Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘Nøstebarn’

Det er haust i lufta, og då kriblar det ekstra mykje i strikkepinnane! Samstundes flaumar det over av inspirasjon, både på bloggar, instagram og i nye bøker. I tillegg har eg alltid ei liste liggande over plagg eg har lyst til å strikke.

For ungane treng jo varme kle til skule og barnehage, det er alltids kjekt med ei ny hue eller tre, og skal ein gje strikka julegåver kan det vere kjekt å komme igang tidleg.

Allereie i sommar kom eg igong med haustplagga. Ja, det blei fleirtal. Det var masse kjekke prosjekt å starte på, og ingenting som hasta å gjere ferdig.

 

UFO-haug

UFO-haug

Så no sit eg med denne haugen av UFO-ar. Frå botnen kan eg presentere Mariushettejakke str 10-12 år, må klippast opp, sy på ermer, strikke hette og kant og montere glidelås. Nr 2 er nok ei Mariushettejakke, denne i str 8-10 år, og samme arbeid gjenstår. Vidare ligg det ein lommegensar som manglar halskant og montering. Neste plagg er også ein lommegensar som er ferdig strikka, og berre manglar trådfest. Nedst øvst ligg ein tunika til meg sjølv som eg starta på den helga Fikslein blei døypt for eit par år sidan, den blei tatt fram igjen denne helga. Og øvst ligg ei snoningstrøje som manglar knappar. Mottakaren blei fødd i forrige veke, så den må prioriterast.

 

Heldigvis har forfattarane vore meir kreative med innhaldet enn titlane på bøkene.

Heldigvis har forfattarane vore meir kreative med innhaldet enn titlane på bøkene.

Men som alltid fristar det meir å sette igong med eit nytt prosjekt. Nokre nye bøker har det blitt, og strikkelista auka betrakteleg etter å ha bladd litt. Den nye Nøstebarnboka kjem nok til å bli ein klassikar som den forrige, Charlott Pettersen si bok «Strikk til mamma og mini» var ei god investering, i «Strik til banditter» av Signe Strømgaard har Snuppa plukka ut eit par tunikaer som står på ønskelista og i Marte Helgetun si bok er det mange fine idèar til plagg eg kan strikke til dei små eg kjenner.

 

Hos Paelas fristar Flora-toppen og huene til Klompelompe kan passe til dei fleste små hovud. Og så har sjølvsagt dei store garnprodusentane komme med nye mønster og nokre òg med nye spennande garntypar. Det er berre å velge og vrake i mønster og garn!

 

Kor finn du inspirasjon for tida?

 

– Nøstet –

 

 

Advertisements

Read Full Post »

Endeleg fekk eg avgårde ein liten pakke til Snellegutane. Inni den låg blant anna ribbebukse til Fikslein. Ei heilt enkel ribbebukse i enkel 2-tråds Nøstebarngarn, som er heilt perfekt under regntøy eller berre som kosebukse no som hausten startar. Sidan oppskrift på ribbebukse enten er i 3-trådsgarn, som eg tidligare har strikka til Snuppa,  eller anna tjukkere garn, blei det utrekningsmetoden for å finne ut kor mange masker eg skulle legge opp. Eg målte Fikslein rundt livet, målte på ei vrangbord kor mange masker eg trengte for 10 cm og fann ut kor mange det måtte bli for å passe med litt margin. Så følgte eg lengda på buksa i 3-trådsgarn, og felte inn sånn passe nedover beina.

Ribbebukse i 2-tråds Nøstebarngarn

Ribbebukse i 2-tråds Nøstebarngarn

Rapporten frå Snella seier at buksa passa perfekt og at den allereie er tatt i bruk, saman med Kattegenseren som eg strikka tidligare i år.

– Nøstet –

Read Full Post »

Snella sin Fikslein skal begynne i barnehage til hausten, og tante Nøstet har tatt på seg oppgåva å strikke litt barnehagekle.

Første plagg på planen var vest. Eg har fått melding om at Nøstebarnvesten Fikslein fekk til jul, har vore mykje brukt, så det er klart at han må få ein ny han kan ha i barnehagen. Vesten er strikka i Merino Extra Fine, og eg bestemte meg for å bruke det garnet eg hadde i garnlageret. Oppskrifta er ganske lik Nøstebarn si, men denne fann eg i Lene Holme Samsøe sitt hefte «Babystrik på pinde 3». Vesten endte opp med blå bakside sidan det plutselig var slutt på det brune garnet. Eg er normalt veldig opptatt av symmetri, men etter ei kort stund syns eg vesten blei ganske stilig med den blå baksida.

