Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘drikke’

Til 17. mai, til sommarfesten eller, som i vårt tilfelle, til dåp er det fint å kunne tilby ein alkoholfri velkomstdrink. Til sommardåpen eksperimenterte eg meg fram til ein nydeleg alkohofri sangria.

Alkoholfri sangria til velkomstdrink

Oppskrift:
1 l druejus
1 l mangojus eller pasjonsfruktjus (eller kanskje tropisk nektar)
safta av ei grapefrukt (eller ferdig grapefruktjus)
safta av to sitronar
safta av to limar
mynteblad
ei pære (skrella og skoren i bitar)
druer (delt i to)
5 dl ingerfærøl
5 dl vatn med kolsyre

Bland jusar og safter og sett kaldt. Når du er klar til å servere, har du i ingeræfrølet og vatnet.

Skulle du ville ha i alkohol, kan du byte ut litt av jusane og vatnet med kvitvin. Ekstra godt blir det om pærebitane og druene får trekke i fruktlikør i nokre timar. 

Isbitane med sitronskiver:
Fyll dei tolv gropene i eit muffinsformbrett halvvegs med kokt, koldna vatn og sett i frysen. Når vatnet er kokt, blir isen klar. (Jepp, det stemmer at eg gløymde det denne gongen.)

Legg i sitronskiver og fyll opp med meir kokt vatn. Sett i frysen att, og snart har du store, kule sitronskiveisbitar. 

Har du sitronskiver til overs, så frys dei òg.

Alkoholfri sangria

Andre alkoholfrie velkomstdrinkar:

Mimosa
Prinsessebrus
Kvit gløgg

Snella

 

 

 

 

 

 

 

Reklame

Read Full Post »

I haust blei strikkeveninna 40 år. I den anledning fann eg ut at eg skulle sy ho ei flott veske. Eg og Snella spleisa på gåva som var veska fylt med masse saker for egenpleie og velbehag.

Litt å kose seg med

Litt å kose seg med

Snella strikka sitteunderlag, og elles i veska var det blant anna ein flott krus, deilig te, duftlys, sjokolade, Rotkäppchen og ei sammenleggbar reisestrikkekorg.

Mønsteret på veska kjøpte eg av Noodlehead, og den heiter Super Tote. Det var viktig at veska var stor nok til å romme A4 sånn at den kan brukast til det meste. Eg har ikkje så mykje erfaring med å sy vesker, dei få eg har sydd har vore svært enkle og eg har gjerne gått på kurs då eg sydde dei. På eit par punkt i mønsteret var eg litt usikker på kva eg skulle gjere, men eg trur eg fann ut av det. Eg blei iallefall fornøgd med veska til slutt.

2013-11-09

Om eg ein gong skulle få litt ekstra god tid har eg lyst til å sy fleire, for denne veska blei kjempefin. Ganske mykje arbeid og litt frustrasjon innimellom, men vel verdt det når den var ferdig.

Super Tote

Super Tote

Eg har sydd veska i svart kordfløyel kjøpt på Stoff og Stil. Panelet på framsida er eit stoff kjøpt på Åhlens for nokre år sidan og stoffet til fôr er så gammalt at eg ikkje husker kor eg kjøpte det. Det er eit heilt vanleg tynt bomullsstoff som ein får på dei fleste butikkar som har stoff i metervare. For å få veska litt stabil har alle delane påstrøke vliselin på baksida.

 

Nøstet –

Read Full Post »

Endeleg var den nye leiligheta til barndomsveninna ferdig, og det var klart for innflytningsfest. Sidan ho har planlagt innreiing i lang tid, fann eg ut at innflytningsgåva fekk vere noko som ikkje skulle plasserast i interiøret.

Klar for tur!

Klar for tur!

Eg kjøpte ei samanleggbar piknikkorg på Jernia og fylte den med diverse som er kjekt å ha. Eit par kokebøker, flotte serviettar som eg kjøpte på jenteturen til Berlin, miniflasker med noko godt og ein marmelade også innkjøpt på samme turen. Gode ostar innkjøpt på den lokale delikatessebutikken og ein pakke kjeks og melon som passa til. På toppen ein pakke med Yogurette som er favorittsjokoladen og ei flaske Prosecco for å feire.

Nøstet

Read Full Post »

17. mai. Ein liten tass med ein gong ei så fin og kvit skjorte, skeiv halsknapp og is over heile fjeset. Gode vener til frukost. Ein flott dag!

alkoholfri velkomstdrink

Mimosa – alkoholfri velkomstdrink

*

Vi serverer alltid mimosa på 17. mai-frukostane våre, og i år vart velkomstdrinken alkoholfri. Fyll ganske enkelt ein karaffel 40 % med appelsinjus og 60 % med sekt/sjampanje/cava/crémant / musserande vin av det slaget du måtte ønske, med eller utan alkohol. Det fungerer alltid. Eit anna alternativ til alkoholfri velkomstdrink er den vi serverte i dåpen i fjor.

Her er eit par glimt til frå vår nasjonaldagsfeiring 2013. Eg håpar alle har hatt ein fin, isfull og pølsesam dag!

