Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Milesteinar i livet’ Category

På ein av årets lysaste dagar stod det seg eit bryllaup heilt vest i havgapet. Litt har eg blogga før, bryllaupscapen og brudebuketten, og brudeskoa er omtalte her. Men no som det er jonsokkveld igjen, fekk eg lyst å vise nokre bilete frå festen, som eg håpar kan vere til inspirasjon. Her er altså soga om St. Hans-bryllaupet mitt!

*

jonsok brur glibbsølje

*

Eg har alltid visst at den gamle arvesølja mi måtte vere utgangspunkt for ramma rundt bryllaupet mitt. Sølja har gått frå mor til dotter eller sonedotter i generasjonar sidan tipptippoldemor. Kanskje bar ho sølja då ho sjølv stod brur i 1824.

*

Brud med glibbsølje / ansiktssølje

*

Det er ei vakker glibbsølje, som eg alltid har vore redd for å bruke fordi ho har vore så skjør. Men i bryllaupet mitt ville eg bere ho, og heldigvis kunne den dyktige sølvsmeden Bjørn Hørmann på Hadeland sette sølja i stand for meg. Han laga dessutan ny øyrepynt som passar til sølja. Øyredobbane har same krossane som sølja har, og kvite dropeperler med ein glitrande stein under. Dermed hadde eg både «noko gammalt og noko nytt». I tillegg laga han to vakre smykke som passar til. Dei fekk søstrene mine som eit minne frå bryllaupet og takk for all hjelpa dei ga meg.

*

Ny øyrepynt til gammal sølje

*

Med ei sølje som utgangspunkt var det naturleg for meg å ha eit slags bunadsbryllaup, og eg ba alle gjestene som kunne, ha på bunad. Det vart ekstra kjekt sidan det kom mange internasjonale gjester frå Australia, USA og Tyskland. Brudgommen leigde bunad, og eg fann den perfekte brudekjolen hos Agape, som tilfeldigvis hadde ein heil kolleksjon med bunadsinspirerte brudekjolar. Vi planla heile bryllaupet på tre månader, så det var ikkje snakk om å bestille ein ny kjole. Heldigvis fekk eg kjøpe den Solveig Kringlebotn brukte under nobelkonserten for Obama. Den var like fin, og ein dyktig skreddar tilpassa den til meg. Eg syntes det var nydeleg med ein mørkeblå brudekjole, og ein stor fordel er at den kan brukast etterpå. Eg fekk tatt av slepet, og har brukt han på ball seinare. To gode veninner eg stolar på, har også fått låne kjolen. Eg ville ha tre blomster i håret, for det hadde mamma då ho gifta seg, og valet fall på orkidear som i brudebuketten. Søstrene mine fekk ein orkidé kvar til håret, og brudgommen og forlovaren hans bar ein orkidé kvar.

Bryllaupet fann stad akkurat der formor og farfar møttest for snart 80 år sidan. Garden har husa mange bryllaup opp gjennom generasjonane, og no er den gamle løa gjort om til festlokale – med langbord og bar der stekka ein gong stod.

*Dekka bryllaupsbord

*

For å gjere lokalet bryllaupsfähig måtte det pyntast. Eg brukte alt eg kunne oppdrive av krystallskåler og vasar til dei sarte nyperosene (Rosa rugosa), som gjekk igjen i all pynten. Til dei djuprosa rosene brukte eg fargane kvitt, sølv og lin.

*

Dekka bryllaupsbord

*

Dekka bryllaupsbord

*

Sengeteppet Ofelia frå Ikea gjorde teneste som borddukar. Det kunne fort blitt ofseleg søtt, men til det grove lokalet med lågt under taket og tunge langbord i tre blei det ein fin balanse med kvite rysjer på bordet. Dukane har vi gjenbrukt fleire gongar i festleg lag, mellom anna i dåpen til Fikslein.

*

Nyperoser på bryllaupsbordet

*

Eg lånte glaslysestakar til dei fine eventyrlysa (utskorne kulelys med eventyrmotiv som syner seg når lyset er tent) frå Løiten lys, og kjøpte nokre fine, kvite telysestakar på Hadeland Glassverk då eg først var på Hadeland hos sølvsmeden.

