Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘broderi’

1.desember!

Kl 06.55 starta dagen i Nøsteheimen med høglydt jubel frå fem barn.

Vi har besøk av ei niese og ein nevø i helga, og det er klart at kalendergåvene må vere med på helgebesøket. Mine to eldste og niesa har «kjøpekalender», mens nevøen og Snuppa har kalendergåver heimanfrå. Nevøen fekk henge si på Snuppa sin kalender, og det var som sagt stor jubel når den første gåva skulle opnast.

Julekalender klar for fleire pakkar!

Julekalender klar for fleire pakkar!

Kalenderen er den samme som tidlegare, den broderte eg med hjelp frå mamma til Nøsteguten for mange år sidan.

Som du kan sjå mangler det litt gåver. Mange er kjøpt inn og nokon held eg på å lage. Berre å hive seg i innpakkinga. Og så håper vi at entusiasmen framleis er stor i morgon, sjølv om den godt kan starte litt seinare ut på morgonen.

– Nøstet –

Read Full Post »

Snella og Nøstets siste fellesprosjekt er dåpskjolen til Fikslein. Ønsket var ein tradisjonell kvit kjole med litt bunadspreg.

Brodert dåpskjole med bunadsbroderi

Kjolen er sydd etter grunnmønsteret 83001 Dåpskjole frå Stoff og stil. Den var relativt enkel å sy, og stoffet var greit å sy i og veldig lett å stryke. Sånn såg kjolen ut når den var sydd etter mønsteret.

Dåpskjole etter mønster

Dåpskjole etter mønster

Ein veldig fin dåpskjole, men det mangla det lille ekstra. Så ved å sette sammen delane på skjørtet til kjolen og kutte det i lengda, så laga vi eit mønster til kappa. Stoffet til kappa var tynt, gjennomsiktig og lett. Eit stoff som «levde» når ein tok i det. Ei skikkelig utfordring å jobbe med. Når det blei sydd i, drog symaskina med seg trådar i stoffet, omtrent som når ein tråd hektar seg i noko på ei nylonstrømpebukse. Men det fins alltid ei råd!

Til symaskina fins det mange ulike nåler. Dei fleste har vel høyrt om nåler til skinn og denim. Men det fins enda fleire. Blant anna ei som heiter kulespissnål. Eller jerseynål som nokon kallar den. Denne nåla er runda på ein anna måte og har eit anna spor framme på spissen som gjer at den ikkje drar med seg trådar i stoffet. Den er smart å bruke på blant anna «strikka stoff» som jersey, men fungerte òg utmerka på dette tynne stoffet.

Vel, som bileta under viser, så måtte det mange nåler til for å kontrollere stoffet. Den største utfordringa i forhold til mønster var å få ein fin boge under armen. Sidan det var så lite hald i stoffet, valte eg å legge inn eit skråband. Dette gjorde òg at det blei enklare å sy kappa fast til kjolen etterpå.

Dåpskjole

Dåpskjole

Til broderia har vi brukt mønster frå trysilbunaden og laga vår eigen kombinasjon. Takk til Husfliden i Trysil for at mønstra ligg ute! Blomsterrankane er brodert på same stoff som dåpskjolen og sydd på kappa. Vi valte å bruke brodergarn i to lillafargar, grønt, to gråfargar og svart. Mønsteret er teikna på med tusj som forsvinn i kaldt vatn.

Bunadsbroderi til dåpskjole

Som på ein bunad er ei sølje prikken over i-en på denne dåpskjolen.

Her kan du lese innlegg om dåpsfesten, den løkfrie festbuffeen, den alkoholfrie velkomstdrinken og ein annan alkoholfri velkomstdrink.

Snella og Nøstet

Read Full Post »

I Nøstehuset har vi to bursdager tidlig i desember. Før desse er vel overstått nøyer vi oss med å pynte forsiktig til advent.

Adventsstake

Adventsstake

Adventsstaken får sjølvsagt komme fram. Denne frå Black Design har eg hatt i mange år. Ein kan velge om ein bruker kubbelys i den, eller om ein set på holdarar til tynne høge lys. Men aktive unger i huset vel eg å bruke kubbelys enn så lenge. Tala på lysa kom med eit interiørblad eg kjøpte. Sjølv om eg er veldig glad i lilla, er faktisk adventslysa det einaste lilla innslaget i stova. Her pynter vi med elles med raudt og kvitt.

Sviblar

Sviblar

Sviblar høyrer jula til, og i år har eg satt dei i ei skål eg hadde frå før og putta litt mose rundt. Enkelt og stemningsfullt.

Adventskalender

Adventskalender

Adventskalenderen som snuppa får presangane på broderte eg til Nøsteguten når han blei to år. Det vil seie, den blei vel påbegynt minst eit år tidlegare. Denne var det jammen mykje arbeid med! Måtte få hjelp av Nøstemammaen til å få den heilt ferdig. Men den blei ferdig til slutt og flott blei den iallefall.

 

Kalenderdetalj

Kalenderdetalj

Nøstet –

Read Full Post »

Hjerte må vel vere eit av dei finaste symbola vi har. Det er iallefall ein stor favoritt hos meg. Rundt om i huset har eg hjerte i ulike variasjonar.

Skåla frå Magnor fekk eg som avskjedsgåve når eg slutta på min forrige arbeidsplass. Den minner meg om ein flott arbeidsplass og enda finare kollegaer. Engelen med hjerte er eg så heldig at eg har to av. Desse har eg fått av den minste broren min og dei står rundt bilda av mine kjæraste. Dei er kjøpt på Kattepina Glassdesign. Rekka av grøne hjerte sydde eg for nokre år sidan. Malen til hjerta fann eg i ei Tilda-bok. Hjerta er fylt med vatt og tredd på fiskesnøre med perler mellom. Dei heng ved inngangsdøra og ønsker velkommen. Telysestaken som heng i vindauge starta som julepynt, men så blei eg så glad i den i fjor at den aldri blei tatt ned. Til slutt eit brodert hjerte som eg har satt på bildelista. Mønsteret til hjertet fann eg utgangspunkt til i ei strikkeoppskrift. Så var det berre å forstørre det til den størrelsen som eg hadde tenkt meg. Brodert på to kvelder og vips eit flott hjerte i glass og ramme.

– Nøstet –

Read Full Post »

Bamseteppe

Bamseteppe i korssting

Som unge studiner var Snella og Nøstet kanskje litt atypiske. Ofte sat vi heime i sofaen og hadde handarbeidskveld. Ein periode var vi hekta på korssting, og skjønne bamsar i ulike situasjonar kasta vi oss begge over. Vi hadde verken mål eller meining med dei små broderia, og lenge låg dei i kista til løynd glede. Men så: teppe! Kjempeidé. Eit par timar ved symaskina, og vips så hadde vi søte teppe til barnerom.

Halvparten av motiva

Detalj frå teppet

Favorittmotivet

– Snella og Nøstet – 

Read Full Post »