Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘til damer’

Når sommervarmen endeleg er komen, er det kjekt å ha litt småprosjekt å jobbe med. Noko som ikkje ligg tungt og varmt i fanget, eller har tjukk ulltråd som får hendene til å svette. Eg strikker ofte sokkar, huer eller kluter når det blir for varmt. Denne langhelga var sommaren innom på Vestlandet og eg henta fram igjen sokkane som har vore innimellomprosjekt ei lang stund.


Strikkefakta: Vanilla Socks frå Mina Phillip
Garn: Svart Fabel og multifarga garn i samme tjukkelse, mest sannsynlig Opal.
Pinne: 2,5 mm


Sokkane eg strikker er som regel resteprosjekt. Eg har ein god del påbegynte nøster med sokkegarn, og det kombinerer eg som regel med svart Fabel. Her trudde eg at det var litt lite multifarga garn, så eg satte optimistisk igong med striper. Etter ei stripe kom eg på at det syns eg ikkje var så gøy i kombinasjon med magic loop, så det blei med den eine stripa. Rekke opp var heilt uaktuelt på restegarnsokker. Desse går i gåvekassa sidan dei blei litt små til meg.
Nøstet –

Reklame

Read Full Post »

Augusta

Eg er ein skikkeleg frostpinne. For nokre år sidan fekk eg pulsvarmarar frå Strikkeveninna til jul. Desse ligg fast på jobb, og brukast flittig når det er kaldt på kontoret. No er dei begynt å miste fasongen etter mykje bruk, så eg har lenge tenkt på at eg skulle hatt eit par nye.

Strikkefakta:

Mønster: Augusta frå Frk.Badegakk med bloggen A wee bit knitty

Pinne: 3,5 mm

Garn: Museumstvinn frå Norsk Trikotasjemuseum.

Garnet kjøpte eg på Salhus når vi var på Bergen Strikkefestival ifjor. Det tråder i raud, oransje og rosa som er tvinna til garn og det gjer at det blir eit fantastisk fargespel i garnet. 

– Nøstet –

Read Full Post »

Eg har alltid eit par sokkar på pinnane. Dei ligg i ei lita strikkeveske som er lett å putte i veska om eg skal ein plass og får litt strikketid, og sidan sokkane eg strikker stort sett er utan mønster er det lett å strikke vidare uten å måtte lese kor ein er på eit mønster. 

Alle treng jo sokkar, så det er kjekt å ha nokre par liggande om det plutseleg kjem ein bursdag ein har gløymt, eller når julestrikkelista som vanleg er dobbelt så lang som det er muleg å komme gjennom. På bilete over har eg strikka ribbesokker. Klumpen fekk dei grøne og svarte, mens dei tre andre har flytta til ei niese, ein nevø og til min lillebror. Dei rosa er strikka i Lana Grossa sokkegarn som er veldig elastisk. Dei grøne og svarte er frå samme garnleverandør, men garnet liknar meir på Fabel. Dei brune med striper er i Fabel eller Regia og dei blå i tjukt raggegarn av ein eller anna type.


Tøffelsokkane strikka eg til ungane for å ha på hytta. Dei er strikka i Fritidsgarn i sjølve foten, sydd saman og strikka på eit par omgonger med superwashgarn til ribb før dei blei tova. Deretter strikker ein opp ribben med superwashgarn, eg har brukt Smart og Falk. Mønsteret finn du i Sandnes Tema 19 Toving. Angry Bird sokkane har eg strikka etter eit bilete, og desse er strikka i eit Rubin. Maskesting kan eg med fordel øve meir på. Det var Fikslein som fekk desse til 4-års dagen.

Vanilla Socks

Vanilla Socks

Sokkane på denne siste kollasjen og dei to øverste på forrige bilete er Vanilla Socks, mønster frå Mina Phillip som har videopodcasten The Knitting Expat. Det er heilt enkle sokkar i glattstrikk med litt ribb øverst og hæl av forkorta rader. Desse strikker eg med magic loop og begge sokkane samtidig. Den einaste endringen eg gjer er at eg feller litt fortere på tåa. Eg har ei stor korg med fleirfarga sokkegarn etter at eg var så fascinert av slikt garn for mange år sidan, nokon av nøsta er det berre eit av og nokre er restar frå andre prosjekt. No prøver eg å få strikka det opp med å blande fleire nøster, putte inn litt einsfarga ribb, hæl og tå der garnet ikkje rekk. Det meste av garnet er Opal, Fabel og Regia. Eg er ikkje så nøye på at sokkane skal bli heilt like, så om eg har berre eit nøste starter  eg frå innsida av nøstet til den eine sokken og frå utsida til den andre. 4 av desse para er gitt vekk i gåver og dei to siste blir nok gitt til jul. Og det er sjølvsagt eit par på pinnane som blir strikka på innimellom.
Nøstet –