*

Eventyrlys frå Løiten lys

*

Eg hadde lyst til å gje gjestene mine eit koseleg minne frå bryllaupet med seg heim, og spesielt damene og jentene som vel er mest opptatt av slikt. Derfor hekla eg ei kvit nyperose, som pynta opp kuverten til alle damene.

*

bryllaupskuvert med hekla rose

*

Rosene er hekla i Mor Aase-garn eg fann i garnlageret, og tova. Nokre roser var doble og nokre triple, og alle hadde forskjellig perlepynt i rosatonar og sølv i midten. På baksida sydde eg fast ei sikkerheitsnål. Det er alltid stas å sjå rosene i omløp på kåper og vesker. Vil du hekle liknande blomster, kan du t.d. bruke dette mønsteret.

*

bryllaupskuvert

*

På herrekuvertane låg det ein pen stein vi hadde plukka med oss frå strendene i brudgommens barndomsparadis ved Stavern. Bordkortet var ein merkelapp av den gammaldagse typen, påstempla eit nyperose (stempel frå Panduro), som eg farga rosa og grøn med fargeblyantar. Menyen er skriven ut på gjennomsiktig papir frå KaDeWe i Berlin, festa til eit kremfarga papir med ein rund binders og stukken ned i servietten. Linserviettane var bryllaupsgåve frå søstrene mine, som hadde vore på tur til Tallinn.

Og bryllaupet vart akkurat slik vi ønskte det ­­– både tradisjonelt og utradisjonelt på same tid. På menyen stod først eit glas Rotkäppchen. Første forrett var hjortebollar med eit bittelite glas lokalt øl, og andre forrett var tannfisk. Hovudretten var lam frå garden, og til dessert hadde vi karamellpudding – det beste eg veit. Ein ven hadde brygga øl for oss, og det var sjølvsagt ein stor suksess! Kakebordet var som alle vestlandske kakebord, med minst ei halv kake til kvar. Det må jo til når ein skal invitere gjestene til brunsj neste dag og dessutan ha minst éin skalkefest!

*

Annleis gjestebok. Ei gran tok imot helsingane

*

I staden for gjestebok hadde vi forstørra eit svartkvittbilete av oss frå sist gong vi vi var på fest i dei same lokala (ein solid skjeltefest) og fått sett på ein kremfarga passepartout der alle gjestene skreiv namnet sitt. Biletet heng no på veggen og minner oss om den fine dagen. I tillegg hadde vi tatt inn ei lita gran (juletre har ein spesiell plass i familiehumoren), og alle skreiv ei helsing til oss på baksida av bordkortet, som var utstyrt med ein sølvtråd til dette formålet, og hengte bordkortet på treet. Det var veldig koseleg å hauste treet dagen etter.

Då natta var på sitt mørkaste, tente vi jonsokbål, og alle gjestene fekk noko godt i glaset så vi kunne skåle og syngje «Auld Lang Syne», både Hartvig Kirans vakre gjendikting og Burns» originaltekst. Det vart ei stemningsfull avslutning for dei som ville legge seg. Men dei fleste ville ikkje det, og vi dansa oss inn i soloppgangen.

*

Ektepar

Snella

Advertisements

Read Full Post »

I dag står det eit tent dåpslys på bordet hos oss. Det er akkurat eitt år sidan Fikslein vart døypt, og det feirar vi med å tenne dåpslyset hans og ein diger stabel med vaflar. Då passar det òg å blogge litt dåpsinspirasjon og bilete av dåpsbordet.

Temaet for dåpen var tru, håp og kjærleik, symbolisert med kors, anker og hjarte, og det ville eg skulle vise i bordpynten. Raudt, kvitt og blått passar til ein vårdåp, for eg ville ikkje ha eit altfor søtt bord. Derfor er det mykje mørkeblått og berre litt lyseblått (i perler, sommarfuglar, telys og forglemmegei).

*

Bordpynt - tru, håp og kjærleik

Bordpynt – tru, håp og kjærleik

*

Eg laga anker av kvistar, surra med ståltråd med lyseblå perler på, måla trefarga hjarte frå Panduro mørkeblå og limte sølvfarga konfettikors på. Konfettikorsa er dei same som eg brukte på dåpsinvitasjonane. Dukane er gjenbruk frå bryllaupet.

