og-smykkepose-med-perler

Strikkefakta
Mønster: Modifisert versjon av pulsvante frå Dale i Sunnfjord, henta frå Magasinet BUNAD, som igjen har henta oppskrifta frå boka Håndplagg til bunader og folkedrakter av Heidi Fossnes, Damm 2003. I oppskrifta blir  framgangsmåten godt forklart.
Garn: Naturkvit og lavendelfarga babyull
Pinnar: 2,5
Perler: Skimrande småperler i nyansar av lilla, gull, grønt og blått. Du treng òg ei tynn nål og sytråd til å få perlene over på strikkegarnet med.

Eg har lagt opp ti masker meir enn oppskrifta seier. Holrada til den tvinna strammetråden er laga med eit kast og to rett saman på kvar sjette omgang ti masker frå kanten. Til slutt er posen sydd igjen.

strikka-smykkepose-med-perler-til-bunadssolv

-Snella-

Read Full Post »

Dåp i den flotte slottskyrkja på Akershus festning og feiring i hagen ein vakker augustsøndag, det måtte jo berre bli flott. Sola skein frå skyfri himmel, og strålane dansa på fjorden då dåpsfølget glei til kai på Aker brygge. Reine turistattraksjonen var vi i våre fargerike bunader, og det klikka i smarttelefonar langs heile ruta. Den broderte, bunadsinspirerte dåpskjolen fekk også mykje merksemd etter gudstenesta.

Heime venta eit festpynta telt.

Festpynta partytelt

For å gjere teltet koselegare, kappa eg ned og kvista ei høg bjørk, som fekk henge frå midtstanga i taket. Bjørka vart pynta med vimplar, mellom anna dei fine, hekla vimpelrekkene, papirgirlanderkuler (eller kva det heiter), og diverse andre dekorasjonar.

Dekka dåpsbord til inspirasjon

På borda sette eg haustlege bukettar av solsikker, kvite roser, klatrehortensia og rognebær. I tillegg lyste batteridrivne lyslenker med sommarfuglar mot gjestene.

Pynta festbord til sommardåp

Det blir sjølvsagt ikkje fest hos oss utan våre trufaste «blondedukar» og linserviettar. Denne gongen fekk dei følge av søte serviettar med meiser og revar.

Har du lyst på meir inspirasjon, kan du sjå dukane og linserviettane i aksjon i innlegga «Dåpen til ein liten gut«, «Vinterdåp for gullguten og «Eit jonsokbryllaup i havgapet«.

Dåpsbuffet - vårløk, løpstikke, grasløk og persille ventar på betasuppe

I augustdåpen serverte vi betasuppe og flatbrød. Sidan familien har løkallergi, sette vi fram skåler med valfritt garnityr: grasløk, vårløk, løpstikke og persille.

I tidlegare dåpar har vi servert rømmegraut og løkfri festbuffé.

Alkoholfri sangria

Alkoholfri velkomstdrink må til i dåp. Dette er ein sommarleg kvit sangria.

Endå enklare er det å lage prinsessebrus eller alkoholfri mimosa. Er det vinter og kaldt, er det topp med kvit gløgg.

Dåpsinvitasjon

Invitasjonane fann eg inspirasjon til på Pinterest. Blå hjarte er klippa ut av kunstverk storebrødrene til dåpsbarnet måla i barnehagen, og limt på eit kort med tjukt, dobbelsidig limband. Ein stump restegarn er vikla rundt til slutt.

Ein gild dag for oss alle, og no er dåpsfeiringskarriera mi ugjenkalleleg forbi.

Snella

 

Read Full Post »

Lysestake av vinglas

*

Januardagen rann med minusgrader og melisdryss over den vakre gamle kyrkja ved fjorden. Den første snøen i år kom medan vi sov, løynleg som på kattafot skjulte han den triste hagen, gammalt lauv og rubb og rot. Perfekt dåpsdag for vår vesle Skjønnas!

*

kyrkje i vinterdrakt

*

Gudstenesta var vakker, med stor vekt på dåpshandlinga og tidenes kortaste preike. Godt tilrettelagd for alle med små born, med andre ord. Og skatten var flott i den bunadsinspirerte dåpskjolen sin.

