Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Nøstet bygger hytte’ Category

Vi koser oss på hytta! Vestlandet har hatt eit fantastisk veir i det siste og både dagar og kveldar blir tilbragt ute.

 

Sånne kveldar vil vi ha mange av!

Sånne kveldar vil vi ha mange av!

Innimellom blir det litt strikking. Eg held på med Mariusjakker til begge gutane mine. Monteringsvegring gjer at eg strikker begge før eg set igang med klipping og sying av glidelås. Nokre dagar har det vore så varmt at eg har måtte strikke med bomullsgarn istaden. Eit par oppvaskklutar har blitt strikka på hytta, men heklenåla låg igjen heime så kanten rundt får vi ta ein annan gong. Nepalnøsta er ein del av det neste store prosjektet. Både svogeren og svigerinna har runde dagar i år og har invitert til felles feiring i september. Så innan då håper eg at desse og mange fleire nøster har blitt trylla om til eit pledd. Kanskje blir det eit havskumteppe.

Prosjekt på gong

Prosjekt på gong

Late dagar i Nøsteheimen og Nøstehytta altså. Akkurat sånn det skal vere når Vestlandet byr på strålande sommerveir i mai.

 

God helg frå

– Nøstet –

Reklame

Read Full Post »

Det kan sjå ut som at sommaren har tatt seg ein pause på Vestlandet, eller så har den takka for seg. Uansett er kvardagen tilbake i Nøsteheimen, og idag har eg kosa meg med bilder frå årets ferieveker.

Sidan vi har nybygd hytte var det naturleg å tilbringe mesteparten av ferien der. Veiret varierte frå store nedbørsmengder, lyn og torden til fantastisk sommarveir med blå himmel, strålande sol og nesten tropenatt. Uansett veir kosa vi oss med ulike aktivitetar. Brettspel, kortspel, krabbefisking, bading, roing og litt vedsanking for både små og store. I tillegg kunne dei vaksne nyte seine kvelder med eit glas kvitvin og ei bok, og innimellom litt strikking og brodering.

Finaste pusekatten vår, Lykke, fekk òg vere med på hytta denne sommaren. Ho veksla mellom musejakt, der fangsten blei levert på trappa, og avslapping på dei mjukaste plassane ho kunne finne.

Glimt frå sommarferien

Glimt frå sommarferien

Som bilete viser var det ikkje dei store prosjekta som blei avslutta i sommar, men det blei eit par raggsokkar til Snuppa strikka i Opal med glitter som eg kjøpte på den fantastiske jenteturen til Berlin.

No er det berre å glede seg til alle dei flotte strikkeplagga vi kan lage til hausten 🙂

– Nøstet –

Read Full Post »

Pinsehelga er tilbragt på hytta ilag med små og store vener. Vestlandet fekk plutseleg sommar og den har vi kosa oss med frå morgon til kveld. Dagane har gått med til tur i fjæra, trehyttebygging, bading og roing.

Av handarbeid tok eg med garn til Blueberry Waffle Socks, etter at det kom eit tips på uformelt om å strikke med dobbelt garn. Så no har eg starta på to par, eit med ein kombinasjon av Regia og Fabel og eit med Opal og Fabel. Oppskrifta ligg igjen heime, så når eg kom til der hælen starter måtte eg ta pause. Det kan jo vere at det er nokon triks å ta med seg på hælkappa!

20130520-114110.jpg

20130520-114402.jpg

Read Full Post »

Påska 2013 blei tilbragt på hytta i eit fantastisk påskeveir. Strålande sol og lite vind gjorde solkroken varm nok til å sitte ute og nyte solstrålande. Og når ein sit ute og koser seg er det kjekt å ha noko å drive med. Litt kryssord, litt krim og litt strikking.

Påskeidyll

Påskeidyll

Påskeprosjektet blei Tøysetopp frå Pickles. Eg kjøpte den første Picklesboka like før påske og hadde først planer om høstvest, men den får eg ta seinare. I bomullsboksen fann eg nemleg masse Paris og noko anna tilsvarande bomullsgarn eg hadde kjøpt inn for å strikke klutar av. Etterkvart er eg blitt meir glad i tynnare klutar, så Parisgarnet har blitt liggande. No passa det utmerka at det låg i lageret. Ein 4-åring toler masse fargar, så eg tok alle som passa ilag. Sidan eg strikker rimeleg stramt og 4-åringen veks i rekordfart for tida, satsa eg på str 6 år. Ein sånn vest kan fint brukast utanpå ullgenser når hausten kjem. Oppskrifta i str 6 år finn du faktisk gratis på Pickles sine nettsider.

Tøysetopp frå Pickles

Tøysetopp frå Pickles

Åååååh mamma, du er verdas beste som strikker så mykje fint til meg, var kommentaren eg fekk når eg visste ho den ferdige toppen. Ikkje vanskeleg å begynne på nok eit prosjekt til Snuppa etter den kommentaren, så vips var det noko nytt på pinnane.

