Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘hekla’

Babyteppe i alle former og variantar. Teppe med mange gode minne og teppe som har mesteparten av historia si framfor seg. Vi har teppe i bilen, i senga, på sofaen, i veska, i vogna og overalt, og eit deilig teppe er den soleklare gåva til nye verdsborgarar.

*
Vakre strukturar

 *

Her er nokre av dei flotte teppa våre! Frå botn har vi

1. krabbeteppet med sjødyr

2. det ekstra store nøstebarnteppet

3. ugleteppet

4. grønt, tjukt og deilig teppe som vi fekk i gåve, hekla etter samme mønster som det ekstra fine hekla helseteppet

5.  oransj og kvitt vognteppe som mormor hekla til meg. Eg har lurt på om eg skal prøve å lage eit makent. Det er sett saman av små kvadrat.

6. det hekla helseteppet i bomull

7. strikka teppe i merino extra fine. Dette teppet går ganske raskt å strikke, er tjukt og mjukt og ser imponerande ut for dei som ikkje kan strikke. Ein gåvefavoritt, med andre ord.

8. det fine gamle hekla vognteppet med roser

*

Babyteppe

 

*

Treng du meir teppeinspirasjon, kan  du kikke på havskumteppet til kusina, teppet med havmønster og strikka blondekant, dei flotte vognteppa (strikka og hekla i oldemorsruter), babyteppet i bomull, og bamseteppa med korsting. Og fleire teppe blir det garantert!

Snella

Read Full Post »

Det var farmor som lærte meg å hekle. Mange fine helgetimar sat vi saman i sofaen på det koselege kjøkenet hennar med kvart vårt hekletøy og prata om livet. Ho fortalte historier frå svunne tider, historier som har vore med å forme meg. Ein gong ga ho meg ei filethekla brikke eg skulle ha til minne. Brikka var med meg som nattbordbrikke i mange år. Uansett kvar i verda eg budde, vart det heime når brikka var på plass.

*

Romantisk hekla sofapute

*

No når eg er blitt etablert og forsøksvis ansvarleg mamma i hus med karnapp, er brikka blitt sofapute. Eg har sydd eit putetrekk av to stoffbitar, beige på baksida og raudt på framsida slik at mønsteret kjem fram. Brikka er nesta på på framsida for hand og kan lett takast av og vaskast om ein til dømes søler kaffi på puta i ammetåka (sånn reint hypotetisk, så klart).

*

Sofapute i filethekling

*

No har eg ei gammaldags og romantisk pute som minner meg ikkje berre om gode stunder saman med farmor, men også om kven eg er og vil vere.

Snella

Read Full Post »

Ugler, ugler, ugler. Eg blir visst aldri lei! Ei gåve til den aller beste veninna måtte derfor bli ei heilt spesiell ugle. Utfordringa til meg sjølv var å hekle ei miljøvennleg og praktisk nyttig uglepute med berre ingrediensar eg hadde i tølene mine frå før.

*

Maggie - heklet ugle

*

Ugleputa er laga av lappar med mønsteret Afrikansk blomst (sjå oppskrift under). Eg vart inspirert av eit bilete av heklaugla Maggie, men mønsteret er også å få kjøpt. Dei rette fargane til lappane fann eg blant arvegarnet, filten til auga låg i aldrirealiserte gamle pakkar med lag-sjølv-påskepynt frå Panduro, veska var kjøpt på sal same stad ein gong, og fyllet henta eg frå ei gammal pute.

*
crochet owl

*

Puta er tenkt å skulle bu i sofaen på hytta til Nøstet, og ho har fått veske med plass til måleband, saks og andre småting ein treng. Tadaaaaa! Rotet er vekk!

*

Hekla ugle av afrikansk blomst

*

Litt prøving og feiling vart det, og jammen fekk eg ikkje nokre lappar til overs. Heh.

