Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘gåveidé’

Eldar Elefant

Tidlegare i år blei Snella sin Skjønnas døypt. Litt på etterskudd fekk eg sendt avgårde dåpsgåva. Storebror Fikslein fekk ein sjiraff til sin dåp, og då tenkte eg det passa godt med ein elefant til veslebror.

Så her kan eg altså presentere Eldar Elefant.

Eldar Elefant

Eldar Elefant

Litt skakk i øyrene, men elles i god form.

Eldar Elefant

Eldar Elefant

Mønsteret finn du i Tildas Atelier. Elefant er det første gong eg har laga, men sjiraffar har det blitt fleire av. Treng du meir sjiraffinspirasjon har eg laga ein frøkensjiraff og Snella frøken Viktualia tidlegare.

– Nøstet –

Reklame

Read Full Post »

Sjalet Leftie seglar opp som ein stor favoritt både hos Snella og Nøstet. Snella har strikka to, eit i natur med grønfargar og eit i grønt med kvitt, og eg har strikka eit med rosatonar til Snella. Då det ifjor kom ei ny dame inn i familien, var det ein fin anledning til å få strikke eit til. Denne gongen valde eg å strikke i haustfargar som ville passe denne flotte dama heilt perfekt. Leftie er perfekt som prosjekt for å få brukt opp restane sine, det ligg jo òg i namnet. Eg blei ikkje nøgd med dei fargane eg fann i alpakkalageret mitt, så det blei nytt garn på meg denne gangen. Drops Alpaca har masse flotte fargar og det var ikkje vanskeleg å finne dei eg ville ha.

Leftie i haustfargar

Leftie i haustfargar

Sjalet er kjapt og kjekt å strikke. Berre eit blad til, berre eit til, og sånn fortset ein. Innimellom blada er det greit med litt rillestrikk som passar godt om ein samtidig ser ein god film. Gleder meg allereie til neste gong eg skal strikke Leftie. Kanskje eg må ha eit sjølv …

– Nøstet –

Read Full Post »

Jammen er det ikkje allereie ein månad sidan julafta. Som eg har nevnt tidligare var det ikkje alle julegåvene som blei ferdig i tide, men nokon fekk heimestrikka gåver som dei kunne opne på sjølve julekvelden.

Hekleveninna fekk kjærasten frå det store utland på besøk i jula, så eg syns han måtte få ei heilnorsk gåve. Ei Mariushue er kjapp å strikke og passar dei fleste. Eg strikka den i svart og grå Smart og brukte oppskrifta frå Mariusboka. Hua blei baggy og det syns eg ikkje passa denne karen. Så eg tok opp igjen og begynte fellingane nokre cm før, sånn at det blei ei meir klassisk hue.

Mariushue

Mariushue

Eine fadderguten fekk gensaren Jonathan frå Garnstudio,  strikka i deilig Nepal. Eg likar ikkje Garnstudio sin metode på vrangbord som har større maskeantall enn resten av genseren, så eg gjorde det på min måte. Eg la opp det maskeantallet som stod ein skulle felle til etter vrangborda, og så strikka eg to rett, to vrang i passe lengde. Når eg skifta farge i vrangborda strikka eg den første omgangen med ny farge berre med rettmasker, då blir overgangen finare. Hempa fann eg i knappelageret. Det er kjekt alt som kan brukast.

Jonathan

Jonathan

Bileta blei tatt i hurten og styrten før presangane skulle pakkast inn, så kvaliteten blei ikkje sjekka før gåvene var levert. Fotokurs bør kanskje stå på gåveønska for 2014…

God strikkehelg frå

 Nøstet –

Read Full Post »

Det var no alle gåvene skulle vore innpakka og klare til utlevering. Det var no alle sju sortane skulle vore klar i kakeboksane. Og det var no huset skulle vore pynta sånn at julefreden kunne snike seg innover Nøsteheimen.

Sanninga er nok eit stykke unna. Rett nok har det dukka opp nokre nissar i krokane og kakemenn er baka, men så stoppar det fort. Då er det godt at det er ei heil veke igjen. Gåvene blir nok ferdig, og litt meir pynt skal dukke opp. Angåande julekaker kan det vere at det blir med kakemenn, husmorgenet svikter meg litt på det punktet.

Moon Socks

Moon Socks

Ein av gåvene som blei ferdig (seint igår kveld) er Moon Socks strikka i Nepal. Eit relativt kjapt prosjekt sidan det er strikka i dobbel Nepal, men motivasjonen var ikkje på topp når prosjektet var starta så det har tatt si tid. Sokkane syast saman midt under, og eg veit ikkje om eg fekk det heilt til. Eg trur eg får reklamere med at det er sofasokker, Nepal er vel likevel ikkje så slitesterkt. Dei blei uansett veldig tøffe, og varme er dei iallefall.

Så, no er det tilbake til julegavemekking og juleavslutningar på skule og barnehage. Du rekk nok nokre få julegåver til, ifjor la vi ut masse tips i dette innlegget.

