Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘til menn’

Eg har alltid eit par sokkar på pinnane. Dei ligg i ei lita strikkeveske som er lett å putte i veska om eg skal ein plass og får litt strikketid, og sidan sokkane eg strikker stort sett er utan mønster er det lett å strikke vidare uten å måtte lese kor ein er på eit mønster. 

Alle treng jo sokkar, så det er kjekt å ha nokre par liggande om det plutseleg kjem ein bursdag ein har gløymt, eller når julestrikkelista som vanleg er dobbelt så lang som det er muleg å komme gjennom. På bilete over har eg strikka ribbesokker. Klumpen fekk dei grøne og svarte, mens dei tre andre har flytta til ei niese, ein nevø og til min lillebror. Dei rosa er strikka i Lana Grossa sokkegarn som er veldig elastisk. Dei grøne og svarte er frå samme garnleverandør, men garnet liknar meir på Fabel. Dei brune med striper er i Fabel eller Regia og dei blå i tjukt raggegarn av ein eller anna type.


Tøffelsokkane strikka eg til ungane for å ha på hytta. Dei er strikka i Fritidsgarn i sjølve foten, sydd saman og strikka på eit par omgonger med superwashgarn til ribb før dei blei tova. Deretter strikker ein opp ribben med superwashgarn, eg har brukt Smart og Falk. Mønsteret finn du i Sandnes Tema 19 Toving. Angry Bird sokkane har eg strikka etter eit bilete, og desse er strikka i eit Rubin. Maskesting kan eg med fordel øve meir på. Det var Fikslein som fekk desse til 4-års dagen.

Vanilla Socks

Vanilla Socks

Sokkane på denne siste kollasjen og dei to øverste på forrige bilete er Vanilla Socks, mønster frå Mina Phillip som har videopodcasten The Knitting Expat. Det er heilt enkle sokkar i glattstrikk med litt ribb øverst og hæl av forkorta rader. Desse strikker eg med magic loop og begge sokkane samtidig. Den einaste endringen eg gjer er at eg feller litt fortere på tåa. Eg har ei stor korg med fleirfarga sokkegarn etter at eg var så fascinert av slikt garn for mange år sidan, nokon av nøsta er det berre eit av og nokre er restar frå andre prosjekt. No prøver eg å få strikka det opp med å blande fleire nøster, putte inn litt einsfarga ribb, hæl og tå der garnet ikkje rekk. Det meste av garnet er Opal, Fabel og Regia. Eg er ikkje så nøye på at sokkane skal bli heilt like, så om eg har berre eit nøste starter  eg frå innsida av nøstet til den eine sokken og frå utsida til den andre. 4 av desse para er gitt vekk i gåver og dei to siste blir nok gitt til jul. Og det er sjølvsagt eit par på pinnane som blir strikka på innimellom.
Nøstet –

Reklame

Read Full Post »

 Plutseleg var eldstemann så gammal at han var klar for leirskule. Då er det godt å ha med seg ein god og varm genser til å ha under anorakken! Den forrige eg strikka til han er godt brukt. Han ville ikkje ha genser med fleirfarga mønster på, så vi tråla nettet etter stripete og einsfarga gensere.

Farmengenser

Farmengenser

 

Valet fall på Farmengenser. På den lokale strikkebutikken hadde dei ein einaste strikkepakke av Farmengenseren igjen, i damestørrelse XS og blåfargar. Det passa heilt utmerka til min slanke 12-åring. Dette var eit kjapt strikkeprosjekt og genseren blei godt tatt imot av mottaker!

Strikkefakta: 

Mønster: Farmengenser fra Rauma

Garn: Mitu, også frå Rauma

Pinne: 4.0
Nøstet –

Read Full Post »

Det er haust i lufta, og då kriblar det ekstra mykje i strikkepinnane! Samstundes flaumar det over av inspirasjon, både på bloggar, instagram og i nye bøker. I tillegg har eg alltid ei liste liggande over plagg eg har lyst til å strikke.

For ungane treng jo varme kle til skule og barnehage, det er alltids kjekt med ei ny hue eller tre, og skal ein gje strikka julegåver kan det vere kjekt å komme igang tidleg.

