Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘baby’

Snoningstrøje har gått som ein farsott i strikkeverda, og bloggar og instagramkontoar har flauma over av nydelege bilete av denne flotte jakka. Då ein fetter annonserte at det var baby på veg, såg eg mitt snitt til å få hive meg på trenden. Strikkeveninna skulle til England og fekk tak i Debbie Bliss Baby Cashmerino som er originalgarnet. Garnet finnes nok òg i norske butikkar, men ikkje i min lokale butikk. Garnet var mjukt og deilig som det bør vere når det skal innehalde kashmir, men eg blei skuffa over at dei har putta masse akryl ilag med kashmir og merino.

Jakka skuffa heldigvis ikkje. Den var kjapp å strikke, flettene var enkle og resultatet blei kjempeflott. Eg valgte knappar i samme farge for at flettene skulle få hovedfokus. Har du lyst til å strikke samme jakke finn du oppskrifta hos femina.dk.

 

Snoningstrøje

Snoningstrøje

Og dermed var første plagg i den store UFO-bunken ferdig.

 

– Nøstet –

Reklame

Read Full Post »

 

Det er alltid artig å sjå reaksjonane når ein fortel utanlandske vener om norsk barnehagepolitikk, og at norsk sommar derfor er babyboomtid. Så langt kjenner eg seks augustbarn, og tida strekk derfor berre til til babysokkar. For å gjere det litt meir interessant har eg begynt å gi dei vekk på bamsar.

*

Bamsar med babysokkar

*

No er gåva til dei to siste tullene klare, sokkar i lilla, kvitt og ymse gråfargar. Mønsteret er det same som eg alltid brukar, garnet er babyull frå Gjesdal, og pinnane heiter 2,5.

*

Strikka babysokkar i fargane grå, kvit og lys lilla

 *

Ei hekla blomsternål i dei same fargane til storesøster til eine tulla ligg også klar. Og neste sokkepar er sjølvsagt på pinnane alt. Her er det berre å henge i.

*

Babyføtter

Snella

Read Full Post »

Dei er hektiske, alle desse dagane som kjem og går. Var det ikkje i går at vesle Skjønnas kom til verda? Lite søvn, mas, rot og konstant dårleg samvit gjer det av og til vanskeleg å hugse at det er dette som er sjølve livet. Derfor treng eg å bli minna om det og at dette er dei gode gamle dagar. Det er jo akkurat denne tida eg kjem til å mimre om. Og med det perspektivet går alt så mykje betre.

 *

Babyrom

 

*

Eg er så lei av at nesten alle skilta i butikkane er på engelsk. Det burde vere unødvendig, synest eg, så eg laga mitt eige skilt av seks minilerret frå TGR. Dei vart grunna med samme måling som veggen, fekk kvit tekst og vart hengde opp med frøkentyggis (tack-it).

*

 

Babykroken  nursery

 *

Det er mykje  å gjere med det vesle huset vårt, og vi tar det litt etter litt. Sidan vi berre har to soverom, har vi innlemma det gamle vaskerommet i soverommet og fått ein babykrok. I ein vill augneblink bestemte eg at vi skulle ha kvitt vegg-til-teppe på golvet. Ikkje spesielt lurt med to små ungar, men det kjennest herleg dekadent. Den gresselege glasfiberstria lot vi bli, for planen er å ta dette rommet skikkeleg seinare, men stria har fått fargen «gustaviansk blå», og vindauga fekk tjukke kvite lingardin. Leandervogga og ein god ammestol med tjukke puter har vore gode å ha i våkenettene.

Snella

Read Full Post »

Endeleg ferdig! Umaro-teppet til ein etterlengta liten gut i Tyskland tok all æve å få ferdig, men eg trur det må vere det flottaste babyteppet eg nokon sinne har laga. Eit skikkeleg arvepledd!

*

Umaro babyteppe

 *

Mønsteret gir eigentleg eit stort pledd strikka på store pinnar med tjukt garn. Eg ville lage ein pen og delikat babyvariant i norsk ull til den chice, tyske veninna mi, så eg brukte tynne pinnar og tråd og la til tre rapportar både i breidda og i høgda.
Strikkefakta:
Mønster: Umaro av Jared Flood (Brooklyn Tweed)
Pinne: 3 mm
Garn: elefantgrå babyull frå Dale
Nøste: ca. 5,5
*

Umaro i elefantgrå Dale babyull

*

Umaromønsteret er vidunderleg vakkert! Det er artig å strikke, men krev full konsentrasjon.

