Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘advent’

Adventskubben

I år tenner vi ikkje vår adventskrans. Ikkje nubbesjanse med tre berre delvis yndige små i huset! Voilà adventskubben med eitt nytt tre for kvar søndag i advent.

alternativ-adventskrans-adventskubben

Syfakta –
Mønster: trengst ikkje; klipp ut to like trekantar av passande stoff, sy saman og fyll treet med vatt eller restegarn. Eg har brukt blomsterpinnar til stammar.
Inspirasjon: Pinterest

Snella

 

 

 

 

Reklame

Read Full Post »

Ny adventskrans! Ferdig til første søndag i advent? Nei, det hadde vore for  mykje forlangt i vår hektiske kaosheim. Men til i dag, andre søndag i advent, er han klar, og vi tenner to lys i dag!

 

Strikka adventskrans

 

Kransen er strikka på pinne 9 i garnet Loopy creative frå Rico design. Eg la opp 60 masker og strikka glattstrikk rundt og rundt til hadde brukt to nøste. Det vart akkurat passe til å tre over ein stråkrans med diameter på 36 cm. Eg synest det ga ein fin struktur å ha vrangsida ut.

Strikka adventskrans

 

I år, med to småttisar som likar å plukke, gjer vi det på enklaste vis med fire telys. I åra framover kjem eg sikkert til å pynte kransen litt meir, og eg har kjøpt trygge lyshaldarar for andre typar lys. Kanskje blir kransen brukt som adventskalender eit år, der vi pyntar med ein ny ting kvar dag. I dag er kransen eit enkelt og lunt innslag i adventsheimen vår.

Snella

Read Full Post »

Adventsstake i ny drakt

I desse dagar er den sjuarma adventsstaken å sjå i annankvart vindauge. Den kjedelege, masseproduserte staken har alltid gjort meg meir trist enn glad. Men i år arva vi nettopp ein slik. Pimpa med litt lakk vart staken riktig så lekker.

*
Sjuarma lysestake i sølvdrakt

*

Dette er eit superenkelt og raskt oppussingsprosjekt. Eg berre skrudde ut lyspærene og spraya staken med sølvlakk kjøpt på Jernia. Tre strøk måtte til for at fargen skulle dekke skikkeleg. No pyntar adventsstaken opp og skapar lun stemning i stova.

Slik såg staken ut før:

Klassisk sjuarma adventsstake

Snella

Read Full Post »

Tenn lys!

God advent!

4. søndag i advent

 

Tenn lys!

Eit lys skal brenne

for denne vesle jord,

den blanke himmelstjerna

der barn og blomar gror.

Må alle dele vona

at gode ting vil skje.

Må jord og himmel møtast,

eit lys er tent for det.

Tenn lys!

To lys skal skine

for kjærleik og for tru,

for dei som alltid elskar,

for dei som byggjer bru.

Må fangar verte frie

og heimlause få ly.

Tenn lys for dei som sørgjer,

kveik deira mot på ny.

Tenn lys!

Tre lys skal flamme

for alle som må slåst

for rettferd og for fridom

og saknar stø frå oss.

Må ingen misse motet

før fridomsklokka slår.

Tenn lys for fred og rettferd

på heile jorda vår!

Tenn lys!

No stråler alle

dei fire lys for han

som elskar alt som lever,

kvar løve og kvart lam.

Tenn lys for himmelkongen

som kjem med lys og fred.

No møtest jord og himmel

og englar jublar med.

Eivind Skeie 

-Snella-

Read Full Post »

Tenn lys!

God advent!

 3. søndag i advent

Tenn lys!

Tre lys skal flamme

for alle som må slåst

for rettferd og for fridom

og saknar stø frå oss.

Må ingen misse motet

før fridomsklokka slår.

Tenn lys for fred og rettferd

på heile jorda vår!

Eivind Skeie 

Snella

Read Full Post »

Tenn lys!

God advent!

2. søndag i advent

Tenn lys!

