Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Uncategorized’ Category

Julegåveproduksjonen har vore igong i lang tid. Ikkje alt kan visast på bloggen, men desse trur eg er trygge.


Som du ser på bilete er det ingen tegn til snø her enda, men om og når den først kjem er det kjekt å kunne skrape bilen uten å bli alt for kald på hendene.

Strikkefakta:

Oppskrift: Legg opp passe antall masker etter kor tjukt garn du har, her har eg brukt 44 masker. Strikk glattstrikk nokre cm lengre enn du vil ha den, fell som til ein vott men la det stå igjen nokre masker slik at det er hol til skrapa. Tov den passeleg.

Garn: Pt3 og Dale Popcorn

Pinne: 7

Neste tova julegåve ut er tova tøfler. Ei veninne bur i eit hus med kalde golv og har ønskt seg noko varmt på beina. For nokre år sidan strikka eg Moon Socks til ho og desse er no utsletne. Eg håper desse er litt meir robuste!


Strikkefakta:

Oppskrift: Viking-garn hefte 1113-27. Eg har kutta perler og brodert kant på toppen.

Garn: Dale Hubro

Pinne: 7

Om eg skal strikke fleire av desse ville eg hatt litt færre masker rundt ankelen, for der syns eg dei kunne ha vore litt strammare. Dette er dessverre vanskelig å avgjere før ein tover. Desse trengte tre runder i vaskemaskina før dei blir små nok, men no er dei skikkeleg varme og tette. Tidligare har er forresten strikka tova tøfler til Snella og Snellemannen.

Om du framleis ikkje er ferdig med julegåvene har du god tid til å lage slike produkt. Votten strikkar du på ein kveld, og tøflene klarer du på ei helg.

 Nøstet –

Reklame

Read Full Post »

Fleire baggy huer

Som nemt i forrige innlegg, så var planen å få strikka opp litt huer til gåvekassa for jentebursdagar ut over hausten. Kassa med tynn alpakka frå ulike garnprodusenter blei tømt i ein pose og tatt med på hytteferie. Det samme blei eit par hefter med huemønster og Klompelompeboka. Snuppa ville at eg skulle strikke Baggylue frå Klompelompeboka. Den er strikka i Merino Extra Fine i boka, men alt eg hadde av det garnet strikka eg opp i vinter då eg fekk dilla på panneband

Baggyhue

Baggyhue


Dermed måtte eg modifisere litt for å få til ei liknande hue. Eg la til ein del masker, strikka felta med glattstrikk og perlestrikk så lange som eg syns det passa og felte litt bråare enn kva Klompelompe sa eg skulle gjere. I tillegg valgte eg å skifte farge i perlestrikkfelta for å få brukt opp mindre rester.

Baggyhue

Baggyhue


Strikkefakta:

Mønster: Fritt etter Baggylue frå Klompelompe

La opp 120 masker, strikka vrangbord eit stykke, eit felt med glattstrikk, deretter perlestrikk og gjentok dette tre gongar. Eg har strikka perlestrikkfelta tre omgonger lengre enn glattstrikkfelta. Tilslutt strikka eg nok eit felt med glattstrikk. 

Sidan eg la opp 120 masker som er deleleg med seks, blei første runde med felling strikk 4 r, 2 masker rett saman.

Strikka to omgonger rett, deretter 3 r, 2 masker saman. 

Strikka to omgonger, deretter 2 r, 2 masker saman.

Dei neste omgongane felte eg kvar omgong, først 1 r, 2 masker saman, neste omgong 2 masker saman heile omgongen, og den siste omgongen det same ein gong til. 

Dei siste maskene snurpa eg saman.
Eit tips når du skifter farge til perlestrikkfelta er å strikke første omgong rett, ellers vil ein trekke med seg hovudfargen opp i første perlestrikkrad.

Garn: Drops Alpaca. Huene veg ca 50 gram. Ca 30 gram av hovudfarge og 20 gram av mønsterfarge.

