Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘hekla’

I dag kom våren på ordentleg her hos oss! Og med våren kom inspirasjonen til å hekle nokre nydelege små hjarte til eit festbord som skal dekkast til jonsok.

syrininspirert garn

Hekla hjarte i rosatonar

Heklefakta| Mønster: Amal Shebl (lenke til gratis diagram) Garn: DMC 5 cotton pearl 818 og 223 og metallic pearl 5283 Heklenål: 2

Garnet er eigentleg broderigarn, men det var heilt perfekt. No skal eg hekle opp resten av hjarta medan eg gler meg til jonsokbryllaup.

-Snella-

Read Full Post »

Vi er klare for innrykk! Ytterdøra er blitt småskummel, og ekle hender av matgodkjende gummihanskar fulle av snop ligg og ventar. Vi kjem vel alltid til å ønske at det heller kom julebukkar, men vi seier: Velkomne, godteskrømt!

                                                                   Dei hekla skhalloween-shawlallane er eit sjal av restegarn frå lageret. Artig prosjekt, men lett å gjere feil! Eg auka litt meir enn oppskrifta sa, for at sjalet skulle bli breiare og ikkje gå så langt ned på ryggen.

Heklefakta Mønster Lost Souls Skull Shawl by Maryetta Roy (gratis på Ravelry) Heklenål 3,5 Garn uidentifisert raudt restegarn i ull

 

hodeskallesjal-crochet-skull

Snella

Read Full Post »

Hekla ugle

Ugler er ålreite dyr, eller kanskje fuglar?! Uansett er dei fine, både som mønster på plagg eller interiør og som pynt. Eg har fått ei nydeleg uglepute frå Snella og eg har strikka uglevotter til Strikkeveninna og hekla ugleteppe til Fikslein. Dei supersøte snøuglene Hedvig og Hugo og uglevestane har òg vore veldig populære. Denne ugla blei gåve til Strikkeveninna, og derfor fekk den grøne sting på magen for å passe med resten av interiøret.

 

Heklefakta:

Mønster: Frå bloggen Skapa och Inreda

Garn: Beige Mandarin Petit og rester i diverse tilsvarande bomullsgarn, ca 55 gram totalt

Krok: 3

No ser eg at designeren av ugla har lagt ut mange nye og fargerike ugler på bloggen sin. Plutseleg fekk eg veldig lyst til å stupe ned i bomullskassen og trylle fram enda fleire ugler!
Nøstet – 

Read Full Post »

Baggy hekla hue

 Huer er enkle og kjappe prosjekt. Snuppa er veldig glad i heimelaga huer og vil helst ha noko som ingen andre har. Bortsett frå bestevenninna, ho må eg gjerne lage samme til. Denne hua hekla eg i vinter og den har blitt svært mykje brukt.

Baggy hue

Baggy hue

 
  Heklefakta:

Garn: Arwetta Classic, hekla med dobbelt garn.

Oppskrift: frå Bauta Witch, la opp litt færre masker og hekla den litt kortere sidan mottaker var 6 år.

Krok: 4.0

 

Denne hua blir det nok hekla ein versjon til av no i sommar. I tillegg er planen å strikke opp nokre huer som Snuppa kan gje klasseveninnene i bursdagsgåver utover hausten. Perfekt sommerprosjekt!
Nøstet –

Read Full Post »

Boblepute

Det er framleis flott sommarveir på vestlandet, noko som er perfekt for bomullsprosjekt. Tidligare i år kom eg over ei flott boblepute hos Bekkibjarnoll, og no passa det fint med eit hekleprosjekt. Eg treng fleire puter til utemøblane på hytta, og det er kjekt med friske fargar og ulike mønstre.


Her er puta i selskap med ei pute eg har fått frå Strikkeveninna og sirkelputa som eg hekla for nokre år sidan.
Heklefakta:

Mønster: Boblepute frå Bekkibjarnoll, justerte maskeantalet i forhold til garn og putestørrelse.

Garn: Dobbel Viking Bjørk

Krok: 3,5
-Nøstet-

Read Full Post »

Når ein har tre små gutar, er det berre å omfamne alle dei små veninnene så ein får utløp for dei ibuande behovet for å lage søte jentete ting. I treårsdagen til besteveninna troppa Fikslein opp med eit pusete dukkevognteppe i gåve. Teppet er ein minivariant av vognteppet mormor hekla til meg seint i 70-åra.

Dukketeppe

Heklefakta
Mønster: «Vognteppe i Rosett», frå Dale garn
Lappar: 24 stk (4 i breidda, seks i lengda)
Garn: Restegarn, mellom anna arvegarn. Grått i midten, fleirfarga lilla (også sett i den hekla ugleputa), og naturkvitt. Kanten rundt teppet er hekla med krepsemasker i rosa pusegarn.
Heklenål: 3,5
Trådar å feste: 154

Hekla vogneteppe til dukka

Litt krampe i armen til slutt, men verd det. Storleiken vart testa i vogga til veslebror.

Snella

 

Read Full Post »

Kom mai, du skjønne milde og gjer skog og plen og alt rundt oss atter grønt. Gjerne irrgrønt, som denne gammaldagse retrochice blondeskåla. Skåla kan vere pynt, fruktskål eller også  ledd i aktiv barndomsminnebygging. Kven har vel ikkje sniksutta på mormors sukkerstiva skåler i fjern fortid? 

Hekla og sukkerstiva skål

Heklefakta
Mønster: Kva som helst oppskrift på heklabrikke – denne fann eg via Pinterest
Garn: Bomull Sport nr. 317 frå Gjesdal
Heklenål: 3,5
Stiving: bortimot metta sukkerlake (sjå under) og ei skål som gir brikka form

Heklet skål crochet bowl

Mange brukar tapetlim når dei skal stive, men eg ville gjere det på den tradisjonelle måten med sukker. Då kan skåla bli brikke att etter ein vask.

Det vart mykje prøving og feiling, men eg fann ut av det til slutt. Eg laga ein lake med ein del sukker til to delar vatn, dyppa brikka oppi og lèt ho tørke over ein bakebolle som var passe stor. Det var definitivt ikkje nok sukker for dette tjukke garnet, og skåla vart berre halvstiv. Då rørte eg inn sukker nok til at løysinga vart metta. Skåla vart stiv, men skjoldete av sukkeret. Dermed dyppa eg skåla kort i varmt vatn. Då vart ho slapp igjen, og eg dyppa ho på nytt i laken, som no var vatna litt ut. Det var framleis for mykje sukker, så eg måtte gjenta prosedyren. Om att og om att.

duk blir skål

Eg vart veldig nøgd med resultatet til slutt og trur eg må lage fleire sånne i ulike fargar. Skåla vart ei fin gåve saman med unikkokrus og -serviettar i gult og grønt frå Marimekko.

Og ein ny generasjon suttarar kan etterlate seg mystisk skakke skåler i stova. 

-Snella-

Read Full Post »

Older Posts »