Dåp i den flotte slottskyrkja på Akershus festning og feiring i hagen ein vakker augustsøndag, det måtte jo berre bli flott. Sola skein frå skyfri himmel, og strålane dansa på fjorden då dåpsfølget glei til kai på Aker brygge. Reine turistattraksjonen var vi i våre fargerike bunader, og det klikka i smarttelefonar langs heile ruta. Den broderte, bunadsinspirerte dåpskjolen fekk også mykje merksemd etter gudstenesta.
Heime venta eit festpynta telt.
For å gjere teltet koselegare, kappa eg ned og kvista ei høg bjørk, som fekk henge frå midtstanga i taket. Bjørka vart pynta med vimplar, mellom anna dei fine, hekla vimpelrekkene, papirgirlanderkuler (eller kva det heiter), og diverse andre dekorasjonar.
På borda sette eg haustlege bukettar av solsikker, kvite roser, klatrehortensia og rognebær. I tillegg lyste batteridrivne lyslenker med sommarfuglar mot gjestene.
Det blir sjølvsagt ikkje fest hos oss utan våre trufaste «blondedukar» og linserviettar. Denne gongen fekk dei følge av søte serviettar med meiser og revar.
Har du lyst på meir inspirasjon, kan du sjå dukane og linserviettane i aksjon i innlegga «Dåpen til ein liten gut«, «Vinterdåp for gullguten og «Eit jonsokbryllaup i havgapet«.
I augustdåpen serverte vi betasuppe og flatbrød. Sidan familien har løkallergi, sette vi fram skåler med valfritt garnityr: grasløk, vårløk, løpstikke og persille.
I tidlegare dåpar har vi servert rømmegraut og løkfri festbuffé.
Alkoholfri velkomstdrink må til i dåp. Dette er ein sommarleg kvit sangria.
Endå enklare er det å lage prinsessebrus eller alkoholfri mimosa. Er det vinter og kaldt, er det topp med kvit gløgg.
Invitasjonane fann eg inspirasjon til på Pinterest. Blå hjarte er klippa ut av kunstverk storebrødrene til dåpsbarnet måla i barnehagen, og limt på eit kort med tjukt, dobbelsidig limband. Ein stump restegarn er vikla rundt til slutt.
Ein gild dag for oss alle, og no er dåpsfeiringskarriera mi ugjenkalleleg forbi.
–Snella–