Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘bryllaup’

I dag kom våren på ordentleg her hos oss! Og med våren kom inspirasjonen til å hekle nokre nydelege små hjarte til eit festbord som skal dekkast til jonsok.

syrininspirert garn

Hekla hjarte i rosatonar

Heklefakta| Mønster: Amal Shebl (lenke til gratis diagram) Garn: DMC 5 cotton pearl 818 og 223 og metallic pearl 5283 Heklenål: 2

Garnet er eigentleg broderigarn, men det var heilt perfekt. No skal eg hekle opp resten av hjarta medan eg gler meg til jonsokbryllaup.

-Snella-

Reklame

Read Full Post »

Når invitasjonen kjem frå lady Mary Crawley, er eg klar! High tea, hageselskap eller føremiddagsbryllaup, romantiske blondehanskar må ein ha.

Hekla blondehanskar

Eg har ønska med sånne lenge, og har leita etter mønster til den perfekte hansken og det rette garnet. Begge deler dukka opp på Handmade Berlin. Det skjønne garnet er Moon Night frå Lotus Yarns. Det er naturleg elastisk og ei blanding av lammeull og kasjmir, så hanskane er både varme og velsittande. Mønsteret fann eg i ei bok på butikken, og dei greie damene tok ein kopi til meg. Ein får òg kjøpt liknande mønster på Etsy. Hanskane er hekla med nål 1,5 og består av luftmaskebuer ned til handleddet. Der er det hekla inn ein tynn strikk før blondemansjetten. Ein hekla blomst og ei perle til pynt, og voilà!

Behanska og med perler, art deco-koppar og ein hatt med skrå brem er eg klar. No må vel invitasjonen komme snart?

High tea på Downton Abbey

-Snella-

Blondehansker

Read Full Post »

På ein av årets lysaste dagar stod det seg eit bryllaup heilt vest i havgapet. Litt har eg blogga før, bryllaupscapen og brudebuketten, og brudeskoa er omtalte her. Men no som det er jonsokkveld igjen, fekk eg lyst å vise nokre bilete frå festen, som eg håpar kan vere til inspirasjon. Her er altså soga om St. Hans-bryllaupet mitt!

*

jonsok brur glibbsølje

*

Eg har alltid visst at den gamle arvesølja mi måtte vere utgangspunkt for ramma rundt bryllaupet mitt. Sølja har gått frå mor til dotter eller sonedotter i generasjonar sidan tipptippoldemor. Kanskje bar ho sølja då ho sjølv stod brur i 1824.

*

Brud med glibbsølje / ansiktssølje

*

Det er ei vakker glibbsølje, som eg alltid har vore redd for å bruke fordi ho har vore så skjør. Men i bryllaupet mitt ville eg bere ho, og heldigvis kunne den dyktige sølvsmeden Bjørn Hørmann på Hadeland sette sølja i stand for meg. Han laga dessutan ny øyrepynt som passar til sølja. Øyredobbane har same krossane som sølja har, og kvite dropeperler med ein glitrande stein under. Dermed hadde eg både «noko gammalt og noko nytt». I tillegg laga han to vakre smykke som passar til. Dei fekk søstrene mine som eit minne frå bryllaupet og takk for all hjelpa dei ga meg.

*

Ny øyrepynt til gammal sølje

*

Med ei sølje som utgangspunkt var det naturleg for meg å ha eit slags bunadsbryllaup, og eg ba alle gjestene som kunne, ha på bunad. Det vart ekstra kjekt sidan det kom mange internasjonale gjester frå Australia, USA og Tyskland. Brudgommen leigde bunad, og eg fann den perfekte brudekjolen hos Agape, som tilfeldigvis hadde ein heil kolleksjon med bunadsinspirerte brudekjolar. Vi planla heile bryllaupet på tre månader, så det var ikkje snakk om å bestille ein ny kjole. Heldigvis fekk eg kjøpe den Solveig Kringlebotn brukte under nobelkonserten for Obama. Den var like fin, og ein dyktig skreddar tilpassa den til meg. Eg syntes det var nydeleg med ein mørkeblå brudekjole, og ein stor fordel er at den kan brukast etterpå. Eg fekk tatt av slepet, og har brukt han på ball seinare. To gode veninner eg stolar på, har også fått låne kjolen. Eg ville ha tre blomster i håret, for det hadde mamma då ho gifta seg, og valet fall på orkidear som i brudebuketten. Søstrene mine fekk ein orkidé kvar til håret, og brudgommen og forlovaren hans bar ein orkidé kvar.

