Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Det er gøy å finne gåve når eit tysk fadderbarn med foreldre som elskar det nordiske uttrykket, fyller år. Formel: Eit lekkerlekkert produkt frå Blafre og noko heimelaga i nordisk stil. I år vart det drikkeflaske og ei søt, hekla vimpelrekke av restegarn.

Hekla vimpelrekke med dusk

Heklefakta | Mønster: inspirert av Cupcake by me via Pinterest. Mønster trengst eigentleg ikkje, men det finst på Karen Klarbæks verden.  Garn: bommullsgarnrestar, mest Mandarin petit kjøpt inn i mengder på sal. Heklenål: 3,5

Filtkulene er frå same sal. Tråden i vimpelspissen er berre trukken gjennom kula og knuta med dobbelknute.

Frå før har denne guten fått umaroteppe og den søte heklaelgen Helge. Mammaen har fått eit vakkert sjal i duse fargar.

Vimpelrekke til barnerom

Vimplar har vore i populære lenge, og det var gøy å variere litt. Frå før har eg hekla eit utal vimpelrekker i meir romantisk stil.

For å halde på stilen, blir gåva pakka inn eit delikat papir med eit litt stramt kort. Det må vere skikkelege frimerke utanpå.

Slik får du gåve-til-noregsvenvenner-stilen:

Full pakke: søt vimpelrekke i nordisk stil; norsk gåvepapir  frå Epla; naïvt kort med rev frå Moia; drikkeflaske frå Blafre (eg har kjøpt med ein ekstra kork med tut); norske flagg; norskromantisk frimerke med kronprinsesse Mette-Marit.

Snella

Advertisements

I mi verd er det høgsesong for femårsdagar no. Det er stor stas – spesielt når det er små veninner som har bursdag. Som mor til tre gutar ser eg det som mitt privilegium å lage søte, jentete ting i gåve.

Filtveske med hekla blomsterpynt crochet flowers on girl's purse

I år har eg som uttalt mål å bruke mest mogeleg restegarn og stæsj frå lageret. Den blå filtveska var eit spontantkjøp på Panduro for mange år sidan, og med søt heklapynt passa ho fint til ei ung dame.

Heklefakta: Mønster: May Roses frå Attic 24 (Thanks for sharing!) Garn: Restar av Drops Muscat etter vimpelprosjekta. Heklenål: 3,5.

Hekla pynteblomster cute crochet flowers and bling

Blomstene var artige å hekle, så eg laga likegodt nokre nåler som skal få pynte opp pakkar, med det same. (Laga av ein blomst og eit lauv med sikkerheitsnål på baksida.) Mellom anna har den fancy nøkkelringen og duskeblingsmykket over her fått innpakning med blomsternål.

God søndag! Det er ein flott hekledag i dag.

Snella

Tenk at det har gått fem år sidan vesle Fikslein blei fødd. Han måtte feirast med ein skikkeleg fest! Skulle vi våge å invitere til utebursdag i lunefulle mars?

Ugler godtepose owl goodiebag

Ja visst, og det blei ein suksess! Norske ungar er då vikingar! Vi sette opp ein lavvo og spidda pølser, mais og s’mores på bål i nyinnkjøpt fyrfat/bålpanne frå Felleskjøpet.

Bålpanne og lavvo

Etterpå hadde vi kaker og sånn, som seg hør og bør. Bålkake:

Bålkake cake on fireBålkake firecake

Kaka er av torokvalitet, men pimpa til det uigjenkjennelege. Brune m&ms og nonstop er ved, og gule, raude og oransje er glør. Flammane er laga av kamferdrops og bringebærdrops som er smelta i omnen på 200 grader i fem minutt for deretter å gjenoppstå som logande eld.