Allereie i sommar kom eg igong med haustplagga. Ja, det blei fleirtal. Det var masse kjekke prosjekt å starte på, og ingenting som hasta å gjere ferdig.

 

UFO-haug

UFO-haug

Så no sit eg med denne haugen av UFO-ar. Frå botnen kan eg presentere Mariushettejakke str 10-12 år, må klippast opp, sy på ermer, strikke hette og kant og montere glidelås. Nr 2 er nok ei Mariushettejakke, denne i str 8-10 år, og samme arbeid gjenstår. Vidare ligg det ein lommegensar som manglar halskant og montering. Neste plagg er også ein lommegensar som er ferdig strikka, og berre manglar trådfest. Nedst øvst ligg ein tunika til meg sjølv som eg starta på den helga Fikslein blei døypt for eit par år sidan, den blei tatt fram igjen denne helga. Og øvst ligg ei snoningstrøje som manglar knappar. Mottakaren blei fødd i forrige veke, så den må prioriterast.

 

Heldigvis har forfattarane vore meir kreative med innhaldet enn titlane på bøkene.

Heldigvis har forfattarane vore meir kreative med innhaldet enn titlane på bøkene.

Men som alltid fristar det meir å sette igong med eit nytt prosjekt. Nokre nye bøker har det blitt, og strikkelista auka betrakteleg etter å ha bladd litt. Den nye Nøstebarnboka kjem nok til å bli ein klassikar som den forrige, Charlott Pettersen si bok «Strikk til mamma og mini» var ei god investering, i «Strik til banditter» av Signe Strømgaard har Snuppa plukka ut eit par tunikaer som står på ønskelista og i Marte Helgetun si bok er det mange fine idèar til plagg eg kan strikke til dei små eg kjenner.

 

Hos Paelas fristar Flora-toppen og huene til Klompelompe kan passe til dei fleste små hovud. Og så har sjølvsagt dei store garnprodusentane komme med nye mønster og nokre òg med nye spennande garntypar. Det er berre å velge og vrake i mønster og garn!

 

Kor finn du inspirasjon for tida?

 

– Nøstet –

 

 

Read Full Post »

Ein gong i tida var eg svært fasinert av fleirfarga garn, og spesielt i tynt sokkegarntjukkelse. Eg var i startfasa av å bygge meg opp ein garnlager, og det blei med eit nøste heim kvar gong eg kom over ei tilbudskorg eller såg ein fargekombinasjon eg likte. Antall nøster inn stod ikkje i stil med antall sokkar ut. Innimellom, for å sjå om fargane var like fine strikka som i nøsteform, blei det strikka eit sokkepar i barnehagestørrelse. Igjen sit eg med masse halve og enda mindre rester av ein eksplosjon av fargar.

Restefest

Restefest

For eit par veker sidan tok eg med meg masse rester og eit par nøster einsfarga Fabel, pinne 2,5 og sokkeboka til Bitta Mikkelborg på hytta. Tidlegare har eg strikka Søte frøken sommer, no bestemte eg meg for å prøve Bure. I boka var dei strikka i tjukkare garn, men eg la opp det som stod sjølv om eg hadde tynnare garn. Nokon ville dei uansett passe til. Eg parallellstrikka sokkane for å få dei nokonlunde like, og kom i mål med å bruke 3 restenøster av to ulike fargekombinasjonar i tillegg til svart Fabel.

Bure

Bure

Men har du sett? Jammen har eg ikkje klart å forflytte den eine svarte maska som følgjer sokken nedover! Ja, ja, det får berre vere sånn, for det blei ikkje oppdaga før eg såg igjennom bileta.

Sokkane passa Nøstemannen perfekt. Dei blei tatt i bruk umiddelbart og var dei beste sokkane han hadde hatt på seg nokonsinne. Du må gjerne lage fleire, sa han. Jau, fleire blir det. Om det blir til han eller andre er uvisst. Strikkekorga står på hytta og ventar på meg til neste gong eg kjem. Då skal eg prøve meg på nye fargekombinasjonar.

