Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘påske’

Eit mønster i eit amerikansk magasin. Ei tante med åkle på veggen. Eit djupdykk i garnlageret. Ein idé. Tante Marit må få ei varm ullpute som passar i interiøret, i påskegåve. God påske, alle kjære lesarar!

Påskeegg på åklehekla pute

Heklefakta | Mønster: Bargello pillow av Margret Willson frå Crochet World Magazine (oktober 2016) Garn: frå lageret; Mor Aase i naturkvitt, raud Kidsilk frå Drops, opprekt raudt arvegarn, arva Triplex frå Bogerud i grønt Heklenål: 3,5

Dei skjønne påskeegga er frå Kaffebrenneriet.

IMG_5895

Bakstykket er hekla i Mor Aase etter same mønster som det hekla helseteppet.

Godkjent åklehekl? Dette mønsteret var iallfall artig å hekle. Eg trur ganske sikkert eg blir inspirert av det igjen.

Snella

Reklame

Read Full Post »

God påske


Vi håper alle saman har ei flott påske! Snella har sett kursen sørover for å kjenne på sommarvarmen, mens Nøstet nyt late dagar på hytta ved sjøen! 

  

Snella og Nøstet –

Read Full Post »

Påska 2013 blei tilbragt på hytta i eit fantastisk påskeveir. Strålande sol og lite vind gjorde solkroken varm nok til å sitte ute og nyte solstrålande. Og når ein sit ute og koser seg er det kjekt å ha noko å drive med. Litt kryssord, litt krim og litt strikking.

Påskeidyll

Påskeidyll

Påskeprosjektet blei Tøysetopp frå Pickles. Eg kjøpte den første Picklesboka like før påske og hadde først planer om høstvest, men den får eg ta seinare. I bomullsboksen fann eg nemleg masse Paris og noko anna tilsvarande bomullsgarn eg hadde kjøpt inn for å strikke klutar av. Etterkvart er eg blitt meir glad i tynnare klutar, så Parisgarnet har blitt liggande. No passa det utmerka at det låg i lageret. Ein 4-åring toler masse fargar, så eg tok alle som passa ilag. Sidan eg strikker rimeleg stramt og 4-åringen veks i rekordfart for tida, satsa eg på str 6 år. Ein sånn vest kan fint brukast utanpå ullgenser når hausten kjem. Oppskrifta i str 6 år finn du faktisk gratis på Pickles sine nettsider.

Tøysetopp frå Pickles

Tøysetopp frå Pickles

Åååååh mamma, du er verdas beste som strikker så mykje fint til meg, var kommentaren eg fekk når eg visste ho den ferdige toppen. Ikkje vanskeleg å begynne på nok eit prosjekt til Snuppa etter den kommentaren, så vips var det noko nytt på pinnane.

Nøstet –

Read Full Post »

Påske i snelleheimen

Snella

Read Full Post »

Det har vore ein lang vinter, og tre gode kollegaer fortente ei lita helsing før ferien. Eg surfar på ei god brukerestegarnbølge for tida, og denne gongen var det mellom anna sjokkoransje og vårgrønt som fekk vere med – to nøste eg verken kan hugse eller begripe at eg har kjøpt nokon gong. Men til hekla påskekyllingar etter denne oppskrifta var dei perfekte!

˜*

Tre hekla påskekameratar

Tre hekla påskekameratar

*

Her er det mange ulike typar garn, og alle var ulikt tjukke. Likevel brukte eg berre heklenål 3,5. Dermed fekk kyllingane ulik storleik, og til dels ulik form. For at kyllingane skulle kunne sitte betre hadde eg litt ris i botnen før eg fylte resten med fyllvatt.

Litt pussige ser dei ut, men eg synest dei er søte, og det gjorde mottakarane òg. Kollegaen som fann den oransje på kontoret sitt, syntest det var ein glitrande påskeidé å hekle ei kyllingappelsin.

Ein kylling er hekla på ein liten kveld og blir ei hyggeleg vertinnegåve å ha med i påskeselskapet.

Snella

Read Full Post »

Kven kan vel motså desse sussebussenusselege kanintøflane til baby?

Påsketøflar til baby

.

Eg skulle berre myse litt på nett, og så sprang desse påsketøflane mot meg. Perfekt restegarnprosjekt og påskegåve til den vesle kusina – mellom anna med ein rest frå babyteppet med havskummønster ho fekk då ho var fødd. Fram frå restekorga trekte eg òg eit påbegynt nøste i lys beige PT 5-garn og resten av den kvite KidSilken frå bryllaupscapen. Strikkepinne 3,5 passa til garna, og sidan både pinnar og garn blei tjukkare enn i oppskrifta, strikka eg ein storleik mindre enn kusina treng. Sokkar og tøflar glir jo alltid av, så eg sette i knytesnorer og testa resultatet på min eigen, aktive krabat.

.

Kanintøflar til baby

Harpustøflar i aksjon

.

Eitt av 25 bilete kunne brukast, og solid brukartesting viser at tøflane sit godt på!

.

Atte mamma, kan eg ete tøflane no?

Atte mamma, kan eg ete tøflane no?

Snella

Read Full Post »

Endeleg er påska her. Sjølv om Nøstefamilien skal på herr Nøstet si familiehytte ein del av påska, har vi pynta litt i heimen. Med små ungar blir det produsert ein del påskepynt på skule og i barnehage, og dette må sjølvsagt settast fram.

Påskestemning

Laurdag kom Nøstemannen heim med gule tulipanar etter at han hadde vore på hyttetomta. Ja, det er ikkje kvar veke han tar med blomar heim, men desto hyggelegare når det skjer. Og han veit at tulipanar er ein av favorittane.

Gule tulipanar

Tulipanane får stå på salongbordet. Under vasen ligg påskeløparen som eg laga på eit vevkurs eg var med på ein gong. Kjempekjekt kurs der det blei laga mange produkt, men denne er vel den einaste eg med stolthet vise fram.

Håpar alle får ei triveleg påske!

 

Nøstet –

Read Full Post »