Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘til damer’

Det er haust i lufta, og då kriblar det ekstra mykje i strikkepinnane! Samstundes flaumar det over av inspirasjon, både på bloggar, instagram og i nye bøker. I tillegg har eg alltid ei liste liggande over plagg eg har lyst til å strikke.

For ungane treng jo varme kle til skule og barnehage, det er alltids kjekt med ei ny hue eller tre, og skal ein gje strikka julegåver kan det vere kjekt å komme igang tidleg.

Allereie i sommar kom eg igong med haustplagga. Ja, det blei fleirtal. Det var masse kjekke prosjekt å starte på, og ingenting som hasta å gjere ferdig.

 

UFO-haug

UFO-haug

Så no sit eg med denne haugen av UFO-ar. Frå botnen kan eg presentere Mariushettejakke str 10-12 år, må klippast opp, sy på ermer, strikke hette og kant og montere glidelås. Nr 2 er nok ei Mariushettejakke, denne i str 8-10 år, og samme arbeid gjenstår. Vidare ligg det ein lommegensar som manglar halskant og montering. Neste plagg er også ein lommegensar som er ferdig strikka, og berre manglar trådfest. Nedst øvst ligg ein tunika til meg sjølv som eg starta på den helga Fikslein blei døypt for eit par år sidan, den blei tatt fram igjen denne helga. Og øvst ligg ei snoningstrøje som manglar knappar. Mottakaren blei fødd i forrige veke, så den må prioriterast.

 

Heldigvis har forfattarane vore meir kreative med innhaldet enn titlane på bøkene.

Heldigvis har forfattarane vore meir kreative med innhaldet enn titlane på bøkene.

Men som alltid fristar det meir å sette igong med eit nytt prosjekt. Nokre nye bøker har det blitt, og strikkelista auka betrakteleg etter å ha bladd litt. Den nye Nøstebarnboka kjem nok til å bli ein klassikar som den forrige, Charlott Pettersen si bok «Strikk til mamma og mini» var ei god investering, i «Strik til banditter» av Signe Strømgaard har Snuppa plukka ut eit par tunikaer som står på ønskelista og i Marte Helgetun si bok er det mange fine idèar til plagg eg kan strikke til dei små eg kjenner.

 

Hos Paelas fristar Flora-toppen og huene til Klompelompe kan passe til dei fleste små hovud. Og så har sjølvsagt dei store garnprodusentane komme med nye mønster og nokre òg med nye spennande garntypar. Det er berre å velge og vrake i mønster og garn!

 

Kor finn du inspirasjon for tida?

 

– Nøstet –

 

 

Reklame

Read Full Post »

Ein gong i tida var eg svært fasinert av fleirfarga garn, og spesielt i tynt sokkegarntjukkelse. Eg var i startfasa av å bygge meg opp ein garnlager, og det blei med eit nøste heim kvar gong eg kom over ei tilbudskorg eller såg ein fargekombinasjon eg likte. Antall nøster inn stod ikkje i stil med antall sokkar ut. Innimellom, for å sjå om fargane var like fine strikka som i nøsteform, blei det strikka eit sokkepar i barnehagestørrelse. Igjen sit eg med masse halve og enda mindre rester av ein eksplosjon av fargar.

Restefest

Restefest

For eit par veker sidan tok eg med meg masse rester og eit par nøster einsfarga Fabel, pinne 2,5 og sokkeboka til Bitta Mikkelborg på hytta. Tidlegare har eg strikka Søte frøken sommer, no bestemte eg meg for å prøve Bure. I boka var dei strikka i tjukkare garn, men eg la opp det som stod sjølv om eg hadde tynnare garn. Nokon ville dei uansett passe til. Eg parallellstrikka sokkane for å få dei nokonlunde like, og kom i mål med å bruke 3 restenøster av to ulike fargekombinasjonar i tillegg til svart Fabel.