*

Vrengt ugle

*

Men eg kosa meg skikkeleg medan eg hekla og filosoferte over historia til dei ulike garna. Det lilla flammegarnet hadde visst vore ein gensar. Garnet var passe krøllete og bar tydeleg preg av gjenbruk, og vrangbordene låg att i posen. Kanskje har den pryda ei stilig dame ein gong? Det grå garnet var kjøpt til eit skjerfprosjekt som aldri kom lenger enn til teiknebordet, og det svarte er av ulike typar henta frå ymse resteposar. Eit par lappar fekk garn direkte frå eit håplaust forsøk på hekla flosshatt til Fikslein.

*

Ufo blir afrikansk blomst

*

For eit penare resultat blokka eg lappane før eg hekla dei saman.

*

Hekla afrikansk blomst

Afrikansk blomst (African flower) kan heklast på ulike måtar. Mine har fem omgangar og tre fargar. Slik gjer du det:

1. omg. Lag ein magisk sirkel. Begynn med 3 lm (Den første staven i kvar omgang blir alltid erstatta av 3 lm) og hekle 11 stavar til i ringen. Avslutt kvar omgang med ei kjedemaske i den 3. lm.

Dette gir deg ein sekskant (heksagon). Vil du lage ein femkant (pentagon), heklar du 10 stavar rundt sirkelen og tilpassar elles oppskrifta deretter.

Afrikansk blomst 1. omgang

2. omg. Skift farge og fest med ei fm mellom to stavar. 3 lm, 1 stav, 2 lm og 2 stavar på same stad. Hopp over to stavar og gjenta *2 stavar, 2 lm og 2 stavar* til du har seks grupper.

Afrikansk blomst 2. omgang3. omg. Hekle 7 stavar rundt kvar luftmaskeboge med 1 fm mellom kvar gruppe.

Afrikansk blomst 3. omgang

5. omg. Skift farge. Hekle ei fastmaske i kvar stav. Mellom kvart «blomsterblad» heklar du ei fastmaske rundt mellom stavgruppene på 3. omgang.

Afrikansk blomst 4. omgang

6. omg. Skift farge og hekle 1 stav i kvar fastmaske unntatt dei lange fastmaskene. I fastmaska midt på kronbladet lagar du hjørna på sekskanten ved å hekle 1 stav, 1 fm og 1 stav.

Afrikansk blomst 5. omgang

Snella

Read Full Post »

Når invitasjonen kjem frå lady Mary Crawley, er eg klar! High tea, hageselskap eller føremiddagsbryllaup, romantiske blondehanskar må ein ha.

Hekla blondehanskar

Eg har ønska med sånne lenge, og har leita etter mønster til den perfekte hansken og det rette garnet. Begge deler dukka opp på Handmade Berlin. Det skjønne garnet er Moon Night frå Lotus Yarns. Det er naturleg elastisk og ei blanding av lammeull og kasjmir, så hanskane er både varme og velsittande. Mønsteret fann eg i ei bok på butikken, og dei greie damene tok ein kopi til meg. Ein får òg kjøpt liknande mønster på Etsy. Hanskane er hekla med nål 1,5 og består av luftmaskebuer ned til handleddet. Der er det hekla inn ein tynn strikk før blondemansjetten. Ein hekla blomst og ei perle til pynt, og voilà!

Behanska og med perler, art deco-koppar og ein hatt med skrå brem er eg klar. No må vel invitasjonen komme snart?

High tea på Downton Abbey

-Snella-

Blondehansker

Read Full Post »

Då er vi heilt på tampen av året. Det blir ikkje fleire ferdige prosjekt i år, men planane er mange for 2014.

Og 2013 må seiast å ha vore eit flott år strikkemessig! I løpet av året har eg strikka og hekla tilsammen 58 prosjekt og brukt 11672 gram garn som tilsvarer 30609 meter. Det blir jammen ein del masker!

Mykje har vore gåver, både til bursdagar og jul. Utenom det er det nok Snuppa som har stukke av med flest plagg.

Det strikkaplagget som var kjekkast å strikke og kanskje det eg generelt er mest fornøgd med er festdrakta til Snuppa.

Festdrakt

Festdrakt

Den blei om mulig enda finere enn eg hadde tenkt, og Snuppa strålte heile dagen. Eg har laga den sånn at eg kan strikke på den litt om den treng det for at ho kan bruke den fleire år.