Og så var det fest med 32 gjester i vårt vesle hus. Først fekk gjestene ein varm alkoholfri velkomstdrink, eplegløgg, så dei fekk varmen igjen. Eg kokte råsaft av eple i haust, men det går fint an å bruke vanleg eplejus. No varma eg safta opp med fersk ingefær, vaniljestang, kanel, sitronskiver, nellik og litt honning. Du finn andre oppskrifter på kvit gløgg her, og to gode kalde alkoholfrie velkomstdrinkar her (prinsessebrus) og her (mimosa).

*

centerpiece christening

*

Sidan det er kaldt ute og vi har kalde fargar i stova, ville eg gjerne trekke inn litt varme fargar frå naturen til dåpsbordet.  Valet fall på store raude roser og litt mindre kvite og champagnefarga roser i høge og låge glasvasar og flasker.  Stearinlysa har ulike fasongar, men alle er i naturfargar. Og lysa funkla i nypussa stakar i messing, tinn, stål og glas.

*

kuvert til rømmegrøt dåp

*

Eg har dekka med dei same linserviettane og dukane som i bryllaupet og i dåpen til eldstemann. Serviettane bretta vi slik at dei skjuler tallerkane, som er i ulike fargar og storleikar, for å få eit meir harmonisk bord.

Konglene har storebror og eg henta i skogen. Dei har fått tørke ei stund, og så har nokre av dei fått ein makeover med resten av sølvsprayen etter adventsstaken.

*

Dåpsbord

*

Dåp - festbord med spekemat og rømmegrøt

dåp

*Bordpynt dåp gutt

Her er ein detalj frå bordet, med telys med ugle kjøpt i Binz i sommar:

festbord med ugletelys

*

På menyen stod tradisjonell norsk festmat, nemleg rykande varm rømmegraut med klassisk tilbehør: rikeleg spekemat, rosiner, morfars heimebakte flatbrød, vasskringler, feitt, sukker og kanel.  I tillegg hadde vi eit eige bord for dei som heller ville ha pølser:

*

Barnebord dåp

Dette bordet var dekka med sølvserviettar bretta etter mønstra lilje, pil, slips, bispehatt, vifte og diamant. Lysestakane er raudvinsglas snudd opp ned med ei rose under:

 *

Kreativ lysestake

*

Og etterpå var det sjølvsagt stort vestnorsk kakebord med sju slag: kransekake, suksessterte, ostekake med jordbær, tropisk aroma, mandelmokkakake, løpser (lefser) og supersuksessen blant dei minste gjestene, uglemuffins!

Uglemuffins

*

Vi hadde ein flott dåpsdag! Og no er det endå eit godt minne knytt til dåpskjolen og bunadene.

Dåpskjolen og bunadene er klare

*

Snella

Read Full Post »

Himlen høg og verda stor
der på trappa vinkar mor
Første skuledagen min,
ikkje rart at sola skin

Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg
Kjolen min er himmelblå
med ei raude marihøne på

Ingebrikt David

Tysk tradisjon tru er kremmarhusa klare og overlevert dei fire skjønne små store jentene eg kjenner, som har første skuledagen sin i dag.

*

Kremmarhus til første skuledag

Kremmarhus til første skuledag

*

I år gir eg vekk to store kremmarhus til fadderbarn og dottera til ei nær veninne. Døtrene til to kjære kollegaer med tysklandsinteresse får litt mindre kremmarhus. I årets Schultüter er det globusblyantkvessar, sjal, papirsaks, notisbok med penn, klistremerker, stav som lyser i mørket, ein diger prinsesseblyant med kvessar, digre ballongar, hårpynt og eit smykke. Før var det alltid snop i skulekremmarhusa, men det styrer eg unna i våre oversukra dagar. Desse jentene er uansett kjempesøte.

*

Innhaldet i årets skulekremmarhus

Innhaldet i årets skulekremmarhus

*

Gratulerer med dagen, kjære Rebecca, Johanne, Ingebjørg og Anna! Eg ønskjer dykk alt godt for skuleløpet og framtida.

