Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Pinnar og nøster’ Category

Eg har produsert enda fleire huer. Både til jentebursdagar og andre anledninger. Først ut er ei baggy hue som eg har hekla ein gong før. Denne hua skal til Snuppa si besteveninne. Det er viktig å ha likt tilbehør, berre andre fargar.


Heklefakta:

Oppskrift: «Virkad mössa med häng» av Bautawitch

Garn: Rosa Opal sokkegarn, resten er Arwetta Classic. Det er hekla med dobbelt garn.

Heklekrok: 4.0

Neste hue ut er ei som eg har laga mange av, men dei fleste har forsvunne ut av huset før eg har fått tatt skikkelige bilder av dei. Denne er superkjapp å strikke.


Strikkefakta:

Mønster: Bliss fra garnstudio.com

Garn: Drops Nepal, lys blå nr 7120

Pinne: 4,0 mm
Eine fadderungen min blei plutseleg 9 år, og i tillegg til nokre spennande bøker fekk han ei hue som sit tett på hovudet og passar fint under sykkelhjelmen.

Strikkefakta:

Mønster: La opp 120 masker. Vrangbord med 1 vridd rett, 1 vrang passe langt. Fortsatte i glattstrikk til passe lengde, felling med 2 rett, 2 rett sammen. To omg uten felling, deretter 1 rett, 2 rett sammen. To nye omg uten felling og deretter to masker sammen heile vegen rundt. Deretter to sammen til ein har så få masker igjen at ein kan snurpe saman med ein tråd.
Garn: DSA Sterk

Pinne: 3,0 mm
Siste hue ut er også i Sterk, som før nemnt er eit av mine favorittgarn. Denne hua har vi ikkje blitt einige om kven som skal ha, det kan vere vi må dele eller så må eg strikke ei til. Luksusproblem! Eg vil gjerne ha den og bruke den som baggy hue, mens Nøsteguten vil ha den oppbretta som vist til venstre. Denne hua såg eg først på bloggen til Skorpionens hjørne.


Strikkefakta:

Mønster: Hipsterlue fra Tusenideer.no, eg la opp 116 masker som er litt meir enn i oppskrifta.

Garn: DSA Sterk

Pinne: 3,5 mm

Det blir nok enda fleire huer om ei stund. Det er fleire jenter i klassen til Snuppa som har bursdag, og gutane mine har óg komme med ønsker til huegarderoben. Garnlageret skal få køyrt seg!
– Nøstet –

Reklame

Read Full Post »

I haust gjekk eg forbi ein garnbutikk som skulle stenge. Utruleg kor dyrt det kan bli med sal, altså. I shoppetåka må eg ha rive til meg mange nøste bomullsgarn. Vimplane har jo vore så populære, tenkte eg kanskje. Det var berre å sette i gang med kluteproduksjon for å rettferdiggjere garnkjøpssmellen.

strikka-handduk-og-vaskeklutar

Strikkefakta: Mønster frå «Kluter» av Bitta Mikkelborg; «På kryss og tvers» (handkle) og «Glassklart» (fire ulike småbrikker) | Settpinnar og rundpinne nr. 3 | Handkle i marineblå Mandarin Petit og brikkene i Rico baby cotton soft print dk farge 010 multicoloured og 006 denim light blue.

Handkledet er 22×26 cm. Det er halvparten så stort som originalen og eit passe stort gjestehandkle. Eg repeterte midtrapporten seks gongar i staden for 12 og la inn eit hol over fire masker til oppheng mellom tredje og fjerde rapport. Handkledet var vanskeleg å strikke i så mørkt garn, og ikkje kom mønsteret til sin rett heller. Eg skal nok strikke det igjen, men lysare.

Og eg skal strikke mange, mange klutar frå denne boka. Så langt har eg prøvd åtte mønster og gitt vekk klutar til veninner og grandtanter. (Sjå, kjære, så lurt at eg kjøpte så masse garn. Tante Margit blir nok rørt over å få ein så fin presang!) Fine restegarnprosjekt, enkelt å ha i veska og supre smågåver eller større gåver saman med såper og toalettvesker og kosmetikk. Kinderegg!

Snella

 

Read Full Post »

Endeleg var det Snella sin tur til å fylle år! Sidan det var rund dag var det klart at det måtte bli ei gåve som var ekstra fin. For halvanna år sidan hadde Malsen og Mor fine garnpakkar med mønster på Ugleteppe Unni. Dei ulike fargekombinasjonane hadde fått namn etter forskjellige ugler. Kva ugletype eg endte opp med kan eg ikkje hugse, men eg håper at desse fargane kan passe hos Snella.