På ein god og delt andreplass kjem Mariusdressane eg strikka til Fikslein og Nevøen. Eg lurer på å strikke ein til Snuppa iløpet av 2014.

Mariusdresser med rundfelling

Mariusdresser med rundfelling

Dei største prosjekta dette året er restegarnteppa eg har strikka og hekla til Nøsteguten og Klumpen. Desse fekk dei til jul. Eg rakk desverre ikkje å lage eit til Snuppa, det står òg på prosjektlista for 2014. Teppet til Klumpen er hekla i oldemorsstriper i tjukke garntyper, type Nepal og Fritidsgarn. Teppet til Nøsteguten er rillestrikka, og der har eg brukt babyullgarn av ulike typer og strikka med dobbelt garn.

Restegarntepper

Restegarntepper

Med desse teppa fekk eg brukt opp masse restegarn og rydda litt i dei einslege nøsta som var i lageret. Men eg har framleis mykje garn igjen. Igår fekk eg rydda litt mens Nøstemannen tok seg ein tur på pub med kompisen. Alt garnet blei henta fram i stova og sortert etter beste evne. Lageret har gått frå 51671 til 46784 gram iløpet av året. 4887 gram er nesten 98 nøster garn, og så masse har altså garnlageret krympa. Men som sagt har eg over 46 kg garn eg kan kose meg med framleis. Og treng eg meir er den lokale Strikkebutikken berre ein liten spasertur unna.

Masse deilig garn

Masse deilig garn

og enda litt meir garn

og enda litt meir garn

Eg ynskjer deg eit riktig godt nytt strikkeår!

– Nøstet –

Read Full Post »

Slekt og vener har begynt å komme med ønskelister til jul som inneheld heimestrikka plagg av ulike slag. Heldigvis så hadde eg mange av desse ønskene på planen i utgangspunktet. Det er begrensa kor mange ekstra gåver eg kan greie å lage på ein månad!

Tidlig ein morgon kom Klumpen med nok eit gåveønske. Han hadde vore på ei nettside og funne noko fint. «Eg har skrive ned alt som stod der mamma, sånn at du kan finne det igjen seinere»

Årets julegåvetips?

Årets julegåvetips?

He, he, tanken var god, men så gode er nok ikkje detektivegenskapane mine.

Det han imidlertid får er eit deilig pledd han kan ha rundt seg når han står opp før hanen gjel og vil sjå barne-tv. Pleddet er hekla i oldemorsstriper på tjukk heklenål.

Oldemorsstripeteppe

Oldemorsstripeteppe

Eg samla saman alt eg fann av blått, grått, svart og kvitt i Nepal og babyulltjukkelse. Babyull og liknande la eg dobbelt. Stripene varierer frå ei til tre av samme farge, så tilfeldig som eg greide. Nokon ga seg sjølv sidan det var både små og større restenøster. Dette blei eit kjempekjekt prosjekt. Mange av stripene fekk meg til å huske gamle prosjekt, blant anna er det ein del garn frå den blå nissefamilien, nokre av nøsta var frå garnet eg arva etter mamma og eit par nøster bytta eg til meg frå strikkeveninna.

Så får vi håpe at det fell i smak.

 

– Nøstet –

Read Full Post »

Ei veldig etterlengta lita gulljente har endeleg komme til verda. Det var aldri nokon tvil om at ho måtte få det mjukaste, skjønnaste og beste babyteppet eg nokon sinne har laga.

.

Hekla helseteppe.

Sjølv om Drops BabyAlpaca Silk er litt vanskeleg å jobbe med, er det så mjukt og godt at eg valte å heller banne litt over heklenåla. Både garn og farge er det same som i havskumteppet kusina fekk. Det hekla helseteppet eg laga til Fikslein i fjor, har vore heilt supert, og skulle eg begynt igjen, hadde eg nok gjort det på same måte denne gongen. Men så er det jo gøy å prøve nye mønster. Eg brukte lang tid på å finne det rette, men landa til slutt på Mossy Blanket, som ligg med gratismønster på Ravelry. Effekten vart dessverre ikkje den same med mitt garn.