Pinne: 3.0

Baggyhue

Baggyhue


No tar eg ein pause frå huestrikk for å få få ferdig nokre andre UFOar som har blitt liggande ei stund.– Nøstet –

Read Full Post »

God påske


Vi håper alle saman har ei flott påske! Snella har sett kursen sørover for å kjenne på sommarvarmen, mens Nøstet nyt late dagar på hytta ved sjøen! 

  

Snella og Nøstet –

Read Full Post »

Vi har funne ein ny favoritt! Denne herlege halsen har vi samstrikka i vår, og denne kjem det til å bli mange av. Varm og vakker, lett som eit vindpust og av mjukaste mjuke kidsilk. Effekten kjem av ein strikkar med dobbel tråd. Først strikkar ein med begge endane av eitt nøste, så fasar ein inn neste farge.

Versjon 1:

Strikkefakta
Mønster: Ombre Cowl Hood (gratis på Ravelry)
Garn versjon 1: Påbegynte nøste Drops KidSilk i fem ulike fargar (mørk lilla, rosa, kremkvit, lys grøn og mørk grøn).

Garn versjon 2: Påbegynte nøste Drops KidSilk i tre ulike fargar (lys blå, blå og lilla).

Pinne: 5

Mål: 55 cm – 60 cm lang.
Versjon 2:

 

Ombre cowl

Ombre cowl

 
 
Ombre cowl

Ombre cowl

 
Begge halsane blir gåver til flotte veninner!
– Snella og Nøstet –

Read Full Post »

Det er nokon som kler alt. Når dei i tillegg er glade i lekre kjolar og tilbehør, er det frykteleg moro å strikke til dei. Denne strikkahetta med sus frå 50-åra er laga for å passe når ein har håret i knute (chignon). Fin til festkjolen, kul til kvardags og brilliant til ein bad-hair-day!

Vintage chignon cap

Strikkefakta
Mønster: Vintage Chignon Cap (lenke til gratis mønster)
Garn: Drops Cotton Viscose, 1 nøste nr. 07 bordeux og 1 nøste 17 lys beige
Pinne: 3
Feste: Trykknapp bakerst ved hårknuten, knyteband ved bremmen og midt på.

Mønstereffekten er aldeles nydeleg, og eg kjem garantert til å bruke dette mønsteret til andre prosjekt.

Mønster på vintage chignon cap

Den kule modellen og gåvemottakaren har tidlegare fått lekre hekla blondehanskar.

Snella

Read Full Post »

 

Prikkejakke i Sterk

Prikkejakke i Sterk

Eit av favorittmønstera frå eit av favoritthefta av favorittdesigneren, strikka i favorittgarnet.  Prikkejakke frå Børnestrik med pinde 3,5 til 4, designa av Lene Holme Samsøe, og strikka i Sterk.Frå det heftet har eg tidligare strikka Siggis Slipover og Bellatunika

Denne jakka blei julegåve til Fikslein. Garnet er overskuddsgarn frå Mariusjakkene eg strikka til gutane mine ifjor. Eg strikka jakka på pinne 3,5 og strikka str 6 år, men strikka lengda til midt mellom str 4 og 6.

Eg strikka jakka fram og tilbake som det stod i oppskrifta for å unngå at det blei ein tjukk kant ved sida av knappestolpen om eg hadde strikka rundt og klipt opp. Eg har lite erfaring med mønsterstrikk på vranga, og det er ikkje noko eg har lyst til å gjere igjen. Det gjekk  veldig sakte og det var ikkje noko kjekt. Men jakka blei kjempefin når den endeleg blei ferdig.

Klok av skade var eg ikkje i tvil om at skulle strikke neste jakke rundt og deretter klippe opp. Denne jakka er strikka i Tove og Pt2, så den er frå Børnestrik på pinde 2,5 til 3. Den er strikka i str 6 mnd og frå bunnen og opp i motsetning til jakkene i større størrelsar der ein startar på toppen. Mønsteret gjekk fort og greit å strikke når det berre var rettmasker, og eg prøvde heklemetoden før eg klipte opp mellom knappestolpane.

Prikkejakke i Pt 2 og Tove

Prikkejakke i Pt2 og Tove

Denne jakka er sendt avgårde til ei lita jente som kom til verda like før jul. Heldigvis er det fleire små på veg blant familie og vener, så eg kan framleis strikke babykle og små størrelsar.