Oppdatering mai 2014: Og no vil visst norske bokhandlarar innføre tradisjonen til Noreg. Skoletut, kallar dei det.

Snella

Read Full Post »

Etter ein del dramatikk har Fikslein fått ein bitteliten bror fleire veker for tidleg. Alt er vel med oss alle, og vi jublar hurra for norsk helsevesen!

Då vi fekk helse på den nye skatten vår, hadde han fått på seg ei skjønn, gul, kyseaktig hue og tilhøyrande sokkar for å halde varmen. Det var så koseleg og varma det skjøre nybakte morshjartet mitt. Tusen takk til alle dykk som strikkar til prematuravdelingane!

20130809-161753.jpg

Gullet mitt har òg fått eit lite teppe, som var merka med «Amandaprosjektet». Les meir om prosjektet på http://www.amandaprosjektet.org.

Snella

Read Full Post »

På ein av årets lysaste dagar stod det seg eit bryllaup heilt vest i havgapet. Litt har eg blogga før, bryllaupscapen og brudebuketten, og brudeskoa er omtalte her. Men no som det er jonsokkveld igjen, fekk eg lyst å vise nokre bilete frå festen, som eg håpar kan vere til inspirasjon. Her er altså soga om St. Hans-bryllaupet mitt!

*

jonsok brur glibbsølje

*

Eg har alltid visst at den gamle arvesølja mi måtte vere utgangspunkt for ramma rundt bryllaupet mitt. Sølja har gått frå mor til dotter eller sonedotter i generasjonar sidan tipptippoldemor. Kanskje bar ho sølja då ho sjølv stod brur i 1824.

*

Brud med glibbsølje / ansiktssølje

*

Det er ei vakker glibbsølje, som eg alltid har vore redd for å bruke fordi ho har vore så skjør. Men i bryllaupet mitt ville eg bere ho, og heldigvis kunne den dyktige sølvsmeden Bjørn Hørmann på Hadeland sette sølja i stand for meg. Han laga dessutan ny øyrepynt som passar til sølja. Øyredobbane har same krossane som sølja har, og kvite dropeperler med ein glitrande stein under. Dermed hadde eg både «noko gammalt og noko nytt». I tillegg laga han to vakre smykke som passar til. Dei fekk søstrene mine som eit minne frå bryllaupet og takk for all hjelpa dei ga meg.

*

Ny øyrepynt til gammal sølje

*

Med ei sølje som utgangspunkt var det naturleg for meg å ha eit slags bunadsbryllaup, og eg ba alle gjestene som kunne, ha på bunad. Det vart ekstra kjekt sidan det kom mange internasjonale gjester frå Australia, USA og Tyskland. Brudgommen leigde bunad, og eg fann den perfekte brudekjolen hos Agape, som tilfeldigvis hadde ein heil kolleksjon med bunadsinspirerte brudekjolar. Vi planla heile bryllaupet på tre månader, så det var ikkje snakk om å bestille ein ny kjole. Heldigvis fekk eg kjøpe den Solveig Kringlebotn brukte under nobelkonserten for Obama. Den var like fin, og ein dyktig skreddar tilpassa den til meg. Eg syntes det var nydeleg med ein mørkeblå brudekjole, og ein stor fordel er at den kan brukast etterpå. Eg fekk tatt av slepet, og har brukt han på ball seinare. To gode veninner eg stolar på, har også fått låne kjolen. Eg ville ha tre blomster i håret, for det hadde mamma då ho gifta seg, og valet fall på orkidear som i brudebuketten. Søstrene mine fekk ein orkidé kvar til håret, og brudgommen og forlovaren hans bar ein orkidé kvar.

Bryllaupet fann stad akkurat der formor og farfar møttest for snart 80 år sidan. Garden har husa mange bryllaup opp gjennom generasjonane, og no er den gamle løa gjort om til festlokale – med langbord og bar der stekka ein gong stod.

*Dekka bryllaupsbord

*

For å gjere lokalet bryllaupsfähig måtte det pyntast. Eg brukte alt eg kunne oppdrive av krystallskåler og vasar til dei sarte nyperosene (Rosa rugosa), som gjekk igjen i all pynten. Til dei djuprosa rosene brukte eg fargane kvitt, sølv og lin.