Snopekorg!

Snopekorg!

– Nøstet –

Read Full Post »

Jammen er det ikkje allereie ein månad sidan julafta. Som eg har nevnt tidligare var det ikkje alle julegåvene som blei ferdig i tide, men nokon fekk heimestrikka gåver som dei kunne opne på sjølve julekvelden.

Hekleveninna fekk kjærasten frå det store utland på besøk i jula, så eg syns han måtte få ei heilnorsk gåve. Ei Mariushue er kjapp å strikke og passar dei fleste. Eg strikka den i svart og grå Smart og brukte oppskrifta frå Mariusboka. Hua blei baggy og det syns eg ikkje passa denne karen. Så eg tok opp igjen og begynte fellingane nokre cm før, sånn at det blei ei meir klassisk hue.

Mariushue

Mariushue

Eine fadderguten fekk gensaren Jonathan frå Garnstudio,  strikka i deilig Nepal. Eg likar ikkje Garnstudio sin metode på vrangbord som har større maskeantall enn resten av genseren, så eg gjorde det på min måte. Eg la opp det maskeantallet som stod ein skulle felle til etter vrangborda, og så strikka eg to rett, to vrang i passe lengde. Når eg skifta farge i vrangborda strikka eg den første omgangen med ny farge berre med rettmasker, då blir overgangen finare. Hempa fann eg i knappelageret. Det er kjekt alt som kan brukast.

Jonathan

Jonathan

Bileta blei tatt i hurten og styrten før presangane skulle pakkast inn, så kvaliteten blei ikkje sjekka før gåvene var levert. Fotokurs bør kanskje stå på gåveønska for 2014…

God strikkehelg frå

 Nøstet –

Read Full Post »

Plutseleg var det 2014, men eg er framleis på strikkelista for 2013. Ambisjonane før jul var som vanleg alt for høge. Eg såg kjapt at eg ikkje rakk raggsokkar til den yngste broren min (som eg har lova at eg skal forsyne han med jevnleg). Så han fekk eit gåvekort på sokkar og fekk innløyst gåvekortet tidleg i romjula.

Raggsokkar

Raggsokkar

Som ein kan sjå feilberegna eg mengda garn, men sidan dette er arbeidssokkar spelar det lita rolle. Og det blir så mykje ryddigare i garnkassa når den eine fargen blir brukt heilt opp før ein startar på den neste.

I forrige veke leverte eg ut den siste julepresangen. Niesa var vekkreist i jula og skulle få presangen i romjula, men ikkje eingong den fristen greide eg å halde. Uansett var gleda stor då ho fekk pakke opp litt uti januar.

Babyborn dukkekle

Babyborn dukkekle i Viking Bjørk

Oppskrifta fann eg i Allers Høststrikk 2013. Eg har strikka i Viking Bjørk som eg har masse av, det var visst eit lite sal på den lokale Husfliden ifjor. Eg blei ikkje så veldig imponert av garnet, så det kan vere at det blir mykje dukkekle i desse fargane framover.

I tillegg til dukkekle fekk niesa sengetøy til dukkevogna si. Eg sydde med det samme uglestoffet som Snuppa fekk til si dukkevogn ifjor.

No strikkar og syr eg vidare på 2013-lista. Snella får snart ei forsinka bursdagsgåve i posten, og saman med den kjem det nok samtidig ei forsinka dåpsgåve til den minste Snelleguten. Men SÅ er eg klar for 2014!

Godt nytt år alle saman!

Nøstet –

Read Full Post »

I forrige innlegg nevnte eg at eg har ein perm som eg samlar oppskrifter i etterkvart som dei dukkar opp i vekeblad. Dette gjorde eg i mange år. Men så oppdaga eg Ravelry. No blir det lite utklipp frå vekeblad, men desto fleire hjerter på Ravelry. Når ein hjerter ei oppskrift, lagrar ein den under favorittar. Der låg òg Brain Waves Beanie, nok eit ypperleg restegarnsprosjekt.

