Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘jul’

Neida, vi skal nyte sommaren ei god stund til håper eg. Men her om dagen kom det skriv frå klasse 5B om at dei skulle representere 1944-1953 i skulen si jubileumsforestilling. Svart tights og genser og ei raud topphue/nissehue uten kvit kant måtte vere med på skulen om ei vekes tid. Den raude topphue blei brukt til å vise motstand mot den tyske okkupasjonen under 2.verdskrig, og det er dette denne klassen skal representere. Det blir veldig spennande å sjå forestillinga. Desverre er det berre 1. og 7.klasse-foreldre som får sjansen no før sommaren, vi andre må vente til forestilling i september.

 

Raud topphue

Raud topphue

Men tilbake til hua. Juleraud Rubin fantes i garnlageret og ved hjelp av ei tidligare strikka hue fann eg ut av 100 masker var passeleg. Strikka vrangbord på pinne 3,5 og gjekk over til glattstrikk på pinne 4 etter nokre centimeter. Prøvde hua på guten innimellom og når den var lang nok felte eg kvar tiande maske. Strikka ein omgang og felte kvar niande, og så vidare til det var så få masker igjen at eg kunne snurpe resten saman. Dusken blei laga på den gode gamle måten med to ringar utklipt i papp. Eg har ein i plast ein eller annan plass, og der ligg den framleis. Dukkar nok opp ein gong, men enn så lenge fungerer det like greit med papp. Hua veg 75 gram inkl dusk og er eit prosjekt som er rimelig fort gjort.

 

– Nøstet –

Reklame

Read Full Post »

Sjalet Leftie seglar opp som ein stor favoritt både hos Snella og Nøstet. Snella har strikka to, eit i natur med grønfargar og eit i grønt med kvitt, og eg har strikka eit med rosatonar til Snella. Då det ifjor kom ei ny dame inn i familien, var det ein fin anledning til å få strikke eit til. Denne gongen valde eg å strikke i haustfargar som ville passe denne flotte dama heilt perfekt. Leftie er perfekt som prosjekt for å få brukt opp restane sine, det ligg jo òg i namnet. Eg blei ikkje nøgd med dei fargane eg fann i alpakkalageret mitt, så det blei nytt garn på meg denne gangen. Drops Alpaca har masse flotte fargar og det var ikkje vanskeleg å finne dei eg ville ha.

Leftie i haustfargar

Leftie i haustfargar

Sjalet er kjapt og kjekt å strikke. Berre eit blad til, berre eit til, og sånn fortset ein. Innimellom blada er det greit med litt rillestrikk som passar godt om ein samtidig ser ein god film. Gleder meg allereie til neste gong eg skal strikke Leftie. Kanskje eg må ha eit sjølv …

– Nøstet –

Read Full Post »

Vinden hyler rundt husnåvene, og måsane klamrar seg desperat fast i vindauget medan dei ventar på Askepott. Sjølv har eg tatt plass i sofaen med den aller siste julegåva. Den blir neppe ferdig, men innsatsen skal det iallfall ikkje stå på. Er du òg frenetisk heklande eller strikkande? Her er nokre tips til julegåver du enno kan rekke å få ferdig før sølvgutane reinsar strupen.

God jul, alle saman!

Snella– 

Read Full Post »

Det var no alle gåvene skulle vore innpakka og klare til utlevering. Det var no alle sju sortane skulle vore klar i kakeboksane. Og det var no huset skulle vore pynta sånn at julefreden kunne snike seg innover Nøsteheimen.

Sanninga er nok eit stykke unna. Rett nok har det dukka opp nokre nissar i krokane og kakemenn er baka, men så stoppar det fort. Då er det godt at det er ei heil veke igjen. Gåvene blir nok ferdig, og litt meir pynt skal dukke opp. Angåande julekaker kan det vere at det blir med kakemenn, husmorgenet svikter meg litt på det punktet.

Moon Socks

Moon Socks

Ein av gåvene som blei ferdig (seint igår kveld) er Moon Socks strikka i Nepal. Eit relativt kjapt prosjekt sidan det er strikka i dobbel Nepal, men motivasjonen var ikkje på topp når prosjektet var starta så det har tatt si tid. Sokkane syast saman midt under, og eg veit ikkje om eg fekk det heilt til. Eg trur eg får reklamere med at det er sofasokker, Nepal er vel likevel ikkje så slitesterkt. Dei blei uansett veldig tøffe, og varme er dei iallefall.

Så, no er det tilbake til julegavemekking og juleavslutningar på skule og barnehage. Du rekk nok nokre få julegåver til, ifjor la vi ut masse tips i dette innlegget.

