Snella og Nøstets siste fellesprosjekt er dåpskjolen til Fikslein. Ønsket var ein tradisjonell kvit kjole med litt bunadspreg.

Kjolen er sydd etter grunnmønsteret 83001 Dåpskjole frå Stoff og stil. Den var relativt enkel å sy, og stoffet var greit å sy i og veldig lett å stryke. Sånn såg kjolen ut når den var sydd etter mønsteret.

Dåpskjole etter mønster
Ein veldig fin dåpskjole, men det mangla det lille ekstra. Så ved å sette sammen delane på skjørtet til kjolen og kutte det i lengda, så laga vi eit mønster til kappa. Stoffet til kappa var tynt, gjennomsiktig og lett. Eit stoff som «levde» når ein tok i det. Ei skikkelig utfordring å jobbe med. Når det blei sydd i, drog symaskina med seg trådar i stoffet, omtrent som når ein tråd hektar seg i noko på ei nylonstrømpebukse. Men det fins alltid ei råd!

Til symaskina fins det mange ulike nåler. Dei fleste har vel høyrt om nåler til skinn og denim. Men det fins enda fleire. Blant anna ei som heiter kulespissnål. Eller jerseynål som nokon kallar den. Denne nåla er runda på ein anna måte og har eit anna spor framme på spissen som gjer at den ikkje drar med seg trådar i stoffet. Den er smart å bruke på blant anna «strikka stoff» som jersey, men fungerte òg utmerka på dette tynne stoffet.
Vel, som bileta under viser, så måtte det mange nåler til for å kontrollere stoffet. Den største utfordringa i forhold til mønster var å få ein fin boge under armen. Sidan det var så lite hald i stoffet, valte eg å legge inn eit skråband. Dette gjorde òg at det blei enklare å sy kappa fast til kjolen etterpå.

Dåpskjole
Til broderia har vi brukt mønster frå trysilbunaden og laga vår eigen kombinasjon. Takk til Husfliden i Trysil for at mønstra ligg ute! Blomsterrankane er brodert på same stoff som dåpskjolen og sydd på kappa. Vi valte å bruke brodergarn i to lillafargar, grønt, to gråfargar og svart. Mønsteret er teikna på med tusj som forsvinn i kaldt vatn.

Som på ein bunad er ei sølje prikken over i-en på denne dåpskjolen.
Her kan du lese innlegg om dåpsfesten, den løkfrie festbuffeen, den alkoholfrie velkomstdrinken og ein annan alkoholfri velkomstdrink.
– Snella og Nøstet –
Read Full Post »