Bure

Bure

Men har du sett? Jammen har eg ikkje klart å forflytte den eine svarte maska som følgjer sokken nedover! Ja, ja, det får berre vere sånn, for det blei ikkje oppdaga før eg såg igjennom bileta.

Sokkane passa Nøstemannen perfekt. Dei blei tatt i bruk umiddelbart og var dei beste sokkane han hadde hatt på seg nokonsinne. Du må gjerne lage fleire, sa han. Jau, fleire blir det. Om det blir til han eller andre er uvisst. Strikkekorga står på hytta og ventar på meg til neste gong eg kjem. Då skal eg prøve meg på nye fargekombinasjonar.

Snopekorg!

Snopekorg!

– Nøstet –

Read Full Post »

Hipp hurra for beste hekleveninna som har bursdag i dag! Håper du får ein fantastisk dag med din kjære! Synd du er så langt vekke at vi ikkje kan vere der og feire deg, men det får vi ta igjen når du kjem heim igjen. Sidan du sikkert har meir enn nok å dra på når du skal flytte heim, skal eg passe på gåva di så lenge.

Umaro

Umaro

Umaro håper eg kan passe i den fine stova di, og varme deg når hauststormane ular utanfor. Det er strikka i Drops Nepal, så stort varmare blir det ikkje. Iallefall var det ei varm oppleving å strikke på det desse dagane når sola kom fram her på Vestlandet.

Umaro

Umaro

Gratulerer med dagen!

For meir Umaro-inspirasjon kan du sjå Snella sin babyteppeversjon her.

– Nøstet –

 

 

Read Full Post »

I haust blei strikkeveninna 40 år. I den anledning fann eg ut at eg skulle sy ho ei flott veske. Eg og Snella spleisa på gåva som var veska fylt med masse saker for egenpleie og velbehag.

Litt å kose seg med

Litt å kose seg med

Snella strikka sitteunderlag, og elles i veska var det blant anna ein flott krus, deilig te, duftlys, sjokolade, Rotkäppchen og ei sammenleggbar reisestrikkekorg.

Mønsteret på veska kjøpte eg av Noodlehead, og den heiter Super Tote. Det var viktig at veska var stor nok til å romme A4 sånn at den kan brukast til det meste. Eg har ikkje så mykje erfaring med å sy vesker, dei få eg har sydd har vore svært enkle og eg har gjerne gått på kurs då eg sydde dei. På eit par punkt i mønsteret var eg litt usikker på kva eg skulle gjere, men eg trur eg fann ut av det. Eg blei iallefall fornøgd med veska til slutt.

2013-11-09

Om eg ein gong skulle få litt ekstra god tid har eg lyst til å sy fleire, for denne veska blei kjempefin. Ganske mykje arbeid og litt frustrasjon innimellom, men vel verdt det når den var ferdig.

Super Tote

Super Tote

Eg har sydd veska i svart kordfløyel kjøpt på Stoff og Stil. Panelet på framsida er eit stoff kjøpt på Åhlens for nokre år sidan og stoffet til fôr er så gammalt at eg ikkje husker kor eg kjøpte det. Det er eit heilt vanleg tynt bomullsstoff som ein får på dei fleste butikkar som har stoff i metervare. For å få veska litt stabil har alle delane påstrøke vliselin på baksida.

 

Nøstet –

Read Full Post »

Sjalet Leftie seglar opp som ein stor favoritt både hos Snella og Nøstet. Snella har strikka to, eit i natur med grønfargar og eit i grønt med kvitt, og eg har strikka eit med rosatonar til Snella. Då det ifjor kom ei ny dame inn i familien, var det ein fin anledning til å få strikke eit til. Denne gongen valde eg å strikke i haustfargar som ville passe denne flotte dama heilt perfekt. Leftie er perfekt som prosjekt for å få brukt opp restane sine, det ligg jo òg i namnet. Eg blei ikkje nøgd med dei fargane eg fann i alpakkalageret mitt, så det blei nytt garn på meg denne gangen. Drops Alpaca har masse flotte fargar og det var ikkje vanskeleg å finne dei eg ville ha.