Appelsingelebåtar jelly oranges

Appelsinbåtar av gelé har eg laga før, og det er alltid ein supersuksess. Denne gongen brukte eg fire appelsiner, ein pakke appelsingelé og ein pakke sitrongelé. Eg hadde i all safta frå appelsinene, og det gjorde geleen veldig frisk. Alt forsvann på eit blunk. Det gjorde også bjørnebæsjen:

Bjørnebæsj Bearpoo

Det var ikkje før ein vaksen las skiltet at bjørnebæsjen fekk bein å gå på. – Bjørnebæsj? Æsj! Og så var alt vekk i dei glupske gapa.

Oppskrifta? Superenkel og supergod: Smelt sjokolade og rør i cornflakes. Ha i minimuffinsformer og la stivne. Eg har pynta med litt kakepynt.

Dei fine skilta er lånt frå Hallmark (free printable signs courtesy of Hallmark Thank you for providing blank printables!) Og så pynta eg litt med kongler og greiner og marshmellows:

Camp birthday decoration marshmellow pine cones

Vi har mykje naturtomt, og ungane var overalt – i trea, på dissestativet, ved bålet, i lavvoen og i akebakken. Og litt natursti vart det tid til. Målet var å finne godteposane, som for høvet var fine ugler:

Ugler godtepose owl goodiebag2Ugler godtepose owl goodiebag 1

Uglegodteposane er laga av dorullar og innpakningspapir frå Panduro. Uglene er inspirert av det koselege programmet Hygge i Strömsö, og har fått søte uglefjes (free printables courtesy of My owl barn).

For å få tak i skattekartet måtte bursdagsgjestene finne ting i naturen (sjå bilete under). Eg hadde lagt kartet i eit skrin med kodelås, og for kvar ting ungane fann, fekk dei eit nytt tal til låsen. Når alt var på plass, kunne vi opne skrinet. Derifrå gjekk det unna:

Ugler i bjørk owl in a berch tree

Scavenger hunt natursti

Invitasjonen laga eg enkelt i PowerPoint med teikningar freidig lånt frå nettet. Takk til alle som deler bilete og inspirasjon!

Invitasjon til utebursdag i mars

Naturstien:

Natursti scavenger hunt

Bileta er lånt frå CBC . Thank you!

Og alle var samde om at det hadde vore ein fin bursdag!

Snella

 

Augusta

Eg er ein skikkeleg frostpinne. For nokre år sidan fekk eg pulsvarmarar frå Strikkeveninna til jul. Desse ligg fast på jobb, og brukast flittig når det er kaldt på kontoret. No er dei begynt å miste fasongen etter mykje bruk, så eg har lenge tenkt på at eg skulle hatt eit par nye.

Strikkefakta:

Mønster: Augusta frå Frk.Badegakk med bloggen A wee bit knitty

Pinne: 3,5 mm

Garn: Museumstvinn frå Norsk Trikotasjemuseum.

Garnet kjøpte eg på Salhus når vi var på Bergen Strikkefestival ifjor. Det tråder i raud, oransje og rosa som er tvinna til garn og det gjer at det blir eit fantastisk fargespel i garnet. 

– Nøstet –

Endeleg kom søndagen der vi har egg i bollane og masse masse deilig vaniljekrem og syltetøy inni! Faste etterpå? Burde vel det. Men i dag er det fastelavn!

fastelavnsris-shrovetide

I år vart det visst eit minimalistisk fastelavnsris pynta med sløyfeband og duskar av restegarn. Fint familieprosjekt medan bolledeiga hevar! Og så fekk eg omsider testa duskelagedingsane mine. Vurdering: Bra dei var på sal.

fastelavn-katt

To fastelavnskattar var med heim frå barnehagen. Å slå katten ut av tønna er vel opprinneleg ein dansk og tysk tradisjon, ein leik der målet er å jage vinteren (symbolisert med ei tønne) bort og la våren (symbolisert med ein katt) sleppe til. Vår er eg for!

fastelavnspynt

fastelavnsris-med-dusk

Snella

Eg har produsert enda fleire huer. Både til jentebursdagar og andre anledninger. Først ut er ei baggy hue som eg har hekla ein gong før. Denne hua skal til Snuppa si besteveninne. Det er viktig å ha likt tilbehør, berre andre fargar.


