Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Interiør’

Tenk at det har gått fem år sidan vesle Fikslein blei fødd. Han måtte feirast med ein skikkeleg fest! Skulle vi våge å invitere til utebursdag i lunefulle mars?

Ugler godtepose owl goodiebag

Ja visst, og det blei ein suksess! Norske ungar er då vikingar! Vi sette opp ein lavvo og spidda pølser, mais og s’mores på bål i nyinnkjøpt fyrfat/bålpanne frå Felleskjøpet.

Bålpanne og lavvo

Etterpå hadde vi kaker og sånn, som seg hør og bør. Bålkake:

Bålkake cake on fireBålkake firecake

Kaka er av torokvalitet, men pimpa til det uigjenkjennelege. Brune m&ms og nonstop er ved, og gule, raude og oransje er glør. Flammane er laga av kamferdrops og bringebærdrops som er smelta i omnen på 200 grader i fem minutt for deretter å gjenoppstå som logande eld.

Appelsingelebåtar jelly oranges

Appelsinbåtar av gelé har eg laga før, og det er alltid ein supersuksess. Denne gongen brukte eg fire appelsiner, ein pakke appelsingelé og ein pakke sitrongelé. Eg hadde i all safta frå appelsinene, og det gjorde geleen veldig frisk. Alt forsvann på eit blunk. Det gjorde også bjørnebæsjen:

Bjørnebæsj Bearpoo

Det var ikkje før ein vaksen las skiltet at bjørnebæsjen fekk bein å gå på. – Bjørnebæsj? Æsj! Og så var alt vekk i dei glupske gapa.

Oppskrifta? Superenkel og supergod: Smelt sjokolade og rør i cornflakes. Ha i minimuffinsformer og la stivne. Eg har pynta med litt kakepynt.

Dei fine skilta er lånt frå Hallmark (free printable signs courtesy of Hallmark Thank you for providing blank printables!) Og så pynta eg litt med kongler og greiner og marshmellows:

Camp birthday decoration marshmellow pine cones

Vi har mykje naturtomt, og ungane var overalt – i trea, på dissestativet, ved bålet, i lavvoen og i akebakken. Og litt natursti vart det tid til. Målet var å finne godteposane, som for høvet var fine ugler:

Ugler godtepose owl goodiebag2Ugler godtepose owl goodiebag 1

Uglegodteposane er laga av dorullar og innpakningspapir frå Panduro. Uglene er inspirert av det koselege programmet Hygge i Strömsö, og har fått søte uglefjes (free printables courtesy of My owl barn).

For å få tak i skattekartet måtte bursdagsgjestene finne ting i naturen (sjå bilete under). Eg hadde lagt kartet i eit skrin med kodelås, og for kvar ting ungane fann, fekk dei eit nytt tal til låsen. Når alt var på plass, kunne vi opne skrinet. Derifrå gjekk det unna:

Ugler i bjørk owl in a berch tree

Scavenger hunt natursti

Invitasjonen laga eg enkelt i PowerPoint med teikningar freidig lånt frå nettet. Takk til alle som deler bilete og inspirasjon!

Invitasjon til utebursdag i mars

Naturstien:

Natursti scavenger hunt

Bileta er lånt frå CBC . Thank you!

Og alle var samde om at det hadde vore ein fin bursdag!

Snella

 

Reklame

Read Full Post »

Endeleg var det Snella sin tur til å fylle år! Sidan det var rund dag var det klart at det måtte bli ei gåve som var ekstra fin. For halvanna år sidan hadde Malsen og Mor fine garnpakkar med mønster på Ugleteppe Unni. Dei ulike fargekombinasjonane hadde fått namn etter forskjellige ugler. Kva ugletype eg endte opp med kan eg ikkje hugse, men eg håper at desse fargane kan passe hos Snella.

Det fantastiske mønsteret er designa av Ann Myhre/pinneguri og kan kjøpast på Ravelry. Eg kan ikkje lenger finne garnpakke hos Malsen og Mor, men fargar kan ein jo velge som ein vil sjølv.
Strikkefakta:

Mønster: Ugleteppe Unni av Ann Myhre/pinneguri.

Pinne: 2,5 og 3mm

Garn: Malsen og Mor – Shetland Supersoft

Eg strikka teppet rundt og hekla langs kantane før eg klipte. I mønsteret står det at det teppet skal ha enda ein rapport med uglene i dei ulike fargane, men det ville eg ikkje hatt nok garn til. Då ville det óg ha blitt veldig langt. Mulig eg har strikka litt lausere enn det skulle. Eg blokka teppet og då kom uglene veldig fint fram. Heile teppet veg under 500 gram, men sjølv om det er eit tynt teppe vil det varme godt med reint ullgarn som er dobbelt heile vegen pga mønsterstrikken. 
Eit sånt teppe skulle eg absolutt hatt sjølv, men etter ein haust med intensiv strikking på ugler tenker eg at det blir kjekt å strikke andre mønster ei stund. 
– Nøstet –

Read Full Post »

Hekla pute

Då eg var ferdig med Farmen-genseren til eldstemann, satt eg igjen med ein del restegarn. Og sidan dette var fargar som guten likte spesielt godt fann eg ut at eg skulle lage ei pute til han i dei samme fargane. Restane frå genseren rakk til framsida og litt av baksida, som berre er striper. Resten av baksida er liknande fargar i garn av samme tjukkelse.


