Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘baby’

Ein varm og deilig dress er det klart ein liten kar må ha når haustkulden set inn. På strikkebutikken kunne dama anbefale garnet Fin til prosjektet. Eit aldeles nydelig, mjukt garn som eg ikkje hadde prøvd før. Snorkedress frå Pickles har vottar og sokkar på dressen og det syns eg var ein kjekk detalj. Sånne små blir fort kalde på hendene og føtene, og desse som berre blir bretta over vil ikkje dette av som lause vottar vil.

Snorkedress strikka i Fin

Snorkedress strikka i Fin

Store, grove knappar gjorde at dressen ikkje blei alt for søt til ein liten tøffing! Dressen blei sendt til Snelleguten ilag med ribbebuksa til Fikslein.

– Nøstet –

Reklame

Read Full Post »

Ei enkel og fin gåve til nyfødte babyar er vestar. Når dei skal ligge på golvet og leike er det godt med noko som varmar ekstra rundt brystet, men som ikkje er i vegen for ivrige armar. Tidligare har eg strikka både Viggo frå garnstudio og Viggo frå Lene Holme Samsøe, vest frå Nøstebarn, enda ein vest frå garnstudio, haustvest frå Pickles og Snella har strikka uglevest.

Sidan både eg og Strikkeveninna hadde babygåver på lista over prosjekt fann vi ut at vi skulle strikke samme vest, men med ulike fargar.

Vi fann ein passe vest i Sandnesgarn sitt hefte 0612 Lanett baby, og sidan slike vestar ikkje treng så store mengder garn var det ikkje problem å finne noko i garnlageret.

Babyvestar i Lanett

Babyvestar i Lanett

Ein heilt enkel vest med striper som pynter opp. Eg har strikka den med i beige, kvit og kornblå , mens Strikkeveninna gjekk for lilla, brun og kvit.

– Nøstet –

Read Full Post »

Plutseleg ein kveld fekk eg melding frå Snella om at Fikslein hadde fått ein veslebror mykje tidligare enn venta. Sidan denne vesle karen ikkje hadde så mykje kle i rett størrelse bestemte eg meg for å strikke eit plagg. Fuglemammas omslagsbody frå boka Myk Start stod på lista over plagg eg ein gong må strikke, så den var lett å velge. Eg har aldri sett ein prematur baby, og mine eigne har vore over snittvekt når dei blei fødde, så størrelsen var litt vanskelig å tenke seg. Det eg hadde å gå etter var at veslebror var omtrent samme lengde som ei Baby-Born dukke. Det har Snuppa eit eksemplar av, så då var det berre å sette igang og måle etterkvart. Eg hadde to nøster Regia Silk liggande og sidan det var litt tynnere enn anbefalt garn og eg i tillegg strikker ganske fast, la eg for letthets skuld opp samme maskeantall som i oppskrifta. Det viste seg å passe godt. Lengda blei målt etterkvart på dukka, og nokre kveldar seinare var bodyen ferdig.

Fuglemammas omslagsbody

Fuglemammas omslagsbody

Fuglemammas omslagsbody

Fuglemammas omslagsbody med omtrent rett farge

Den viste seg å passe perfekt for veslebror dei første vekene. Og eg skal strikke fleire slike bodyar om det kjem fleire nye babyar i omgangskretsen!

– Nøstet –

Read Full Post »

Om eg er aldri så glad i det fine mammatøyet mitt, håpar eg likevel snart vanlege klede passar igjen. Men ny baby er ein glimrande unnskuldning for å handle, og omslagsjakker er supert for ammande mødre som ikkje trivst i ammetoppar.

I Binz i sommar kjøpte eg ei tynn og pen grå jakke, og irritasjonen var stor då eg oppdaga eit hòl i stoffet. Å reise tilbake og byte jakka var uaktuelt, så det var berre å reparere. Usynleg kunne det ikkje bli, så på med perler og pynt. Aldri så galt, jakka er søtare no. Kanskje eg skal begynne å beperle alle kleda mine.

.

Omslagsjakke reparert med perler

Snella

Read Full Post »

Ei veldig etterlengta lita gulljente har endeleg komme til verda. Det var aldri nokon tvil om at ho måtte få det mjukaste, skjønnaste og beste babyteppet eg nokon sinne har laga.

.

Hekla helseteppe.

