Eg har produsert enda fleire huer. Både til jentebursdagar og andre anledninger. Først ut er ei baggy hue som eg har hekla ein gong før. Denne hua skal til Snuppa si besteveninne. Det er viktig å ha likt tilbehør, berre andre fargar.

Heklefakta:
Oppskrift: «Virkad mössa med häng» av Bautawitch
Garn: Rosa Opal sokkegarn, resten er Arwetta Classic. Det er hekla med dobbelt garn.
Heklekrok: 4.0
Neste hue ut er ei som eg har laga mange av, men dei fleste har forsvunne ut av huset før eg har fått tatt skikkelige bilder av dei. Denne er superkjapp å strikke.

Strikkefakta:
Mønster: Bliss fra garnstudio.com
Garn: Drops Nepal, lys blå nr 7120
Pinne: 4,0 mm
Eine fadderungen min blei plutseleg 9 år, og i tillegg til nokre spennande bøker fekk han ei hue som sit tett på hovudet og passar fint under sykkelhjelmen.

Strikkefakta:
Mønster: La opp 120 masker. Vrangbord med 1 vridd rett, 1 vrang passe langt. Fortsatte i glattstrikk til passe lengde, felling med 2 rett, 2 rett sammen. To omg uten felling, deretter 1 rett, 2 rett sammen. To nye omg uten felling og deretter to masker sammen heile vegen rundt. Deretter to sammen til ein har så få masker igjen at ein kan snurpe saman med ein tråd.
Garn: DSA Sterk
Pinne: 3,0 mm
Siste hue ut er også i Sterk, som før nemnt er eit av mine favorittgarn. Denne hua har vi ikkje blitt einige om kven som skal ha, det kan vere vi må dele eller så må eg strikke ei til. Luksusproblem! Eg vil gjerne ha den og bruke den som baggy hue, mens Nøsteguten vil ha den oppbretta som vist til venstre. Denne hua såg eg først på bloggen til Skorpionens hjørne.

Strikkefakta:
Mønster: Hipsterlue fra Tusenideer.no, eg la opp 116 masker som er litt meir enn i oppskrifta.
Garn: DSA Sterk
Pinne: 3,5 mm
Det blir nok enda fleire huer om ei stund. Det er fleire jenter i klassen til Snuppa som har bursdag, og gutane mine har óg komme med ønsker til huegarderoben. Garnlageret skal få køyrt seg!
– Nøstet –
Read Full Post »