Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘haust’

Plutseleg to veker att til jul! På fredag fekk vi snø, og det blei skikkeleg julestemning. Ungane fryda seg ute i snøen med akebrett og ski. Kjekt å sjå at dei vel mor sine heimestrikka huer når det er kaldt og vått, så etter jul må eg strikke fleire. Spesielt eldstemann treng nokon litt stilige huer.

Vel, igår regna all julestemninga vekk så no må eg finne anna inspirasjon for å bli ferdig med gåvene. Ei gåve som allereie er ferdig er til barndomsveninna. Ho får perlestrikka hals og hue i grå alpakka frå Drops.

Perlestrikka hals og hue i dobbel alpakka

Perlestrikka hals og hue i dobbel alpakka. Riktig farge i bilete til venstre.

Perlestrikka hals med vri fann eg oppskrift på hos Marte Helgetun. Eg brukte dobbel alpakka på samme pinne som var anbefalt i oppskrifta. Eit veldig kjekt prosjekt å strikke, og halsen blei heilt perfekt størrelse på. For å lage eit sett leita eg etter ei hue som kunne passe. På garnstudio fann eg Mossing around. I oppskrifta står det Nepal og dobbel perlestrikk, men eg fortsatte med dobbel alpakka og enkel perlestrikk sånn at det var likt med halsen.

Hua blei òg veldig fin, men eg syns det var vanskeleg å ta eit godt bilete av den. Så får vi håpe at barndomsveninna liker det like godt som meg.

– Nøstet –

Read Full Post »

Lånt frå www.erfinderladen-berlin.deHausten er den beste tida. Då blir eg alltid inspirert og får lyst å lage god mat og strikke lune plagg. I år blir det allehelgen i Sverige, så eg kan ikkje ønske godteskrømta velkomne, men graskar blir servert i heimen opptil fleire gongar i oktober! Eg har tidlegare delt den deilige oppskrifta mi på graskarpai og på bakt flaskegraskar. I år skal fylt graskar få skape stemning rundt bordet.

Oppskrift på fylt graskar à la Snella:

1 graskar på eitt kg (eller litt over)
800 g karbonadedeig
150 g god chorizopølse (Bacon er eit alternativ)
1 liten finhakka løk
1 neve sopp i skiver
1 neve svarte oliven utan stein (kan sløyfast)
1 finhakka chili
ca 3 dl ris
riven parmesan
litt god olivenolje
fersk timian
salt og pepar

1 glas ferdig salsa

Skjer toppen av graskaret, grav ut gugget i midten og spyl innsida godt etterpå. Kok risen og fres kjøttdeig og chorizo litt i ei panne. Bland dette saman med alt det andre unntatt parmesan. Ha fyllet i graskaret og strø parmesan på toppen. Steik alt på 170 grader i ein times tid. Plasser heile stasen på bordet, og ikkje gløym å få med graskarkjøt når du auser opp. Server med salsa, god vin og gjerne litt salat.

Eg kjem nok til å trekke i den fine sengehyggen min, for eg kjenner meg litt som eit graskar i den.

Snella

Read Full Post »

Idag er det jammen berre 9 veker til jul! Har du begynt å lage julegåver? Det har sjølvsagt eg. Første julegåve er ferdig strikka og allereie opna av mottaker. Eit strikkeplagg til vinteren kan ikkje vente til halve sesongen har gått. No viste det seg at Mariusdressen til Fikslein var litt stor, så eg kunne kanskje venta til jul likevel. Men bedre for stor enn for liten iallefall, då veks han inn i den. Sidan eg nettopp har strikka ein Mariusdress i originalfargar, valde eg å strikke denne i andre fargar. Strikkebutikken har fått inn masse nye flotte fargar i Sterk, så det var mange å velge mellom.

Mariusdress med rundfelling

Mariusdress med rundfelling

Det blei ein skikkelig haustdress, og eg blei utruleg glad når eg fann den fine haustgule som passa perfekt til den mosegrøne.

Så no er det berre resten av julegåvene som må lagast. Her skal det strikkast sokkar og huer, genser, sjal og restetepper. Det skal òg syast littegrann, sengesett til dukkevogn er det nokon som har ønska seg, og Snuppa vil ha kle til seg sjølv.

Dei neste 9 vekene skal altså benyttast godt. Om eg blir ferdig med alt er vel lite truleg, så det kan jo vere nokon får eit «gåvekort» i pakken og det ferdige produktet i romjula eller at eg må suse innom nokre butikkar nokre dagar før jul for å finne alternative gåver.

– Nøstet –

Read Full Post »

Ein varm og deilig dress er det klart ein liten kar må ha når haustkulden set inn. På strikkebutikken kunne dama anbefale garnet Fin til prosjektet. Eit aldeles nydelig, mjukt garn som eg ikkje hadde prøvd før. Snorkedress frå Pickles har vottar og sokkar på dressen og det syns eg var ein kjekk detalj. Sånne små blir fort kalde på hendene og føtene, og desse som berre blir bretta over vil ikkje dette av som lause vottar vil.

Snorkedress strikka i Fin

Snorkedress strikka i Fin

Store, grove knappar gjorde at dressen ikkje blei alt for søt til ein liten tøffing! Dressen blei sendt til Snelleguten ilag med ribbebuksa til Fikslein.

