Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘til menn’

Somme prosjekt er så enkle og kjedelige at dei ikkje treng å visast fram.  Som raggsokkar. Heilt enkle trauste raggsokkar utan spreke fargar eller artige vriar. Eit sånt par skulle eg strikke til veslebroren min til jul. Eg har arva ein del raggsokkgarn etter mamma og det tenkte eg var perfekt til arbeidssokkar som berre skal vere varme og slitesterke.

Det første tegnet på at dette ikkje blei eit enkelt prosjekt var at garnet er det stivaste eg har strikka med. Men sidan det var snakk om eit par raggsokkar fekk det gå, det er overstått på ei god strikkehelg. Sjølv om eg har strikka ein god del sokkar opp gjennom åra, må eg framleis ha oppskrift. Til vaksne har eg ikkje ei standardoppskrift, så når eg såg at det var oppskrift på baksida av magebandet på garnet satsa eg på at den var grei.

Etter å ha strikka vrangborda kom eg til ein plass i garnet der ein av tre trådar var avslitt. Merkeleg, men la gå, det er vel sånn som kan skje. Etter ei stund til så kom det enda ein avslitt tråd, og enda ein og det var like før eg kasta heile prosjektet i veggen.

Håplaust raggegarn

Håplaust raggegarn

Men då hadde det ikkje blitt sokkar til jul, så det var berre å bite tenna sammen. Kva som har skjedd med nøsta (for det var sånn i alle tre nøsta!) er meg ei gåte. Eg har tre nøster igjen av samme garn men i ein annan farge, men er usikker på om eg nokongong kjem til å bruke dei.

Kor mange garnender kan ein sokk ha?

Kor mange garnender kan ein sokk ha?

Når sokkane endeleg var ferdige og alle endane var festa ser eg at det er dei raraste sokkane eg nokon gong har strikka. Vel er veslebroren ein litt kraftig kar, men så stor over vristene er han nok ikkje.

Sjølv bildet av raggsokkane blei håplaust!

Sjølv bildet av raggsokkane blei håplaust!

Så konklusjonen er altså at både Raggegarn og oppskrifta til Raggegarnsokkar er forkasta, og Nøstet er ei erfaring rikare.

Og Nøsteveslebroren er ein takknemleg veslebror som takkar fint for stygge håplause raggsokkar.

 

Nøstet

Read Full Post »

Sidan julaftan i år fell på ein måndag, har vi heile helga på å stelle og pynte til jul. Men er du heilt ferdig med alle julepresangane? Du har framleis litt tid igjen om du vil lage noko.

Kanskje kjærasten kan trenge eit nytt slips til juleselskapa?

Til veninna kan du strikke pulsvarmarar.

Pluviose er eit av dei enklaste mønstera, men resultatet er veldig flott.

Til hjarteknusarane er det framleis tid til å strikke ei nydelig hue.

Eller kanskje den skal vere litt tøffare?

Til pusen kan du hekle ei leikemus.

For ekstra moro kan du putte inn ein behaldar med litt ris sånn at den lagar lyd.

Snella og Nøstet

Kvit jul vil vi ha!

Read Full Post »

I dag er ei veke att til julaftan. Stressa? Du rekk fint å lage fine, heimelaga julegåver enno. Når det er ro i huset og du har fått beina på bordet og litt gløgg i koppen, kan du kose deg med å lage desse fine gåvene.

ei veke att - julegåvetips

Til kjærasten: Strikk ei god hue, som denne frå Garnstudio. Det blir han nok glad for så kaldt som det har vore i det siste. Er din kjære av den leikne typen, kan hua få ein diger dusk. Det er jo så populært for tida.

Til veninna: Eit par vottar i Eskimo-garn går superkjapt. Særleg pene er dei i utgangspunktet ikkje, men du kan pynte og style dei så det blir ei artig, omtenksam og personleg gåve. Sjiraffentusiastveninna får sjølvsagt sjiraffvottar (sjå biletet øverst til venstre).

Dei to gåvene vi fekk mest overstrøymande tilbakemeldingar på i fjor, er dei du rekk å strikke på ei veke. Det lette sjalet i patenststrikk ser eg i bruk titt og ofte. Veninna som fekk tøflane i Eskimo og Puddel, kallar dei «gåborttøflane» sine. «For med sånne tøfler trenger jeg ikke å ha med pensko!»

