Eg har alltid eit par sokkar på pinnane. Dei ligg i ei lita strikkeveske som er lett å putte i veska om eg skal ein plass og får litt strikketid, og sidan sokkane eg strikker stort sett er utan mønster er det lett å strikke vidare uten å måtte lese kor ein er på eit mønster.
Alle treng jo sokkar, så det er kjekt å ha nokre par liggande om det plutseleg kjem ein bursdag ein har gløymt, eller når julestrikkelista som vanleg er dobbelt så lang som det er muleg å komme gjennom. På bilete over har eg strikka ribbesokker. Klumpen fekk dei grøne og svarte, mens dei tre andre har flytta til ei niese, ein nevø og til min lillebror. Dei rosa er strikka i Lana Grossa sokkegarn som er veldig elastisk. Dei grøne og svarte er frå samme garnleverandør, men garnet liknar meir på Fabel. Dei brune med striper er i Fabel eller Regia og dei blå i tjukt raggegarn av ein eller anna type.
Tøffelsokkane strikka eg til ungane for å ha på hytta. Dei er strikka i Fritidsgarn i sjølve foten, sydd saman og strikka på eit par omgonger med superwashgarn til ribb før dei blei tova. Deretter strikker ein opp ribben med superwashgarn, eg har brukt Smart og Falk. Mønsteret finn du i Sandnes Tema 19 Toving. Angry Bird sokkane har eg strikka etter eit bilete, og desse er strikka i eit Rubin. Maskesting kan eg med fordel øve meir på. Det var Fikslein som fekk desse til 4-års dagen.
Sokkane på denne siste kollasjen og dei to øverste på forrige bilete er Vanilla Socks, mønster frå Mina Phillip som har videopodcasten The Knitting Expat. Det er heilt enkle sokkar i glattstrikk med litt ribb øverst og hæl av forkorta rader. Desse strikker eg med magic loop og begge sokkane samtidig. Den einaste endringen eg gjer er at eg feller litt fortere på tåa. Eg har ei stor korg med fleirfarga sokkegarn etter at eg var så fascinert av slikt garn for mange år sidan, nokon av nøsta er det berre eit av og nokre er restar frå andre prosjekt. No prøver eg å få strikka det opp med å blande fleire nøster, putte inn litt einsfarga ribb, hæl og tå der garnet ikkje rekk. Det meste av garnet er Opal, Fabel og Regia. Eg er ikkje så nøye på at sokkane skal bli heilt like, så om eg har berre eit nøste starter eg frå innsida av nøstet til den eine sokken og frå utsida til den andre. 4 av desse para er gitt vekk i gåver og dei to siste blir nok gitt til jul. Og det er sjølvsagt eit par på pinnane som blir strikka på innimellom.
– Nøstet –