Viggo Vest frå Babystrik på pinde 3

Viggo Vest frå Babystrik på pinde 3

Neste prosjekt ut var Kattegenser frå Nøstebarnboka. Eg begynte på den då vi var på tur til Berlin, og har strikka på den litt innimellom andre prosjekt. Genseren er strikka i 2-tråds Nøstebarngarn, så det er ein tynn deilig genser som blir god under regntøy og leikedress når det ikkje er altfor kaldt.

Kattegenser

Kattegenser

Eg har strikka både bolen og ermane litt lengre enn i oppskrifta og har i tillegg lagt til vrangbord nederst. Då sklir den ikkje så lett opp når små tassar skal bøye seg i leiken. Det må nok etterkvart strikkast ei ribbukse som matchar. Nøstebarngarn og oppskrifter er favorittar som eg har strikka mykje av.

Kattar på rad og rekke

Kattar på rad og rekke

Nøstet –

Read Full Post »

Tidleg i haust strikka eg ribbegenser i Nøstebarngarn til Snuppa. Planen var å strikke buksa med det samme, men etter ein vridd rett og ein vrang ein heil genser var det andre prosjekt som frista meir. Og sidan ho allereie hadde ein Nøstebarndress til å ha i barnehagen, blei bukseprosjektet lagt på vent. Men så var det påtide å ta seg saman og få buksa strikka.

Ribbebukse

Ribbebukse

Ein vridd rett og ein vrang var ikkje noko kjekkare å strikke på buksa heller, men med eit så flott resultat så kan det vere eg hiv meg på ei til om ei stund!

Klar for kaldt veir!

Klar for kaldt veir!

Nøstebarnkle er og blir ein favoritt!

Nøstet –

Read Full Post »

Vest er eit veldig praktisk plagg til dei små. God og varm, og armane kan bevegast uten at noko strammar. Det fins mange flotte oppskrifter på vestar, og eg likar å prøve fleire. Tidlegare har eg blant anna strikka Viggo og singlet frå Lene Holme Samsøe. Uglevest er òg populært. Til jul strikka eg Nøstebarnvest til Snella sin Fikslein.

Nøstebarnvest

Nøstebarnvest

Dette var eit kjapt prosjekt som brukte lite garn. Vesten er strikka i ein del og sydd saman i sidene. Ein så enkel vest tåler litt sprek fasong på knappane, så ein kjapp tur innom knappelageret endte med stjerner.

– Nøstet – 

Read Full Post »

Trur ikkje eg blir det. Ikkje enda iallefall. Dette er vel den femte dressen eg har strikka og skulle eigentleg vere til Nevøen. Men sidan han veks raskere enn eg hadde planlagt var den allereie alt for liten når ullsesongen starta. Sidan det blant familie og vener er fødd fire gutar i år er det ikkje noko problem å finne mottaker. Så denne blir med meg til Bergen i helga og skal vere gåve til ein liten Oliver.

Nøstebarndress

Nøstebarndress

Nøstebarndressen er som vanleg strikka i originalgarnet, dobbelt tråd med 2-tråds Merinoull frå Nøstebarn.

 

– Nøstet –

Read Full Post »

Allerede i januar var eg igang med å planlegge haustgarderoba til ungane. Når eg var innom Nøstebarn såg eg eit nydeleg sett i Nøstestrikk med ribbegenser og ribbebukse i 3-tråds garn. Settet i heftet var i blått og grått, men det ville nok ikkje Snuppa ha godkjent. Eg bytta ut blått med raudt og håpa at det skulle gå bra.

RIbbegenser i 3-trådsgarn

RIbbegenser i 3-trådsgarn

Når eg har strikka ribb før har eg alltid strikka vanleg rett og vrang. I denne oppskrifta skulle det vere vridd rett og vrang. Resultatet blei mykje finare enn om det hadde vore strikka med vanleg rettmaske.

Ein vridd rett og ein vrang

Ein vridd rett og ein vrang

Genseren er strikka i str 4/5. Den blei litt lang, men det er kjekt at den kan vare ei stund. Den blei tatt i bruk umiddelbart og eg må berre hive meg rundt og strikke buksa som høyrer til.

– Nøstet –

Read Full Post »

Older Posts »