Feeds:
Innlegg
Kommentarar

I år tenner vi ikkje vår adventskrans. Ikkje nubbesjanse med tre berre delvis yndige små i huset! Voilà adventskubben med eitt nytt tre for kvar søndag i advent.

alternativ-adventskrans-adventskubben

Syfakta –
Mønster: trengst ikkje; klipp ut to like trekantar av passande stoff, sy saman og fyll treet med vatt eller restegarn. Eg har brukt blomsterpinnar til stammar.
Inspirasjon: Pinterest

Snella

 

 

 

 

Er du godt igong med julegåvene? Begynt å stresse litt allereie? Fortvil ikkje, her er eit godt tips! Er det noko alle treng, så er det ein god og varm hals.

img_0108

Strikkefakta:

Mønster: Perlestrikket lang hals med snurr av Marte Helgetun – gratisoppskrift

Garn: Sandnes Mini Alpakka Tweed, farge grå, dobbelt garn

Pinne: 5,5 mm

Garnmengde: 191 gram

Finn nokre nøster mjukt garn i rett tjukkelse og strikk perlestrikk så lenge du har garn og tid. Har du tjukkere garn blir det ein grovare struktur og det går fortere å strikke. Marte Helgetun har fleire gratisoppskrifter på halsar med ulik struktur og garntypar, så ein kan finne noko for ein kvar smak.

 

Sånn, då er det berre å sette igong!

 

Nøstet-

 

 

arne-og-carlos-crazy-fuglar

Meinte eg eigentleg at Arne og Carlos mjølka same konsept litt vel hard? Jepp! Fall eg pladask for årets fuglar? Dobbeltjepp! Kven kan vel motstå desse sjarmørane – for høvet iført paljettar og fargerikt restegarn.

Desse fuglane kan varierast i det uendelege. Til veninna med bursdag i november var det litt oppkvikkande å kunne finne fram mitt mest glorete restegarn og sette saman noko som ville gli rett inn i «La cage aux folles» – ein perfekt allegori på liva våre for tida.

Strikkefakta Mønster: Arne og Carlos-fugl, funne i Allers sitt julemagasin. Pinne: 3 Garn: Ymse restegarn, mellom anna sjokkrosa Dale Påfugl og Bling paljettgarn. Det lilla håret vart sist sett i boaen til frøken Viktualia Sjøgren.

Snella

 

 

Eg har alltid eit par sokkar på pinnane. Dei ligg i ei lita strikkeveske som er lett å putte i veska om eg skal ein plass og får litt strikketid, og sidan sokkane eg strikker stort sett er utan mønster er det lett å strikke vidare uten å måtte lese kor ein er på eit mønster. 

Alle treng jo sokkar, så det er kjekt å ha nokre par liggande om det plutseleg kjem ein bursdag ein har gløymt, eller når julestrikkelista som vanleg er dobbelt så lang som det er muleg å komme gjennom. På bilete over har eg strikka ribbesokker. Klumpen fekk dei grøne og svarte, mens dei tre andre har flytta til ei niese, ein nevø og til min lillebror. Dei rosa er strikka i Lana Grossa sokkegarn som er veldig elastisk. Dei grøne og svarte er frå samme garnleverandør, men garnet liknar meir på Fabel. Dei brune med striper er i Fabel eller Regia og dei blå i tjukt raggegarn av ein eller anna type.


Tøffelsokkane strikka eg til ungane for å ha på hytta. Dei er strikka i Fritidsgarn i sjølve foten, sydd saman og strikka på eit par omgonger med superwashgarn til ribb før dei blei tova. Deretter strikker ein opp ribben med superwashgarn, eg har brukt Smart og Falk. Mønsteret finn du i Sandnes Tema 19 Toving. Angry Bird sokkane har eg strikka etter eit bilete, og desse er strikka i eit Rubin. Maskesting kan eg med fordel øve meir på. Det var Fikslein som fekk desse til 4-års dagen.

