Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘til barn’

Neida, vi skal nyte sommaren ei god stund til håper eg. Men her om dagen kom det skriv frå klasse 5B om at dei skulle representere 1944-1953 i skulen si jubileumsforestilling. Svart tights og genser og ei raud topphue/nissehue uten kvit kant måtte vere med på skulen om ei vekes tid. Den raude topphue blei brukt til å vise motstand mot den tyske okkupasjonen under 2.verdskrig, og det er dette denne klassen skal representere. Det blir veldig spennande å sjå forestillinga. Desverre er det berre 1. og 7.klasse-foreldre som får sjansen no før sommaren, vi andre må vente til forestilling i september.

 

Raud topphue

Raud topphue

Men tilbake til hua. Juleraud Rubin fantes i garnlageret og ved hjelp av ei tidligare strikka hue fann eg ut av 100 masker var passeleg. Strikka vrangbord på pinne 3,5 og gjekk over til glattstrikk på pinne 4 etter nokre centimeter. Prøvde hua på guten innimellom og når den var lang nok felte eg kvar tiande maske. Strikka ein omgang og felte kvar niande, og så vidare til det var så få masker igjen at eg kunne snurpe resten saman. Dusken blei laga på den gode gamle måten med to ringar utklipt i papp. Eg har ein i plast ein eller annan plass, og der ligg den framleis. Dukkar nok opp ein gong, men enn så lenge fungerer det like greit med papp. Hua veg 75 gram inkl dusk og er eit prosjekt som er rimelig fort gjort.

 

– Nøstet –

Read Full Post »

Vi koser oss på hytta! Vestlandet har hatt eit fantastisk veir i det siste og både dagar og kveldar blir tilbragt ute.

 

Sånne kveldar vil vi ha mange av!

Sånne kveldar vil vi ha mange av!

Innimellom blir det litt strikking. Eg held på med Mariusjakker til begge gutane mine. Monteringsvegring gjer at eg strikker begge før eg set igang med klipping og sying av glidelås. Nokre dagar har det vore så varmt at eg har måtte strikke med bomullsgarn istaden. Eit par oppvaskklutar har blitt strikka på hytta, men heklenåla låg igjen heime så kanten rundt får vi ta ein annan gong. Nepalnøsta er ein del av det neste store prosjektet. Både svogeren og svigerinna har runde dagar i år og har invitert til felles feiring i september. Så innan då håper eg at desse og mange fleire nøster har blitt trylla om til eit pledd. Kanskje blir det eit havskumteppe.

Prosjekt på gong

Prosjekt på gong

Late dagar i Nøsteheimen og Nøstehytta altså. Akkurat sånn det skal vere når Vestlandet byr på strålande sommerveir i mai.

 

God helg frå

– Nøstet –

Read Full Post »

No når det brått blei vår, trengte eldstemann ei tynn hue som gjekk under sykkelhjelmen. Free Spirit Hat som veslebror fekk i fjor, er heilt perfekt sidan den er strikka i tynt garn og i tillegg er ei morsom hue.

Free Spirit Hat i duse blåtoner

Free Spirit Hat i duse blåtoner

Nøsteguten er ikkje like glad i sterke farger som broren, så han gjekk for duse blåtoner. Ein rest av fleirfarga Opal og resten av Regia Silk som eg brukte til Fuglemammas omslagsbody passa fint. Igjen blei det riller i starten.

Free Spirit Hat

Free Spirit Hat

Når storebror fekk hue, kom Snuppa og lurte på når det var hennar tur. Ho ville ha alle fargar fekk eg beskjed om. Eit restenøste av Opal med lange fargeskift blei funnen fram, og fargerikt blei det. Sidan fargeskifta måtte passe med omgangane måtte eg kutte garnet for kvart parti, og på slutten gjekk eg tom for garn og måtte spleise inn igjen nokre av dei små restane eg hadde kutta av. Altså tok det omtrent like lang tid å feste alle ender som det tok å strikke hua. Men kva gjer det når Snuppa meiner ho har verdas finaste hue og snillaste mamma?

På bilete ser du forresten såvidt Tøysetoppen som eg strikka ifjor.

 

– Nøstet –

Read Full Post »

Nok ein jentebursdag stod for tur, denne gong til nok ei niese. Ho hadde eit par veker før sendt inn ønskeliste med dukkekle øverst, og gjerne kjole. Det burde vere grei skuring for tante med eit velfylt garnlager. Dukkeheftene blei leita fram og det samme blei kassen med bomullsgarn. Eg liker å prøve nye oppskrifter og fann ein kappekjole i 1207 dukke frå Sandesgarn (side 5) som såg fin ut, i bomullskassen fann eg nokre nøster med Safran som passa fint.

Kappekjole til Babyborn

Kappekjole til Babyborn

Ei helg på besøk hos ei veninne inkluderte masse strikketid, så sjølv om det var mykje arbeid på kjolen gjekk det greit å bli ferdig i tide. I samme heftet (side 8) fann eg ei jakke som kunne passe til.