– Nøstet –

Read Full Post »

Endeleg fekk eg avgårde ein liten pakke til Snellegutane. Inni den låg blant anna ribbebukse til Fikslein. Ei heilt enkel ribbebukse i enkel 2-tråds Nøstebarngarn, som er heilt perfekt under regntøy eller berre som kosebukse no som hausten startar. Sidan oppskrift på ribbebukse enten er i 3-trådsgarn, som eg tidligare har strikka til Snuppa,  eller anna tjukkere garn, blei det utrekningsmetoden for å finne ut kor mange masker eg skulle legge opp. Eg målte Fikslein rundt livet, målte på ei vrangbord kor mange masker eg trengte for 10 cm og fann ut kor mange det måtte bli for å passe med litt margin. Så følgte eg lengda på buksa i 3-trådsgarn, og felte inn sånn passe nedover beina.

Ribbebukse i 2-tråds Nøstebarngarn

Ribbebukse i 2-tråds Nøstebarngarn

Rapporten frå Snella seier at buksa passa perfekt og at den allereie er tatt i bruk, saman med Kattegenseren som eg strikka tidligare i år.

– Nøstet –

Read Full Post »

Det er sopptid, og sidan Fikslein skulle bli storebror i september, skulle han få flugesoppmøblar i storebrorgåve. No hadde rettnok Skjønnas hastverk og kom i august, men gåva vart likevel til som planlagt.

*

Bord malt som fluesopp

*

Det gamle, arva bordet såg sine betre dagar i 70-åra. Det passa godt inn i det gamle biblioteket vårt, men i den nye heimen passa det ikkje.

*

Flugesoppbord før

*

Eg pussa bordet godt ned og lakka det med kvit lakk. Så fekk beina litt gras av grøn lakk, og toppen eit par strøk raud lakk. Prikkane har eg måla på ved hjelp av ein heimelaga sjablong av kontaktpapir. Til slutt spraya eg på eit lag klarlakk. Ferdig!

*

Flugesoppsett

*

Krakken kjøpte eg på sal på Åhléns i fjor.

*

Flugesoppkrakk frå Åhléns

*

Møblane vart møtte med stor begeistring, og no står dei og lyser opp kjellarstova, som har utsikt til naturtomta vår med blåbær- og tytebærlyng. God haust!

Flugesoppar

Snella

Read Full Post »

Hobbyboksamlinga mi nærmer seg bibliotekstørrelse, men her i vår måtte eg likevel utvide den med bøkene frå Pickles. Det er ikkje alltid eg lagar så mykje frå bøkene eg kjøper, men dei er ofte framme for å få inspirasjon til garn, fargar og modellar. Pickles har mange fine og enkle strikkeplagg, og frå desse bøkene har eg no laga fleire plagg. I vår strikka eg Tøysetopp til Snuppa, og no måtte eg lage ein høstvest med det flotte daisy-mønsteret. Snuppa hadde ein slik vest då ho var 1 år, og den blei brukt mykje.

Høstvest frå Pickles

Høstvest frå Pickles

Ho fekk sjølv velge garn frå garnlageret, og sidan gult er kult for tida vart det kjapt bestemt. Rosa måtte sjølvsagt vere med, og så fekk eg lov å dempe det med litt mørkare mosegrønt og kvitt. Vesten er strikka i Juvel, og blir deilig utanpå ein pologenser eller tynn ullgenser når hausten set igang med vind og regn.

Nøstet –

Read Full Post »

I forrige innlegg nevnte eg at eg har ein perm som eg samlar oppskrifter i etterkvart som dei dukkar opp i vekeblad. Dette gjorde eg i mange år. Men så oppdaga eg Ravelry. No blir det lite utklipp frå vekeblad, men desto fleire hjerter på Ravelry. Når ein hjerter ei oppskrift, lagrar ein den under favorittar. Der låg òg Brain Waves Beanie, nok eit ypperleg restegarnsprosjekt.

Brain Waves Beanie

Brain Waves Beanie

Hua er hekla med dobbel tråd Juvel, Pt5 og noko anna garn av ukjent merke i passe tjukkelse. Eit prosjekt som er hekla på ein kveld, og som sluker garn. Denne hua ligg i skuffa til Klumpen og venter på hausten. Og det er godt mogleg at den får selskap av fleire, for dette var eit kjekt prosjekt!

Nøstet –

Read Full Post »

Kanskje det er sånn dagen blir når Fikslein skal begynne i barnehage. Det var iallefall det første Snella tenkte når eg sendte ho bilete av sokkane eg har strikka til barnehagegarderoben.

Tynne deilige ullsokkar i Fabel og Opal

Tynne deilige ullsokkar i Fabel og Opal

Sokkane er strikka av restane eg hadde igjen etter Blueberry Waffle Socks, og no er det berre nokre få meter igjen av kvar farge. Eg valde å bruke Fabel øverst i vrangborda fordi eg synes den held forma betre over tid. Tynne ullsokkar er heilt ypperleg for små føter i støvlar eller vintersko, då blir det ikkje så klumpete sånn som det kan bli med tjukt raggegarn. Og desse burde det vere lett å finne att i ei lita barnehagegarderobe, både for små og store. Sokkane er som vanleg strikka etter Garnstudio si Fabelsokkoppskrift.

– Nøstet –

Read Full Post »

Huealongen er kommen fra til maihue. Mitt bidrag er ei hue «med luft i» som Snuppa kalla den, og inspirasjonen fann eg i denne hua frå Ravelry.

Hue med luft i

Hue med luft i

Mi fekk nok ikkje like fin avfelling, men kanskje den kan strekkast litt etter ei bløytlegging. Hua er strikka i Merino Extra Fine som eg fann i lageret.

Luftig hue

Luftig hue

Her er lenker til huene frå januar, februar, mars og april. Og i juni er temaet striper og prikker. Då har eg planer om ei heklahue til Klumpen.

– Nøstet –

Read Full Post »

« Newer Posts - Older Posts »