*

Dekka 17.-maifrukostbord

Pute med norsk flagg

Snella

Read Full Post »

Herlege september og omsider federweißertid i Tyskland. Når den nye vinen kjem, er det gnistrande haust – den beste tida på året!

Det er ingen tvil om at vinen er eit kjært barn, for den har minst ti ulike namn. Federweißer (direkte omsett: fjørkvit) er kanskje det som er mest brukt, og det namnet viser til den litt grumsete fargen vinen får fordi gjæringsprosessen er stoppa og vinen ikkje er filtrert.

Gjæringa held fram etter at vinen er tappa på flasker, og derfor er korken ikkje tett. Det er greitt å hugse på, for det kan fort blir veldig pinleg om ein til dømes har kjøpt ei flaske i Cochem i Moseldalen og legg flaska i hattehylla på toget til Trier – reint hypotetisk, altså *host*.

Til den friske og priklande federweißeren smakar det himmelsk med eit stort stykke zwiebelkuchen, som er ein slags pai med gjærdeig og løk- og baconfyll.

Eg brukar oppskrifta frå Brigitte og har tilpassa den litt slik:

Deig:
500 g mjøl
3 dl mjølk
½ pakke tørrgjær
60 g smør
litt salt

Lag deig og la heve.

Fyll:
1,2 kg raudløk
200 g bacon eller flesk
1 beger sæterrømme eller crème fraîche
4 egg
salt
muskat
karve (om du likar det …)
nykverna pepar

Skjer løk i ringar eller bitar og baconet i terningar. Fres baconet, ha i løk og steik til løken blir blank. La koldne litt.

Rør saman egg, rømme og krydder og ha i bacon- og løkblandinga. Klapp ut deiga i ei stor paiform (eller på bakepapir) og spre fyllet i paiskalet. Steik i 25 minutt på 200 grader.

Beina på balkongkanten, låg haustsol og komplett lukke på ein av desse dagane som kom og gjekk, og som er sjølve livet.

Snella

Read Full Post »

Treng du ei enkel og god oppskrift på alkoholfri velkomsttdrink i dåp eller andre lag?

Vi blanda Funlight jordbær- og rabarbrasaft med Farris og hadde oppi frosne bær istadenfor isbitar.

Etter ei stund tar bæra til å tine, og det dannar seg «silkeband» i drinken.

Ei av dei yndige gjesteprinsessene i dåpen døypte drinken prompte for «prinsessebrus» og gulpa likegodt ned fire glas på styrten.

Konklusjon: Fem av fem prinsesser tilrår «prinsessebrus». Friskt, raskt, lettvint, stilig og godt.

Eit anna alternativ er alkoholfri mimosa.

Snella

Read Full Post »

Endeleg framme i Berlin med beina på balkongkanten og Rotkäppchen – boblene frå flaska med den raude hetta – i glaset. Ein herleg tradisjon!

Musserande vin laga i Tyskland, heiter «sekt». Av tyske vener har vi lært at første kvelden ein har gjester, serverer ein eit glas sekt til velkomst – «zum Grüssen». Og det MÅ vere sekt av typen Rotkäppchen.

Rotkäppchen har lange tradisjonar og er både eit kultfenomen og ein daglegsekt. I DDR-tida var Rotkäppchen marknadsleiar og den einaste sektprodusenten i landet. Det er også eit av få austtyske selskap som gjorde det bra etter gjenforeininga. Rotkäppchen klarte å etablere seg på den fellestyske marknaden og har kjøpt opp ei rekke andre sektprodusentar slik at det i dag er blitt den største produsenten i Tyskland og den nest største i verda (etter Frexinet). Det kjem stadig nye variantar og smakar. Også dei alkoholfrie variantane er gode!

Heilt i starten, frå etableringa i 1856, heitte sekten «Monopol», men dette namnet mista dei retten til å bruke. Den raude foliekapselen dei alltid hadde brukt, ga namn til det nye merket, Rotkäppchen (Raudhette), i 1895.

Tips: Er du på biltur i området, er det veldig hyggeleg å besøke produsenten i Freyburg og få ei omvisning og smaksprøvar. Produksjonslokala er staselege, og suvenirbutikken søt. Eg har sjølvsagt glas både heime og i Berlin, nøkkelringar eg brukar som smågåver til nyfrelste rotkäppchenvener, og gamle reklameplakatar i nyopptrykk.

Denne elegante dama med raud hatt smiler til oss frå veggen i Berlin:

Gamal reklameplakat for Rotkäppchen-sekt– Snella –

Read Full Post »

"Eldtongpunsj" Foto: Bertold Fabricius/Pressebild.deFeuerzangenbowle (eldtongpunsj) er  ein type punsj som passar å servere i advent og til nyttår. Punsjen har lange tradisjonar og ser spektakulær ut der sukkeret dramatisk brenn og smeltar under blå, dansande flammar. Drikken har lange tradisjonar, og filmen «Die Feuerzangenbowle» frå 1944 har kultstatus i Tyskland.