– Nøstet –

Read Full Post »

Ja, vi elskar å strikke fine gåver. Ja, vi elskar å pakke gåvene fint inn! Det er så moro å gje vekk ein pakke som gir eit frampeik om at det er noko ekstra spesielt inni. Her er eit lite utval: vimpelpakke, uglepakke og spidermanpakke.

Inni uglepakken med festhatt ligg sirkussjalet. Festleg utanpå, festleg inni.

Ja, vi elskar Pinterest! Det er stort sett der inspirasjonen kjem frå. Om du likar det vi viser på bloggen, må du gjerne følge tavlene våre på Pinterest. Les meir om pakkane hos kjeldene: vimpelpakkeinspirasjon og spidermanpakkeinspirasjon.

-Snella-

 

 

Read Full Post »

Hausten 2014 oppdaga eg Jorids Mønsterbutikk. Eit par vottemønstre måtte eg ha for å strikke julegåver til dei beste veninnene. 
Uglevottane strikka eg i Sisu. Eit skikkeleg konsentrasjonsarbeid for meg som ikkje var så erfaren med fleirfargestrikk. Men det var veldig kjekt å sjå mønsteret vekse fram, så det tok ikkje så lang tid. Eg syns vottane blei litt vide og store, men fann ingen måte å «jukse» dei mindre på sidan det var så mykje mønster.


Sjiraffvottane derimot blei det mykje betre passform på. Desse er gode og lange sånn at dei går godt innom jakkekanten, og så er dei smale sånn at dei sit inntil handa. Desse er strikka i Daletta. På originalen er teksten «love» lagt inn på halsen til sjiraffen på framsida, men eg strikka heller flekkemønster likt med baksida.
Nøstet –

Read Full Post »

Plutselig var det 2016, og det er over eit år sidan vi publiserte forrige innlegg. 2015 viste seg å bli eit travelt år for både Snella og Nøstet, og blogging var ein av aktivitetane som måtte vike. Vi satsar på at 2016 kan prioriterast annleis og at blogging kjem høgare opp på lista.

Handarbeid blei heldigvis ikkje lagt vekk i 2015. Det blei både strikka og hekla ein heil del, og på tampen av året sneik det seg inn eit syprosjekt.


Eit av dei største prosjekta mine i 2015 var Primulapledd, eit design frå Arne og Carlos som ein finn i boka Handarbeid i hagen. Gratis oppskrift på pleddet kan du finne her.

Ei god venninne gifta seg, og det var på sin plass med ei flott bryllaupsgåve. Eg hekla pleddet i dobbel Drops Alpaca, og valgte eit stort fargespekter. Eg prøvde å sette saman fargane sånn at det ikkje skulle bli to like blomster. Og når dei skulle heklast saman prøvde eg å unngå blomstrar med lik farge ytterst ved sida av kvarandre. Om alle blei ulike er eg usikker på, men det er i allefall ikkje mange det fins to av.

Eg hekla først to omgonger på alle blomstrane, og så hekla eg dei saman på tredje omgong. Eg har latt vere å hekle halve blomster til kortsidene, og hekla kanten rundt med stavgrupper i passe avstand.

Som alltid etter eit sånt prosjekt lovar eg meg sjølv at det skal bli lenge til neste gong. Og det blei ei stund, men no er eg jammen igong med eit nytt pledd igjen. Ikkje samme type mønster, men i samme garn.
– Nøstet –

Read Full Post »

Når mormor fyller år, må ho vel bli glad for to skjønne kort frå sine yndige barnebarn? Desse korta viser dei små hendene deira med tomlar og peikefingrar som formar eit hjarte.

.
Bursdagskort til bestemor

.
Eg teikna ei hand på dobbelt papir frå Panduro, med tommel og peikefinger mot bretten. Den største utfordringa var å få eittåringen til å halde handa rolig i meir enn eitt sekund, så eg enda med å teikne mange forsøk på kladdepapir og overføre det beste utkastet til det fine kortpapiret.

Ideen fann eg hos Krokotak.

Snella

Read Full Post »

Older Posts »