Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘saum’

Etter at vi bygde hytte brukar vi dei fleste helgane der. Denne helga er vi derimot heime, og den må difor nyttast godt til å få gjort alle ærend vi ikkje rekk etter jobb. Idag stod det oppgrading av skogarderoba til ungane på planen. Med godt mot traska vi innom dei to skobutikkane som fins i byen for å finne joggesko og tøysko. Det skulle vise seg at det hadde vore mange før oss på samme ærend, så utvalet var skuffande. Til gutane fann eg tilslutt det eg var ute etter, men til Snuppa fantes det ikkje eit einaste par å oppdrive. Som ein siste utveg tok eg fram desse brune tøyskoa frå «gutehylla» på butikken.

ÆSJ! GUTESKO!

ÆSJ! GUTESKO!

Desse var vel fine? Desse passar til alt! Eg prøvde å vere så overbevisande som mogleg. Snuppa var skeptisk, men sa ja under tvil.

Vel heime oppdagar ho at storebroren har fått akkurat same sko, og krisa er eit faktum. ÆSJ! GUTESKO!

Då er det godt at ho mor har eit velfylt hobbyrom. Ein time under parasollen med nål, tråd og nokre strykemerker, og vips

JENTESKO

Jentesko! Hurra!

JENTESKO!

 

Puuh!

 

– Nøstet –

Reklame

Read Full Post »

I haust blei strikkeveninna 40 år. I den anledning fann eg ut at eg skulle sy ho ei flott veske. Eg og Snella spleisa på gåva som var veska fylt med masse saker for egenpleie og velbehag.

Litt å kose seg med

Litt å kose seg med

Snella strikka sitteunderlag, og elles i veska var det blant anna ein flott krus, deilig te, duftlys, sjokolade, Rotkäppchen og ei sammenleggbar reisestrikkekorg.

Mønsteret på veska kjøpte eg av Noodlehead, og den heiter Super Tote. Det var viktig at veska var stor nok til å romme A4 sånn at den kan brukast til det meste. Eg har ikkje så mykje erfaring med å sy vesker, dei få eg har sydd har vore svært enkle og eg har gjerne gått på kurs då eg sydde dei. På eit par punkt i mønsteret var eg litt usikker på kva eg skulle gjere, men eg trur eg fann ut av det. Eg blei iallefall fornøgd med veska til slutt.

2013-11-09

Om eg ein gong skulle få litt ekstra god tid har eg lyst til å sy fleire, for denne veska blei kjempefin. Ganske mykje arbeid og litt frustrasjon innimellom, men vel verdt det når den var ferdig.

Super Tote

Super Tote

Eg har sydd veska i svart kordfløyel kjøpt på Stoff og Stil. Panelet på framsida er eit stoff kjøpt på Åhlens for nokre år sidan og stoffet til fôr er så gammalt at eg ikkje husker kor eg kjøpte det. Det er eit heilt vanleg tynt bomullsstoff som ein får på dei fleste butikkar som har stoff i metervare. For å få veska litt stabil har alle delane påstrøke vliselin på baksida.

 

Nøstet –

Read Full Post »

Eldar Elefant

Tidlegare i år blei Snella sin Skjønnas døypt. Litt på etterskudd fekk eg sendt avgårde dåpsgåva. Storebror Fikslein fekk ein sjiraff til sin dåp, og då tenkte eg det passa godt med ein elefant til veslebror.

Så her kan eg altså presentere Eldar Elefant.

Eldar Elefant

Eldar Elefant

Litt skakk i øyrene, men elles i god form.

Eldar Elefant

Eldar Elefant

Mønsteret finn du i Tildas Atelier. Elefant er det første gong eg har laga, men sjiraffar har det blitt fleire av. Treng du meir sjiraffinspirasjon har eg laga ein frøkensjiraff og Snella frøken Viktualia tidlegare.

– Nøstet –

Read Full Post »

Endeleg har eg fått satt meg ned på syrommet litt igjen. I den hektiske kvardagen er det enklare å sette seg ned med strikketøyet foran fjernsynet når ungane er i seng, enn å ta turen på syrommet for å rigge seg til. Men her om dagen tok eg tak i meg sjølv og satte igang. Og det er jo så kjekt berre eg kjem igang!

Denne gangen har eg sydd ei dåpsgåve. Eg har hatt mønster på babydress i str 74 frå Stoff og Stil liggande lenge, og no var det endeleg ein liten pjokk som passa den størrelsen midt på sommaren.

