Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘haust’

Løvlisjal

Av og til, eller eigentleg ganske ofte, så dukker det opp oppskrifter som ein berre må strikke! Dette er ein av dei som kom på den lista! Så enkelt med rillene, og så interessant med løvkanten!

Strikkefakta:
Oppskrift: «Løvlisjal» av Elisabeth Steenks, @_strikkelisa_ på Instagram
Pinne: 3,5 mm
Garn: Kvit Sandnes Lanett. 054 og 055 (grønfargar) Cheeky Merino Joy frå Rosy Green Wool, kjøpt frå NinaPetrina då vi var på Bergen Strikkefestival.

Akkurat no er det heldigvis litt for varmt til å bruke sjal, men dette skal nok bli brukt mykje når det blir litt kaldere. Imens tripper eg etter å begynne på fleire Løvli-oppskrifter, har du sett løvliskjørtet?
Nøstet –

Advertisements

Read Full Post »

Eg har produsert enda fleire huer. Både til jentebursdagar og andre anledninger. Først ut er ei baggy hue som eg har hekla ein gong før. Denne hua skal til Snuppa si besteveninne. Det er viktig å ha likt tilbehør, berre andre fargar.


Heklefakta:

Oppskrift: «Virkad mössa med häng» av Bautawitch

Garn: Rosa Opal sokkegarn, resten er Arwetta Classic. Det er hekla med dobbelt garn.

Heklekrok: 4.0

Neste hue ut er ei som eg har laga mange av, men dei fleste har forsvunne ut av huset før eg har fått tatt skikkelige bilder av dei. Denne er superkjapp å strikke.


Strikkefakta:

Mønster: Bliss fra garnstudio.com

Garn: Drops Nepal, lys blå nr 7120

Pinne: 4,0 mm
Eine fadderungen min blei plutseleg 9 år, og i tillegg til nokre spennande bøker fekk han ei hue som sit tett på hovudet og passar fint under sykkelhjelmen.

Strikkefakta:

Mønster: La opp 120 masker. Vrangbord med 1 vridd rett, 1 vrang passe langt. Fortsatte i glattstrikk til passe lengde, felling med 2 rett, 2 rett sammen. To omg uten felling, deretter 1 rett, 2 rett sammen. To nye omg uten felling og deretter to masker sammen heile vegen rundt. Deretter to sammen til ein har så få masker igjen at ein kan snurpe saman med ein tråd.
Garn: DSA Sterk

Pinne: 3,0 mm
Siste hue ut er også i Sterk, som før nemnt er eit av mine favorittgarn. Denne hua har vi ikkje blitt einige om kven som skal ha, det kan vere vi må dele eller så må eg strikke ei til. Luksusproblem! Eg vil gjerne ha den og bruke den som baggy hue, mens Nøsteguten vil ha den oppbretta som vist til venstre. Denne hua såg eg først på bloggen til Skorpionens hjørne.


Strikkefakta:

Mønster: Hipsterlue fra Tusenideer.no, eg la opp 116 masker som er litt meir enn i oppskrifta.

Garn: DSA Sterk

Pinne: 3,5 mm

Det blir nok enda fleire huer om ei stund. Det er fleire jenter i klassen til Snuppa som har bursdag, og gutane mine har óg komme med ønsker til huegarderoben. Garnlageret skal få køyrt seg!
– Nøstet –

Read Full Post »

Endeleg var det Snella sin tur til å fylle år! Sidan det var rund dag var det klart at det måtte bli ei gåve som var ekstra fin. For halvanna år sidan hadde Malsen og Mor fine garnpakkar med mønster på Ugleteppe Unni. Dei ulike fargekombinasjonane hadde fått namn etter forskjellige ugler. Kva ugletype eg endte opp med kan eg ikkje hugse, men eg håper at desse fargane kan passe hos Snella.

Det fantastiske mønsteret er designa av Ann Myhre/pinneguri og kan kjøpast på Ravelry. Eg kan ikkje lenger finne garnpakke hos Malsen og Mor, men fargar kan ein jo velge som ein vil sjølv.
Strikkefakta:

Mønster: Ugleteppe Unni av Ann Myhre/pinneguri.

Pinne: 2,5 og 3mm

Garn: Malsen og Mor – Shetland Supersoft

Eg strikka teppet rundt og hekla langs kantane før eg klipte. I mønsteret står det at det teppet skal ha enda ein rapport med uglene i dei ulike fargane, men det ville eg ikkje hatt nok garn til. Då ville det óg ha blitt veldig langt. Mulig eg har strikka litt lausere enn det skulle. Eg blokka teppet og då kom uglene veldig fint fram. Heile teppet veg under 500 gram, men sjølv om det er eit tynt teppe vil det varme godt med reint ullgarn som er dobbelt heile vegen pga mønsterstrikken. 
Eit sånt teppe skulle eg absolutt hatt sjølv, men etter ein haust med intensiv strikking på ugler tenker eg at det blir kjekt å strikke andre mønster ei stund. 
– Nøstet –

Read Full Post »

 Plutseleg var eldstemann så gammal at han var klar for leirskule. Då er det godt å ha med seg ein god og varm genser til å ha under anorakken! Den forrige eg strikka til han er godt brukt. Han ville ikkje ha genser med fleirfarga mønster på, så vi tråla nettet etter stripete og einsfarga gensere.