Eg ville ha eit større teppe enn vanleg og brukte dessutan ei tynnare heklenål (2,5) for å få teppet pent og tett nok. Dermed måtte eg legge opp 160 masker. Dei endelege måla er 69×91 cm. Mønsteret er enkelt: Ein stav og ein dobbelstav i annankvar luftmaske, og det same i dobbeltstaven på tilbakevegen. Det har gått med seks nøste garn og frykteleg mykje tid, men det har det jammen vore verd. Teppet fell kjempefint og ligg så godt og lunt og trygt rundt babyen.

.

Hekla helseteppe i bruk

.

Heklakanten rundt teppet er etter mønsteret, men på siste omgang har eg brukt restane etter Bellakjolen til kusina. Etter kanten var det akkurat nok garn att til eit hekla hjarte til pynt nede i venstre hjørne.

.

Detalj frå babyteppe - hekla kant og hjerte

Hjartet er hekla etter enklaste mønster:

Legg opp tre luftmasker. Hekle ei fm i den første luftmaska. Snu alltid med to lm, Auk med å hekle to fm i same m etter dei to lm i starten av kvar omgang og dessutan i slutten av omg. til hjartet er så stort som du vil ha det. På toppen av hjartet heklar du fm over halvparten av maskene på eine sida og heklar to fm saman i starten og slutten av kvar omgang til du har to m att. Gjenta på hi sida.

Snella

Read Full Post »

I forrige innlegg nevnte eg at eg har ein perm som eg samlar oppskrifter i etterkvart som dei dukkar opp i vekeblad. Dette gjorde eg i mange år. Men så oppdaga eg Ravelry. No blir det lite utklipp frå vekeblad, men desto fleire hjerter på Ravelry. Når ein hjerter ei oppskrift, lagrar ein den under favorittar. Der låg òg Brain Waves Beanie, nok eit ypperleg restegarnsprosjekt.

Brain Waves Beanie

Brain Waves Beanie

Hua er hekla med dobbel tråd Juvel, Pt5 og noko anna garn av ukjent merke i passe tjukkelse. Eit prosjekt som er hekla på ein kveld, og som sluker garn. Denne hua ligg i skuffa til Klumpen og venter på hausten. Og det er godt mogleg at den får selskap av fleire, for dette var eit kjekt prosjekt!

Nøstet –

Read Full Post »

Blant marshuene på uformelt var det blant anna ei hekla hue frå Garnstudio. Sidan garnlageret inneheld nokre nøster Alaska passa det kjempefint å teste ut dette mønsteret.

Marshue

Marshue, med ein passe velvillig Nøstegut som modell

Eg fekk ikkje oppskrifta til å stemme på fellingane, så eg felte heller på min eigen måte og prøvde hua etterkvart for å sjekke at den blei nokonlunde passeleg. Dette blir nok båthua mi, den passer fint til den knallraude varmedressen eg har på meg når vi kryssar fjorden til hytta.

Her er januarhua og februarhua eg har strikka.

– Nøstet – 

Read Full Post »

Det har vore ein lang vinter, og tre gode kollegaer fortente ei lita helsing før ferien. Eg surfar på ei god brukerestegarnbølge for tida, og denne gongen var det mellom anna sjokkoransje og vårgrønt som fekk vere med – to nøste eg verken kan hugse eller begripe at eg har kjøpt nokon gong. Men til hekla påskekyllingar etter denne oppskrifta var dei perfekte!

˜*

Tre hekla påskekameratar

Tre hekla påskekameratar

*

Her er det mange ulike typar garn, og alle var ulikt tjukke. Likevel brukte eg berre heklenål 3,5. Dermed fekk kyllingane ulik storleik, og til dels ulik form. For at kyllingane skulle kunne sitte betre hadde eg litt ris i botnen før eg fylte resten med fyllvatt.

Litt pussige ser dei ut, men eg synest dei er søte, og det gjorde mottakarane òg. Kollegaen som fann den oransje på kontoret sitt, syntest det var ein glitrande påskeidé å hekle ei kyllingappelsin.

Ein kylling er hekla på ein liten kveld og blir ei hyggeleg vertinnegåve å ha med i påskeselskapet.

Snella

Read Full Post »

« Newer Posts - Older Posts »