Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Språk’ Category

Snellas Servus - im Stadt und LandDet var tredje helga i advent, og snellefamilien var på førjulstur til Berlin med sine koselege julemarknader og gode feuerzangenbowle. Eg ville unne meg eit hyggeleg magasin og stilte meg framfor den velfylte bladhylla på Tegel (flyplassen).

Frå eitt blad lyste ein überkoseleg juledekorasjon med to stearinlys imot meg på matt kvalitetspapir. «Servus in Stadt und Land» stod det på framsida, og slagordet «einfach gut leben». Eg gjekk dermed ut frå at det handla om det gode liv (ev. om det gode og enkle liv) i byen og på landet.

Hovudoverskrifta lova lun lesnad om «daheim im Kerzenschein» (noko slikt som «heime i skinet frå stearinlys».) Framsida lova oppskrift på heimelaga Christstollen (tradisjonell tysk julekake) og ein artikkel om den vakkert vinterkledde haren i Bayern. Perfekt!

Burde eg ha skjønt det der? Ja, definitivt. Servus er jo helsinga Harry Klein alltid brukte. Og den skjønne haren bur i Bayern. På den andre sida, kvifor skulle den ikkje bu nettopp der?

Godt oppi sofaen med glühwein i hand og bladet i fang begynte det omsider å demre. Innhaldslista lova nemleg artiklar som
– Von Zapfen und Zweigerln
– Die Buttnmandl sind los
– Ätschibätsch eine Hetschepetsch

Hm. Eg blar vidare. Redaktøren heiter Christl, ja.
Pfandl, Sackerl, Engerl. Dobbelthm. Litt sit då att frå «Deutsche dialektkunde». Når i overkant mange substantiv sluttar på l, vitnar det om språk ført i tastaturet langt sør i det tyskspråklege området.

Det er jo eit lokalblad frå og for Bayern og Austerrike (og kanskje Sveits)! Servus er nesten som blada lokalhistorielaga gir ut her heime, med lokale juletradisjonar, gamle soger og segn, intervju med tradisjonsrike familiebedrifter som kjelkemakaren, orgelbyggjaren og han som lagar juletrepynthestar (Rössl, så klart). Til og med annonsane ser ut som dei gjer i programhefta for historiske spel her på berget.

Jul i Bayern. Biletet er lånt frå www.haidmuehler-hof.de/Og bladet stod der midt mellom alle dei kommersielle interiørmagasina. Servus er sjølvsagt òg kommersielt og har ein kjempestor marknad der sør. Likevel kjente eg meg invitert inn i eit hjartevarmt, men lukka lag. «Ätschibätsch eine Hetschepetsch» handla om nyper og korleis ein kan bruke denne c-vitaminrike frukta. Haren frå framsida viste seg å ha flytta til Bayern frå nordlege breiddegrader under siste istid. No held den seg i fjella. Overskrifta? Der Hase, der aus der Kälte kam («haren som kom inn fra kulden»). Fantastisk!

Nesten alle overskriftene pirrar leselysta. Mellom anna denne på ein dialekt frå lengst aust i Bayern: «Mir san von Woid dahoam». Her kunne jammen norske blad hatt noko å lære! Eg synest tekstane i norske blad alltid er så like – kva med å sprite dei opp med nokre solide dialektuttrykk som passar til reportasjen? Det er viktig å ta vare på dialektmangfaldet vårt. Om ein er redd andre ikkje skal forstå, går det an å forklare.

Dette var ei koseleg lesestund. Servus er eit lekkert blad, og definitivt horisontutvidande for ei intetanande snelle aus Norwegen. Kanskje blir det nypemarmelade neste år.

Reklame

Read Full Post »

Ribbe til besvær

Ribbe. Biletet er lånt frå Rullestad.orgEin utflyttar heime på ferie gjer seg mange interessante observasjonar. Eg må støtt finne meg i kommentarar om at språket mitt har endra seg etter at eg har budd rundt om i verda, men ingen vil høyre at dialekten på heimstaden òg har endra seg. Både ord og bøyingsformer er tydeleg annleis enn då eg voks opp, og det er jo faktisk ikkje så lenge sidan!

Eit godt døme er ordet ribbe. Når vi på Vestlandet skulle ha ribbe på julekvelden, betydde det aldri noko anna enn saueribbe. Ribbe med svor måtte spesifiserast som svineribbe.