Farmengenser

Farmengenser

 

Valet fall på Farmengenser. På den lokale strikkebutikken hadde dei ein einaste strikkepakke av Farmengenseren igjen, i damestørrelse XS og blåfargar. Det passa heilt utmerka til min slanke 12-åring. Dette var eit kjapt strikkeprosjekt og genseren blei godt tatt imot av mottaker!

Strikkefakta: 

Mønster: Farmengenser fra Rauma

Garn: Mitu, også frå Rauma

Pinne: 4.0
Nøstet –

Read Full Post »

Høstløvdress

  

Ifjor vår kom Gullet til Snella til verda. Ingenting er kjekkere enn å strikke babykle, så eg var kjapt ute med å spørre om eg kunne få strikke ein dress. Eg hadde sett mange fine versjoner av Høstløvdress designa av Marianne Bjerkman, og endeleg fekk eg ein anledning til å strikke den. Mønsterstrikk med ein farge er avslappande strikk, og dette mønsteret var lett å huske etter nokre omganger. Raglanfelling er alltid kjekt, lett å strikke og gjev god passform.
 

Høstløvdress

Høstløvdress

 

Strikkefakta:

Mønster: Høstløvdress av Marianne Bjerkman

Garn: Sterk

Pinne: 3,5 mm

Eg strikka også hua som høyrer til, men den har eg dessverre ikkje noko godt bilete av. Garnet Sterk er eit av mine favorittgarn, og det brukte eg òg når eg strikka Mariusdress til storebroren.
– Nøstet – 

Read Full Post »

 Eit av garna eg lenge har hatt lyst til å prøve er Arwetta Classic. Dette garnet har ikkje den lokale garnbutikken, så når eg kom over det i ein butikk i Vejle på sommarferie ifjor fann eg ut det måtte prøvast. Vel heime fekk eg sjølvsagt fleire idéar, og måtte supplere med litt nettkjøp sånn at eg hadde dei fargane eg trengte. Garnet er tynt og deilig, men litt stummare enn eg liker det. Eg ser at huene fort blir litt utvida, og trekker seg ikkje tilbake i riktig form.

Zig-zag lue

Zig-zag lue

 

Strikkefakta:

Mønster: Zigzag-lue av MarionR

Garn: Arwetta Classic

Pinne: 2,5mm
Neste hue i samme garn laga eg for at eldstemann skulle ha ei hue under sykkelhjelmen. Denne er altså veldig tettsittande til min 12-åring.

Stripete hue i Arwetta Classic

Stripete hue i Arwetta Classic

Strikkefakta:

Mønster: La opp 134 m, 16 omganger ribb, økte til 144m, strikka 60 omganger før felling. Starta felling med 2 r, 2 r saman, strikka ein omgang utan felling, 1 r, 2r saman, ein utan felling og så to rett saman rundt heile neste omgang.

Garn: Arwetta Classic

Pinne: 2,5

Garnmengde: 40 gram. 
Huer kan det aldri bli for mange av, og er eit kjekt prosjekt å ha lett tilgjengeleg i veska om det skulle bli tid til litt strikking. Eg har framleis litt Arwetta igjen som skal bli til fleire huer!
– Nøstet –

Read Full Post »

Nokon gongar startar prosjektet med at ein finn eit mønster ein berre MÅ prøve. Andre gongar, som i dette tilfelle, var det garnet som lokka. Oftare og oftare kom eg over fine ord om Shetland Soft, og når haustgarderoben til Snuppa skulle planleggast fann eg ut at det var på tide å teste ut dette garnet. Inne på nettbutikken til Malsen og Mor blei eg overrumpla over alle dei flotte fargane! Kva skulle eg velge? Første plan var å strikke prikkejakke frå Lene Holme Samsøe, eg hadde lilla Nøstebarngarn som eg tenkte eg kunne bruke til kantfarge og grønt til prikkar. Kanskje oransje til bunnfarge? Jau, den såg flott ut. Men så var det jo så mange andre fargar. Den turkise var skikkeleg flott (og nevøen skal jo ha julegåve), og når eg såg mønster på Lommegenser havna både mønster og garn i handlekorga på eit blunk. Kort tid etter låg det i postkassa.

 

Lommegenser

Lommegenser til nevøen

Lommegenser, turkis og brunt tok eg med meg på ferie i sommar. Sjølv om garnet var seigt og klissete og det lukta sauefjøs, så var lommegenseren eit veldig kjekt prosjekt som gjekk superkjapt å strikke. Så kjekt var det at når eg kom heim og fann ut at det nydelege oransje garnet ikkje passa med det grøne til prikkar, heiv eg meg rundt og strikka ein lommegenser til.

 

Lommegenser

Lommegenser til Snuppa

Men så skjedde det som av og til ofte skjer. Det blir kjekkere å starte på eit nytt prosjekt enn å fullføre det gamle. Så dei to lommegensarane blei liggande med lause trådender og framleis stive og klissete. Lenge. Heilt til i forrige veke då det plutseleg blei så kaldt at det måtte tjukkare gensere med i barnehagen. Ein liten time med trådfesting, ei runde i vaskemaskina med Milo og vips var to deilige, mjuke gensere klare for bruk.

No har eg høyrt at Shetland Soft blir solgt ferdig vaska, så det blir nok fleire bestillingar etterkvart!

 

– Nøstet –

Read Full Post »

Older Posts »