Read Full Post »

Gubban, så mange kompliment har eg aldri fått for eit strikkeplagg før. På kontoret, i barnehagen, på bussen og på gata har folk kommentert denne vedunderlege toppen i spennande strukturgarn og med hekla detaljar. Sånn flaks at det har vore ein varm september så eg rakk å få toppen ferdig og bruke han før haustmørkret senkar seg!

Strikkefakta:Mønster: Onion design, funne i Hjemmet nr. 27/16 Garn: Onion, Alp Natural, farge nr. 176 (lys rosa) og Drops Cotton Viscose nr. 19 (mørk grå) Pinnar: Rundpinne nr. 6 og heklenål nr. 4

Onion var eit nytt bekjentskap for meg. Eit raskt søk på nett viste at det var å finne på  Ulla garn og broderi i Drammen. Sjølvsagt! Lommeboka hylte i protest i det eg trakka over dørgotta til dette paradiset, men måtte innrette seg. Av alle dei nydelege fargane, var det lyserosa som fekk vere med meg heim.

Eg var litt skuffa over at det var to ulike garntypar som var knytta saman, men eg lét knutane vere og passa på å få dei på innsida av bolen. Det funka greitt.

Til dei hekla kantane ville eg bruke garn frå lageret. Eg var litt usikker på kva uttrykk eg ville ha på toppen, men landa til slutt på mørkegrå cotton viscose så toppen ikkje skulle bli for sukkersøt. Eg la inn ein omgang grått før siste omgang rosa for å gjere overgangen mellom fargane litt mjukare.

Etter mønsteret skal det vere eit strikka belte i same garn som heklakanten. Eg brukar eit tynt hyssingbelte i staden.

Snella

Read Full Post »

 Plutseleg var eldstemann så gammal at han var klar for leirskule. Då er det godt å ha med seg ein god og varm genser til å ha under anorakken! Den forrige eg strikka til han er godt brukt. Han ville ikkje ha genser med fleirfarga mønster på, så vi tråla nettet etter stripete og einsfarga gensere.

Farmengenser

Farmengenser

 

Valet fall på Farmengenser. På den lokale strikkebutikken hadde dei ein einaste strikkepakke av Farmengenseren igjen, i damestørrelse XS og blåfargar. Det passa heilt utmerka til min slanke 12-åring. Dette var eit kjapt strikkeprosjekt og genseren blei godt tatt imot av mottaker!

Strikkefakta: 

Mønster: Farmengenser fra Rauma

Garn: Mitu, også frå Rauma

Pinne: 4.0
Nøstet –

Read Full Post »

Etter eg laga innlegget om den hekla ugla og såg dei nye fargerike uglene som designeren viste fram, blei eg inspirert til å hente fram bomullskassa og heklenåla. Først tenkte eg å lage nok ei ugle, men etter eg søkte rundt på oppskrifter med tjukkere bomull dukka det opp enda meir inspirasjon. På Drops sine sider fann eg ein hekla prosjektpose som kunne passe utmerka til det eg hadde av garn. Modellen har oldemorsruter og er meir ei veske, men eg valgte å heller bruke eine holrekka til snor og fekk ein enklere modell.

Sicily, hekla prosjektpose

Sicily, hekla prosjektpose

Heklefakta:

Oppskrift: Sicily frå garnstudio.