Til hjarteknusarane: Kle til dukke eller bamse. Settet på biletet nede til høgre finn du gratis på Sandnesgarn sine nettsider. Der finn du òg dette heftet gratis. Meir inspirasjon kan du finne i eit tidlegare innlegg på bloggen.

Til pus og vofsen: Nissehue, så klart!

Snella og Nøstet –

Read Full Post »

Og så var det berre 2 veker igjen til jul. Men du har framleis god tid til å trylle fram nokre fine heimestrikka julegåver!

to veker att til jul - julegåvetips

Til kjærasten kan du strikke eit deilig, stripete skjerf i alpakka. Eller du kan satse på sjølvstripande skjerf med Drops Delight, eller Fabel.

Til veninna kan du strikke eit tøft sett med hue og vottar i tjukt garn. Er veninna av den romantiske typen, er kanskje blondesokkar i Fabel den rette gåva.

Til hjarteknusaren kan du henge med på trenden og strikke ein kjempestilig uglevest. Bestem sjølv kor mange ugler det skal vere og korleis du pyntar.

Til vofsen tilrår vi ein flott gensar. Om bisken skal vere med å gå julebukk, treng den kanskje å kle seg ut? Kva med nissekostyme?

Så då er det jo berre å sette igang 🙂

Snella og Nøstet

Kvit jul vil vi ha!

Read Full Post »

Juleverkstad i november? Kvifor ikkje. Desember pleier alltid å bli travel, så eg og to veninner bestemte oss for å treffast nokre kveldar for å støype lys allereie no.

Lysmasse og farge blei kjøpt inn frå Panduro. Godt humør og kreative støypeformer blei medbrakt, og vi satte igang.

Vi laga lys med raud, lilla, grøn og turkis farge, og støypte i ananas og maisboksar, glas som har vore barnemat og tomatpurè i, i melkekartongar, julekoppar og vinglas som ikkje lenger var i bruk.

Lysstøying

Lysstøying

Vi var godt nøgde med resultatet sjølv om det ikkje levnar nokon tvil om at dette er heimelaga lys. På siste samlinga pynta vi boksar og glas med det ulike papir, blonder og band.

Så spørs det om nokon får heimelaga lys til jul eller om eg rett og slett vil behalde dei sjølv.

 

– Nøstet –

Read Full Post »

I dag er det akkurat fire veker til julaftan. Framleis har du god tid til å bli ferdig med heimelaga julegåver. Her kjem nokre tips til populære presangar.

Til kjærasten: Strikk ein gensar i tjukt garn. Det går unna! Gensaren på biletet er strikka i Alaska frå Drops. Mønsteret er henta frå Retroheftet til Dalegarn. I haustutgåva av Made by me er det fleire  flotte modellar til menn strikka i tjukt garn frå Bergere de France. Og Garnstudio har sjølvsagt fleire modellar som denne namnlause og Ivalo om du treng oppskrift med ein gong.

Til veninna: Det deilige sjalet Andalousie. Du kan òg gå for ein tynn og delikat variant som Garden of Diamonds, eller eit tjukkare og større sjal som veninna nesten kan krype inn i, t.d. Pust i Faerytale.

Til hjarteknusarane: Ein gensar eller tunika. Den brune gensaren har vi blogga om her, og tunikaen finn du i dette innlegget, saman med enda ein lettstrikka genser. I dette heftet, som ligg gratis på Sandnesgarn.no, finn du mange fine variantar både til jente og til gut.

Til pus og vofsen: Ei mjuk og god seng. Garnstudio har ein tova versjon.

Då er det berre å finne fram pinnane og sette igang!

Snella og Nøstet –

Read Full Post »

Sidan eg ikkje kan blogge årets julegåve til Snella heilt enda, tenkte eg å vise noko av det er har gitt ho før.

Vi er begge glade i Marimekko, så å bruke desse flotte stoffa gjer det ekstra kjekt å sette seg ned og sy.

Med hjelp frå Hr Fiks fekk eg størrelsen på Snella sin pc. I ei dansk bok som heiter Hånd i Hanke fann eg mønster til «Computertaske» og justerte det til måla eg hadde fått. Eg fôra veska med dobbelt lag med vatt sidan eg ikkje veledon-vatt som stod i mønsteret.