Sommardress med sjiraffar

Sommardress med sjiraffar

Stoffet som er brukt er det samme sjiraffstoffet som eg brukte til body ifjor, og enda har eg litt igjen til seinare prosjekt. Denne gongen kanta eg med grøn ribb og eg har kjøpt knappepresse frå Lykkedragen og flotte trykknappar i plast.

Kjekt med ny knappepresse

Kjekt med ny knappepresse

No er det ferietid og hyttetur som står på programmet, men når den er over har eg lova meg sjølv å bruke meir tid på syrommet!

– Nøstet –

Read Full Post »

Ein sjeldan gong klarer eg å utnytte fridagen til det fulle, kreativt sett. Denne søndagen var desverre ikkje av den sorten, men forrige søndag var energien på plass og vestlandsveiret tilsa innandørsaktivitar.

På føremiddagen fekk eg prøvd ut ei oppskrift på grove Polarbrød. Oppskrifta henta eg frå tanketanken. Eg laga dei runde og litt tynnare enn oppskrifta. Polarbrøda var ein stor suksess både for store og små, og mange forsvant allereie før dei kom i posar.

Polarbrød

Polarbrød

Ettermiddagen blei tilbrakt på syrommet. Sofaen trengte ein oppdatering med nye puter. Stoffet blei kjøpt på Åhlens for eit par år sidan, så det var påtide å trylle det om til noko.

Nye sofaputer

Nye sofaputer

Deilig med sånne produktive søndager!

– Nøstet –

Read Full Post »

Heilt sidan eg laga denne skjønne sjiraffen i dåpsgåve til Fikslein har Strikkeveninna snakka om at ein sånn skulle ho hatt på syrommet sitt. Ut på hausten ifjor hadde eg og Snella ein liten sjiraffverkstad der ho laga Viktualia til Cysta og eg denne frøkna til Strikkeveninna.

Frøken sjiraff

Frøken sjiraff

Eg storkosa meg med fargerike stoff og perler. Det er klart at ei så flott frøken må ha både smykke og armband. Endeleg fekk eg brukt litt pompom-band som eg hamstra på Panduro ein gong, og det prikkete stoffet har òg vore i lageret ei god stund. Tilslutt fann eg ut at frøkna måtte ha veske. Veska blei til av restegarn og innfallsmetoden.

Frøken sjiraff

Frøken sjiraff

No fekk eg lyst på ei sjiraffrøken sjølv!

– Nøstet –

Read Full Post »

Sidan eg ikkje kan blogge årets julegåve til Snella heilt enda, tenkte eg å vise noko av det er har gitt ho før.

Vi er begge glade i Marimekko, så å bruke desse flotte stoffa gjer det ekstra kjekt å sette seg ned og sy.

Med hjelp frå Hr Fiks fekk eg størrelsen på Snella sin pc. I ei dansk bok som heiter Hånd i Hanke fann eg mønster til «Computertaske» og justerte det til måla eg hadde fått. Eg fôra veska med dobbelt lag med vatt sidan eg ikkje veledon-vatt som stod i mønsteret.

Pcveske lukka

Pcveske lukka

Inni veska er det eit soppestoff som eg kjøpte på Panduro. Veska har lomme til pc’en sånn at den skal ligge stødig. Og så er det plass til kabel og evt hefter eller bøker ein treng å ha med seg.

Pcveske opna

Pcveske opna

Så om du kjenner nokon som treng ei pc-veske som ingen andre har, er det jo berre å sette igang!

Nøstet –

Read Full Post »

Syrom

Velkommen inn!

Eg er så heldig å ha eit heilt rom til å ha alle handarbeidssakene mine. Eg kallar det syrommet mitt, men det er vel kanskje ikkje sying det blir brukt mest til desverre. Eg syr mykje mindre enn eg kunne tenke meg å gjere, men innimellom koser eg meg skikkelig med det. Rommet pussa eg opp i vår etter at heimekontoret flytta ut. Inspirasjonen fann eg sjølvsagt på nettet, blant anna har Ida eit nydeleg syrom, og eg fann òg mykje kjekt på Crafty Storage. Eg fekk mala veggane i ein heilt lys grå farge og fekk opp strikketapet på eine veggen. Resten av veggane blei fylt opp med Billy-hyller, og pappa hjalp meg med å bygge benk av hobbyplater til skjæreutstyr og ein lavare benk til symaskinene mine.