Garn: Gul, kvit og mørk grøn Drops Paris, lys grøn Gjestal Føn og lilla Mayflower helårsgarn 

Heklekrok: 4.0

                                                                       *

Posen blei 25 cm i diameter og 35 cm høg. Det gjekk med 290 gram garn til pose og snor. Snora hekla eg med passe antall luftmasker og ein omgong fastmasker tilbake. 
– Nøstet –

Read Full Post »

I haust oppdaga Nøstet designaren Melanie Berg på Instagram, der du kan finne ho som Mairlynd. Denne dama har blant anna designa mange fine sjal, og når ho plutseleg hadde sal på oppskriftene blei det handla opp til fleire. Det første sjalet som blei strikka, var Perhaps, perhaps. Nøstet strikka det til strikkeveninna sin bursdag og valgte fargane som var på originalsjalet til Melanie Berg, nemleg kvit, blå og rust.


Strikkefakta 1
Mønster: Perhaps, perhaps av Melanie Berg
Garn: Drops Fabel, 100 natur, 107 blå og 110 rust
Pinne: 4

Perhaps, perhaps

Perhaps, perhaps

Perhaps, perhaps i Alpakka Ull

Snella fall pladask for det skjønne sjalet og ville lage ein tjukkare vintervariant til ei veninne som vart 40. Ho går mykje i grått og svart, men toler å friske opp garderoben litt. Kontrastfargen vart derfor knall rosa. Sjalet vart stort og mjukt og skikkeleg til å surre seg inn i.  

Strikkefakta 2
Garn: Sandnes alpakka ull 1042 gråmelert, 1099 svart og 4627 cerise

Pinnar: 4,5

Malanie Berg, Perhaps detalj 

– Snella og Nøstet –

Read Full Post »

Det er nokon som kler alt. Når dei i tillegg er glade i lekre kjolar og tilbehør, er det frykteleg moro å strikke til dei. Denne strikkahetta med sus frå 50-åra er laga for å passe når ein har håret i knute (chignon). Fin til festkjolen, kul til kvardags og brilliant til ein bad-hair-day!

Vintage chignon cap

Strikkefakta
Mønster: Vintage Chignon Cap (lenke til gratis mønster)
Garn: Drops Cotton Viscose, 1 nøste nr. 07 bordeux og 1 nøste 17 lys beige
Pinne: 3
Feste: Trykknapp bakerst ved hårknuten, knyteband ved bremmen og midt på.

Mønstereffekten er aldeles nydeleg, og eg kjem garantert til å bruke dette mønsteret til andre prosjekt.

Mønster på vintage chignon cap

Den kule modellen og gåvemottakaren har tidlegare fått lekre hekla blondehanskar.

Snella

Read Full Post »

40-årsdagane kjem som perler på ei snor for tida, og damene får sjal. Eg elskar nemleg å strikke sjal! Å finne nye mønster, designe eigne mønster, variere gamle mønster og kanskje få brukt litt restegarn. Første 40-årssjal ut er ein sirkusaktig versjon av Dream Stripes til eit festfyrverkeri av ei dame – enkelt å strikke, passe stort og perfekt til dagleg bruk.

fargerikt Dream Stripes-sjal

Strikkefakta

Mønster: Dream Stripes via Ravlery (gratis)
Garn: Drops Alpaca (fire påbegynte nøste i petrol, lys lime, kvitt, naturkvitt og bringebær)
Pinnar: 3

Dream Stripes detalj

Sidan eg brukte restegarn, hadde eg akkurat litt for lite til å fullføre dei siste to omgangane på blonda. Eg syntest det fungerte likevel, så det fekk vere.

Garnet i  petrol var til overs frå overgangssettet, og det i lys lime frå eitt av Leftie-prosjekta.

Snella

 

Read Full Post »

Denne trappeinspirerte halsen er heilt topp – både å ha på og å strikke. Denne gongen vart det kvit hals med litt bling.

White Treppenviertel cowl hals

Strikkefakta
Mønster: Treppenviertel by Nicola Susen via Ravelry
Masketal: 160
Pinne: 3 mm
Garn: kvit Juvel og Anny Blatt Tresor 1141 Pale blush + støvrosa Dale Tynn Alpakka
Nøste: ca. 2

Treppenviertel cowl - detail

Glamdetaljen nedst er strikka med paljettgarnet Anny Blatt Tresor 1141 Pale blush frå Handmade Berlin. Det pyntar opp alle slags plagg, sjå t.d. Bellakjolen.

Her er ein annan versjon av treppenviertelhalsen.

Med ein sånn varm hals kan ekstremvêret Tor berre komme. Vi skalkar lukene.

Snella

Read Full Post »

Older Posts »