Jakke og kappekjole til Babyborn

Jakke og kappekjole til Babyborn

Niesa blei strålande fornøgd, og det blei eg òg. No nærmer det seg Snuppa sin dag, og det er klart ho må få litt dukkekle òg. Kanskje skal eg prøve å sy dei denne gongen, og i tillegg har eg lagt opp til eit dukke-Umaroteppe.

Meir dukkekleinspirasjon finn du her.

– Nøstet –

Read Full Post »

Då eg endeleg var ferdig med alle julegåvene litt forseinka langt ute i januar, hadde eg ei lang liste med prosjekt eg ville starte på. Eit av prosjekta var vest til Fikslein, sidan rykta sa at forrige vest var blitt alt for liten. Eg trengte eit kjapt prosjekt, så eg fann fram Lene Holme Samsøe sitt hefte Børnestrik på pinde 3 1/2 – 4. Der fann eg Siggis Slipover og i garnlageret fann eg blå Falk, kjøpt på salg hos Tjorven for mange år sidan, og naturfarga Smart Tweed, eit garn eg no trur har gått ut og som eg har arva etter mamma.

Siggis Slipover

Siggis Slipover

Eit dekorativt mønster gjorde vesten litt meir interessant, og med pinne 3,5 gjekk det fort unna. Vesten blei putta ilag med Eldar Elefant og sendt i posten til Snellafamilien. Halsen på vesten viste seg å vere litt trang til Fikslein, men ei snarrådig Snella tok opp eit par omgongar og felte av litt lausare.

–  Nøstet –

Read Full Post »

Å vere mamma har sine oppturar og nedturar, gitt. Mest opp, og litt ned. Toåringen er i skrivande stund på sitt første karneval i barnehagen. Temaet er Eventyrland. Perfekt! Den lyslugga pjokken er jo berre ei kofte og ei skreppe unna Askeladden. Tenkte eg.

Så var det berre det at denne mammaen hadde oversett eit lite ord. Det skulle visst vere eit dyr. Såg eg då klokka tikka mot leggetid i går. Lettare panisk gjekk hjernen gjennom alle eventyra. Auga fall på skinnfellen der babyen låg og kosa seg. Den minste bukken Bruse! Det må eg klare. Tenke tenke. Den tynne kvite ullhua. Ein stoffrest der. Nål og tråd og ein rest av brunt nepalgarn. Litt fyll. Snurre, rulle, trykke, sy. Horn på plass. Litt skeivt, men det står ikkje på godvilje her. Garn under haka blir bukkeskjegg. Den kvite ullnattdrakta underst, saueskinnfell (sorry, baby) rundt magen og rare horn på toppen. Ferdig!

*

Bilde

*

Det er dagar der eg lurer på om heile dette mammaprosjektet blir ein fiasko, men i dag då eg leverte ein motvillig bukk Bruse  i barnehagen, nådde vi ein milestein. Han såg alle dei andre dyra, drog seg litt i det eine hornet og begynte å breke høgt og støyande.

Dette går så fint atte.

Snella

Read Full Post »

Jammen er det ikkje allereie ein månad sidan julafta. Som eg har nevnt tidligare var det ikkje alle julegåvene som blei ferdig i tide, men nokon fekk heimestrikka gåver som dei kunne opne på sjølve julekvelden.

Hekleveninna fekk kjærasten frå det store utland på besøk i jula, så eg syns han måtte få ei heilnorsk gåve. Ei Mariushue er kjapp å strikke og passar dei fleste. Eg strikka den i svart og grå Smart og brukte oppskrifta frå Mariusboka. Hua blei baggy og det syns eg ikkje passa denne karen. Så eg tok opp igjen og begynte fellingane nokre cm før, sånn at det blei ei meir klassisk hue.

Mariushue

Mariushue

Eine fadderguten fekk gensaren Jonathan frå Garnstudio,  strikka i deilig Nepal. Eg likar ikkje Garnstudio sin metode på vrangbord som har større maskeantall enn resten av genseren, så eg gjorde det på min måte. Eg la opp det maskeantallet som stod ein skulle felle til etter vrangborda, og så strikka eg to rett, to vrang i passe lengde. Når eg skifta farge i vrangborda strikka eg den første omgangen med ny farge berre med rettmasker, då blir overgangen finare. Hempa fann eg i knappelageret. Det er kjekt alt som kan brukast.

Jonathan

Jonathan

Bileta blei tatt i hurten og styrten før presangane skulle pakkast inn, så kvaliteten blei ikkje sjekka før gåvene var levert. Fotokurs bør kanskje stå på gåveønska for 2014…

God strikkehelg frå

 Nøstet –

Read Full Post »

Plutseleg var det berre tre veker igjen til jul! Kor blei dei siste vekene av? Vel, noko av tida har eg jobba, litt har eg trent, og jammen har eg ikkje strikka litt òg.