 

– Nøstet –

Read Full Post »

Plutseleg to veker att til jul! På fredag fekk vi snø, og det blei skikkeleg julestemning. Ungane fryda seg ute i snøen med akebrett og ski. Kjekt å sjå at dei vel mor sine heimestrikka huer når det er kaldt og vått, så etter jul må eg strikke fleire. Spesielt eldstemann treng nokon litt stilige huer.

Vel, igår regna all julestemninga vekk så no må eg finne anna inspirasjon for å bli ferdig med gåvene. Ei gåve som allereie er ferdig er til barndomsveninna. Ho får perlestrikka hals og hue i grå alpakka frå Drops.

Perlestrikka hals og hue i dobbel alpakka

Perlestrikka hals og hue i dobbel alpakka. Riktig farge i bilete til venstre.

Perlestrikka hals med vri fann eg oppskrift på hos Marte Helgetun. Eg brukte dobbel alpakka på samme pinne som var anbefalt i oppskrifta. Eit veldig kjekt prosjekt å strikke, og halsen blei heilt perfekt størrelse på. For å lage eit sett leita eg etter ei hue som kunne passe. På garnstudio fann eg Mossing around. I oppskrifta står det Nepal og dobbel perlestrikk, men eg fortsatte med dobbel alpakka og enkel perlestrikk sånn at det var likt med halsen.

Hua blei òg veldig fin, men eg syns det var vanskeleg å ta eit godt bilete av den. Så får vi håpe at barndomsveninna liker det like godt som meg.

– Nøstet –

Read Full Post »

Snellefamilien er på tur i sitt kjære Førjulsberlin. Denne gongen har vi utført ein uformell test av Feuerzangenbowle (Eldtongpunsj) på ulike julemarknader. Punsjen har litt sitrussmak, og derfor likar eg god Feuerzangenbowle betre enn Glühwein. Både drikken og kultfilmen har eg skrive om i dette innlegget, og her finn du òg oppskrift.

.

Dreherfanpage - ildtangpunsj, ildtangspuns, eldtongspunsj

Panelet har bestått av Snella, Herr Fiks, svigermor og svigerfar. Fikslein har testa julekakene som blir servert til drikken.

Vi har vore på julemarknadene på Alex(anderplatz), Gendarmenmarkt, Potsdamer Platz, ved Gedächtniskirche på Ku’Damm, ved Schloss Charlottenburg og i Moabit.

Konklusjonen var samrøystes:  Den einaste plassen å få skikkeleg god og varm punsj laga på skikkeleg vis, er hos familien Dreher-Vespermann ved foten av Gedächtniskirche. Dei finaste krusa har dei òg. Dei fleste andre serverer lunka Feuerzangenbowle frå kartong. Spekulasjekakene, som alle kan forsyne seg av hos Dreher-Vespermann, fall i smak hos det vesle sjarmtrollet vårt.

Det same sjarmtrollet har dessverre sletta bileta eg tok, og då eg leita på nettet, fann eg jammen ei nettside for favorittpunsjen vår. Biletet har eg lånt frå denne sida.

tipsBerlintips: I Tyskland får du som regel skikkelege glas og krus når du kjøper drikke frå boder. For desse må du vanlegvis betale pant, som du får att når du leverer glasa/krusa tilbake.

Snella

Read Full Post »

Plutseleg var det berre tre veker igjen til jul! Kor blei dei siste vekene av? Vel, noko av tida har eg jobba, litt har eg trent, og jammen har eg ikkje strikka litt òg.

Nøstet presenterer Julegåvestrikkestatistikk for dei tre siste vekene:

Strikkestatistikk

På x-aksen er det altså datoane og på y-aksen strikketimer. Måndagar kan ein sjå at er dårlege strikkedagar. Då går det i eit med jobb, middag, lekser, trener for barneidrett (frå 18.nov), køyring av Nøsteguten til handball, og så få alle i seng litt for seint. Elles må eg sei at eg har overraskande mykje strikketid. Eg har med meg strikketøyet overalt, og nytter alle ledige stunder. I tillegg var det mykje god strikketid på hyttetur i skikkeleg uveir den 23.

Det gjeld å utnytte tida, strikk mens Snuppa bader, når det er barneidrett (og du ikkje er trener), når det er handballkamp eller trening, når det er musikkbarnehage, på hytta, når mannen skal sjå Bonanza ein søndag morgon og når samme mann jobbar overtid og  ein kan sjå Jane Austen Bookclub.

Det gjeld å utnytte tida, strikk mens Snuppa bader, når mannen skal sjå Bonanza ein søndag morgon, på hytta i uveir, når det er barneidrett (og du ikkje er trener), når det er handballkamp eller trening, når det er musikkbarnehage, og når mannen jobbar overtid og ein kan sjå Jane Austen Bookclub heilt aleine heime.