*

Bordpynt - hekla blomster og anker

Bordpynt – hekla blomster og anker

*

Fordi eg hadde litt passande restegarn, hekla eg nokre blå blomster med grøne blad. Det vart gjort på frihand, men blomsten i dette mønsteret er ganske lik.

*

Dåpskuvert - serviett med anker, linserviett og masipanhjarte frå Niederegger

Dåpskuvert – serviett med anker, linserviett og marsipanhjarte frå Niederegger

*

Kuverten er i raudt, kvitt, blått og lin. Eg hadde gitt opp å finne serviettar med anker på og hadde vaska og strøke dei fine linserviettane mine då det dukka opp ein pakke med perfekte serviettar i ein lekker interiørforretning i Stavern. Altså måtte det bli begge delar – og små raude marsipanhjarte frå Niederegger.

*

Dåpsoppsats med roser og forglemmegei

Dåpsoppsats med roser og forglemmegei

*

Dåpsoppsats med bamse og roser

Dåpsoppsats med bamse og roser

*

Blomsteroppsatsane laga vi med kvite roser, bjørkekvistar og forglemmegei. Den i midten er høgst og (nokolunde) rund, medan dei på kvar side er meir avlange og har bamsar.

*

Dåpsbord for ein liten gut

Dåpsbord for ein liten gut

*

Tent dåpslys*

Dåpslyset fekk stå og skine på dåpsbordet. Her rett etter velkomsdrinken og før vi opna festbuffeen.

*

Dåpspynt - bjørk og sommarfulg

Dåpspynt – bjørk og sommarfugl

*

Vi hadde eit eige rom der vi serverte velkomstdrinken. Der hadde vi ein prosjektor som viste bilete av dåpsbarnet, og vi hadde sett inn leikar til dei minste gjestene og blåst opp ein haug med ballongar og badeballar. Veldig populært!

*

Prinsessebrus – alkoholfri velkomstdrink med bær

Velkomstdrink med bær

*

Vi serverte ein alkoholfri velkomstdrink, som du finn oppskrift på i dette innlegget.

*

Dåpspynt - norske flagg og bjørk

Dåpspynt – norske flagg og bjørk

*

Dåpen hadde vi i eit kult kontorlokale, som trengte litt hjelp for å blir dåpsfähig. Ein rask sjekk viste at det ikkje var bjørkepollen i lufta lenger, så eg valte å raide hagen til svigers til nokre store oppsatsar med flagg.

Dåpsbarnet hadde fått ein brodert, bunadsinspirert dåpskjole til seremonien, og den fekk henge framme i lokalet til pynt. På festen hadde han på seg den fine nye matrosdressen med anker og stjerner.

I innlegget «Vinterdåp for gullguten» kan du finne meir dåpsinspirasjon.

Snella

Read Full Post »

Hev du ein ven
som vel du trur,
far då og finn han tidt;
for med ris gror til
og med høgt gras
ein veg der ingen vankar.

Håvamål

Biletet er lånt frå kunstnet.de.

I helga kjem Nøstet på besøk for å inspisere den nye snelleheimen. Fikslein og eg gler oss masse til ei heil helg saman med deg. Velkommen!

Snella

Read Full Post »

Ein dag låg det berre der. Huset. Fjorden glitra og blinka i den sorglause sommarsola. Glade barneskrik frå stranda nedi bakken. Effektive kakk frå hakkespetten i grana.

– Vil du bu her?, sa herr Fiks.

Flytte? Flytte frå den nydelege heimen vår? Frå loftsleilegheita i byen? Frå teateret, Akerselva og kaffibarane? Frå det koselege biblioteket mitt og veggmåleria mine?:

.

Flytte frå dette?:

.

Fjorden glitra og blinka. Block Watne frå seint 80-tal.

­– Bøkene dine kan du ta med. Huset kan vi pusse opp og gjere til vårt, sa herr Fiks.