Heklefakta:

Mønster: Trekantpute av Solstrikke

Garn: Rauma Mitu og liknande garn. Noko var iallfall Peer Gynt.

Heklenål: 4

Guten var strålande fornøgd med bidraget til kjellerstova og har bestilt fleire i samme kategori.
Nøstet – 

Read Full Post »

Boblepute

Det er framleis flott sommarveir på vestlandet, noko som er perfekt for bomullsprosjekt. Tidligare i år kom eg over ei flott boblepute hos Bekkibjarnoll, og no passa det fint med eit hekleprosjekt. Eg treng fleire puter til utemøblane på hytta, og det er kjekt med friske fargar og ulike mønstre.


Her er puta i selskap med ei pute eg har fått frå Strikkeveninna og sirkelputa som eg hekla for nokre år sidan.
Heklefakta:

Mønster: Boblepute frå Bekkibjarnoll, justerte maskeantalet i forhold til garn og putestørrelse.

Garn: Dobbel Viking Bjørk

Krok: 3,5
-Nøstet-

Read Full Post »

Kom mai, du skjønne milde og gjer skog og plen og alt rundt oss atter grønt. Gjerne irrgrønt, som denne gammaldagse retrochice blondeskåla. Skåla kan vere pynt, fruktskål eller også  ledd i aktiv barndomsminnebygging. Kven har vel ikkje sniksutta på mormors sukkerstiva skåler i fjern fortid? 

Hekla og sukkerstiva skål

Heklefakta
Mønster: Kva som helst oppskrift på heklabrikke – denne fann eg via Pinterest
Garn: Bomull Sport nr. 317 frå Gjesdal
Heklenål: 3,5
Stiving: bortimot metta sukkerlake (sjå under) og ei skål som gir brikka form

Heklet skål crochet bowl

Mange brukar tapetlim når dei skal stive, men eg ville gjere det på den tradisjonelle måten med sukker. Då kan skåla bli brikke att etter ein vask.

Det vart mykje prøving og feiling, men eg fann ut av det til slutt. Eg laga ein lake med ein del sukker til to delar vatn, dyppa brikka oppi og lèt ho tørke over ein bakebolle som var passe stor. Det var definitivt ikkje nok sukker for dette tjukke garnet, og skåla vart berre halvstiv. Då rørte eg inn sukker nok til at løysinga vart metta. Skåla vart stiv, men skjoldete av sukkeret. Dermed dyppa eg skåla kort i varmt vatn. Då vart ho slapp igjen, og eg dyppa ho på nytt i laken, som no var vatna litt ut. Det var framleis for mykje sukker, så eg måtte gjenta prosedyren. Om att og om att.

duk blir skål

Eg vart veldig nøgd med resultatet til slutt og trur eg må lage fleire sånne i ulike fargar. Skåla vart ei fin gåve saman med unikkokrus og -serviettar i gult og grønt frå Marimekko.

Og ein ny generasjon suttarar kan etterlate seg mystisk skakke skåler i stova. 

-Snella-

Read Full Post »

Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord? I år synest eg det har vore ein spesielt dyster vinter. Medan eg drøymer om grønkande lier, har eg i det minste fått inn litt sol ved å pusse opp den mørkebrune laminerte finerkommoden frå 70-åra (ikkje av den kule retrochice typen, men ein sliten, flekkete og trufast travar).

Oppussa kommode - rennande malingseffekt

Du treng:

– vaskemiddel
– svamp
– fint sandpapir
– heftgrunn
– målingskost
– tre boksar spraylakk i kvitt, gult og oransje

Det kjedelege du må gjere først:

  1. Ta av knottane og puss dei.
  2. Ta ut skuffene, vask alle flater og puss dei med sandpapir før du vaskar igjen.
  3. Mål flatene med heftgrunn slik at spraylakken får godt feste.

Det gøye etterpå:

  1. Sett skuffene på plass og spray av hjartans lyst med den kvite boksen nedanfrå og oppover så langt du vil ha det kvitt og litt til. Spray tynt på frå ca. 30 cm avstand. Det er sikkert måtar å gjere det penare på ved t.d. å spraye skuffene for seg, men så nøyaktig hadde eg ikkje behov for å vere denne gongen.
  2. Når det kvite er tørt, gå over til gul sprayboks og gjenta. Når du har definert det gule området, spray langs kanten nede med berre fem cm avstand. Beveg boksen veldig sakte (men ikkje stopp heilt opp) slik at målinga renn nedover det kvite feltet.
  3. Gjenta med oransje spray.
  4. Fest knottane att når målinga er heilt tørr. Eg trur det hadde vore veldig kult med treknottar i same farge som underlaget, men juksemessingknottane mine fekk vere med vidare denne gongen. 