Namnet Feuerzangenbowle  kjem av at ein opphavleg brukte ei eldtang til det brennande sukkeret. No finst det eigne stativ og eigne sukkerkjegler til formålet.

Det finst mange ulike oppskrifter og lokale variantar. Eg har lært å bruke:

  • 2 liter raudvin
  • nellikspiker
  • kanelstang
  • stjerneanis
  • 2 appelsiner i skiver
  • 2 sitronar i skiver
  • 1 flaske brun rom med minst 54 % alkohol (helst 80, men 60 % alkohol er jo det sterkaste som er lov her til lands)
  • sukkerkjegle (Det får ein kjøpt i alle tyske matbutikkar før jul. Har du ikkje, kan du samle 250 g sukkerbitar i ein haug)

Varm opp vin, krydder og frukt til rett før kokepunktet. (Om du er av den velorganiserte typen, kan du la appelsin- og sitronskivene trekke i romen i eit par veker før den store feuerzangenbowledagen.) Plasser på eit varmeelement. Plasser sukkerkjegla på stativet sitt. Det ser sjølvsagt ikkje like fancy ut, men sidan eg ikkje har kjøpt slikt spesialutstyr, brukar eg ei vanleg rist over panna. Aus rikeleg med rom over sukkerkjegla. Så kjem høgdepunktet. Demp lyset og tenn på sukkeret. Blå flammar dansar og smelta, brent sukker dryp ned i vinen. Hald fram med å ause rom over sukkeret til alt er smelta ned i vinen. Ikkje tøm rom rett frå flaska etter at du har tent på, men bruk ei ause!

Server helst med behanska hand og i klassiske punsjglas.

Kultfilmen

Frå filmen "Die Feuerzangenbowle" (1944)Filmen Die Feuerzangenbowle frå 1944 er basert på ein roman av Heinrich Spoerl. Kort oppsummert: Eit gemytteleg og distingvert herrelag er samla rundt feuerzangenbowleskåla  og mimrar om dei gode, gamle skuledagane. Ein av herrane, den kjende forfattaren Johannes Pfeiffer (Heinz Rühmann), hadde huslærar og har ikkje opplevd slik moro. Varme i toppen er alle samde om at han må få tatt det igjen. Som tenkt, så gjort. Pfeiffer kler seg ut som ein unggut (godt gjort av ein mann på 42!) og har det riktig så moro på skulen, der han finn på dei sprøaste strekar og peik

Før jul vert filmen vist på studentkinoar over heile Tyskland, og mange ritual følgjer med. Som ung studine i Tyskland fekk eg offisiell invitasjon til ein klassisk kveld og beskjed om å ha med lommelykt og ei gammaldags skramlevekkarklokke. Kvar gong klokka i filmen ringer, skulle eg la klokka mi ringe med. Lommelykta skulle eg hente fram i scena der hovudpersonen brukar klokka si til å reflektere sollys.

Før filmen var det feuerzangenbowlelag med kleskode «kjole og kvitt» (til nød smoking eller mørk dress). Det betyr lange kjolar for damene og lange hanskar, så klart. Ustyrteleg artig var det.

Snella

Read Full Post »

Kvit gløgg

I mi verd fordrar lange desemberdagar varm gløgg. Ingenting er som å krype opp i sofaen under eit pledd med hendene rundt ein dampande kopp. Aller best likar eg kvit gløgg – med eller utan alkohol.

Kvit gløgg med vin

1 flaske kvitvin – gjerne billigaste sort

1 appelsin i skiver

litt sukker eller honning og krydder som sjerneanis, nellik, kanelstang, kardemommefrø og vanilje. Eg brukar å ta det eg har.

Eg har alt oppi ei panne (= «gryte» for ikkje-vestlendingar) og varmar opp på svak varme slik at kryddera skal få sett nok smak. Om eg tilfeldigvis skulle vere så velorganisert at eg veit på førehand at eg skal lage gløgg, kokar eg opp 1 dl vatn i vasskokaren og slår over krydderet kvelden før. Så har eg alt oppi panna.

Gløggen er veldig god med «schuss», som tyskarane seier: ein klunk rom (eller annan passande sprit).

Eit herleg alternativ til kvitvinsbasert gløgg, er denne eigenkomponerte drikken:

Snellas gløggalternativ  

(alkoholfri eller med alkohol)

1 l eplejus

litt sukker og krydder som sjerneanis, nellik, kanelstang, kardemommefrø og vanilje.

(calvados)

tørka tranebær og skiva mandlar

Varm opp jus, krydder og sukker sakte i ei panne (sjå over). Ha ei stor skei tranebær, skiva mandlar og gjerne ei dekorativ kanelstang i koppen. Calvadosschuss for dei som vil ha det.

Tips: Tranebær er litt syrlege og gir ein spennande og smakfull kontrast til den søte og krydra gløggen. Eg brukar tranebær i staden for rosiner både i kvitvinsbasert og eplejusbasert gløgg.

Ordet «gløgg» har vi forresten lånt frå svensk, og det heng saman med verbet «å gløde». Kanskje det er fordi den ofte inneheld brennevin?

Snella

Read Full Post »