Vanilla Socks

Vanilla Socks

Sokkane på denne siste kollasjen og dei to øverste på forrige bilete er Vanilla Socks, mønster frå Mina Phillip som har videopodcasten The Knitting Expat. Det er heilt enkle sokkar i glattstrikk med litt ribb øverst og hæl av forkorta rader. Desse strikker eg med magic loop og begge sokkane samtidig. Den einaste endringen eg gjer er at eg feller litt fortere på tåa. Eg har ei stor korg med fleirfarga sokkegarn etter at eg var så fascinert av slikt garn for mange år sidan, nokon av nøsta er det berre eit av og nokre er restar frå andre prosjekt. No prøver eg å få strikka det opp med å blande fleire nøster, putte inn litt einsfarga ribb, hæl og tå der garnet ikkje rekk. Det meste av garnet er Opal, Fabel og Regia. Eg er ikkje så nøye på at sokkane skal bli heilt like, så om eg har berre eit nøste starter  eg frå innsida av nøstet til den eine sokken og frå utsida til den andre. 4 av desse para er gitt vekk i gåver og dei to siste blir nok gitt til jul. Og det er sjølvsagt eit par på pinnane som blir strikka på innimellom.
Nøstet –

Vi er klare for innrykk! Ytterdøra er blitt småskummel, og ekle hender av matgodkjende gummihanskar fulle av snop ligg og ventar. Vi kjem vel alltid til å ønske at det heller kom julebukkar, men vi seier: Velkomne, godteskrømt!

                                                                   Dei hekla skhalloween-shawlallane er eit sjal av restegarn frå lageret. Artig prosjekt, men lett å gjere feil! Eg auka litt meir enn oppskrifta sa, for at sjalet skulle bli breiare og ikkje gå så langt ned på ryggen.

Heklefakta Mønster Lost Souls Skull Shawl by Maryetta Roy (gratis på Ravelry) Heklenål 3,5 Garn uidentifisert raudt restegarn i ull

 

hodeskallesjal-crochet-skull

Snella

Her er neste 40-årsgåvesjal. Denne gongen er det den tyske veninna som fyller år. Ho jobbar som dommar i eit iskaldt praktbygg, kler seg formelt på jobb og er glad i alt med norwegermuster. Enter eit varmt, men elegant sjal i grått, kvitt og støvrosa med norske detaljar og akkurat passabelt med paljettar for litt glamor.

norsk-dream-stripes

Strikkefakta: Mønster: Dream stripes (gratis på Ravelry) og rosebordmønster frå den klassiske telemarkskofta, funnen i Sandnesheftet «klassikere»Garn: Sandnes tynn alpakka i lysegrått, naturkvitt og lyserosa og dessutan paljettgarnet Anny Blatt Tresor 1141 Pale blush Pinne: 3

Sjalet er strikka etter mønsteret fram til det kvite feltet med rosemønster. Her måtte eg trikse litt for å få det til å gå opp. (Joda, eg rekna og talde, men litt kreative løysingar måtte til likevel. Heldigvis kan mykje fiksast i blokkinga.)

På nest siste rille har garnet fått følge med paljettgarn. Garnet vart sist sett i Bella-kjolen og i strikkahalsen Treppenviertel.

Andre veninner har fått sirkussjal etter same mønster og Perhaps perhaps

dream-stripes-med-norsk-vri 

l1090815

Snella

 Hausten er her definitivt, sjølv om vestlandet har finare dagar enn vi hadde heile sommaren. Men kalde morgonar og kveldar gjer at det er godt å ha ei ulljakke i beredskap. Forrige sesong strikka eg Bellajakke i Sterk til Snuppa. Bellamønsteret er enkelt og dekorativt, og det har eg strikka før i tunika og Snella har strikka kjole. Mønsteret er som sikkert dei fleste veit frå hefta til Lene Holme Samsøe.