Bryllaupet fann stad akkurat der formor og farfar møttest for snart 80 år sidan. Garden har husa mange bryllaup opp gjennom generasjonane, og no er den gamle løa gjort om til festlokale – med langbord og bar der stekka ein gong stod.

*Dekka bryllaupsbord

*

For å gjere lokalet bryllaupsfähig måtte det pyntast. Eg brukte alt eg kunne oppdrive av krystallskåler og vasar til dei sarte nyperosene (Rosa rugosa), som gjekk igjen i all pynten. Til dei djuprosa rosene brukte eg fargane kvitt, sølv og lin.

*

Dekka bryllaupsbord

*

Dekka bryllaupsbord

*

Sengeteppet Ofelia frå Ikea gjorde teneste som borddukar. Det kunne fort blitt ofseleg søtt, men til det grove lokalet med lågt under taket og tunge langbord i tre blei det ein fin balanse med kvite rysjer på bordet. Dukane har vi gjenbrukt fleire gongar i festleg lag, mellom anna i dåpen til Fikslein.

*

Nyperoser på bryllaupsbordet

*

Eg lånte glaslysestakar til dei fine eventyrlysa (utskorne kulelys med eventyrmotiv som syner seg når lyset er tent) frå Løiten lys, og kjøpte nokre fine, kvite telysestakar på Hadeland Glassverk då eg først var på Hadeland hos sølvsmeden.

*

Eventyrlys frå Løiten lys

*

Eg hadde lyst til å gje gjestene mine eit koseleg minne frå bryllaupet med seg heim, og spesielt damene og jentene som vel er mest opptatt av slikt. Derfor hekla eg ei kvit nyperose, som pynta opp kuverten til alle damene.

*

bryllaupskuvert med hekla rose

*

Rosene er hekla i Mor Aase-garn eg fann i garnlageret, og tova. Nokre roser var doble og nokre triple, og alle hadde forskjellig perlepynt i rosatonar og sølv i midten. På baksida sydde eg fast ei sikkerheitsnål. Det er alltid stas å sjå rosene i omløp på kåper og vesker. Vil du hekle liknande blomster, kan du t.d. bruke dette mønsteret.

*

bryllaupskuvert

*

På herrekuvertane låg det ein pen stein vi hadde plukka med oss frå strendene i brudgommens barndomsparadis ved Stavern. Bordkortet var ein merkelapp av den gammaldagse typen, påstempla eit nyperose (stempel frå Panduro), som eg farga rosa og grøn med fargeblyantar. Menyen er skriven ut på gjennomsiktig papir frå KaDeWe i Berlin, festa til eit kremfarga papir med ein rund binders og stukken ned i servietten. Linserviettane var bryllaupsgåve frå søstrene mine, som hadde vore på tur til Tallinn.

Og bryllaupet vart akkurat slik vi ønskte det ­­– både tradisjonelt og utradisjonelt på same tid. På menyen stod først eit glas Rotkäppchen. Første forrett var hjortebollar med eit bittelite glas lokalt øl, og andre forrett var tannfisk. Hovudretten var lam frå garden, og til dessert hadde vi karamellpudding – det beste eg veit. Ein ven hadde brygga øl for oss, og det var sjølvsagt ein stor suksess! Kakebordet var som alle vestlandske kakebord, med minst ei halv kake til kvar. Det må jo til når ein skal invitere gjestene til brunsj neste dag og dessutan ha minst éin skalkefest!

*

Annleis gjestebok. Ei gran tok imot helsingane

*

I staden for gjestebok hadde vi forstørra eit svartkvittbilete av oss frå sist gong vi vi var på fest i dei same lokala (ein solid skjeltefest) og fått sett på ein kremfarga passepartout der alle gjestene skreiv namnet sitt. Biletet heng no på veggen og minner oss om den fine dagen. I tillegg hadde vi tatt inn ei lita gran (juletre har ein spesiell plass i familiehumoren), og alle skreiv ei helsing til oss på baksida av bordkortet, som var utstyrt med ein sølvtråd til dette formålet, og hengte bordkortet på treet. Det var veldig koseleg å hauste treet dagen etter.