Så korleis gjekk det eigentleg med alle julegåvene du skulle strikke, Nøstet? Jaudå, månge gåver er påbegynt. To er heilt ferdig, derav oldemorsstripeteppet. Ei gåve som består av to deler er halvferdig, ein genser er ferdig strikka og skal monterast, eit par Moon Socks er ferdig strikka og må òg monterast, eit rilleteppe er 60% ferdig, eit sokkepar er 60% ferdig og eit Babybornsett er påbegynt. I tillegg skal det strikkast minst ein liten ting til. Det skal gå fint. Evig optimist når det gjeld strikkeprosjekt! Har du kontroll over julegåvene?

– Nøstet –

Read Full Post »

Slekt og vener har begynt å komme med ønskelister til jul som inneheld heimestrikka plagg av ulike slag. Heldigvis så hadde eg mange av desse ønskene på planen i utgangspunktet. Det er begrensa kor mange ekstra gåver eg kan greie å lage på ein månad!

Tidlig ein morgon kom Klumpen med nok eit gåveønske. Han hadde vore på ei nettside og funne noko fint. «Eg har skrive ned alt som stod der mamma, sånn at du kan finne det igjen seinere»

Årets julegåvetips?

Årets julegåvetips?

He, he, tanken var god, men så gode er nok ikkje detektivegenskapane mine.

Det han imidlertid får er eit deilig pledd han kan ha rundt seg når han står opp før hanen gjel og vil sjå barne-tv. Pleddet er hekla i oldemorsstriper på tjukk heklenål.

Oldemorsstripeteppe

Oldemorsstripeteppe

Eg samla saman alt eg fann av blått, grått, svart og kvitt i Nepal og babyulltjukkelse. Babyull og liknande la eg dobbelt. Stripene varierer frå ei til tre av samme farge, så tilfeldig som eg greide. Nokon ga seg sjølv sidan det var både små og større restenøster. Dette blei eit kjempekjekt prosjekt. Mange av stripene fekk meg til å huske gamle prosjekt, blant anna er det ein del garn frå den blå nissefamilien, nokre av nøsta var frå garnet eg arva etter mamma og eit par nøster bytta eg til meg frå strikkeveninna.

Så får vi håpe at det fell i smak.

 

– Nøstet –

Read Full Post »

Eller 35 dagar om du vil. Til jul altså. Og no skulle eg sjølvsagt presentert nokre fine julegåver som eg har klare. Men den gong ei. For dei få dagane eg har vore heime på dagtid dei siste vekene har både den eine og den andre stormen vore innom, og vestlandet har i tillegg blitt vaska skinnande reint. Ikkje mykje fotoveir altså. Men det går rykter om sol seinare i veka, så då blir det kanskje ei råd med det.

Men om eg ikkje har noko heilt nytt å vise fram, kan eg vise fram ei hue eg strikka her tidligare i haust. Nemleg Dobbeltribbtoddlerhua. Den fann eg på bloggen Ribbestrikk og mer. På den samme bloggen finn du oppskrift på Nonstoptop som sikkert mange kjenner til. Den har eg på strikkelista mi. Lurer på om nokon kan ha lyst på ein slik?

Dobbeltribbtoddlerhue

Dobbeltribbtoddlerhue

Men altså, mottaker til Dobbeltribbtoddlerhua var Fikslein. Den er strikka i Juvelrestar som låg i garnlageret. Veldig enkelt og greit mønster, og ei tett og god hue. Har du lyst til å gjere meir ut av den, fins det ein versjon med fletter.

Så, no var det rett tilbake til julegåvestrikk!

– Nøstet –

Read Full Post »

Julegåveplanane er mange, og nokre dagar endrar dei seg fleire gongar. Det er godt det framleis er litt tid igjen.

Bellatunikaen tippar eg at det er mange små skjønne jenter som finn under treet i år. Heftene frå Lene Holme Samsøe, Baby- og børnestrik på pinde 3 og 3 1/2 – 4 har mange variantar av Bella. Ein kan velge mellom teppe, tunika, jakke, kjole eller topp. I heftene er det òg mange andre fine julegåvetips.

Snella strikka Bellakjole frå heftet med tynnare pinnar, mens eg har strikka tunika frå heftet for tjukkare pinnar. Tunikaen er allereie tatt i bruk av Snuppa mi, så her i huset blir det ikkje julegåve.

Bellatunika

Bellatunika

Tunikaen har eg strikka i Sandnes Duett, det samme garnet som eg brukte til huene med vri eg strikka i forrige veke og til puta i vevstrikk som var ei av julegåvene ifjor. Garnet var ei gåve frå strikkeveninna som var innom lagerutsalget til Sandnesgarn ifjor. Eg har framleis nokre få nøster igjen, og sidan lilla er ein av favorittfargane både til mor og dotter skal det nok bli ei råd å få brukt dei opp.

– Nøstet –

Read Full Post »

Older Posts »