Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘julegåver’

Er du godt igong med julegåvene? Begynt å stresse litt allereie? Fortvil ikkje, her er eit godt tips! Er det noko alle treng, så er det ein god og varm hals.

img_0108

Strikkefakta:

Mønster: Perlestrikket lang hals med snurr av Marte Helgetun – gratisoppskrift

Garn: Sandnes Mini Alpakka Tweed, farge grå, dobbelt garn

Pinne: 5,5 mm

Garnmengde: 191 gram

Finn nokre nøster mjukt garn i rett tjukkelse og strikk perlestrikk så lenge du har garn og tid. Har du tjukkere garn blir det ein grovare struktur og det går fortere å strikke. Marte Helgetun har fleire gratisoppskrifter på halsar med ulik struktur og garntypar, så ein kan finne noko for ein kvar smak.

 

Sånn, då er det berre å sette igong!

 

Nøstet-

 

 

Reklame

Read Full Post »

Nokon gongar startar prosjektet med at ein finn eit mønster ein berre MÅ prøve. Andre gongar, som i dette tilfelle, var det garnet som lokka. Oftare og oftare kom eg over fine ord om Shetland Soft, og når haustgarderoben til Snuppa skulle planleggast fann eg ut at det var på tide å teste ut dette garnet. Inne på nettbutikken til Malsen og Mor blei eg overrumpla over alle dei flotte fargane! Kva skulle eg velge? Første plan var å strikke prikkejakke frå Lene Holme Samsøe, eg hadde lilla Nøstebarngarn som eg tenkte eg kunne bruke til kantfarge og grønt til prikkar. Kanskje oransje til bunnfarge? Jau, den såg flott ut. Men så var det jo så mange andre fargar. Den turkise var skikkeleg flott (og nevøen skal jo ha julegåve), og når eg såg mønster på Lommegenser havna både mønster og garn i handlekorga på eit blunk. Kort tid etter låg det i postkassa.

 

Lommegenser

Lommegenser til nevøen

Lommegenser, turkis og brunt tok eg med meg på ferie i sommar. Sjølv om garnet var seigt og klissete og det lukta sauefjøs, så var lommegenseren eit veldig kjekt prosjekt som gjekk superkjapt å strikke. Så kjekt var det at når eg kom heim og fann ut at det nydelege oransje garnet ikkje passa med det grøne til prikkar, heiv eg meg rundt og strikka ein lommegenser til.

 

Lommegenser

Lommegenser til Snuppa

Men så skjedde det som av og til ofte skjer. Det blir kjekkere å starte på eit nytt prosjekt enn å fullføre det gamle. Så dei to lommegensarane blei liggande med lause trådender og framleis stive og klissete. Lenge. Heilt til i forrige veke då det plutseleg blei så kaldt at det måtte tjukkare gensere med i barnehagen. Ein liten time med trådfesting, ei runde i vaskemaskina med Milo og vips var to deilige, mjuke gensere klare for bruk.

No har eg høyrt at Shetland Soft blir solgt ferdig vaska, så det blir nok fleire bestillingar etterkvart!

 

– Nøstet –

Read Full Post »

Det er haust i lufta, og då kriblar det ekstra mykje i strikkepinnane! Samstundes flaumar det over av inspirasjon, både på bloggar, instagram og i nye bøker. I tillegg har eg alltid ei liste liggande over plagg eg har lyst til å strikke.

For ungane treng jo varme kle til skule og barnehage, det er alltids kjekt med ei ny hue eller tre, og skal ein gje strikka julegåver kan det vere kjekt å komme igang tidleg.

Allereie i sommar kom eg igong med haustplagga. Ja, det blei fleirtal. Det var masse kjekke prosjekt å starte på, og ingenting som hasta å gjere ferdig.