Leftie i haustfargar

Leftie i haustfargar

Sjalet er kjapt og kjekt å strikke. Berre eit blad til, berre eit til, og sånn fortset ein. Innimellom blada er det greit med litt rillestrikk som passar godt om ein samtidig ser ein god film. Gleder meg allereie til neste gong eg skal strikke Leftie. Kanskje eg må ha eit sjølv …

– Nøstet –

Read Full Post »

Når invitasjonen kjem frå lady Mary Crawley, er eg klar! High tea, hageselskap eller føremiddagsbryllaup, romantiske blondehanskar må ein ha.

Hekla blondehanskar

Eg har ønska med sånne lenge, og har leita etter mønster til den perfekte hansken og det rette garnet. Begge deler dukka opp på Handmade Berlin. Det skjønne garnet er Moon Night frå Lotus Yarns. Det er naturleg elastisk og ei blanding av lammeull og kasjmir, så hanskane er både varme og velsittande. Mønsteret fann eg i ei bok på butikken, og dei greie damene tok ein kopi til meg. Ein får òg kjøpt liknande mønster på Etsy. Hanskane er hekla med nål 1,5 og består av luftmaskebuer ned til handleddet. Der er det hekla inn ein tynn strikk før blondemansjetten. Ein hekla blomst og ei perle til pynt, og voilà!

Behanska og med perler, art deco-koppar og ein hatt med skrå brem er eg klar. No må vel invitasjonen komme snart?

High tea på Downton Abbey

-Snella-

Blondehansker

Read Full Post »

Dette er jakka si! Med yndlingskombinasjonen alpakka og kidsilk (mohair og silke) og eit mønster som var skikkeleg artig å strikke, veit eg ikkje om gleda ved denne gåva var størst for meg eller mottakaren, mi kjære mamma.

*

Strikkejakke Daybreak i alpakka og KidSilk

*

Strikkejakka heiter Daybreak, og det passar fint til mamma, som står opp i otta for hive seg på pendelvegen til jobb. Denne jakka held ho varm i bilen og på kontoret. Her er det brukt ein tråd Drops Alpaca nr. 7238 mørk oliven og ein tråd KidSilk nr. 19 mørk grønn. Når ein held nøsta saman, ser det ut som fullstendig fargekræsj, men med ein tråd av kvar blir det eit kjempefint fargespel (som dessverre ikkje viser så godt når ein må skunde seg å knipse i dei to minutta vi har med dagslys for tida). Andre fine fargekombinasjonar kan du sjå på vestane med havskummønster. Jakka er strikka i sirkel i eitt stykke frå midten av stjerna på ryggen, og armane er sydd på til slutt.

Litt fleire bilete:

Strikkejakke Daybreak med hullmønster Sirkeljakke lemfeldig påslengt Sirkeljakke Daybreak-Snella-

Read Full Post »

Plutseleg to veker att til jul! På fredag fekk vi snø, og det blei skikkeleg julestemning. Ungane fryda seg ute i snøen med akebrett og ski. Kjekt å sjå at dei vel mor sine heimestrikka huer når det er kaldt og vått, så etter jul må eg strikke fleire. Spesielt eldstemann treng nokon litt stilige huer.

Vel, igår regna all julestemninga vekk så no må eg finne anna inspirasjon for å bli ferdig med gåvene. Ei gåve som allereie er ferdig er til barndomsveninna. Ho får perlestrikka hals og hue i grå alpakka frå Drops.

Perlestrikka hals og hue i dobbel alpakka

Perlestrikka hals og hue i dobbel alpakka. Riktig farge i bilete til venstre.

Perlestrikka hals med vri fann eg oppskrift på hos Marte Helgetun. Eg brukte dobbel alpakka på samme pinne som var anbefalt i oppskrifta. Eit veldig kjekt prosjekt å strikke, og halsen blei heilt perfekt størrelse på. For å lage eit sett leita eg etter ei hue som kunne passe. På garnstudio fann eg Mossing around. I oppskrifta står det Nepal og dobbel perlestrikk, men eg fortsatte med dobbel alpakka og enkel perlestrikk sånn at det var likt med halsen.