På Austlandet var ribbe av svin vanlegare, og der heitte dét ribbe. Med andre ord viste ikkje ribbe til kjøt av det same dyret på Vestlandet som på Austlandet. Vestlendingar meinte sauekjøt, austlendingar svinekjøtt.

I dag har ordet pinnekjøt breidd om seg, og ribbe er blitt meir og meir einsbetydande med svineribbe. Årsaka er kanskje at saueribbe er blitt meir og meir populært over heile landet og at det er pinnekjøt som er blitt brukt i marknadsføringa og i media. Men pinnekjøt er slett ikkje eit gamalt ord. Ordet vart teke inn i ei ordbok første gong i 1940, og så dukka det opp i avisene rundt 1950.Shaun the sheep

Kampen har eg nok tapt, men det er litt trist. Eg vil neppe klare å snakke om pinnekjøt, og held fram med å seie ribbe. Om nokon misforstår, kan det hende eg seier «Ja, lammeribbe, altså» – med eit fårete smil, ribba for eit ord i språket mitt.

Snella

Kjelde: Språkrådet

Read Full Post »

Über allen Gipfeln
ist Ruh
in allen Wipfeln
spührest Du
kaum einen Hauch
die Vögelein schweigen im Walde
warte nur balde
ruhest Du auch

Goethes uendeleg vakre dikt Ein Gleiches (Wanderers Nachtlied II) kan brukast til meditasjon. Sjølv ikkje tysk grunnfag med gjennomanalysering klarte å knekke gleda mi ved dette diktet.

Det finst mange omsetjingar til norsk, men aller vakrast er gjendiktinga til den eineståande Hartvig Kiran:

Over alle tindar
er ro
Og alle vindar høyrest no
knapt som eit sòg
Småfuglen blundar så varleg
Vente no! Snarleg
kviler du òg

Eg har planlagt å måle Ein Gleiches på kjøkenveggen i Berlin ­– med illustrasjonar. Eg begynte med illustrasjonane. Så langt har eg komme til tindane det ligg ro over:

Og den tagnande/blundande småfuglen:

Det kan hende prosjektet ikkje blir fullført på lang tid, for jammen har det ikkje snike seg inn ei preposisjonsrekke på kjøkenveggen:

Snella

Read Full Post »

Dei gamle ungpikebøkene

Ungpikebøker frå 60-åra

Sommar og sol og ferie på hytta. Livet er å ligge i eit hav av tusenfryd og lese gamle ungpikebøker frå då mamma var ung. Jammen har språket endra seg sidan 60-åra!

Nokre smakebitar:

Jeg fikk meg sannelig en forskrekkelse.

Det gir jeg en god dag i.

I neste nå sto pikene badet i lys.

Å nå, sa Nancy med et lettelsens sukk.

Bess og George bestormet henne med spørsmål.

Det kunne du ikke gjøre for.

Jeg ble høylig forbauset.

Jeg føler meg kjekk igjen nå.

De protesterte, men det var ingen pardong.

Kom inn hit og det på øyeblikket.

Frå Shirley Flight " Under østens himmel"

Nokre ord har til og med fått meiningsinnhaldet så endra at det ville vere utenkeleg å bruke dei i dag:

Marianne var så kåt at hun stadig vekk sprutet ut i latter.

Hun elsket å drive gjøn med tvillingene, som til slutt ble så overkåte at moren måtte tysse på dem.

Frå å kunne bety både «lystig» og «lysten», betyr det no berre det siste.

En hyggelig og smilende negerpike tok dem med ovenpå.

Frå å vere nøytralt, er «neger»no å rekne som eit sensitivt og krenkande ord.

.

Slikt kan ein filosofere over når humla susar.humle

– Snella –

Read Full Post »

Depotspråket

Lagerspråk. Katalogspråk. Depotspråk. Rubrikkspråk.
Kva vi enn vel å kalle det, spesielt godt er det ikkje. I lister kanskje, sjølv om eg også synest det er litt komisk når Forsvaret gjer opp lagerstatus og skriv «bukse under lang vinter».

Det er godt mogeleg at butikksjefen på ICA har ei fortid frå Forsvaret, men eg veit ikkje om eg skal le eller gråte av denne plakaten.
melon vann rød

Om dette er trenden, går vi ei tid fram strålande i møte! *sukk*

(Men Nerdesnella noterer med fryd at forkortingane er rette!)