Det fantastiske mønsteret er designa av Ann Myhre/pinneguri og kan kjøpast på Ravelry. Eg kan ikkje lenger finne garnpakke hos Malsen og Mor, men fargar kan ein jo velge som ein vil sjølv.
Strikkefakta:

Mønster: Ugleteppe Unni av Ann Myhre/pinneguri.

Pinne: 2,5 og 3mm

Garn: Malsen og Mor – Shetland Supersoft

Eg strikka teppet rundt og hekla langs kantane før eg klipte. I mønsteret står det at det teppet skal ha enda ein rapport med uglene i dei ulike fargane, men det ville eg ikkje hatt nok garn til. Då ville det óg ha blitt veldig langt. Mulig eg har strikka litt lausere enn det skulle. Eg blokka teppet og då kom uglene veldig fint fram. Heile teppet veg under 500 gram, men sjølv om det er eit tynt teppe vil det varme godt med reint ullgarn som er dobbelt heile vegen pga mønsterstrikken. 
Eit sånt teppe skulle eg absolutt hatt sjølv, men etter ein haust med intensiv strikking på ugler tenker eg at det blir kjekt å strikke andre mønster ei stund. 
– Nøstet –

Read Full Post »

Søster som frys på kontoret. Skjønn, lyseblå kasjmirjakke. Korleis gi den litt «edge»? Med ein nusseleg, gammaldags blondekrage! Ja, og en edderkopp. 

heklet-blonde-krage-edderkopp

HEKLEFAKTA: mønsteret vart til etter kvart som eg hekla, men det kan sikkert rekonstruerast om nokon er interessert. Garn: restar av tynt, blankt heklegarn. Heklenål: 3. Elles: Blomster og perler frå stæsjlageret. Inspirasjon: Pinterest

hekla-blondekrage-med-edderkopp

– Hm, blei du ikkje ferdig?, lurte Cysta då ho pakka opp jakka med krage på berre eine sida. Så såg ho krypdyret. Kanskje vil han spinne vidare.

hekla-edderkoppkrage-detalj

Snella

Read Full Post »

Mmmm, Chickadee er garnet sitt, altså. Hespene eg plukka opp på strikkefestivalen i Bergen, er som sukkertøy i fargane og glir så fint, så fint på pinnane. Kaisavottane var det perfekte møsteret – enkle og artige å strikke, men med imponerande flott effekt.

kaisavottar-kaisa-mittens

Strikkefakta
Mønster: Kaisavottar, funne hos Kredito (gratis – tusen takk!). Garn: Chickadee frå Quince&co. Pinnar: 3 og 3,5.

På strikkefestivalen vart garnet behørig foreviga på fotoworkshop med Kristin Frøsland:

img_2754

Snella-

Read Full Post »

Veninna ønskte seg nye hanskar, for dei eg ga ho for mange år sidan var utslitt. Men altså, hanskar, det kjem lengst ned på lista over det eg liker å strikke. Motivasjonen pleier å mangle etter finger nummer to. Så istadenfor leita etter dei flottaste vottane, og dei trur eg at eg fann! Jared Flood har ei mengde flotte mønstre, og eg landa på Grove

Grove

Grove


Dei vridde rette maskene gjer at vottane ser ut som eit kunstverk, og dei var utruleg kjekke å strikke. Eg starta å strikke desse like før vi var på jentetur til Bergen Strikkefestival og har strikka på dei i rykk og napp mellom andre julegåveprosjekt.

Strikkefakta:
Mønster: Grove av Jared Flood
Garn: Drops Nepal
Pinne: 4 mm


Så får vi håpe at veninna syns det er greit med vottar istadenfor hanskar! Med mindre enn 1 veke igjen til jul er det greit å vere ferdig med dei fleste heimelaga julegåvene, men nokre små til skal det vere muleg å få til enda!