Sol stig og sol sig på barnerommet no – sjølv om sommaren skulle la vente på seg.

Snella

Read Full Post »

Heimestrikka ansiktsklutar er kvardagsluksus. Raskt å strikke, og ei annleis vertinnegåve. Her er ein bukett med fire store vaskeklutar og fire små til ansiktsrens eller ansiktsvatn.

Ein bukett klutar

Alle mønstera er gratis, og eg har eg funne dei via Pinterest.

Almost lost wash cloth

Mini almost lost wash cloth

Strikkefakta for blomstene:
Mønster til stor blomsterklut: Almost lost washcloth
Mønster til liten blomsterklut: Mini almost lost washcloth
Garn: Rico baby cotton soft print dk farge 010 multicoloured og 006 denim light blue
Pinnar: 3

Leafy wash cloth stockinette

Leafy wash cloth

Strikkefakta for lauvklutane:
Mønster: Leafy washcloth – to variantar, ein med rettstrikk og ein med glattstrikk
Garn: Rico fashion pixel dk farge 006 grasgrøn
Pinnar: 3

Gratulerer med dagen, kjære søster! Håpar du likar blomsterbuketten.
Snella

 

Read Full Post »

Endeleg eit høve til å hekle min variant av den kule troféelgen Helge! Den har stått på lista lenge, og med striper er den eit perfekt restegarnsprosjekt. Elgen blir prikken over i-en på dåpsgåva til ein tysk gudson med foreldre som alltid er like skuffa kvar gong dei ikkje ser ein elg når dei er i Noreg.

*

 

Heklefakta
Mønster: Inspirert av elgen Helge hos hvadbiertenker.dk (pdf), men ca. halvparten så stor og med eigendesigna gevir, knappar til auge og nasebor, og med ei lita hempe så han kan henge på veggen.
Garn: restegarn frå lageret
Heklenål: 2,5

Her er lille-Helge klar til å trekke sørover og flytte inn på eit tysk barnerom.

IMG_3063

Snella

 

Read Full Post »

Plutselig var det 2016, og det er over eit år sidan vi publiserte forrige innlegg. 2015 viste seg å bli eit travelt år for både Snella og Nøstet, og blogging var ein av aktivitetane som måtte vike. Vi satsar på at 2016 kan prioriterast annleis og at blogging kjem høgare opp på lista.

Handarbeid blei heldigvis ikkje lagt vekk i 2015. Det blei både strikka og hekla ein heil del, og på tampen av året sneik det seg inn eit syprosjekt.


Eit av dei største prosjekta mine i 2015 var Primulapledd, eit design frå Arne og Carlos som ein finn i boka Handarbeid i hagen. Gratis oppskrift på pleddet kan du finne her.

Ei god venninne gifta seg, og det var på sin plass med ei flott bryllaupsgåve. Eg hekla pleddet i dobbel Drops Alpaca, og valgte eit stort fargespekter. Eg prøvde å sette saman fargane sånn at det ikkje skulle bli to like blomster. Og når dei skulle heklast saman prøvde eg å unngå blomstrar med lik farge ytterst ved sida av kvarandre. Om alle blei ulike er eg usikker på, men det er i allefall ikkje mange det fins to av.

Eg hekla først to omgonger på alle blomstrane, og så hekla eg dei saman på tredje omgong. Eg har latt vere å hekle halve blomster til kortsidene, og hekla kanten rundt med stavgrupper i passe avstand.

Som alltid etter eit sånt prosjekt lovar eg meg sjølv at det skal bli lenge til neste gong. Og det blei ei stund, men no er eg jammen igong med eit nytt pledd igjen. Ikkje samme type mønster, men i samme garn.
– Nøstet –

Read Full Post »

Ny adventskrans! Ferdig til første søndag i advent? Nei, det hadde vore for  mykje forlangt i vår hektiske kaosheim. Men til i dag, andre søndag i advent, er han klar, og vi tenner to lys i dag!

 

Strikka adventskrans

 

Kransen er strikka på pinne 9 i garnet Loopy creative frå Rico design. Eg la opp 60 masker og strikka glattstrikk rundt og rundt til hadde brukt to nøste. Det vart akkurat passe til å tre over ein stråkrans med diameter på 36 cm. Eg synest det ga ein fin struktur å ha vrangsida ut.

Strikka adventskrans

 

I år, med to småttisar som likar å plukke, gjer vi det på enklaste vis med fire telys. I åra framover kjem eg sikkert til å pynte kransen litt meir, og eg har kjøpt trygge lyshaldarar for andre typar lys. Kanskje blir kransen brukt som adventskalender eit år, der vi pyntar med ein ny ting kvar dag. I dag er kransen eit enkelt og lunt innslag i adventsheimen vår.

Snella

Read Full Post »

Older Posts »