Nøstet –

Read Full Post »

Endeleg er hytta ferdig nok til å bu i! Framleis gjenstår det litt småplukk med listverk og eit rekkverk, men det kjem på plass iløpet av januar. 20130112-133526.jpg

Kjøkkenet er foreløpig innreda med utemøblar, det er kjekt å bu seg litt inn før alt blir bestemt.

Snuppa fekk ny dukkevogn til jul som skal stå fast på hytta. Denne trengte sjølvsagt sengetøy. Her ein kveld fekk eg endeleg sydd det.

20130112-133611.jpg Stoffet er frå Jysk, og inni er det ein liten bit av ei gammal pute.

No koser både store og små seg på hytta i det flotte vinterveiret!

20130112-133709.jpg
Nøstet

Read Full Post »

For tre veker sidan var vi ein tur på hyttetomta for å rydde til snekkarane skulle begynne. Nøstemannen har støpt stor fin platning  rundt heile hytta, støypearbeid er det vi skal gjere som eigeninnsats, resten tar eit byggefirma seg av.

Hytteplatning

Dei siste vekene har vore veldig travle, mange avtaler og småsjuke unger har gjort at vi ikkje har komme oss avgårde for å sjå. Men denne helga suste vi avgårde i skjærgårdsjeepen og fekk sett hytta. Og for ein framgang!

Hytta tar form

No kan vi sjå korleis hytta blir. Her blir kjøkkenet som har ekstra takhøgde og stor skyvedør ut mot uteplassen.

Kjøkkenutbygg

Eg blir enda meir inspirert til å sette igang med å lage saker og ting til hytta. Prosjektlista mi aukar for kvar dag som går! Luksusproblem!

Nøstet – 

Read Full Post »

Då har Nøstefamilien endeleg komme vidare i hytteprosessen. No er hytta tegna heilt ferdig og kontrakt er skriven med eit snekkerfirma. Grunnarbeid skal starte opp så snart byggemeldinga er godkjent og snekkerfirmaet står klar til å ta over like etter påske. Om alt går etter planen vil vi då kunne flytte inn på hausten ein gong.

Her ser eit bilde frå stranda som ligg 60-70m frå hytta. Hytta ligg ein del høgare oppe, men vi vil ha utsikt til båtane og kaia ein ser på bilde.

Her skal vi nyte fridagane våre!

Her skal vi nyte fridagane våre!

Og mens eg er inne på hytte, så fortset jo sjølvsagt planlegginga av interiøret. Til jul fekk eg to flotte oppvaskklutar. Og blei inspirert til å lage eit par til. Veldig kjekt strikk når ein sit på fly, tog og buss. Den eine er strikka i Føn og den andre i Paris, og begge etter oppskrifta «Husmor Marias kopptue».

Oppvaskklutar i Føn og Paris

Oppvaskklutar i Føn og Paris

Og så har eg glømt å blogge puta som eg hekla ifjor. Eg har desverre gløymt kor på nettet eg fann mønsteret/idêen. På baksida har eg hekla ei stor oldemorsrute i dei fargane som var igjen.

Fargerik pute til hytta

Fargerik pute til hytta

Nøstet –

Read Full Post »

Nøstefamilien skal realisere hyttedraumen. Tomta er kjøpt og hytteteikningane mangler berre den siste finpussen. Iløpet av hausten 2012 satser vi på at hytta står ferdig og klar til innflytting. I mellomtida er det mykje å tenke på, planlegge, drøyme om, strikke og sy. Straks papira på tomta var signert, var Nøstet ôg igang med strikkinga. Idèane kjem flygande og det er berre å sette igang mens kreativiteten og engasjementet blomstrar.

Det første ein startar med når ein planlegg hytte er sjølvsagt fargeval og interiør! Sidan lilla er ein favorittfarge blir det lilla og grønt til stova. Det første pleddet er Eskimopledd fra Garnstudio.

Eskimopledd

Det andre pleddet er også frå Garnstudio. Garnet Delight var eit nytt bekjentskap. Uvand struktur i garnet, men lett å hekle med. Flotte fargeskift som blei ramma inn med svart Fabel. I mønsteret er det 7 x 11 ruter.Sidan eg liker store pledd blei mitt 8 x 13 ruter. Utgangspunktet er i originalfarger, og så er det lagt til eit par nøster av den med mest lilla i.

Delightpledd

Det tredje pleddet er frå «Strikk – en reise til indre ro», frå Du Store Alpakka. Strikka i originalgarn med ein tråd Faerytale og ein tråd Tynn Alpakka, men med lysare farger enn i boka. Nok ein gong har eg laga teppet større. Det vil seie at det er lagt til ein mønsterrapport i bredda. Dette blei eit fantastisk flott pledd.

Slumreteppe

Så om sommarkveldane skulle bli kjølege eller det stormar rundt hytta skal vi halde oss gode og varme.

– Nøstet –

Read Full Post »