 

UFO-haug

UFO-haug

Så no sit eg med denne haugen av UFO-ar. Frå botnen kan eg presentere Mariushettejakke str 10-12 år, må klippast opp, sy på ermer, strikke hette og kant og montere glidelås. Nr 2 er nok ei Mariushettejakke, denne i str 8-10 år, og samme arbeid gjenstår. Vidare ligg det ein lommegensar som manglar halskant og montering. Neste plagg er også ein lommegensar som er ferdig strikka, og berre manglar trådfest. Nedst øvst ligg ein tunika til meg sjølv som eg starta på den helga Fikslein blei døypt for eit par år sidan, den blei tatt fram igjen denne helga. Og øvst ligg ei snoningstrøje som manglar knappar. Mottakaren blei fødd i forrige veke, så den må prioriterast.

 

Heldigvis har forfattarane vore meir kreative med innhaldet enn titlane på bøkene.

Heldigvis har forfattarane vore meir kreative med innhaldet enn titlane på bøkene.

Men som alltid fristar det meir å sette igong med eit nytt prosjekt. Nokre nye bøker har det blitt, og strikkelista auka betrakteleg etter å ha bladd litt. Den nye Nøstebarnboka kjem nok til å bli ein klassikar som den forrige, Charlott Pettersen si bok «Strikk til mamma og mini» var ei god investering, i «Strik til banditter» av Signe Strømgaard har Snuppa plukka ut eit par tunikaer som står på ønskelista og i Marte Helgetun si bok er det mange fine idèar til plagg eg kan strikke til dei små eg kjenner.

 

Hos Paelas fristar Flora-toppen og huene til Klompelompe kan passe til dei fleste små hovud. Og så har sjølvsagt dei store garnprodusentane komme med nye mønster og nokre òg med nye spennande garntypar. Det er berre å velge og vrake i mønster og garn!

 

Kor finn du inspirasjon for tida?

 

– Nøstet –

 

 

Read Full Post »

Sjalet Leftie seglar opp som ein stor favoritt både hos Snella og Nøstet. Snella har strikka to, eit i natur med grønfargar og eit i grønt med kvitt, og eg har strikka eit med rosatonar til Snella. Då det ifjor kom ei ny dame inn i familien, var det ein fin anledning til å få strikke eit til. Denne gongen valde eg å strikke i haustfargar som ville passe denne flotte dama heilt perfekt. Leftie er perfekt som prosjekt for å få brukt opp restane sine, det ligg jo òg i namnet. Eg blei ikkje nøgd med dei fargane eg fann i alpakkalageret mitt, så det blei nytt garn på meg denne gangen. Drops Alpaca har masse flotte fargar og det var ikkje vanskeleg å finne dei eg ville ha.

Leftie i haustfargar

Leftie i haustfargar

Sjalet er kjapt og kjekt å strikke. Berre eit blad til, berre eit til, og sånn fortset ein. Innimellom blada er det greit med litt rillestrikk som passar godt om ein samtidig ser ein god film. Gleder meg allereie til neste gong eg skal strikke Leftie. Kanskje eg må ha eit sjølv …

– Nøstet –

Read Full Post »

Jammen er det ikkje allereie ein månad sidan julafta. Som eg har nevnt tidligare var det ikkje alle julegåvene som blei ferdig i tide, men nokon fekk heimestrikka gåver som dei kunne opne på sjølve julekvelden.

Hekleveninna fekk kjærasten frå det store utland på besøk i jula, så eg syns han måtte få ei heilnorsk gåve. Ei Mariushue er kjapp å strikke og passar dei fleste. Eg strikka den i svart og grå Smart og brukte oppskrifta frå Mariusboka. Hua blei baggy og det syns eg ikkje passa denne karen. Så eg tok opp igjen og begynte fellingane nokre cm før, sånn at det blei ei meir klassisk hue.

Mariushue

Mariushue

Eine fadderguten fekk gensaren Jonathan frå Garnstudio,  strikka i deilig Nepal. Eg likar ikkje Garnstudio sin metode på vrangbord som har større maskeantall enn resten av genseren, så eg gjorde det på min måte. Eg la opp det maskeantallet som stod ein skulle felle til etter vrangborda, og så strikka eg to rett, to vrang i passe lengde. Når eg skifta farge i vrangborda strikka eg den første omgangen med ny farge berre med rettmasker, då blir overgangen finare. Hempa fann eg i knappelageret. Det er kjekt alt som kan brukast.