 

– Nøstet –

Read Full Post »

Plutseleg to veker att til jul! På fredag fekk vi snø, og det blei skikkeleg julestemning. Ungane fryda seg ute i snøen med akebrett og ski. Kjekt å sjå at dei vel mor sine heimestrikka huer når det er kaldt og vått, så etter jul må eg strikke fleire. Spesielt eldstemann treng nokon litt stilige huer.

Vel, igår regna all julestemninga vekk så no må eg finne anna inspirasjon for å bli ferdig med gåvene. Ei gåve som allereie er ferdig er til barndomsveninna. Ho får perlestrikka hals og hue i grå alpakka frå Drops.

Perlestrikka hals og hue i dobbel alpakka

Perlestrikka hals og hue i dobbel alpakka. Riktig farge i bilete til venstre.

Perlestrikka hals med vri fann eg oppskrift på hos Marte Helgetun. Eg brukte dobbel alpakka på samme pinne som var anbefalt i oppskrifta. Eit veldig kjekt prosjekt å strikke, og halsen blei heilt perfekt størrelse på. For å lage eit sett leita eg etter ei hue som kunne passe. På garnstudio fann eg Mossing around. I oppskrifta står det Nepal og dobbel perlestrikk, men eg fortsatte med dobbel alpakka og enkel perlestrikk sånn at det var likt med halsen.

Hua blei òg veldig fin, men eg syns det var vanskeleg å ta eit godt bilete av den. Så får vi håpe at barndomsveninna liker det like godt som meg.

– Nøstet –

Read Full Post »

Plutseleg var det berre tre veker igjen til jul! Kor blei dei siste vekene av? Vel, noko av tida har eg jobba, litt har eg trent, og jammen har eg ikkje strikka litt òg.

Nøstet presenterer Julegåvestrikkestatistikk for dei tre siste vekene:

Strikkestatistikk

På x-aksen er det altså datoane og på y-aksen strikketimer. Måndagar kan ein sjå at er dårlege strikkedagar. Då går det i eit med jobb, middag, lekser, trener for barneidrett (frå 18.nov), køyring av Nøsteguten til handball, og så få alle i seng litt for seint. Elles må eg sei at eg har overraskande mykje strikketid. Eg har med meg strikketøyet overalt, og nytter alle ledige stunder. I tillegg var det mykje god strikketid på hyttetur i skikkeleg uveir den 23.

Det gjeld å utnytte tida, strikk mens Snuppa bader, når det er barneidrett (og du ikkje er trener), når det er handballkamp eller trening, når det er musikkbarnehage, på hytta, når mannen skal sjå Bonanza ein søndag morgon og når samme mann jobbar overtid og  ein kan sjå Jane Austen Bookclub.

Det gjeld å utnytte tida, strikk mens Snuppa bader, når mannen skal sjå Bonanza ein søndag morgon, på hytta i uveir, når det er barneidrett (og du ikkje er trener), når det er handballkamp eller trening, når det er musikkbarnehage, og når mannen jobbar overtid og ein kan sjå Jane Austen Bookclub heilt aleine heime.

Så korleis gjekk det eigentleg med alle julegåvene du skulle strikke, Nøstet? Jaudå, månge gåver er påbegynt. To er heilt ferdig, derav oldemorsstripeteppet. Ei gåve som består av to deler er halvferdig, ein genser er ferdig strikka og skal monterast, eit par Moon Socks er ferdig strikka og må òg monterast, eit rilleteppe er 60% ferdig, eit sokkepar er 60% ferdig og eit Babybornsett er påbegynt. I tillegg skal det strikkast minst ein liten ting til. Det skal gå fint. Evig optimist når det gjeld strikkeprosjekt! Har du kontroll over julegåvene?

– Nøstet –

Read Full Post »

Slekt og vener har begynt å komme med ønskelister til jul som inneheld heimestrikka plagg av ulike slag. Heldigvis så hadde eg mange av desse ønskene på planen i utgangspunktet. Det er begrensa kor mange ekstra gåver eg kan greie å lage på ein månad!

Tidlig ein morgon kom Klumpen med nok eit gåveønske. Han hadde vore på ei nettside og funne noko fint. «Eg har skrive ned alt som stod der mamma, sånn at du kan finne det igjen seinere»

Årets julegåvetips?

Årets julegåvetips?

He, he, tanken var god, men så gode er nok ikkje detektivegenskapane mine.

Det han imidlertid får er eit deilig pledd han kan ha rundt seg når han står opp før hanen gjel og vil sjå barne-tv. Pleddet er hekla i oldemorsstriper på tjukk heklenål.

Oldemorsstripeteppe

Oldemorsstripeteppe

Eg samla saman alt eg fann av blått, grått, svart og kvitt i Nepal og babyulltjukkelse. Babyull og liknande la eg dobbelt. Stripene varierer frå ei til tre av samme farge, så tilfeldig som eg greide. Nokon ga seg sjølv sidan det var både små og større restenøster. Dette blei eit kjempekjekt prosjekt. Mange av stripene fekk meg til å huske gamle prosjekt, blant anna er det ein del garn frå den blå nissefamilien, nokre av nøsta var frå garnet eg arva etter mamma og eit par nøster bytta eg til meg frå strikkeveninna.