Sjølv om Drops BabyAlpaca Silk er litt vanskeleg å jobbe med, er det så mjukt og godt at eg valte å heller banne litt over heklenåla. Både garn og farge er det same som i havskumteppet kusina fekk. Det hekla helseteppet eg laga til Fikslein i fjor, har vore heilt supert, og skulle eg begynt igjen, hadde eg nok gjort det på same måte denne gongen. Men så er det jo gøy å prøve nye mønster. Eg brukte lang tid på å finne det rette, men landa til slutt på Mossy Blanket, som ligg med gratismønster på Ravelry. Effekten vart dessverre ikkje den same med mitt garn.

Eg ville ha eit større teppe enn vanleg og brukte dessutan ei tynnare heklenål (2,5) for å få teppet pent og tett nok. Dermed måtte eg legge opp 160 masker. Dei endelege måla er 69×91 cm. Mønsteret er enkelt: Ein stav og ein dobbelstav i annankvar luftmaske, og det same i dobbeltstaven på tilbakevegen. Det har gått med seks nøste garn og frykteleg mykje tid, men det har det jammen vore verd. Teppet fell kjempefint og ligg så godt og lunt og trygt rundt babyen.

.

Hekla helseteppe i bruk

.

Heklakanten rundt teppet er etter mønsteret, men på siste omgang har eg brukt restane etter Bellakjolen til kusina. Etter kanten var det akkurat nok garn att til eit hekla hjarte til pynt nede i venstre hjørne.

.

Detalj frå babyteppe - hekla kant og hjerte

Hjartet er hekla etter enklaste mønster:

Legg opp tre luftmasker. Hekle ei fm i den første luftmaska. Snu alltid med to lm, Auk med å hekle to fm i same m etter dei to lm i starten av kvar omgang og dessutan i slutten av omg. til hjartet er så stort som du vil ha det. På toppen av hjartet heklar du fm over halvparten av maskene på eine sida og heklar to fm saman i starten og slutten av kvar omgang til du har to m att. Gjenta på hi sida.

Snella

Read Full Post »

Etter ein del dramatikk har Fikslein fått ein bitteliten bror fleire veker for tidleg. Alt er vel med oss alle, og vi jublar hurra for norsk helsevesen!

Då vi fekk helse på den nye skatten vår, hadde han fått på seg ei skjønn, gul, kyseaktig hue og tilhøyrande sokkar for å halde varmen. Det var så koseleg og varma det skjøre nybakte morshjartet mitt. Tusen takk til alle dykk som strikkar til prematuravdelingane!

20130809-161753.jpg

Gullet mitt har òg fått eit lite teppe, som var merka med «Amandaprosjektet». Les meir om prosjektet på http://www.amandaprosjektet.org.

Snella

Read Full Post »

Endeleg har eg fått satt meg ned på syrommet litt igjen. I den hektiske kvardagen er det enklare å sette seg ned med strikketøyet foran fjernsynet når ungane er i seng, enn å ta turen på syrommet for å rigge seg til. Men her om dagen tok eg tak i meg sjølv og satte igang. Og det er jo så kjekt berre eg kjem igang!

Denne gangen har eg sydd ei dåpsgåve. Eg har hatt mønster på babydress i str 74 frå Stoff og Stil liggande lenge, og no var det endeleg ein liten pjokk som passa den størrelsen midt på sommaren.

Sommardress med sjiraffar

Sommardress med sjiraffar

Stoffet som er brukt er det samme sjiraffstoffet som eg brukte til body ifjor, og enda har eg litt igjen til seinare prosjekt. Denne gongen kanta eg med grøn ribb og eg har kjøpt knappepresse frå Lykkedragen og flotte trykknappar i plast.

Kjekt med ny knappepresse

Kjekt med ny knappepresse

No er det ferietid og hyttetur som står på programmet, men når den er over har eg lova meg sjølv å bruke meir tid på syrommet!

– Nøstet –

Read Full Post »

Kanskje det er sånn dagen blir når Fikslein skal begynne i barnehage. Det var iallefall det første Snella tenkte når eg sendte ho bilete av sokkane eg har strikka til barnehagegarderoben.

Tynne deilige ullsokkar i Fabel og Opal

Tynne deilige ullsokkar i Fabel og Opal

Sokkane er strikka av restane eg hadde igjen etter Blueberry Waffle Socks, og no er det berre nokre få meter igjen av kvar farge. Eg valde å bruke Fabel øverst i vrangborda fordi eg synes den held forma betre over tid. Tynne ullsokkar er heilt ypperleg for små føter i støvlar eller vintersko, då blir det ikkje så klumpete sånn som det kan bli med tjukt raggegarn. Og desse burde det vere lett å finne att i ei lita barnehagegarderobe, både for små og store. Sokkane er som vanleg strikka etter Garnstudio si Fabelsokkoppskrift.