*

Umaro frå Brooklyn Tweed

*

Det blir nok meir Umaro, men neppe teppe på pinne tre. Heldigvis vart mottakaren veldig glad for gåva, og vesleguten søv godt med teppet rundt seg. Teppet kan også brukast til å leike tittebø med, her demonstrert av min eigen modell:

*

Umaro med tapper modell

 

*

Modellen ligg på det fine leiketeppet. Er du på jakt etter meir babyteppeinspirasjon, finn du det her.

Snella

Read Full Post »

Babyteppe i alle former og variantar. Teppe med mange gode minne og teppe som har mesteparten av historia si framfor seg. Vi har teppe i bilen, i senga, på sofaen, i veska, i vogna og overalt, og eit deilig teppe er den soleklare gåva til nye verdsborgarar.

*
Vakre strukturar

 *

Her er nokre av dei flotte teppa våre! Frå botn har vi

1. krabbeteppet med sjødyr

2. det ekstra store nøstebarnteppet

3. ugleteppet

4. grønt, tjukt og deilig teppe som vi fekk i gåve, hekla etter samme mønster som det ekstra fine hekla helseteppet

5.  oransj og kvitt vognteppe som mormor hekla til meg. Eg har lurt på om eg skal prøve å lage eit makent. Det er sett saman av små kvadrat.

6. det hekla helseteppet i bomull

7. strikka teppe i merino extra fine. Dette teppet går ganske raskt å strikke, er tjukt og mjukt og ser imponerande ut for dei som ikkje kan strikke. Ein gåvefavoritt, med andre ord.

8. det fine gamle hekla vognteppet med roser

*

Babyteppe

 

*

Treng du meir teppeinspirasjon, kan  du kikke på havskumteppet til kusina, teppet med havmønster og strikka blondekant, dei flotte vognteppa (strikka og hekla i oldemorsruter), babyteppet i bomull, og bamseteppa med korsting. Og fleire teppe blir det garantert!

Snella

Read Full Post »

Vi har vel alle ei favorittoppskrift vi kjem tilbake til igjen og igjen? Strikkeoppskrifta i mitt hjarte står i Babyhefte 1506 S frå Sandnes uldvarefabrikk — utgitt seint i 70-åra ein gong. I det smålåtne heftet har eg funne dei perfekte babysokkane: skjønne, lettstrikka og med god passform.

*Babysokk med god passform

*

Babysokkar får ein jo aldri nok av, og alle eg kjenner, får desse sokkane til småttisane sine. Sokken på biletet over er i Sandnes babyull i fargane elefantgrå og naturkvit. Sokken (og ein forsøksvis identisk andresokk) ligg akkurat no i ein konvolutt på veg til ein kollega.

Sokkane ser slik ut i originalversjon, og er strikka i den gamle garntypen Mam’sell frå den tida vi ikkje hadde noko imot 100 % akryl i babysetta:

Babysett i Mam'sell

*

Eg har faktisk aldri strikka noko anna enn sokkane frå dette heftet, men det er det nok på tide å gjere noko med, for settet er fortryllande. Og vintagestrikk er jo i vinden.

Sjå berre på denne kjekkasen i tøff jakke og bukse i tidsriktige fargar:

Babysett i Mamsell

*

Eller denne frøkna, politisk korrekt i lyseblått sett:

Blått babysett i Mam'sell

Snella

Read Full Post »

Jada, nok ein vest. Og denne gongen eit heilt nytt mønster. Dale garn har komme ut med nye hefter og i baby 298 fann ein skjønn rosa vest på ei jente. Sidan eg ikkje har noko lita jente å strikke til for tida, måtte eg lage ein guteversjon som eg kunne sende til Snella sin Skjønnas. Eg hadde igjen beige og gul alpakka frå Leftie som eg strikka før jul, og fann to blåfargar som eg truleg har hatt ein anna plan for ein gong. Akkurat passe mykje mønster for meg som framleis har litt mønstervegring innimellom, og eit kjapt prosjekt gjort unna på ei nokre kveldar. Eg strikka den med maskeantall til str 1 år, og litt kortare lengde sånn at den skulle bli ca str 6-9mnd.