Jonathan

Jonathan

Bileta blei tatt i hurten og styrten før presangane skulle pakkast inn, så kvaliteten blei ikkje sjekka før gåvene var levert. Fotokurs bør kanskje stå på gåveønska for 2014…

God strikkehelg frå

 Nøstet –

Read Full Post »

Plutseleg var det 2014, men eg er framleis på strikkelista for 2013. Ambisjonane før jul var som vanleg alt for høge. Eg såg kjapt at eg ikkje rakk raggsokkar til den yngste broren min (som eg har lova at eg skal forsyne han med jevnleg). Så han fekk eit gåvekort på sokkar og fekk innløyst gåvekortet tidleg i romjula.

Raggsokkar

Raggsokkar

Som ein kan sjå feilberegna eg mengda garn, men sidan dette er arbeidssokkar spelar det lita rolle. Og det blir så mykje ryddigare i garnkassa når den eine fargen blir brukt heilt opp før ein startar på den neste.

I forrige veke leverte eg ut den siste julepresangen. Niesa var vekkreist i jula og skulle få presangen i romjula, men ikkje eingong den fristen greide eg å halde. Uansett var gleda stor då ho fekk pakke opp litt uti januar.

Babyborn dukkekle

Babyborn dukkekle i Viking Bjørk

Oppskrifta fann eg i Allers Høststrikk 2013. Eg har strikka i Viking Bjørk som eg har masse av, det var visst eit lite sal på den lokale Husfliden ifjor. Eg blei ikkje så veldig imponert av garnet, så det kan vere at det blir mykje dukkekle i desse fargane framover.

I tillegg til dukkekle fekk niesa sengetøy til dukkevogna si. Eg sydde med det samme uglestoffet som Snuppa fekk til si dukkevogn ifjor.

No strikkar og syr eg vidare på 2013-lista. Snella får snart ei forsinka bursdagsgåve i posten, og saman med den kjem det nok samtidig ei forsinka dåpsgåve til den minste Snelleguten. Men SÅ er eg klar for 2014!

Godt nytt år alle saman!

Nøstet –

Read Full Post »

Då er vi heilt på tampen av året. Det blir ikkje fleire ferdige prosjekt i år, men planane er mange for 2014.

Og 2013 må seiast å ha vore eit flott år strikkemessig! I løpet av året har eg strikka og hekla tilsammen 58 prosjekt og brukt 11672 gram garn som tilsvarer 30609 meter. Det blir jammen ein del masker!

Mykje har vore gåver, både til bursdagar og jul. Utenom det er det nok Snuppa som har stukke av med flest plagg.

Det strikkaplagget som var kjekkast å strikke og kanskje det eg generelt er mest fornøgd med er festdrakta til Snuppa.

Festdrakt

Festdrakt

Den blei om mulig enda finere enn eg hadde tenkt, og Snuppa strålte heile dagen. Eg har laga den sånn at eg kan strikke på den litt om den treng det for at ho kan bruke den fleire år.

På ein god og delt andreplass kjem Mariusdressane eg strikka til Fikslein og Nevøen. Eg lurer på å strikke ein til Snuppa iløpet av 2014.

Mariusdresser med rundfelling

Mariusdresser med rundfelling

Dei største prosjekta dette året er restegarnteppa eg har strikka og hekla til Nøsteguten og Klumpen. Desse fekk dei til jul. Eg rakk desverre ikkje å lage eit til Snuppa, det står òg på prosjektlista for 2014. Teppet til Klumpen er hekla i oldemorsstriper i tjukke garntyper, type Nepal og Fritidsgarn. Teppet til Nøsteguten er rillestrikka, og der har eg brukt babyullgarn av ulike typer og strikka med dobbelt garn.