Under skjærebenken har eg boksar på hjul som innheld stoff og garn. Her hadde eg planar om å sy ei fin gardin til å henge framfor, men så seira fornuften over estetikken. Eg sydde ei sånn gardin framfor korgene som Snuppa har kle i, og den har vist seg å vere eit irritasjonsmoment fordi den alltid er i vegen og ikkje vil henge til sida godt nok når ein vil det. Så sidan eg nesten dagleg er innom desse kassane blir det slik ei stund iallefall.

Stoff og bøker

Skulle halde for ei stund.

Hyllene er fylt med stoff av forskjellige typar. Velour, isoli, interlock, ribb og mykje stumme bomullsstoff. I nokre hyller har eg bøker, eg har perm på perm med oppskrifter som eg har tatt ut av vekeblad, og eg har magasinholdarar med hefter frå ulike garnprodusentar. Ein kan liksom aldri få nok inspirasjon.

Arbeidsbord

Viktig med gode arbeidsforhold 🙂

Symaskinene mine er eg veldig glad i. Eg har ei Husqvarna Viking modell Lily 535 (ei ganske enkel maskin) og ei Janome MyLock 644D (overlockmaskin).

Sytråd og pynt

Litt pynt må ein ha!

I mange år har eg ôg samla band, knappar, hekter og anna krimskrams som eg kan pynte det eg lagar med. Småting har eg samla i små gjennomsiktige boksar som eg har kjøpt på Panduro, men korleis eg skal oppbevare band og blonder har eg enda ikkje funne ei god løysing på. Foreløbig ligg dei i nokre boksar, men det er ingen god måte når eg skal finne noko kjapt. Sytråd derimot har eg oppbevart på Norgesglass i tillegg til boksar frå Stoff og Stil til dei største snellene. Og når det ikkje er jul får Tildaenglane bu på syrommet.

– Nøstet –

Read Full Post »

Når eg først var kommen igong på syrommet og hadde fått til bodyar og bukse, var det mykje lettare å sette seg ned og sy vidare. Sommarkjolar til Snuppa stod på lista over kle eg ønskte å sy. Den første kjolen blei til ved at eg tegna laust rundt ein kjole som ho allereie likte. Ikkje så lett å sy rundt ein kjole med strikk i halsen, så litt frihandsklipping blei det for å justere.

Kjole med sommarfuglar

Kjole med sommarfuglar

Neste kjole fann eg i «Symagasinet», eit blad eg lånte på biblioteket. Der var kjolen sydd i bomullsstoff, mens eg valgte å sy den i jersey. Fungerte heilt fint med denne omslagskjolen.

Kjole med soppar

Kjole med soppar

Kjolane har vore mykje brukt gjennom heile sommaren. Veldig kjekt med kjolar som er unike!

Nøstet –

Read Full Post »

Elefantar og sjiraffar

Det er lenge sidan eg kjøpte mønster til body. Eg har fulgt bloggen til Heilt spesiell lenge, og når ho la ut mønster for sal sikra eg meg eit ganske fort. Stoffhyllene på syrommet bugnar av stoff og det var berre å sette igong. Først ut var det elefantbody til nevøen. Skikkelig spennande å sjå om eg fekk det til, både lesing av mønster, riktig bruk av symaskin og overlockmaskin. Ein liten skjønnhetsfeil måtte det sjølvsagt bli midt framme på halskanten, og etter prøving viste det seg at eg hadde strekt stoffet litt mykje når eg sydde på ribb i halsen og rundt beina. Men alt i alt blei eg veldig fornøgd og lærte samtidig mykje både om symaskinene og korleis jerseystoff oppfører seg.

Body med elefantar

Body med elefantar

Neste body ut var sjiraffbody til Fikslein. Denne gjekk mykje raskere å sy og blei óg mykje penare sydd. Trykknapper er sydd på for hand sidan eg har masse av dei og ingen av desse fine knappepressene og knappane eg ser mange andre har. Det får vi sjå på etterkvart om det blir investert i når det store trykknapplageret går tomt.

Body med sjiraffar

Body med sjiraffar

Til denne bodyen sydde eg bukse i velour til. Mønsteret er fra Ottobre. Kjekk bukse som er kjapp å sy.

Body og bukse

Body og bukse

Nøstet –

Read Full Post »

Older Posts »