Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘strikk’

Snoningstrøje har gått som ein farsott i strikkeverda, og bloggar og instagramkontoar har flauma over av nydelege bilete av denne flotte jakka. Då ein fetter annonserte at det var baby på veg, såg eg mitt snitt til å få hive meg på trenden. Strikkeveninna skulle til England og fekk tak i Debbie Bliss Baby Cashmerino som er originalgarnet. Garnet finnes nok òg i norske butikkar, men ikkje i min lokale butikk. Garnet var mjukt og deilig som det bør vere når det skal innehalde kashmir, men eg blei skuffa over at dei har putta masse akryl ilag med kashmir og merino.

Jakka skuffa heldigvis ikkje. Den var kjapp å strikke, flettene var enkle og resultatet blei kjempeflott. Eg valgte knappar i samme farge for at flettene skulle få hovedfokus. Har du lyst til å strikke samme jakke finn du oppskrifta hos femina.dk.

 

Snoningstrøje

Snoningstrøje

Og dermed var første plagg i den store UFO-bunken ferdig.

 

– Nøstet –

Read Full Post »

Eksperimentell flettestrikk! Eit eksperiment for meg, iallfall, med asymmetriske fletter. Desse flettene har klartenkte Nøstet hjelpt meg å teikne opp mønster til, og eg synest resultatet vart riktig så fint.

 

Flettestrikk, sofapute

 

Putetrekket er strikka i same svabergsgrå babyull som babysokkane, kjøpt på sal ein gong. Dobbelt garn og 142 masker på pinne nr. 3,5 vart passe. No skal puta få varme ein kollega i ryggen i vinter. Ho har flunkande ny heim mørk grå sofa.

Snella

Read Full Post »

Det er haust i lufta, og då kriblar det ekstra mykje i strikkepinnane! Samstundes flaumar det over av inspirasjon, både på bloggar, instagram og i nye bøker. I tillegg har eg alltid ei liste liggande over plagg eg har lyst til å strikke.

For ungane treng jo varme kle til skule og barnehage, det er alltids kjekt med ei ny hue eller tre, og skal ein gje strikka julegåver kan det vere kjekt å komme igang tidleg.

Allereie i sommar kom eg igong med haustplagga. Ja, det blei fleirtal. Det var masse kjekke prosjekt å starte på, og ingenting som hasta å gjere ferdig.

 

UFO-haug

UFO-haug

Så no sit eg med denne haugen av UFO-ar. Frå botnen kan eg presentere Mariushettejakke str 10-12 år, må klippast opp, sy på ermer, strikke hette og kant og montere glidelås. Nr 2 er nok ei Mariushettejakke, denne i str 8-10 år, og samme arbeid gjenstår. Vidare ligg det ein lommegensar som manglar halskant og montering. Neste plagg er også ein lommegensar som er ferdig strikka, og berre manglar trådfest. Nedst øvst ligg ein tunika til meg sjølv som eg starta på den helga Fikslein blei døypt for eit par år sidan, den blei tatt fram igjen denne helga. Og øvst ligg ei snoningstrøje som manglar knappar. Mottakaren blei fødd i forrige veke, så den må prioriterast.

 

Heldigvis har forfattarane vore meir kreative med innhaldet enn titlane på bøkene.

Heldigvis har forfattarane vore meir kreative med innhaldet enn titlane på bøkene.

Men som alltid fristar det meir å sette igong med eit nytt prosjekt. Nokre nye bøker har det blitt, og strikkelista auka betrakteleg etter å ha bladd litt. Den nye Nøstebarnboka kjem nok til å bli ein klassikar som den forrige, Charlott Pettersen si bok «Strikk til mamma og mini» var ei god investering, i «Strik til banditter» av Signe Strømgaard har Snuppa plukka ut eit par tunikaer som står på ønskelista og i Marte Helgetun si bok er det mange fine idèar til plagg eg kan strikke til dei små eg kjenner.