To lys skal skine

for kjærleik og for tru,

for dei som alltid elskar,

for dei som byggjer bru.

Må fangar verte frie

og heimlause få ly.

Tenn lys for dei som sørgjer,

kveik deira mot på ny.

Eivind Skeie 

-Snella-

Read Full Post »

Tenn lys!

God advent!

1. søndag i advent

Tenn lys!

Eit lys skal brenne

for denne vesle jord,

den blanke himmelstjerna

der barn og blomar gror.

Må alle dele vona

at gode ting vil skje.

Må jord og himmel møtast,

eit lys er tent for det.

Eivind Skeie 

-Snella-

Read Full Post »

1.desember!

Kl 06.55 starta dagen i Nøsteheimen med høglydt jubel frå fem barn.

Vi har besøk av ei niese og ein nevø i helga, og det er klart at kalendergåvene må vere med på helgebesøket. Mine to eldste og niesa har «kjøpekalender», mens nevøen og Snuppa har kalendergåver heimanfrå. Nevøen fekk henge si på Snuppa sin kalender, og det var som sagt stor jubel når den første gåva skulle opnast.

Julekalender klar for fleire pakkar!

Julekalender klar for fleire pakkar!

Kalenderen er den samme som tidlegare, den broderte eg med hjelp frå mamma til Nøsteguten for mange år sidan.

Som du kan sjå mangler det litt gåver. Mange er kjøpt inn og nokon held eg på å lage. Berre å hive seg i innpakkinga. Og så håper vi at entusiasmen framleis er stor i morgon, sjølv om den godt kan starte litt seinare ut på morgonen.

– Nøstet –

Read Full Post »

Skitnesøndag er siste søndagen før jul. Eg har lært at det er fordi denne søndagen var det lov å vaske og førebu seg til sjølv om det var kviledag.

På skitnesøndag åt ein òg den aller uslaste maten, og heime var det skjelter med mølje. «Skjelte» heng saman med ordet «skalle» og retten er òg kjent som «skoltar», «sauehaue» eller «smalahove». Det er ikkje mykje kjøt på skjeltene, så ein måtte først ete seg nokolunde mett på mølje, som i denne samanhengen er flatbrød dyppa i den gloheite kokekrafta med sirup.

No er skjelter blitt eit kultfenomen og alt anna enn usselt og billig. Derfor har eg starta ein ny tradisjon, nemleg å invitere til grautlag på skitnesøndag. Det er alltid populært. Eg er vant med å servere risengrynsgrauten med rosiner på og spekemat til.

Og mandelen? Den er det pussig nok alltid ei av dei minste som får.

Snella

Read Full Post »

I Nøstehuset har vi to bursdager tidlig i desember. Før desse er vel overstått nøyer vi oss med å pynte forsiktig til advent.

Adventsstake

Adventsstake

Adventsstaken får sjølvsagt komme fram. Denne frå Black Design har eg hatt i mange år. Ein kan velge om ein bruker kubbelys i den, eller om ein set på holdarar til tynne høge lys. Men aktive unger i huset vel eg å bruke kubbelys enn så lenge. Tala på lysa kom med eit interiørblad eg kjøpte. Sjølv om eg er veldig glad i lilla, er faktisk adventslysa det einaste lilla innslaget i stova. Her pynter vi med elles med raudt og kvitt.

Sviblar

Sviblar

Sviblar høyrer jula til, og i år har eg satt dei i ei skål eg hadde frå før og putta litt mose rundt. Enkelt og stemningsfullt.

Adventskalender

Adventskalender

Adventskalenderen som snuppa får presangane på broderte eg til Nøsteguten når han blei to år. Det vil seie, den blei vel påbegynt minst eit år tidlegare. Denne var det jammen mykje arbeid med! Måtte få hjelp av Nøstemammaen til å få den heilt ferdig. Men den blei ferdig til slutt og flott blei den iallefall.

 

Kalenderdetalj

Kalenderdetalj

Nøstet –

Read Full Post »

Older Posts »