Plutseleg var det 2014, men eg er framleis på strikkelista for 2013. Ambisjonane før jul var som vanleg alt for høge. Eg såg kjapt at eg ikkje rakk raggsokkar til den yngste broren min (som eg har lova at eg skal forsyne han med jevnleg). Så han fekk eit gåvekort på sokkar og fekk innløyst gåvekortet tidleg i romjula.

Raggsokkar
Som ein kan sjå feilberegna eg mengda garn, men sidan dette er arbeidssokkar spelar det lita rolle. Og det blir så mykje ryddigare i garnkassa når den eine fargen blir brukt heilt opp før ein startar på den neste.
I forrige veke leverte eg ut den siste julepresangen. Niesa var vekkreist i jula og skulle få presangen i romjula, men ikkje eingong den fristen greide eg å halde. Uansett var gleda stor då ho fekk pakke opp litt uti januar.

Babyborn dukkekle i Viking Bjørk
Oppskrifta fann eg i Allers Høststrikk 2013. Eg har strikka i Viking Bjørk som eg har masse av, det var visst eit lite sal på den lokale Husfliden ifjor. Eg blei ikkje så veldig imponert av garnet, så det kan vere at det blir mykje dukkekle i desse fargane framover.
I tillegg til dukkekle fekk niesa sengetøy til dukkevogna si. Eg sydde med det samme uglestoffet som Snuppa fekk til si dukkevogn ifjor.
No strikkar og syr eg vidare på 2013-lista. Snella får snart ei forsinka bursdagsgåve i posten, og saman med den kjem det nok samtidig ei forsinka dåpsgåve til den minste Snelleguten. Men SÅ er eg klar for 2014!
Godt nytt år alle saman!
– Nøstet –
Read Full Post »