Restegarntepper

Restegarntepper

Med desse teppa fekk eg brukt opp masse restegarn og rydda litt i dei einslege nøsta som var i lageret. Men eg har framleis mykje garn igjen. Igår fekk eg rydda litt mens Nøstemannen tok seg ein tur på pub med kompisen. Alt garnet blei henta fram i stova og sortert etter beste evne. Lageret har gått frå 51671 til 46784 gram iløpet av året. 4887 gram er nesten 98 nøster garn, og så masse har altså garnlageret krympa. Men som sagt har eg over 46 kg garn eg kan kose meg med framleis. Og treng eg meir er den lokale Strikkebutikken berre ein liten spasertur unna.

Masse deilig garn

Masse deilig garn

og enda litt meir garn

og enda litt meir garn

Eg ynskjer deg eit riktig godt nytt strikkeår!

– Nøstet –

Read Full Post »

Vinden hyler rundt husnåvene, og måsane klamrar seg desperat fast i vindauget medan dei ventar på Askepott. Sjølv har eg tatt plass i sofaen med den aller siste julegåva. Den blir neppe ferdig, men innsatsen skal det iallfall ikkje stå på. Er du òg frenetisk heklande eller strikkande? Her er nokre tips til julegåver du enno kan rekke å få ferdig før sølvgutane reinsar strupen.

God jul, alle saman!

Snella– 

Read Full Post »

Det var no alle gåvene skulle vore innpakka og klare til utlevering. Det var no alle sju sortane skulle vore klar i kakeboksane. Og det var no huset skulle vore pynta sånn at julefreden kunne snike seg innover Nøsteheimen.

Sanninga er nok eit stykke unna. Rett nok har det dukka opp nokre nissar i krokane og kakemenn er baka, men så stoppar det fort. Då er det godt at det er ei heil veke igjen. Gåvene blir nok ferdig, og litt meir pynt skal dukke opp. Angåande julekaker kan det vere at det blir med kakemenn, husmorgenet svikter meg litt på det punktet.

Moon Socks

Moon Socks

Ein av gåvene som blei ferdig (seint igår kveld) er Moon Socks strikka i Nepal. Eit relativt kjapt prosjekt sidan det er strikka i dobbel Nepal, men motivasjonen var ikkje på topp når prosjektet var starta så det har tatt si tid. Sokkane syast saman midt under, og eg veit ikkje om eg fekk det heilt til. Eg trur eg får reklamere med at det er sofasokker, Nepal er vel likevel ikkje så slitesterkt. Dei blei uansett veldig tøffe, og varme er dei iallefall.

Så, no er det tilbake til julegavemekking og juleavslutningar på skule og barnehage. Du rekk nok nokre få julegåver til, ifjor la vi ut masse tips i dette innlegget.

 

– Nøstet –

Read Full Post »

– Eg må ha ein mariusgensar slik at eg passar inn både her i Noreg og på hipsterbarane i Berlin. «Norwegermuster» er jo berre SÅ kult, sa den tyske veninna mi.

Gensar har eg ikkje kapasitet til å strikke før jul, men mariustrekk til vinkartongen skal ho få. Lekkert? Neppe, men litt koseleg er det jo. Og ho kjem til å le seg skvett når ho opnar gåva, for ho er rysta over prisane på vin her i landet og held seg mest til kartongar.

*

Mariustrekk til vinkartong

*

Det har gått litt inflasjon i marius i det siste, synest eg, men vi får visst ikkje nok. Eg har t.d. aldri hatt så mange hyggelege strikkesamtalar som då Fikslein sprang rundt på Gardermoen i sin skjønne, grøne mariusdress sist helg.

Og så får ein jo òg tak i matchande krus. Perfekt til gløgg eller eldtongpunsj/feuerzangenbowle.

Mønsteret til vinkartongtrekket står i Mariusboka, som ofte er på tilbod til kr. 99. Eit godt kjøp!

-Snella-

Read Full Post »

Older Posts »