Trekantar i tre fargar

Trekantar i tre fargar

Knappane er dei siste frå ein tur innom Nøstebarn for mange år sidan. Ein god grunn til å stikke innom neste gong eg er i nærheten, for sånne små knappar som skiftar litt farge i ulikt lys passar til mange prosjekt. Perfekt å ha i lageret.

Knappar frå Nøstebarn

Knappar frå Nøstebarn

– Nøstet –

Read Full Post »

Eldar Elefant

Tidlegare i år blei Snella sin Skjønnas døypt. Litt på etterskudd fekk eg sendt avgårde dåpsgåva. Storebror Fikslein fekk ein sjiraff til sin dåp, og då tenkte eg det passa godt med ein elefant til veslebror.

Så her kan eg altså presentere Eldar Elefant.

Eldar Elefant

Eldar Elefant

Litt skakk i øyrene, men elles i god form.

Eldar Elefant

Eldar Elefant

Mønsteret finn du i Tildas Atelier. Elefant er det første gong eg har laga, men sjiraffar har det blitt fleire av. Treng du meir sjiraffinspirasjon har eg laga ein frøkensjiraff og Snella frøken Viktualia tidlegare.

– Nøstet –

Read Full Post »

Eller 35 dagar om du vil. Til jul altså. Og no skulle eg sjølvsagt presentert nokre fine julegåver som eg har klare. Men den gong ei. For dei få dagane eg har vore heime på dagtid dei siste vekene har både den eine og den andre stormen vore innom, og vestlandet har i tillegg blitt vaska skinnande reint. Ikkje mykje fotoveir altså. Men det går rykter om sol seinare i veka, så då blir det kanskje ei råd med det.

Men om eg ikkje har noko heilt nytt å vise fram, kan eg vise fram ei hue eg strikka her tidligare i haust. Nemleg Dobbeltribbtoddlerhua. Den fann eg på bloggen Ribbestrikk og mer. På den samme bloggen finn du oppskrift på Nonstoptop som sikkert mange kjenner til. Den har eg på strikkelista mi. Lurer på om nokon kan ha lyst på ein slik?

Dobbeltribbtoddlerhue

Dobbeltribbtoddlerhue

Men altså, mottaker til Dobbeltribbtoddlerhua var Fikslein. Den er strikka i Juvelrestar som låg i garnlageret. Veldig enkelt og greit mønster, og ei tett og god hue. Har du lyst til å gjere meir ut av den, fins det ein versjon med fletter.

Så, no var det rett tilbake til julegåvestrikk!

– Nøstet –

Read Full Post »

Julegåveplanane er mange, og nokre dagar endrar dei seg fleire gongar. Det er godt det framleis er litt tid igjen.

Bellatunikaen tippar eg at det er mange små skjønne jenter som finn under treet i år. Heftene frå Lene Holme Samsøe, Baby- og børnestrik på pinde 3 og 3 1/2 – 4 har mange variantar av Bella. Ein kan velge mellom teppe, tunika, jakke, kjole eller topp. I heftene er det òg mange andre fine julegåvetips.

Snella strikka Bellakjole frå heftet med tynnare pinnar, mens eg har strikka tunika frå heftet for tjukkare pinnar. Tunikaen er allereie tatt i bruk av Snuppa mi, så her i huset blir det ikkje julegåve.

Bellatunika

Bellatunika

Tunikaen har eg strikka i Sandnes Duett, det samme garnet som eg brukte til huene med vri eg strikka i forrige veke og til puta i vevstrikk som var ei av julegåvene ifjor. Garnet var ei gåve frå strikkeveninna som var innom lagerutsalget til Sandnesgarn ifjor. Eg har framleis nokre få nøster igjen, og sidan lilla er ein av favorittfargane både til mor og dotter skal det nok bli ei råd å få brukt dei opp.

– Nøstet –

Read Full Post »

Older Posts »