Så får vi håpe at det fell i smak.

 

– Nøstet –

Read Full Post »

Eller 35 dagar om du vil. Til jul altså. Og no skulle eg sjølvsagt presentert nokre fine julegåver som eg har klare. Men den gong ei. For dei få dagane eg har vore heime på dagtid dei siste vekene har både den eine og den andre stormen vore innom, og vestlandet har i tillegg blitt vaska skinnande reint. Ikkje mykje fotoveir altså. Men det går rykter om sol seinare i veka, så då blir det kanskje ei råd med det.

Men om eg ikkje har noko heilt nytt å vise fram, kan eg vise fram ei hue eg strikka her tidligare i haust. Nemleg Dobbeltribbtoddlerhua. Den fann eg på bloggen Ribbestrikk og mer. På den samme bloggen finn du oppskrift på Nonstoptop som sikkert mange kjenner til. Den har eg på strikkelista mi. Lurer på om nokon kan ha lyst på ein slik?

Dobbeltribbtoddlerhue

Dobbeltribbtoddlerhue

Men altså, mottaker til Dobbeltribbtoddlerhua var Fikslein. Den er strikka i Juvelrestar som låg i garnlageret. Veldig enkelt og greit mønster, og ei tett og god hue. Har du lyst til å gjere meir ut av den, fins det ein versjon med fletter.

Så, no var det rett tilbake til julegåvestrikk!

– Nøstet –

Read Full Post »

Veninna mi som er like glad i Berlin som eg, fylte nettopp 40 år. Det var ingen tvil om kva ho måtte få: eit sitteunderlag med Ampelmänner, både Steher og Geher, til å ha i parken når ho skal sitte og strikke medan ungane spring rundt.

Det tova sitteunderlaget med kattar i Létt Lopi vart veldig vellukka, så eg tok utgangspunkt i det. Og på garnlageret låg dei tre platene med Plötulopi (plate-Lopi), kjøpt på Álafossutsalet fordi dei var artige og hadde fine fargar, og ropte.

*

Plötulopi frå Island*

Plötulopigarnet er uspunne og temmeleg vanskeleg å strikke med, for det slitnar heile tida. Hadde eg vore god med rokken, hadde eg kanskje spunne det. Men det gjekk på eit vis, og det tova godt. Nesten for godt.

*

Tova sitteunderlag i Lopi-garn

*

Mønsteret på raud og grøn mann teikna eg opp etter beste evne på rutepapir. Nokon burde verkeleg lage rutepapir som gjengir forholdet mellom høgde og breidde på ei strikkamaske rett! Med kvadratiske ruter er det iallfall viktig å hugse på at mønsteret kjem til å bli litt høgare og smalare.

*

Tova sitteunderlag med ampelmann

*

Eg brukte pinne 6 og la opp 90 masker. Dei mørkegrøne stripene er i rillestrikk for at det skal bli like tjukt som der det er mønsterstrikk. Eg vaska underlaget saman med eit handkle på 40 grader sidan det fungerte så fint med Létt Lopi-garnet. Det vart i varmaste laget for Plötulopi, eller så var det sentrifugeringa som vart for hard. Vi måtte iallfall vere to personar til å hale og dra for å redde sitteunderlaget. Framleis vart det bittelitt mindre enn eg hadde tenkt (akkurat like stort som det som følgjer med Fjällreven Kånken-sekken, faktisk). Til gjengjeld er det ekstra tjukt, og mottakaren er smal over baken.

Snella

Read Full Post »

Ja, no nærmer det seg jammen jul! I nøsteheimen er julekorta bestilt og ein del av kjøpegåvene er i hus. Adventstida skal i år nemlig brukast til koselegare aktivitetar enn å springe rundt på butikkar. Ein del av dei heimelaga gåvene er òg ferdige. Eine niesa ønska seg kle til Babyborndukka si, og det er det klart at tanta kan fikse.

Babybornsett i Smart

Babybornsett i Smart

Litt over eit nøste med knall rosa blei til kjole/lang genser, ei alpehue og eit par sokkar. Eit påbegynt nøste med gult blei ribbestrikka tights. Oppskrifta var eigentleg ei strømpebukse, men etterkvart som eg kom nedover beina innsåg eg at det ikkje var nok garn. Heldigvis var det nok til at tightsen blei lang nok. Oppskriftene finn du i Sandnes 1207 dukke.

Treng du meir inspirasjon til dukkekle har eg skrive meir om det i eit tidligare innlegg. Det er masse flotte kle som kan strikkast av små rester garn. Eg skal strikke minst eit sett til før jul.

– Nøstet –

Read Full Post »

« Newer Posts - Older Posts »