Bellajakke i Sterk

Bellajakke i Sterk

Denne sesongen er jakka framleis i bruk. Den har blitt litt vid i halsen etter mykje bruk, så her om dagen hekla eg rundt halskanten for å stramme den opp litt. Det ser ut til å verke fint, og Snuppa er fornøgd med å kunne bruke favorittjakka enda ei stund til.
– Nøstet –

Endeleg rann strikkehelga i Bergen. Snella og Nøstet har inntatt Norsk trikotasjemuseum på Salhus. Det bugnar av pirrande garn og vrimlar av lekre strikkaplagg på oppglødde deltakarar.

Vi har hatt gleda av å delta på Kristin Frøsland sin workshop om å ta gode bilete av strikk. Veldig bra! Om vi lærte noko? Døm sjølv:

.


Takk for oss, det var ein super dag! Vi har fråtsa i Quince&co frå Viitre, Rosy Green Wool frå Nina Petrina, og Museumstvinn – museets eige kamgarn tvinna på den gamle tvinnemaskina frå 1934.

Nokre velmente tips til arrangørane: Neste gong vil vi ha meir plass! Meir plass og ro til å sitte og strikke og prate – det var jo så god stemning og mange kjekke damer å bli kjent med. Og meir plass til utstillarane – vi ville jo handle masse garn, studere nyskapande modellar og kjøpe kult tilbehør. Men det var for krøbelt, mykje vart raskt utseld, og vi reiser med tommare koffertar enn vi hadde tenkt.

Snella og Nøstet-

Då eg var ferdig med Farmen-genseren til eldstemann, satt eg igjen med ein del restegarn. Og sidan dette var fargar som guten likte spesielt godt fann eg ut at eg skulle lage ei pute til han i dei samme fargane. Restane frå genseren rakk til framsida og litt av baksida, som berre er striper. Resten av baksida er liknande fargar i garn av samme tjukkelse.


Heklefakta:

Mønster: Trekantpute av Solstrikke

Garn: Rauma Mitu og liknande garn. Noko var iallfall Peer Gynt.

Heklenål: 4

Guten var strålande fornøgd med bidraget til kjellerstova og har bestilt fleire i samme kategori.
Nøstet – 

Gubban, så mange kompliment har eg aldri fått for eit strikkeplagg før. På kontoret, i barnehagen, på bussen og på gata har folk kommentert denne vedunderlege toppen i spennande strukturgarn og med hekla detaljar. Sånn flaks at det har vore ein varm september så eg rakk å få toppen ferdig og bruke han før haustmørkret senkar seg!

Strikkefakta:Mønster: Onion design, funne i Hjemmet nr. 27/16 Garn: Onion, Alp Natural, farge nr. 176 (lys rosa) og Drops Cotton Viscose nr. 19 (mørk grå) Pinnar: Rundpinne nr. 6 og heklenål nr. 4

Onion var eit nytt bekjentskap for meg. Eit raskt søk på nett viste at det var å finne på  Ulla garn og broderi i Drammen. Sjølvsagt! Lommeboka hylte i protest i det eg trakka over dørgotta til dette paradiset, men måtte innrette seg. Av alle dei nydelege fargane, var det lyserosa som fekk vere med meg heim.

Eg var litt skuffa over at det var to ulike garntypar som var knytta saman, men eg lét knutane vere og passa på å få dei på innsida av bolen. Det funka greitt.

Til dei hekla kantane ville eg bruke garn frå lageret. Eg var litt usikker på kva uttrykk eg ville ha på toppen, men landa til slutt på mørkegrå cotton viscose så toppen ikkje skulle bli for sukkersøt. Eg la inn ein omgang grått før siste omgang rosa for å gjere overgangen mellom fargane litt mjukare.

Etter mønsteret skal det vere eit strikka belte i same garn som heklakanten. Eg brukar eit tynt hyssingbelte i staden.

Snella