Snella

 

Read Full Post »

Skitnesøndag er siste søndagen før jul. Eg har lært at det er fordi denne søndagen var det lov å vaske og førebu seg til sjølv om det var kviledag.

På skitnesøndag åt ein òg den aller uslaste maten, og heime var det skjelter med mølje. «Skjelte» heng saman med ordet «skalle» og retten er òg kjent som «skoltar», «sauehaue» eller «smalahove». Det er ikkje mykje kjøt på skjeltene, så ein måtte først ete seg nokolunde mett på mølje, som i denne samanhengen er flatbrød dyppa i den gloheite kokekrafta med sirup.

No er skjelter blitt eit kultfenomen og alt anna enn usselt og billig. Derfor har eg starta ein ny tradisjon, nemleg å invitere til grautlag på skitnesøndag. Det er alltid populært. Eg er vant med å servere risengrynsgrauten med rosiner på og spekemat til.

Og mandelen? Den er det pussig nok alltid ei av dei minste som får.

Snella

Read Full Post »

Kvit gløgg

I mi verd fordrar lange desemberdagar varm gløgg. Ingenting er som å krype opp i sofaen under eit pledd med hendene rundt ein dampande kopp. Aller best likar eg kvit gløgg – med eller utan alkohol.

Kvit gløgg med vin

1 flaske kvitvin – gjerne billigaste sort

1 appelsin i skiver

litt sukker eller honning og krydder som sjerneanis, nellik, kanelstang, kardemommefrø og vanilje. Eg brukar å ta det eg har.

Eg har alt oppi ei panne (= «gryte» for ikkje-vestlendingar) og varmar opp på svak varme slik at kryddera skal få sett nok smak. Om eg tilfeldigvis skulle vere så velorganisert at eg veit på førehand at eg skal lage gløgg, kokar eg opp 1 dl vatn i vasskokaren og slår over krydderet kvelden før. Så har eg alt oppi panna.

Gløggen er veldig god med «schuss», som tyskarane seier: ein klunk rom (eller annan passande sprit).

Eit herleg alternativ til kvitvinsbasert gløgg, er denne eigenkomponerte drikken:

Snellas gløggalternativ  

(alkoholfri eller med alkohol)

1 l eplejus

litt sukker og krydder som sjerneanis, nellik, kanelstang, kardemommefrø og vanilje.

(calvados)

tørka tranebær og skiva mandlar

Varm opp jus, krydder og sukker sakte i ei panne (sjå over). Ha ei stor skei tranebær, skiva mandlar og gjerne ei dekorativ kanelstang i koppen. Calvadosschuss for dei som vil ha det.

Tips: Tranebær er litt syrlege og gir ein spennande og smakfull kontrast til den søte og krydra gløggen. Eg brukar tranebær i staden for rosiner både i kvitvinsbasert og eplejusbasert gløgg.

Ordet «gløgg» har vi forresten lånt frå svensk, og det heng saman med verbet «å gløde». Kanskje det er fordi den ofte inneheld brennevin?

Snella

Read Full Post »

Utadvendt adventsstake

Sitrande spenning, lys i ruter og graner, gløgg og kos. Det er advent! Advent kjem frå latin «ad», som tyder ’til» og «venire», som tyder «komme», eigentleg er det ei forkorting av «adventus Christi» «Kristi komme».

Advent er nemninga for dei siste fire vekene før jul. Det er altså ein periode, og slik sett er det litt smør på flesk når nokon snakkar om «adventstida».

Vi har opna første luka i adventskalenderen. Eller seier du julekalender? Eg synest det verkar som om ordet adventskalender er i ferd med å forsvinne. Kanskje det er eit trekk ved tida vi lever i? Vi begynner jo å førebu jula tidligare og tidligare for kvart år, og butikkane veit at alt som heiter noko med «jul» vil selje. Druknar den eigentlege ventetida i alt kjaset?

Adventsstake har vi heldigvis enno. Min er ganske enkel i år: Staken er fire armar av Knud Holschers byggesettstake. Lilla lys, ekstravagante lilla mansjettar, eit søtt lilla hjarte som Nøstet har sydd, og eit gullhjarte.

Og «advent» har berre ein d. Det har ingenting med «å vende» å gjere. Det har derimot ordet «utadvendt». Min utadvendte stake skal få stå ut advent.

