Olav Aukrust (1883–1929) er ein av våre store diktarar, og språket i dikta hans er som musikk. Somme av dikta hans er litt vanskeleg tilgjengelege for oss som ikkje har studert nordisk, men ikkje alle.
Eit av dikta eg likar aller best, er «Gråt». Bruken av vokalar og s-ar gjer at eg fysisk kjenner korleis hausten sildrar og susar kaldt gjennom heile sjela.
Legg òg merke til verbet «grøte» i første linje. Det er det same som vi finn som adjektiv i uttrykket «grøtet stemme», og er ei kausativform av substantivet «gråt». Det tyder altså «få til å gråte». Kausativ kan vi av og til lage ved å sette inn infikset n i verb, som i open–opne (få til å vere open), eller ved vokalskifte, som i ligge – legge (få til å ligge).
GRÅT
Kva er å gjera ved at saknad grøter
mi sorg, når det som her meg einast møter,
er visne blad på desse våte berg!
No herjar hausten gjenom heile skogen,
no er det hustre her og haust i hugen,
og saknad syg igjenom mod og merg.
Kva er å gjera ved at straumen krusar
si grøne gåte, medan vinden susar
og kviskrar namnet ditt ved dag og natt!
Her sat me ofte, her ved klåre straumen, –
no sit eg einsleg att og frys i draumen
um det som var og aldri meir kjem att.
Her sat eg hjarteglad og skolv og venta,
her gjekk eg kløkt og var den sæle gjenta
i ljuve armen din den ljose vår.
Å, berg og himlar og djupe dalar –
kva er å gjera ved at steinan» talar,
du kjem imot meg her, kvar helst eg går!
Kva er å gjera, å, kva skal eg gjera
ved den sorg og saknad som eg fekk å bera, –
ved dei minne mange som brenn aldri ut!
Eg græt meg glad for den eg aldri gløymer,
å, stjerne, lys for den mitt hjarta gøymer,
Gud signe, signe deg, min hjartans gut!
Olav Aukrust
– Snella –