 

Hos Paelas fristar Flora-toppen og huene til Klompelompe kan passe til dei fleste små hovud. Og så har sjølvsagt dei store garnprodusentane komme med nye mønster og nokre òg med nye spennande garntypar. Det er berre å velge og vrake i mønster og garn!

 

Kor finn du inspirasjon for tida?

 

– Nøstet –

 

 

Read Full Post »

 

Det er alltid artig å sjå reaksjonane når ein fortel utanlandske vener om norsk barnehagepolitikk, og at norsk sommar derfor er babyboomtid. Så langt kjenner eg seks augustbarn, og tida strekk derfor berre til til babysokkar. For å gjere det litt meir interessant har eg begynt å gi dei vekk på bamsar.

*

Bamsar med babysokkar

*

No er gåva til dei to siste tullene klare, sokkar i lilla, kvitt og ymse gråfargar. Mønsteret er det same som eg alltid brukar, garnet er babyull frå Gjesdal, og pinnane heiter 2,5.

*

Strikka babysokkar i fargane grå, kvit og lys lilla

 *

Ei hekla blomsternål i dei same fargane til storesøster til eine tulla ligg også klar. Og neste sokkepar er sjølvsagt på pinnane alt. Her er det berre å henge i.

*

Babyføtter

Snella

Read Full Post »

Og eit så flott mønster kan vel ikkje strikkast for ofte? Eg snakkar om Umaro, det flotte pleddet designa av Jared Flood. Snella har laga ei nydeleg og delikat utgåve i babyull til ein ny verdsborgar og eg har strikka ein grovare versjon i Nepal til ei veninne som hadde rund dag. Det tredje pleddet er Umaro i dukkestørrelse. Heilt ærleg blei det nesten for lite som vognteppe til Snuppa si dukkevogn. Mønsteret lurte meg litt når eg rekna på bredda, sidan fletta trekker det saman ein del.

Eit bittelite Umaroteppe

Eit bittelite Umaroteppe

Teppet er strikka i enkel tråd babyull og eg trur det var pinne nr 3. Eg strikkar som ein kan sjå svært fast, av og til så fast at krampa tar meg. Nokon gongar slår eg til med tjukkare pinnar enn det som er foreslått på garnet, men i underbevisstheten ligg bestemor si stemme om at det ikkje må bli for laust for det er ikkje pent…. Eg har vel eit stykke igjen før det blir for laust, så der får eg øve meg litt.

Samme mønster - ulikt garn!

Samme mønster – ulikt garn!

– Nøstet –

Read Full Post »

Neida, vi skal nyte sommaren ei god stund til håper eg. Men her om dagen kom det skriv frå klasse 5B om at dei skulle representere 1944-1953 i skulen si jubileumsforestilling. Svart tights og genser og ei raud topphue/nissehue uten kvit kant måtte vere med på skulen om ei vekes tid. Den raude topphue blei brukt til å vise motstand mot den tyske okkupasjonen under 2.verdskrig, og det er dette denne klassen skal representere. Det blir veldig spennande å sjå forestillinga. Desverre er det berre 1. og 7.klasse-foreldre som får sjansen no før sommaren, vi andre må vente til forestilling i september.

 

Raud topphue

Raud topphue

Men tilbake til hua. Juleraud Rubin fantes i garnlageret og ved hjelp av ei tidligare strikka hue fann eg ut av 100 masker var passeleg. Strikka vrangbord på pinne 3,5 og gjekk over til glattstrikk på pinne 4 etter nokre centimeter. Prøvde hua på guten innimellom og når den var lang nok felte eg kvar tiande maske. Strikka ein omgang og felte kvar niande, og så vidare til det var så få masker igjen at eg kunne snurpe resten saman. Dusken blei laga på den gode gamle måten med to ringar utklipt i papp. Eg har ein i plast ein eller annan plass, og der ligg den framleis. Dukkar nok opp ein gong, men enn så lenge fungerer det like greit med papp. Hua veg 75 gram inkl dusk og er eit prosjekt som er rimelig fort gjort.