Snella

Read Full Post »

Opp med handa alle som har uttalt ordet «stilleben» feil? «Stilleben» kjem frå tysk og tyder eigentleg ‘stilt liv’. På fransk heiter det «nature morte», som tyder ‘daud natur’. Litt anna fokus, men same poeng: det er eit bilete, oftast måleri, av livlause gjenstandar som blomsterbukettar, glas, frukt og andre matvarer.

.

Stilleben på badet

.

Mitt stilleben på badet er ikkje eit måleri, men eit blikkfang av vakre ting som Nøstet har laga og gitt meg i gåve opp gjennom åra. Nåleputa med prøvelappen etter hardangersaumkurset hennar er altfor fin til å stikke nåler i, så den gjer teneste som øyrepynthaldar. Portemonéen (også eit fransk ord. «Porter» tyder ‘bere’ og «monnaie» tyder ‘pengar’, altså noko til å bere pengar i, ein pengepung) er strikka i patentstrikk med kvitt garn, fôra og forsynt med ein nydeleg lås. Den ville blitt stygg om eg slepte den rundt i veska, så den tener som smykkepose. Det gjer også den andre pungen, den med det friske blåprikkete stoffet og lukkemekanisme med raudt trekk. Ein stoffblomst eg brukar i håret på grå dagar, er prikken over i-en.

Snella

Read Full Post »

Thusnelda

«Ikkje blunk, vi køyrer no gjennom Thusneldaalléen. Det er den kortaste alléen i Berlin», sa drosjesjåføren med ekte entusiasme. Eg trudde han så gjerne. Om lag 40 snellesteg lang er den, og husar eitt einaste bygg – ei vakker kyrkje.

Thusnelda? Det er jo nesten Snella, tenkte romantiske Snella, sikker på at dette måtte vere ei namnesøster ho nok hadde mykje til felles med, og tusla til den flotte Arminuis-marknadshallen i Arminiusstrasse like ved for å ta ein kopp kaffi og forske.

Her er ein sterkt forenkla historie- og tysktime:

Thusnelda var dotter av cheruskarfyrsten Segestes og levde i Romarriket i starten av vår tidsrekning. Thusnelda var vekklova, men vart bortført av Arminius og gifta seg med han.

Arminius leia allierte germanarar i eit stort opprør som kulminerte i slaget ved Teutoburgerskogen. I Tyskland er Armenius kjent som Hermann, og han er eit viktig nasjonalsymbol på godt og vondt. Det er mellom anna eit stort hermannminnesmerke der slaget sto. Minnesmerket skal ifølge heimesidene vere eit fredssymbol som minner om dei fryktelege følgene av krig.

Thusnelda vart etter kvart røva tilbake av pappa Segestes, sannsynlegvis mot sin vilje, og gitt som krigsbyte til den romerske feltherren Germanicus, som her tyder «sigerherre over germanarane». Thusnelda var då gravid med sonen Thumelicus, og begge vart etter kvart sendt i eksil i Ravenna.

Meir seier ikkje historia om Thusnelda. «Der weitere Lebensweg liegt im Dunkel der Geschichte verborgen», som det heiter så vakkert på tysk.

Namnet Thusnelda

Thusnelda er ei latinisert namneform med norrønt opphav. Førsteleddet kjem av det gammalnorske ordet Þurs, som tydde ʻtrollʼ eller ʻjotunʼ, altså ein kjempe. (Det er det same ordet som vi i dag finn i tuss.) Andreleddet kjem av hild, som  tyder ʻstridʼ.

Der rauk min folkeetymologiske teori om at Thusnelda var ei namnesøster.

Ifølge bloggen Legitimate Baby Names er namnet vanleg bruk i Latvia, då skrive Tusnelda.

Også i tysk språk er namnet Thusnelda godt kjent, om enn med ein ufortent negativ valør. Fram til 1900-talet var Thusnelda ei staut fyrstinne og eit positivt symbol, men så gav Heinrich von Kleist ut teaterstykket «Hermannsschlacht», pensum for generasjonar av skuleelevar (og dessverre misbrukt i 30- og 40-åra).

I stykket vart «Thusnelda» brukt som omgrep for masete kjerringar og (dumme) tenestejenter. Thusnelda er blitt forkorta til «Tussi» og blir no brukt i tydinga ʻkjerringʼ. Det er kanskje derfor det ikkje er så mange tyske småjenter som får namnet i dag.

Sørgande Thusnelda, Loggia dei Lanzi i Firenze

Snella

Read Full Post »

Older Posts »