Takk for i går, kjende og ukjende strikkevener som var på Strikkeprosalong i Oslo i går eller skulle ønske de var der.
Eg hadde tenkt å skrive ei lita oppsummering i dag, men det har sjølvaste Pinneguri allereie gjort på fortreffeleg vis. Ho har notert mykje av det same som eg (og jammen er eg ikkje blitt linselus også), så då kan eg jo supplere med eigne tankar.
Arve Juritzen frå Juritzen forlag er ein dyktig forretningsmann som tydeleg var ute etter å lære noko om den kjøpesterke marknaden sin. Han sjarmerte oss med kommentarar som «På 1800-tallet var det menn som strikket. Så tok damene over, og det ble farger og mønster og fint.» Juritzen stilte nokre spørsmål til salen, og eg hjelper han gjerne. Sidan eg ikkje fekk ordet, presenterer eg hermed eit fiktivt intervju:
Juritzen: Hvorfor kjøper du strikkebøker?
Snella: Eg kjøper mønster på Internett, nyt inspirasjonen og bruker gratisoppskrifter. Likevel kjøper eg strikkebøker.
Eg kjøper først og fremst fordi ei bok borgar for kvalitet. I vår tid når kven som helst kan publisere kva som helst, set eg pris på produkt eg veit er gjennomarbeidde og grundig tygde. Det er eit hav av tekst der ute, og kvaliteten varierer enormt. Då er det godt å plukke opp ei god gammaldags bok som eg veit har vore gjennom redigering, og er vurdert, knadd og omarbeidd til ho er funnen verdig å bli foreviga på papir.
Juritzen: Har du strikkebøker hjemme som du ikke har brukt?
Snella: Kva er å ikkje bruke? Har eg bøker eg ikkje har brukt oppskriftene i? Åja! Eg har enno ikkje strikka noko frå yndlingsboka mi, Literary knits, men eg har jo brukt boka likevel. I timesvis har eg kosa meg med bileta og tekstane og blitt inspirert, mellom anna til å lage sjiraffvottane.
Juritzen: Om du har ein idé til strikkebok, må du kunne summere opp temaet i én setning. Hvilken bok vil du selge meg?
Snella: Eg drøymer ikkje om å lage mønster til ei strikkebok, men eg vil gjerne skrive historiene og spinne draumar til bøkene «Strikk art deco» (kanskje Miss Lemon-toppen min kan vere med?) og «Downton Abbey – ladystrikk». I den siste kan dei fine hekla blondehanskane inngå.
Også dei imponerande Pickles-jentene deltok på Prosalongen. Dei uttalte seg nøkternt og tilbakelent utan å selje seg inn for hardt. Dei hadde interessante observasjonar som at det no gir status å ha tid og vise det, til dømes ved å strikke. Folk i dag er rastlause og travle og må fylle tida, og så lenge vi strikkar samtidig, kan vi gjerne sjå på tv.
Det er meg i eit nøtteskal! Og Pickles er topp! Vi har brukt fleire av mønstra deira, mellom anna islandsk soloppgangssjal, tøysetopp og babyteppe.
Nokon nemnde at strikkeinteressa kan henge saman med at vi higar etter noko terapeutisk. For meg vart det bokstaveleg då Juritzen lodda ut den populære boka «Guttestrikk» av Charlott Pettersen. Dama framfor meg vann. Ho viste seg å vere strikketerapeut frå Holtet, hadde sjølv ein 18-åring og håpa det vart ei stund til det kom barnebarn, så ho ga boka til meg. Det var fantastisk hyggeleg gjort, og eg garanterer at dei to pjokkane mine skal få nyte godt av boka! Tusen takk!
Takk til NFF for eit godt initiativ! Det var min første kveld utanfor huset sidan minstemann kom til verda, og eg håpar det blir skapt fleire slike møtestadar.
–Snella–
Read Full Post »