Då natta var på sitt mørkaste, tente vi jonsokbål, og alle gjestene fekk noko godt i glaset så vi kunne skåle og syngje «Auld Lang Syne», både Hartvig Kirans vakre gjendikting og Burns» originaltekst. Det vart ei stemningsfull avslutning for dei som ville legge seg. Men dei fleste ville ikkje det, og vi dansa oss inn i soloppgangen.

*

Ektepar

Snella

Read Full Post »

Når ein gifter seg ytst i havgapet, er det godt med ein lun cape over skuldrane i solgangsbrisen.

Eg tok utgangspunkt i denne capen/ponchoen frå Garnstudio, som eg synest sit så fint over skuldrane. Eg likte dessutan den høge halsen og at capen er strikka på tvers. (Blomsten som er festa til capen, kan du lese om i bryllaupsinnlegget.)

I staden for Fabel og Vivaldi brukte eg Alpakka og KidSilk i kremkvitt. Eg strikka str. S og la opp 70 masker slik at capen stoppar der armopningane tar til i originaloppskrifta.

Det er ei kjent sak at eg elskar sjiraffar, så den nest øvste knappen er sjølvsagt ein sjiraffknapp frå Snella og Petronella.

Brudebuketten med orkidear og callaliljer er omtalt her,og sjølve bryllaupsfesten her.

No nyt capen pensjonisttilveret på kontoret mitt, der den varmar skuldrane og nakken min på kalde dagar og minner meg om ein av dei finaste dagane i livet.

Snella

Read Full Post »

Korleis muntre seg sjølv opp på ein grå februardag? Jo, ved å ta på seg ein hatt når ein skal ut, og sjå Poirot og drikke te om kvelden!

"Whitehaven mansions" - her bur PoirotAgatha Christie og Poirot ­– og først og fremst filmatiseringane med David Suchet som Poirot ­– har halde meg med selskap mang ein vinterkveld. Historiene er underhaldande, men det er først og fremst kulissene, språket, interiøret, antrekka og stemninga som gjer at eg ser filmane om og om igjen.

Den stramme og symmetriske, herlege art deco-stilen er ein draum.

Art deco-stilen har gitt meg mykje inspirasjon til eigendesigna strikkeplagg og interiør. I Poirot er Miss Lemon og dei andre velkledde damene verkelege stilikon.

I episoden «Lord Edgware dies» («13 til bords») såg eg ein rålekker hatt med skrå brem:

Hat with a slanted brim / ein hatt med skrå brem - frå "Lord Edgeware dies"

Ein slik hatt, i filmen omtalt som «very modern, with a slanting brim», måtte eg berre ha. Og lukka stod i taket då eg omsider fann ein. Med denne og ei elegant kåpe kjenner eg meg full av inspirasjon og sjølvtillit sjølv på grå vinterdagar:

Snellas hatt i grå filt med skrå brem

Hattane er ikkje dei einaste hovudplagga frå art deco-tida som er verd å nyte. Då eg skulle gifte meg, leita eg etter passande art deco-inspirasjon og vurderte brudeslør i art deco-stil.

Brudeslør i art deco-stil. Biletet er lånt frå http://weddingbellsblog.com.

Dette skjønne sløret minner om det farmor bar då ho stod brur i 1932. Eg skulle så gjerne kopiert stilen i mitt eige bryllaup, men det ville dessverre sett malplassert ut til resten av temaet.

Men eit lite art deco-element klarte eg å snike inn, elegante liljer i brudebuketten:

Snellas brudebukett med liljer og orkidear

Liljene går att i art deco-kunst, mellom anna i bileta til kunstnaren Tamara de Lempika, som er kjent for sine sterke portrett. Du kan skimte bileta hennar i bakgrunnen i fleire Poirot-episodar, mellom anna i «One, two buckle my shoe» («Siste time hos tannlegen»). Ein plakat med dette biletet, «Portrait de madame Ira Perrot», prydar eine veggen i snellebiblioteket.

Portrett av madame Ira Perrot. Tamara de Lempika

Litt meir art deco-inspirasjon *sikle*:

Art deco-inspirasjon

Berlin-tips: Under jernbanelinja i Georgenstrasse i Mitte kan du finne mange skjulte skattar i form av lekre vintage Art deco-smykke (og andre ting).

Snella

Read Full Post »