 

– Nøstet –

Read Full Post »

I min blomstrande ungdom var eg utvekslingssstudent i fantastiske Australia. Eg la att ein del av hjartet mitt der, og då eg såg strikkekonkurransen Penguin Foundation og Phillip Island Nature Park lyste ut gjennom prosjektet «Knits for nature», måtte eg berre delta! Oppgåva var å strikke ei trøye til ein pingvin som hadde vore offer for oljesøl.

*

Pingvinar i strikkagensar (c) Phillip Island Nature Park

Vakre modellar i vinnartrøyene

 

*

Pingvinar er jo det mest velkledde dyret i verda frå naturens side, men desse trøyene kan vere med å redde livet deira etter oljeutslepp – eit problem vi jo dessverre kjenner altfor godt frå våre eigne strender. Pingvinen får på seg ein strikkagensar som hindrar han i å sleike i seg og svelje oljen, medan han ventar på at nokon får vaska han rein.

Responsen på konkurranseutlysinga var enorm! Eg strikka ei enkel raud trøye  med norsk flagg på og gløymde å ta bilete før eg måtte få ho av garde. Men eg håpar ein liten uheldig pingvin får glede av trøya. Han vil sjå om lag sånn ut:

*

Pingvin med genser

 

Vil du slenge deg på, finn du mønsteret til strikkatrøya her.og mønsteret til heklaversjonen her.

Snella

Read Full Post »

Hipp hurra for beste hekleveninna som har bursdag i dag! Håper du får ein fantastisk dag med din kjære! Synd du er så langt vekke at vi ikkje kan vere der og feire deg, men det får vi ta igjen når du kjem heim igjen. Sidan du sikkert har meir enn nok å dra på når du skal flytte heim, skal eg passe på gåva di så lenge.

Umaro

Umaro

Umaro håper eg kan passe i den fine stova di, og varme deg når hauststormane ular utanfor. Det er strikka i Drops Nepal, så stort varmare blir det ikkje. Iallefall var det ei varm oppleving å strikke på det desse dagane når sola kom fram her på Vestlandet.

Umaro

Umaro

Gratulerer med dagen!

For meir Umaro-inspirasjon kan du sjå Snella sin babyteppeversjon her.

– Nøstet –

 

 

Read Full Post »

Babyteppe i alle former og variantar. Teppe med mange gode minne og teppe som har mesteparten av historia si framfor seg. Vi har teppe i bilen, i senga, på sofaen, i veska, i vogna og overalt, og eit deilig teppe er den soleklare gåva til nye verdsborgarar.

*
Vakre strukturar

 *

Her er nokre av dei flotte teppa våre! Frå botn har vi

1. krabbeteppet med sjødyr

2. det ekstra store nøstebarnteppet

3. ugleteppet

4. grønt, tjukt og deilig teppe som vi fekk i gåve, hekla etter samme mønster som det ekstra fine hekla helseteppet

5.  oransj og kvitt vognteppe som mormor hekla til meg. Eg har lurt på om eg skal prøve å lage eit makent. Det er sett saman av små kvadrat.

6. det hekla helseteppet i bomull

7. strikka teppe i merino extra fine. Dette teppet går ganske raskt å strikke, er tjukt og mjukt og ser imponerande ut for dei som ikkje kan strikke. Ein gåvefavoritt, med andre ord.

8. det fine gamle hekla vognteppet med roser

*

Babyteppe

 

*

Treng du meir teppeinspirasjon, kan  du kikke på havskumteppet til kusina, teppet med havmønster og strikka blondekant, dei flotte vognteppa (strikka og hekla i oldemorsruter), babyteppet i bomull, og bamseteppa med korsting. Og fleire teppe blir det garantert!