Nøstet – 

Read Full Post »

Nøstet har feira rund dag! Hurra og gratulerer! Ein så skjønn skapning måtte få ei heilt spesiell gåve. Sidan ho er glad i bunaden sin og til og med kan sy sjølv, vart det to bunadshårklyper i spesiallaga oppbevaringspose med perlemønster. Posen er ein variant av eit pulsvarmarmønster til bunaden vår frå Sunnfjord.

bunadsharklyper-og-smykkepose-med-perler

Strikkefakta
Mønster: Modifisert versjon av pulsvante frå Dale i Sunnfjord, henta frå Magasinet BUNAD, som igjen har henta oppskrifta frå boka Håndplagg til bunader og folkedrakter av Heidi Fossnes, Damm 2003. I oppskrifta blir  framgangsmåten godt forklart.
Garn: Naturkvit og lavendelfarga babyull
Pinnar: 2,5
Perler: Skimrande småperler i nyansar av lilla, gull, grønt og blått. Du treng òg ei tynn nål og sytråd til å få perlene over på strikkegarnet med.

Eg har lagt opp ti masker meir enn oppskrifta seier. Holrada til den tvinna strammetråden er laga med eit kast og to rett saman på kvar sjette omgang ti masker frå kanten. Til slutt er posen sydd igjen.

strikka-smykkepose-med-perler-til-bunadssolv

-Snella-

Read Full Post »

Julegåveproduksjonen har vore igong i lang tid. Ikkje alt kan visast på bloggen, men desse trur eg er trygge.


Som du ser på bilete er det ingen tegn til snø her enda, men om og når den først kjem er det kjekt å kunne skrape bilen uten å bli alt for kald på hendene.

Strikkefakta:

Oppskrift: Legg opp passe antall masker etter kor tjukt garn du har, her har eg brukt 44 masker. Strikk glattstrikk nokre cm lengre enn du vil ha den, fell som til ein vott men la det stå igjen nokre masker slik at det er hol til skrapa. Tov den passeleg.

Garn: Pt3 og Dale Popcorn

Pinne: 7

Neste tova julegåve ut er tova tøfler. Ei veninne bur i eit hus med kalde golv og har ønskt seg noko varmt på beina. For nokre år sidan strikka eg Moon Socks til ho og desse er no utsletne. Eg håper desse er litt meir robuste!


Strikkefakta:

Oppskrift: Viking-garn hefte 1113-27. Eg har kutta perler og brodert kant på toppen.

Garn: Dale Hubro

Pinne: 7

Om eg skal strikke fleire av desse ville eg hatt litt færre masker rundt ankelen, for der syns eg dei kunne ha vore litt strammare. Dette er dessverre vanskelig å avgjere før ein tover. Desse trengte tre runder i vaskemaskina før dei blir små nok, men no er dei skikkeleg varme og tette. Tidligare har er forresten strikka tova tøfler til Snella og Snellemannen.

Om du framleis ikkje er ferdig med julegåvene har du god tid til å lage slike produkt. Votten strikkar du på ein kveld, og tøflene klarer du på ei helg.

 Nøstet –

Read Full Post »

Er du godt igong med julegåvene? Begynt å stresse litt allereie? Fortvil ikkje, her er eit godt tips! Er det noko alle treng, så er det ein god og varm hals.

img_0108

Strikkefakta:

Mønster: Perlestrikket lang hals med snurr av Marte Helgetun – gratisoppskrift

Garn: Sandnes Mini Alpakka Tweed, farge grå, dobbelt garn

Pinne: 5,5 mm

Garnmengde: 191 gram

Finn nokre nøster mjukt garn i rett tjukkelse og strikk perlestrikk så lenge du har garn og tid. Har du tjukkere garn blir det ein grovare struktur og det går fortere å strikke. Marte Helgetun har fleire gratisoppskrifter på halsar med ulik struktur og garntypar, så ein kan finne noko for ein kvar smak.

 

Sånn, då er det berre å sette igong!

 

Nøstet-

 

 

Read Full Post »

arne-og-carlos-crazy-fuglar

Meinte eg eigentleg at Arne og Carlos mjølka same konsept litt vel hard? Jepp! Fall eg pladask for årets fuglar? Dobbeltjepp! Kven kan vel motstå desse sjarmørane – for høvet iført paljettar og fargerikt restegarn.

Desse fuglane kan varierast i det uendelege. Til veninna med bursdag i november var det litt oppkvikkande å kunne finne fram mitt mest glorete restegarn og sette saman noko som ville gli rett inn i «La cage aux folles» – ein perfekt allegori på liva våre for tida.

Strikkefakta Mønster: Arne og Carlos-fugl, funne i Allers sitt julemagasin. Pinne: 3 Garn: Ymse restegarn, mellom anna sjokkrosa Dale Påfugl og Bling paljettgarn. Det lilla håret vart sist sett i boaen til frøken Viktualia Sjøgren.

Snella

 

 

Read Full Post »

« Newer Posts - Older Posts »