*

Dekka bryllaupsbord

*

Dekka bryllaupsbord

*

Sengeteppet Ofelia frå Ikea gjorde teneste som borddukar. Det kunne fort blitt ofseleg søtt, men til det grove lokalet med lågt under taket og tunge langbord i tre blei det ein fin balanse med kvite rysjer på bordet. Dukane har vi gjenbrukt fleire gongar i festleg lag, mellom anna i dåpen til Fikslein.

*

Nyperoser på bryllaupsbordet

*

Eg lånte glaslysestakar til dei fine eventyrlysa (utskorne kulelys med eventyrmotiv som syner seg når lyset er tent) frå Løiten lys, og kjøpte nokre fine, kvite telysestakar på Hadeland Glassverk då eg først var på Hadeland hos sølvsmeden.

*

Eventyrlys frå Løiten lys

*

Eg hadde lyst til å gje gjestene mine eit koseleg minne frå bryllaupet med seg heim, og spesielt damene og jentene som vel er mest opptatt av slikt. Derfor hekla eg ei kvit nyperose, som pynta opp kuverten til alle damene.

*

bryllaupskuvert med hekla rose

*

Rosene er hekla i Mor Aase-garn eg fann i garnlageret, og tova. Nokre roser var doble og nokre triple, og alle hadde forskjellig perlepynt i rosatonar og sølv i midten. På baksida sydde eg fast ei sikkerheitsnål. Det er alltid stas å sjå rosene i omløp på kåper og vesker. Vil du hekle liknande blomster, kan du t.d. bruke dette mønsteret.

*

bryllaupskuvert

*

På herrekuvertane låg det ein pen stein vi hadde plukka med oss frå strendene i brudgommens barndomsparadis ved Stavern. Bordkortet var ein merkelapp av den gammaldagse typen, påstempla eit nyperose (stempel frå Panduro), som eg farga rosa og grøn med fargeblyantar. Menyen er skriven ut på gjennomsiktig papir frå KaDeWe i Berlin, festa til eit kremfarga papir med ein rund binders og stukken ned i servietten. Linserviettane var bryllaupsgåve frå søstrene mine, som hadde vore på tur til Tallinn.

Og bryllaupet vart akkurat slik vi ønskte det ­­– både tradisjonelt og utradisjonelt på same tid. På menyen stod først eit glas Rotkäppchen. Første forrett var hjortebollar med eit bittelite glas lokalt øl, og andre forrett var tannfisk. Hovudretten var lam frå garden, og til dessert hadde vi karamellpudding – det beste eg veit. Ein ven hadde brygga øl for oss, og det var sjølvsagt ein stor suksess! Kakebordet var som alle vestlandske kakebord, med minst ei halv kake til kvar. Det må jo til når ein skal invitere gjestene til brunsj neste dag og dessutan ha minst éin skalkefest!

*

Annleis gjestebok. Ei gran tok imot helsingane

*

I staden for gjestebok hadde vi forstørra eit svartkvittbilete av oss frå sist gong vi vi var på fest i dei same lokala (ein solid skjeltefest) og fått sett på ein kremfarga passepartout der alle gjestene skreiv namnet sitt. Biletet heng no på veggen og minner oss om den fine dagen. I tillegg hadde vi tatt inn ei lita gran (juletre har ein spesiell plass i familiehumoren), og alle skreiv ei helsing til oss på baksida av bordkortet, som var utstyrt med ein sølvtråd til dette formålet, og hengte bordkortet på treet. Det var veldig koseleg å hauste treet dagen etter.

Då natta var på sitt mørkaste, tente vi jonsokbål, og alle gjestene fekk noko godt i glaset så vi kunne skåle og syngje «Auld Lang Syne», både Hartvig Kirans vakre gjendikting og Burns» originaltekst. Det vart ei stemningsfull avslutning for dei som ville legge seg. Men dei fleste ville ikkje det, og vi dansa oss inn i soloppgangen.

*

Ektepar

Snella

Read Full Post »

I dag står det eit tent dåpslys på bordet hos oss. Det er akkurat eitt år sidan Fikslein vart døypt, og det feirar vi med å tenne dåpslyset hans og ein diger stabel med vaflar. Då passar det òg å blogge litt dåpsinspirasjon og bilete av dåpsbordet.