Pcveske lukka

Pcveske lukka

Inni veska er det eit soppestoff som eg kjøpte på Panduro. Veska har lomme til pc’en sånn at den skal ligge stødig. Og så er det plass til kabel og evt hefter eller bøker ein treng å ha med seg.

Pcveske opna

Pcveske opna

Så om du kjenner nokon som treng ei pc-veske som ingen andre har, er det jo berre å sette igang!

Nøstet –

Read Full Post »

Når ein har mange strikkeprosjekt på gang eller når ein skal på tur med strikketøyet sitt, så er det kjekt å ha ei strikkemappe. Eg har sett fleire flotte variantar på nettet, og har sjølv arva ei som eg brukar dagleg. Så når eg skulle finne julegave til Strikkevenninna i 2011 fann eg ut at ei strikkemappe måtte vere midt i blinken. Det er lenge sidan eg lagra lenka til ei nettside som viser deg korleis ein syr slike, så det var berre å sette seg ved symaskina med Mac’en ved sida av.

Strikkemappe

Strikkemappe

Eg brukte stoff fra Ikea på utsida. Eit stoff som er litt hald i. Eg sydde den større enn den som blir vist på lenka, det er ingen problem å endre størrelsen til den ein ynskjer. Mappene kan sjølvsagt også brukast til toalettveske, skopose eller oppbevaring av andre ting. Det blir sydd fleire slike!

Nøstet –

Read Full Post »

Årsoppgjer

I 2010 blei eg veldig imponert over kor god oversikt «alle» strikkebloggarane hadde over kva dei hadde av garn i skuffer og skap, kor mykje dei strikka og til og med kor mange meter garn dei hadde brukt iløpet av året! Så når 2011 kom leita eg fram alt av garn, rydda, sorterte og veide herligheten. Og i heile 2011 har eg notert ned alt eg har laga, veid det og tatt bilde av produktet. Alt er lagt inn i eit Word-dokument som ei handarbeidsdagbok. Noko har eg etterkvart vist fram her i bloggen.

Sjølv om eg var ganske forskrekka over mengda garn eg hadde når 2011 starta, har eg likevel på ein eller anna merkeleg måte enda opp med enda meir garn når 2012 starta. No er garnlageret på nesten 50 kg! Og det enda eg har strikka og hekla opp like over 10 kg i 2011. Så nyttårsforsettet for 2012 blir altså å bruke meir garn enn eg kjøper. Sidan konkurranseinstinktet alltid er tilstede tok eg like godt å meldte meg på DUGG (De Uformelles Garnlager Greie) på Uformelt. Der har alle det samme nyttårsforsettet. Så får vi sjå korleis det går. Eg har iallefall mange strikkeprosjekt for 2012, og det skal eg kose meg med.

Blant anna skal eg strikke fleire huer av restegarn. Like før jul strikka eg ei som Nøstemannen fekk i julepresang. Dette skal vere jobbehua.

Hue strikka i Falk

Hue strikka i Falk, Klumpen stiller som modell etter nissefest i barnehagen.

– Nøstet –

Read Full Post »

No går det an å avsløre fjorårets julegåver. Først ut er eit skjerf, som nok kom vel med i romjulsstormane.

Ein sofistikert herre fekk dette skjerfet, strikka på langs med dobbel Alpaca frå Drops. 150 masker på pinne nr. 4,5.

Strikka herreskjerf i alpakka

Herreskjerf i alpakkagarn

Eg ville gje skjerfet litt liv, men godt innanfor rammene av eit konservativt uttrykk. Valet fall på to gråfargar og ein vinraud. Eg strikka rettstrikk i grått med ein omgang raudt her og der i glattstrikk. Dermed kjem raudfargen diskré fram når ein strekk i skjerfet. I to omgangar lét eg ei raud maske følgje med over det grå ved å løfte den over og ikkje strikke den – i «ballband-stil» etter inspirasjon frå den berømte oppvasktvoga frå Ravelry. (Minidialektkurs: tvoge = klut) Mot kanten av skjerfet la eg inn to raude striper i rettstrikk. Dermed fekk eg brukt opp alle tre garnnøsta.

Detalj frå herreskjerf

Detalj frå herreskjerf

Snella

Read Full Post »

« Newer Posts