– Nøstet –

Read Full Post »

Om kort tid er det dåp for den vesle kusina, og ho må få ei flott gåve. Ei lita sølje er obligatorisk, og kva er vel betre enn å gje ho vekk på ein søt kjole?

*

Berestykket på Bella-tunika

*

Bellamønsteret frå boka «Babystrik på pinde 3» av Lene Holme Samsøe er populært her i bloggosfæren for tida, så eg tenkte eg ville prøve ein tunika til jente.Kusina fekk jo havskumteppe då ho var fødd, og eg fekk lyst å følge opp med kjole/tunika i same garn i ein litt lysare farge: Drops BabyAlpaca Silk i 3250 lys gammalrosa.

*

Bellatunika

Bellatunika

*

Dette var ikkje det enklaste prosjektet. Berestykket skal strikkast fram og tilbake, og det var ikkje lett å få det pent og jamt med dette glatte garnet. Takk og lov for dampstrykejern! Det planlagde babyteppet i same mønster og garn (i fargen 4088 lyng) utgår definitivt. Vi får sjå om eg kan finne ei betre teppeoppskrift. Følg med, følg med. (Oppdatering i august: Her kan du sjå korleis teppet vart!)

Nedst er det fire riller. For å gje kjolen eit hint av glamour strikka eg nest siste rille med Anny Blatt Tresor 1141 Pale blush innkjøpt på siste Berlintur. Garnet er så lekkert! Paljettane gjer det perfekt til små detaljar. Det bør nok vere minst to omgangar med garnet for at det skal bli ordentleg glitreeffekt.

*

Detalj: ei rille i Anny Blatt Tresor

Detalj: ei rille i Anny Blatt Tresor

*

Om dette vart ein bellakjole eller ein bellatunika, er eg usikker på. Etter mønsteret er dei like lange. Eg ville ikkje ha knappar, så eg følgte tunikamønsteret. Men under monteringa skjønte eg ikkje korleis det kunne bli fint, så eg strikka på knappestolpar (på baksida) etter kjolemønsteret, men laga berre to knapphol:

knappestolpe på Bella-tunika

*

Kjolen er strikka i str. 18–24 mnd, så han er nok passeleg når desemberfestivitasen tek til. Kanskje også dei skjønne harpustøflane passar enno då. Det er iallfall perfekt match!

-Snella-

Read Full Post »

Om vi er aldri så begeistra for Marius, er det ein annan klassikar som ligg oss kystvestlendingar nærare om hjartet: Fanamønsteret.

Som lita hadde eg ei flott strikketante som ga meg Fanajakke, leggvarmarar og hue med enorm dusk. Settet var i raudt og kvitt, og eg var så uendeleg fin. Nøstet følgde det meste av strikkertrendar i barndommen, men akkurat Fanasett fekk ho dessverre aldri.

Med slik bakgrunn er det klart at sønene våre måtte få Fanasett. Fikslein sitt består av jakke med nostalginorske tinnknappar, knestrømpar og hue i motsette fargar som jakka. Settet er i kvitt og lys grått. Det gir ikkje så sterk kontrast, og eg synest det er veldig delikat til ein baby.

*

Fanasett og uvillig modell muta med pappas iPad

Fanajakke, strømpar og hue  – og motvillig modell muta med pappas iPad

*

Nøsteguten fekk Fanagensar i beige og brunt, strikka av mormora.

*

Fanagenser

Fanagenser

*

Gensaren blei først brukt to sesongar av Nøsteguten, og no har Klumpen brukt den heile denne vinteren. Den er prega av å ha blitt brukt, men ikkje verre enn at den nok blir tatt fram igjen til hausten sånn at Klumpen kan bruke den om den framleis er passeleg.

*

Fanahue

Fanahue

Hue blei det òg strikka. I motsetnad til Fikslein si hue har denne roseborda nedst og luseradene øvst.

Fargekombinasjonane i begge setta er diskré og minner om koftene slik vi kjenner dei frå gamle klassebilete frå 50-åra.

Snella og Nøstet –

Read Full Post »

« Newer Posts - Older Posts »