Snella

Read Full Post »

Takk for i går, kjende og ukjende strikkevener som var på Strikkeprosalong i Oslo i går eller skulle ønske de var der.

ProsalongEg hadde tenkt å skrive ei lita oppsummering i dag, men det har sjølvaste Pinneguri allereie gjort på fortreffeleg vis. Ho har notert mykje av det same som eg (og jammen er eg ikkje blitt linselus også), så då kan eg jo supplere med eigne tankar.

Arve Juritzen frå Juritzen forlag er ein dyktig forretningsmann som tydeleg var ute etter å lære noko om den kjøpesterke marknaden sin. Han sjarmerte oss med kommentarar som «På 1800-tallet var det menn som strikket. Så tok damene over, og det ble farger og mønster og fint.» Juritzen stilte nokre spørsmål til salen, og eg hjelper han gjerne. Sidan eg ikkje fekk ordet, presenterer eg hermed eit fiktivt intervju:

Juritzen: Hvorfor kjøper du strikkebøker?

Snella: Eg kjøper mønster på Internett, nyt inspirasjonen og bruker gratisoppskrifter. Likevel kjøper eg strikkebøker. Åttebladrose Eg kjøper først og fremst fordi ei bok borgar for kvalitet. I vår tid når kven som helst kan publisere kva som helst, set eg pris på produkt eg veit er gjennomarbeidde og grundig tygde. Det er eit hav av tekst der ute, og kvaliteten varierer enormt. Då er det godt å plukke opp ei god gammaldags bok som eg veit har vore gjennom redigering, og er vurdert, knadd og omarbeidd til ho er funnen verdig å bli foreviga på papir.

Juritzen: Har du strikkebøker hjemme som du ikke har brukt?

Snella: Kva er å ikkje bruke? Har eg bøker eg ikkje har brukt oppskriftene i? Åja! Eg har enno ikkje strikka noko frå yndlingsboka mi, Literary knits, men eg har jo brukt boka likevel. I timesvis har eg kosa meg med bileta og tekstane og blitt inspirert, mellom anna til å lage sjiraffvottane.

Juritzen: Om du har ein idé til strikkebok, må du kunne summere opp temaet i én setning. Hvilken bok vil du selge meg?

Snella: Eg drøymer ikkje om å lage mønster til ei strikkebok, men eg vil gjerne skrive historiene og spinne draumar til bøkene «Strikk art deco» (kanskje Miss Lemon-toppen min kan vere med?) og «Downton Abbey – ladystrikk». I den siste kan dei fine hekla blondehanskane inngå.

 

Pickles lånt frå evidencemagOgså dei imponerande Pickles-jentene deltok på Prosalongen. Dei uttalte seg nøkternt og tilbakelent utan å selje seg inn for hardt. Dei hadde interessante observasjonar som at det no gir status å ha tid og vise det, til dømes ved å strikke. Folk i dag er rastlause og travle og må fylle tida, og så lenge vi strikkar samtidig, kan vi gjerne sjå på tv.

Det er meg i eit nøtteskal! Og Pickles er topp! Vi har brukt fleire av mønstra deira, mellom anna islandsk soloppgangssjal, tøysetopp og babyteppe.

Nokon nemnde at strikkeinteressa kan henge saman med at vi higar etter noko terapeutisk. For meg vart det bokstaveleg då Juritzen lodda ut den populære boka «Guttestrikk» av Charlott Pettersen. Dama framfor meg vann. Ho viste seg å vere strikketerapeut frå Holtet, hadde sjølv ein 18-åring og håpa det vart ei stund til det kom barnebarn, så ho ga boka til meg. Det var fantastisk hyggeleg gjort, og eg garanterer at dei to pjokkane mine skal få nyte godt av boka! Tusen takk!

Takk til NFF for eit godt initiativ! Det var min første kveld utanfor huset sidan minstemann kom til verda, og eg håpar det blir skapt fleire slike møtestadar.

Snella

Read Full Post »

« Newer Posts - Older Posts »