Brain Waves Beanie

Brain Waves Beanie

Hua er hekla med dobbel tråd Juvel, Pt5 og noko anna garn av ukjent merke i passe tjukkelse. Eit prosjekt som er hekla på ein kveld, og som sluker garn. Denne hua ligg i skuffa til Klumpen og venter på hausten. Og det er godt mogleg at den får selskap av fleire, for dette var eit kjekt prosjekt!

Nøstet –

Read Full Post »

Ein av mine store inspirasjonskjelder er strikkeforumet uformelt. Der er det masse flotte damer som strikker og hekler i ein voldsomt fart og som alltid er oppdatert på kva som fins av oppskrifter og ideer. Blueberry Waffle Socks har vore populære veldig lenge, men det nye denne månaden var tipset frå Erica med bloggen Mekkehjørnet om å strikke dei i dobbelt garn. Ein tråd ensfarga og ein tråd fleirfarga garn av type Opal, Regia eller Fabel blir tjukke deilige sokker som går kjempefort å strikke. Sokkegarnkassa mi er overfylt av fleirfarga garn som eg ein gong i tida syns var flott, men som eg no syns kan bli litt for spraglete til flotte mønster.

I pinsa starta eg sokkestrikkinga, og etterpå har dei blitt strikka på litt innimellom ein del andre ting.

Blueberry Waffle Socks i Fabel og Opal

Blueberry Waffle Socks i Fabel og Opal

Dette paret som er strikka i turkis Fabel og tuttifruttifarga Opal. Nøsteguten bestilte dei ganske kjapt, så eg laga dei i ca str 36. Det spraglete garnet blei passeleg dempa og det endte opp med å bli ganske flotte sokker.

Blueberry Waffle Socks i Fabel og Regia

Blueberry Waffle Socks i Fabel og Regia

Det neste paret er strikka i svart Fabel og fleirfarga Regia. Eg blei ikkje like fornøgd med fargane på desse, men så likte eg ikkje Regiagarnet så godt i utgangspunktet heller. Likevel fornøgd med å få brukt det opp til noko fornuftig, og eg tenker det blir gode sokker for nevøen når han skal på leirskule til vinteren.

Og eg greide ikkje å dy meg, eg måtte ta bilete av Blåbærsokkane i blåbærlyng 🙂

Blåbærsokker i blåbærlyng

Blåbærsokker i blåbærlyng

 Nøstet –

Read Full Post »

Eg heng framleis med i Luer2013-alongen på Uformelt. Huer er kjekt å strikke har eg funne ut, og hittil har eg greid å berre bruke garn frå lageret. Det er ein ekstra bonus!

Ei av aprilhuene er Free Spirit Hat som passer godt som vårhue. Oppskrifta lar deg velge mellom to ulike måtar å strikke starten på. Den absolutt penaste er «Latvian Braid» som er vist på bilda til designeren. Ein sein kveld syns eg det såg veldig vanskeleg ut, så eg gjekk heller for den enkle versjonen med riller.

Free Spirit Hat

Free Spirit Hat

Hua er strikka i einsfarga brun Lanett og fleirfarga Regiagarn. Eg la opp som det stod i oppskrifta, men lot vere å auke ut etter rillene. På denne måten blei den akkurat passeleg til Klumpen. Om eg skal strikke ei til i samme størrelse, vil eg nok legge opp litt færre masker.

Her ser du januarhua, februarhua og marshua.

– Nøstet –

Read Full Post »

Februarhua i Luer2013 på uformelt blei for meg Pretty Gallapavo. Eg fann nokre nøster grøn Alaska i lageret, som må ha vore der i årevis. Kva planer eg hadde for dei veit eg ikkje, mulig dei berre lurte seg innpå meg på eit salg eingong.

Pretty Gallapavo

Pretty Gallapavo

Hua var strikka på eit par kvelder, og blei avslutta med ein passe stor dusk. Nøsteguten, som har rukke å bli 9 år, ville gjerne ha den og Klumpen på snart 7 har lagt inn bestilling på ei i blått. Har litt lite blått passande garn liggande, men kanskje eg kan finne eit litt anna mønster og lure inn noko grått.

Her finn du forresten januarhua.

– Nøstet –

Read Full Post »

Older Posts »