Eg kikka meg rundt. Eit elska hus og ein varm heim. Materialvala vitna om at byggherren hadde hatt god smak den gongen. Nemnte eg at fjorden glitra og blinka?

– Ja, her skal vi bu, sa eg.

Bøkene og garnlageret vart pakka ned og fylte ein diger tilhengar.

.

.

Vi har komme i gang med å fornye 80-talshuset. Vi tar det trinnvis, så foreløpig er dei gule veggane og gelenderet måla i «Klassisk hvit» frå Jotun og den rosa marmoren rundt peisen vekke. Eg ville gjerne hente fjorden inn i stova, så vi måla parketten lys gråblå. Fargen heiter «Frihet».

.

.

Enno er det ein del å ta tak i, og vi vil ha nok å gjere i åra framover:

.

.

Men fjorden glitrar og blinkar i den låge haustsola.

Snella

Read Full Post »

Når ein gifter seg ytst i havgapet, er det godt med ein lun cape over skuldrane i solgangsbrisen.

Eg tok utgangspunkt i denne capen/ponchoen frå Garnstudio, som eg synest sit så fint over skuldrane. Eg likte dessutan den høge halsen og at capen er strikka på tvers. (Blomsten som er festa til capen, kan du lese om i bryllaupsinnlegget.)

I staden for Fabel og Vivaldi brukte eg Alpakka og KidSilk i kremkvitt. Eg strikka str. S og la opp 70 masker slik at capen stoppar der armopningane tar til i originaloppskrifta.

Det er ei kjent sak at eg elskar sjiraffar, så den nest øvste knappen er sjølvsagt ein sjiraffknapp frå Snella og Petronella.

Brudebuketten med orkidear og callaliljer er omtalt her,og sjølve bryllaupsfesten her.

No nyt capen pensjonisttilveret på kontoret mitt, der den varmar skuldrane og nakken min på kalde dagar og minner meg om ein av dei finaste dagane i livet.

Snella

Read Full Post »

Treng du ei enkel og god oppskrift på alkoholfri velkomsttdrink i dåp eller andre lag?

Vi blanda Funlight jordbær- og rabarbrasaft med Farris og hadde oppi frosne bær istadenfor isbitar.

Etter ei stund tar bæra til å tine, og det dannar seg «silkeband» i drinken.

Ei av dei yndige gjesteprinsessene i dåpen døypte drinken prompte for «prinsessebrus» og gulpa likegodt ned fire glas på styrten.

Konklusjon: Fem av fem prinsesser tilrår «prinsessebrus». Friskt, raskt, lettvint, stilig og godt.

Eit anna alternativ er alkoholfri mimosa.

Snella

Read Full Post »

Schultüte eller Zuckertüte (direkte omsett: skulepose) er eit stort kremmarhus (kjegle) fylt med leikar, skulesaker og kanskje litt snop som nybakte elevar i Tyskland og Austerrike får første skuledag. Kremmarhuset skal gjere den spennande og kanskje litt skumle første skuledagen litt lettare. Tradisjonen begynte i Thüringen tidleg på 1800-talet og spreidde seg raskt.

Dette er ein koseleg tradisjon, synest eg, så alle førsteklassingar eg kjenner får schultüte. Mange lagar sjølve, og det finst handarbeidsbøker og eigne kurs. Så langt må eg innrømme at eg har kjøpt dei ferdig, men det er lett å bli inspirert av alle dei flotte, heimelaga schültütene rundtom på tyske bloggar, gjerne med matchande kjole som her:

Det finst mange gjer-det-sjølv-sider på nettet, mellom anna denne.

I år kjenner eg tre yndige små som skal begynne på skulen – og ei litt større som skal begynne på lærarskulen. Ho får sjølvsagt den vesle vampyren og litt vaksnare innhald: miniflaske Rotkäppchen, handkrem og smykke i tillegg til pennar og viskelær osv.

Årets schultüter frå snelleheimen:

Og med det ønskjer eg alle nye elevar – uansett nivå – lukke til!

Oppdatering mai 2014: Og no vil visst norske bokhandlarar innføre tradisjonen til Noreg. Skoletut, kallar dei det.

Snella

Read Full Post »

« Newer Posts - Older Posts »