Heklefakta:

Oppskrift: «Virkad mössa med häng» av Bautawitch

Garn: Rosa Opal sokkegarn, resten er Arwetta Classic. Det er hekla med dobbelt garn.

Heklekrok: 4.0

Neste hue ut er ei som eg har laga mange av, men dei fleste har forsvunne ut av huset før eg har fått tatt skikkelige bilder av dei. Denne er superkjapp å strikke.


Strikkefakta:

Mønster: Bliss fra garnstudio.com

Garn: Drops Nepal, lys blå nr 7120

Pinne: 4,0 mm
Eine fadderungen min blei plutseleg 9 år, og i tillegg til nokre spennande bøker fekk han ei hue som sit tett på hovudet og passar fint under sykkelhjelmen.

Strikkefakta:

Mønster: La opp 120 masker. Vrangbord med 1 vridd rett, 1 vrang passe langt. Fortsatte i glattstrikk til passe lengde, felling med 2 rett, 2 rett sammen. To omg uten felling, deretter 1 rett, 2 rett sammen. To nye omg uten felling og deretter to masker sammen heile vegen rundt. Deretter to sammen til ein har så få masker igjen at ein kan snurpe saman med ein tråd.
Garn: DSA Sterk

Pinne: 3,0 mm
Siste hue ut er også i Sterk, som før nemnt er eit av mine favorittgarn. Denne hua har vi ikkje blitt einige om kven som skal ha, det kan vere vi må dele eller så må eg strikke ei til. Luksusproblem! Eg vil gjerne ha den og bruke den som baggy hue, mens Nøsteguten vil ha den oppbretta som vist til venstre. Denne hua såg eg først på bloggen til Skorpionens hjørne.


Strikkefakta:

Mønster: Hipsterlue fra Tusenideer.no, eg la opp 116 masker som er litt meir enn i oppskrifta.

Garn: DSA Sterk

Pinne: 3,5 mm

Det blir nok enda fleire huer om ei stund. Det er fleire jenter i klassen til Snuppa som har bursdag, og gutane mine har óg komme med ønsker til huegarderoben. Garnlageret skal få køyrt seg!
– Nøstet –

I haust gjekk eg forbi ein garnbutikk som skulle stenge. Utruleg kor dyrt det kan bli med sal, altså. I shoppetåka må eg ha rive til meg mange nøste bomullsgarn. Vimplane har jo vore så populære, tenkte eg kanskje. Det var berre å sette i gang med kluteproduksjon for å rettferdiggjere garnkjøpssmellen.

strikka-handduk-og-vaskeklutar

Strikkefakta: Mønster frå «Kluter» av Bitta Mikkelborg; «På kryss og tvers» (handkle) og «Glassklart» (fire ulike småbrikker) | Settpinnar og rundpinne nr. 3 | Handkle i marineblå Mandarin Petit og brikkene i Rico baby cotton soft print dk farge 010 multicoloured og 006 denim light blue.

Handkledet er 22×26 cm. Det er halvparten så stort som originalen og eit passe stort gjestehandkle. Eg repeterte midtrapporten seks gongar i staden for 12 og la inn eit hol over fire masker til oppheng mellom tredje og fjerde rapport. Handkledet var vanskeleg å strikke i så mørkt garn, og ikkje kom mønsteret til sin rett heller. Eg skal nok strikke det igjen, men lysare.

Og eg skal strikke mange, mange klutar frå denne boka. Så langt har eg prøvd åtte mønster og gitt vekk klutar til veninner og grandtanter. (Sjå, kjære, så lurt at eg kjøpte så masse garn. Tante Margit blir nok rørt over å få ein så fin presang!) Fine restegarnprosjekt, enkelt å ha i veska og supre smågåver eller større gåver saman med såper og toalettvesker og kosmetikk. Kinderegg!

Snella