Hua blei òg veldig fin, men eg syns det var vanskeleg å ta eit godt bilete av den. Så får vi håpe at barndomsveninna liker det like godt som meg.

– Nøstet –

Read Full Post »

Plutseleg var det berre tre veker igjen til jul! Kor blei dei siste vekene av? Vel, noko av tida har eg jobba, litt har eg trent, og jammen har eg ikkje strikka litt òg.

Nøstet presenterer Julegåvestrikkestatistikk for dei tre siste vekene:

Strikkestatistikk

På x-aksen er det altså datoane og på y-aksen strikketimer. Måndagar kan ein sjå at er dårlege strikkedagar. Då går det i eit med jobb, middag, lekser, trener for barneidrett (frå 18.nov), køyring av Nøsteguten til handball, og så få alle i seng litt for seint. Elles må eg sei at eg har overraskande mykje strikketid. Eg har med meg strikketøyet overalt, og nytter alle ledige stunder. I tillegg var det mykje god strikketid på hyttetur i skikkeleg uveir den 23.

Det gjeld å utnytte tida, strikk mens Snuppa bader, når det er barneidrett (og du ikkje er trener), når det er handballkamp eller trening, når det er musikkbarnehage, på hytta, når mannen skal sjå Bonanza ein søndag morgon og når samme mann jobbar overtid og  ein kan sjå Jane Austen Bookclub.

Det gjeld å utnytte tida, strikk mens Snuppa bader, når mannen skal sjå Bonanza ein søndag morgon, på hytta i uveir, når det er barneidrett (og du ikkje er trener), når det er handballkamp eller trening, når det er musikkbarnehage, og når mannen jobbar overtid og ein kan sjå Jane Austen Bookclub heilt aleine heime.

Så korleis gjekk det eigentleg med alle julegåvene du skulle strikke, Nøstet? Jaudå, månge gåver er påbegynt. To er heilt ferdig, derav oldemorsstripeteppet. Ei gåve som består av to deler er halvferdig, ein genser er ferdig strikka og skal monterast, eit par Moon Socks er ferdig strikka og må òg monterast, eit rilleteppe er 60% ferdig, eit sokkepar er 60% ferdig og eit Babybornsett er påbegynt. I tillegg skal det strikkast minst ein liten ting til. Det skal gå fint. Evig optimist når det gjeld strikkeprosjekt! Har du kontroll over julegåvene?

– Nøstet –

Read Full Post »

No er det nedtelling her! Tenk at det verkeleg berre er 8 veker igjen til jul! Det produserast julegåver i alle ledige stunder. Det er framleis lite som er ferdig, men mykje er undervegs. Når eg får ein idé og ikkje har kort tidsfrist på det eg allereie held på med, berre MÅ eg sette igang umiddelbart. Dermed ender eg opp med masse påbegynte prosjekt.

Huer med vri

Huer med vri

Ein av dei få gåvene som er heilt ferdig er Huer med vri. Oppskrifta fann eg hos litlo & kalen, og den er svært enkel og grei. Eg strikka huene i Sandnes Duett, eit garn som er gått ut av produksjon. Det er 50% ull og 50% bomull, og ganske mjukt. Den eine hua er til ei niese som syns alt av strikkakle klør. Satser på at dette er unntaket. Den andre hua er til Snuppa, mulig den dukker opp i adventskalenderen hennes.

Treng du meir hueinspirasjon? Eg har strikka mange dei siste åra. Florisse Hat, Line-hua, fleire i Lue-alongen til uformelt og ei nydelig med blomst som eg faktisk held på å strikke fleire av akkurat no. Huer er supre gåver, og i motsetning til votter og sokker som òg er flotte gåver er du ferdig når du har strikka ei.

– Nøstet –

Read Full Post »

« Newer Posts - Older Posts »