Nøstet presenterer Julegåvestrikkestatistikk for dei tre siste vekene:

Strikkestatistikk

På x-aksen er det altså datoane og på y-aksen strikketimer. Måndagar kan ein sjå at er dårlege strikkedagar. Då går det i eit med jobb, middag, lekser, trener for barneidrett (frå 18.nov), køyring av Nøsteguten til handball, og så få alle i seng litt for seint. Elles må eg sei at eg har overraskande mykje strikketid. Eg har med meg strikketøyet overalt, og nytter alle ledige stunder. I tillegg var det mykje god strikketid på hyttetur i skikkeleg uveir den 23.

Det gjeld å utnytte tida, strikk mens Snuppa bader, når det er barneidrett (og du ikkje er trener), når det er handballkamp eller trening, når det er musikkbarnehage, på hytta, når mannen skal sjå Bonanza ein søndag morgon og når samme mann jobbar overtid og  ein kan sjå Jane Austen Bookclub.

Det gjeld å utnytte tida, strikk mens Snuppa bader, når mannen skal sjå Bonanza ein søndag morgon, på hytta i uveir, når det er barneidrett (og du ikkje er trener), når det er handballkamp eller trening, når det er musikkbarnehage, og når mannen jobbar overtid og ein kan sjå Jane Austen Bookclub heilt aleine heime.

Så korleis gjekk det eigentleg med alle julegåvene du skulle strikke, Nøstet? Jaudå, månge gåver er påbegynt. To er heilt ferdig, derav oldemorsstripeteppet. Ei gåve som består av to deler er halvferdig, ein genser er ferdig strikka og skal monterast, eit par Moon Socks er ferdig strikka og må òg monterast, eit rilleteppe er 60% ferdig, eit sokkepar er 60% ferdig og eit Babybornsett er påbegynt. I tillegg skal det strikkast minst ein liten ting til. Det skal gå fint. Evig optimist når det gjeld strikkeprosjekt! Har du kontroll over julegåvene?

– Nøstet –

Read Full Post »

Idag er det jammen berre 9 veker til jul! Har du begynt å lage julegåver? Det har sjølvsagt eg. Første julegåve er ferdig strikka og allereie opna av mottaker. Eit strikkeplagg til vinteren kan ikkje vente til halve sesongen har gått. No viste det seg at Mariusdressen til Fikslein var litt stor, så eg kunne kanskje venta til jul likevel. Men bedre for stor enn for liten iallefall, då veks han inn i den. Sidan eg nettopp har strikka ein Mariusdress i originalfargar, valde eg å strikke denne i andre fargar. Strikkebutikken har fått inn masse nye flotte fargar i Sterk, så det var mange å velge mellom.

Mariusdress med rundfelling

Mariusdress med rundfelling

Det blei ein skikkelig haustdress, og eg blei utruleg glad når eg fann den fine haustgule som passa perfekt til den mosegrøne.

Så no er det berre resten av julegåvene som må lagast. Her skal det strikkast sokkar og huer, genser, sjal og restetepper. Det skal òg syast littegrann, sengesett til dukkevogn er det nokon som har ønska seg, og Snuppa vil ha kle til seg sjølv.

Dei neste 9 vekene skal altså benyttast godt. Om eg blir ferdig med alt er vel lite truleg, så det kan jo vere nokon får eit «gåvekort» i pakken og det ferdige produktet i romjula eller at eg må suse innom nokre butikkar nokre dagar før jul for å finne alternative gåver.

– Nøstet –

Read Full Post »

På forsommaren feira nevøen sitt første år. Mammaen hadde eit ønske om Mariusdress, og tanta var snar med å love at dress skulle det bli. Men så er eg jo ikkje så glad i å strikke mønster, og så blei det litt varmt å strikke i Sterk og så var det så mange andre prosjekt som frista meir. Så når vi kom til bursdagsfeiring hadde tanta med to leikebiler i pakken, men framleis med plan om Mariusdress til sesongen for ullkle igjen kom. Iløpet av sommaren strikka eg litt når temperaturen var lav nok og det gjekk ganske greit oppover. Sidan eg syns den originale Mariusdressen ser ganske klumpete ut med påsydde ermer, iallefall når den skal under regnkle eller vinterdress, bestemte eg meg for å strikke den med rundfelling. Og det fins det ikkje oppskrift på. Så då blei det å mikse oppskrifta på dress med oppskrifta på genser med rundfelling. Med litt prøving på mottaker innimellom gjekk dette heilt greit, og dressen blei ferdig akkurat idèt hausten satte inn.

Mariusdress med rundfelling

Mariusdress med rundfelling

Mønsterstrikk viste seg å ikkje vere så skummelt likevel, å blande to oppskrifter gjekk òg heilt fint. Og dressen blei fantastisk flott i mine auge. Så då var det ikkje vanskeleg å bestemme seg for å strikke ein til. Den strikker eg i ein litt anna farge og er snart ferdig. Den skal sendast til Fikslein som julepresang (hysj!), men kan opnast i oktober sånn at den blir brukt mest muleg når det er sesong for varme kle. Ifjor fekk han Nøstebarndress, og sjølv om den er ein av mine favorittplagg til ein barnehageunge trur eg nok Mariusdress skal fungere like godt.

– Nøstet –

Read Full Post »

« Newer Posts - Older Posts »