Temaet for dåpen var tru, håp og kjærleik, symbolisert med kors, anker og hjarte, og det ville eg skulle vise i bordpynten. Raudt, kvitt og blått passar til ein vårdåp, for eg ville ikkje ha eit altfor søtt bord. Derfor er det mykje mørkeblått og berre litt lyseblått (i perler, sommarfuglar, telys og forglemmegei).

*

Bordpynt - tru, håp og kjærleik

Bordpynt – tru, håp og kjærleik

*

Eg laga anker av kvistar, surra med ståltråd med lyseblå perler på, måla trefarga hjarte frå Panduro mørkeblå og limte sølvfarga konfettikors på. Konfettikorsa er dei same som eg brukte på dåpsinvitasjonane. Dukane er gjenbruk frå bryllaupet.

*

Bordpynt - hekla blomster og anker

Bordpynt – hekla blomster og anker

*

Fordi eg hadde litt passande restegarn, hekla eg nokre blå blomster med grøne blad. Det vart gjort på frihand, men blomsten i dette mønsteret er ganske lik.

*

Dåpskuvert - serviett med anker, linserviett og masipanhjarte frå Niederegger

Dåpskuvert – serviett med anker, linserviett og marsipanhjarte frå Niederegger

*

Kuverten er i raudt, kvitt, blått og lin. Eg hadde gitt opp å finne serviettar med anker på og hadde vaska og strøke dei fine linserviettane mine då det dukka opp ein pakke med perfekte serviettar i ein lekker interiørforretning i Stavern. Altså måtte det bli begge delar – og små raude marsipanhjarte frå Niederegger.

*

Dåpsoppsats med roser og forglemmegei

Dåpsoppsats med roser og forglemmegei

*

Dåpsoppsats med bamse og roser

Dåpsoppsats med bamse og roser

*

Blomsteroppsatsane laga vi med kvite roser, bjørkekvistar og forglemmegei. Den i midten er høgst og (nokolunde) rund, medan dei på kvar side er meir avlange og har bamsar.

*

Dåpsbord for ein liten gut

Dåpsbord for ein liten gut

*

Tent dåpslys*

Dåpslyset fekk stå og skine på dåpsbordet. Her rett etter velkomsdrinken og før vi opna festbuffeen.

*

Dåpspynt - bjørk og sommarfulg

Dåpspynt – bjørk og sommarfugl

*

Vi hadde eit eige rom der vi serverte velkomstdrinken. Der hadde vi ein prosjektor som viste bilete av dåpsbarnet, og vi hadde sett inn leikar til dei minste gjestene og blåst opp ein haug med ballongar og badeballar. Veldig populært!

*

Prinsessebrus – alkoholfri velkomstdrink med bær

Velkomstdrink med bær

*

Vi serverte ein alkoholfri velkomstdrink, som du finn oppskrift på i dette innlegget.

*

Dåpspynt - norske flagg og bjørk

Dåpspynt – norske flagg og bjørk

*

Dåpen hadde vi i eit kult kontorlokale, som trengte litt hjelp for å blir dåpsfähig. Ein rask sjekk viste at det ikkje var bjørkepollen i lufta lenger, så eg valte å raide hagen til svigers til nokre store oppsatsar med flagg.

Dåpsbarnet hadde fått ein brodert, bunadsinspirert dåpskjole til seremonien, og den fekk henge framme i lokalet til pynt. På festen hadde han på seg den fine nye matrosdressen med anker og stjerner.

I innlegget «Vinterdåp for gullguten» kan du finne meir dåpsinspirasjon.

Snella

Read Full Post »

Hev du ein ven
som vel du trur,
far då og finn han tidt;
for med ris gror til
og med høgt gras
ein veg der ingen vankar.

Håvamål

Biletet er lånt frå kunstnet.de.

I helga kjem Nøstet på besøk for å inspisere den nye snelleheimen. Fikslein og eg gler oss masse til ei heil helg saman med deg. Velkommen!

Snella

Read Full Post »

Older Posts »