Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘ull’

 Hausten er her definitivt, sjølv om vestlandet har finare dagar enn vi hadde heile sommaren. Men kalde morgonar og kveldar gjer at det er godt å ha ei ulljakke i beredskap. Forrige sesong strikka eg Bellajakke i Sterk til Snuppa. Bellamønsteret er enkelt og dekorativt, og det har eg strikka før i tunika og Snella har strikka kjole. Mønsteret er som sikkert dei fleste veit frå hefta til Lene Holme Samsøe.

Bellajakke i Sterk

Bellajakke i Sterk

Denne sesongen er jakka framleis i bruk. Den har blitt litt vid i halsen etter mykje bruk, så her om dagen hekla eg rundt halskanten for å stramme den opp litt. Det ser ut til å verke fint, og Snuppa er fornøgd med å kunne bruke favorittjakka enda ei stund til.
– Nøstet –

Reklame

Read Full Post »

Hekla pute

Då eg var ferdig med Farmen-genseren til eldstemann, satt eg igjen med ein del restegarn. Og sidan dette var fargar som guten likte spesielt godt fann eg ut at eg skulle lage ei pute til han i dei samme fargane. Restane frå genseren rakk til framsida og litt av baksida, som berre er striper. Resten av baksida er liknande fargar i garn av samme tjukkelse.


Heklefakta:

Mønster: Trekantpute av Solstrikke

Garn: Rauma Mitu og liknande garn. Noko var iallfall Peer Gynt.

Heklenål: 4

Guten var strålande fornøgd med bidraget til kjellerstova og har bestilt fleire i samme kategori.
Nøstet – 

Read Full Post »

 Plutseleg var eldstemann så gammal at han var klar for leirskule. Då er det godt å ha med seg ein god og varm genser til å ha under anorakken! Den forrige eg strikka til han er godt brukt. Han ville ikkje ha genser med fleirfarga mønster på, så vi tråla nettet etter stripete og einsfarga gensere.

Farmengenser

Farmengenser

 

Valet fall på Farmengenser. På den lokale strikkebutikken hadde dei ein einaste strikkepakke av Farmengenseren igjen, i damestørrelse XS og blåfargar. Det passa heilt utmerka til min slanke 12-åring. Dette var eit kjapt strikkeprosjekt og genseren blei godt tatt imot av mottaker!

Strikkefakta: 

Mønster: Farmengenser fra Rauma

Garn: Mitu, også frå Rauma

Pinne: 4.0
Nøstet –

Read Full Post »

Har du ikkje starta på haustgarderoben til dei små enda, så er det på tide! Det er tida for barnehagestart, og snart må ulla fram og på. 

Eit av standardplagga i barnehagegarderoben er ein ulldress. Det fins mange flotte mønster, og kvart år kjem det fleire. Eit av dei som kom i fjor haust, var Fanadress med rundfelling. Eg blei umiddelbart i fyr og flamme, og spurte Snella om ikkje Gullet trengte ein slik. Heldigvis passa det bra. 

Fanadress i Rauma Baby Panda

Fanadress i Rauma Baby Panda

Strikkefakta:

Mønster: Modell 26-1 frå hefte Design baby 26

Garn: Rauma baby Panda, fargane som er oppgitt i mønsteret. 

Pinne: 2,5

Finaste Gullet i Fanadress

Finaste Gullet i Fanadress

Fargane kunne ikkje passa mottakar betre! Rauma Baby Panda har fleire flotte fargar og er eit veldig godt garn å strikke med. I tillegg held plagga seg kjempebra. Dette garnet har eg strikka hentesett i og Snella har strikka babybukse.

Tidligare har eg strikka Høstløvdress til samme gut, og brødrene har fått både Nøstebarndress, Mariusdress og Snorkedress. Denne hausten trur eg alle har den ulla dei trenger, men eg skal nok finne nokre kjekke prosjekt likevel. Det er jo snart på tide å tenke på julegåver òg …
Nøstet –

Read Full Post »

Høstløvdress

  

Ifjor vår kom Gullet til Snella til verda. Ingenting er kjekkere enn å strikke babykle, så eg var kjapt ute med å spørre om eg kunne få strikke ein dress. Eg hadde sett mange fine versjoner av Høstløvdress designa av Marianne Bjerkman, og endeleg fekk eg ein anledning til å strikke den. Mønsterstrikk med ein farge er avslappande strikk, og dette mønsteret var lett å huske etter nokre omganger. Raglanfelling er alltid kjekt, lett å strikke og gjev god passform.
 

Høstløvdress

Høstløvdress

 

Strikkefakta:

Mønster: Høstløvdress av Marianne Bjerkman

Garn: Sterk

Pinne: 3,5 mm

Eg strikka også hua som høyrer til, men den har eg dessverre ikkje noko godt bilete av. Garnet Sterk er eit av mine favorittgarn, og det brukte eg òg når eg strikka Mariusdress til storebroren.
– Nøstet – 

Read Full Post »

For nokre år sidan strikka Snella eit enkelt, men nydeleg sjal i deilig alpakka. Dreieckstuch mit Rüschenrand fekk eg oppskrift på då eg handla garn på Handmade Berlin. Strikkeveninnene var på jentetur til Berlin, og strikkebutikkar var sjølvsagt på planen.

Dreieckstuch mit Rüschenrand

Dreieckstuch mit Rüschenrand

Strikkefakta:

Mønster: Dreieckstuch mit Rüschenrand, fåes på Handmade Berlin ved kjøp av garn

Garn: Ein tråd Isager Alpaca 1 og ein tråd ITO Sensai. 

Pinne: 4mm

Dreieckstuch mit Rüschenrand

Dreieckstuch mit Rüschenrand

 
Sjalet strikka eg to rapportar lengre enn det stod i oppskrifta, rett og slett fordi eg var litt sein med å telle maskene, og plutseleg hadde eg komme for langt. Det gjorde ingenting, og eg hadde mykje garn igjen. Dette sjalet har eg tenkt å behalde sjølv. Når hausten kjem, blir det deilig å slenge over skuldrane eller knyte å halsen.

Nøstet

– Nøstet –

Read Full Post »

Vi har funne ein ny favoritt! Denne herlege halsen har vi samstrikka i vår, og denne kjem det til å bli mange av. Varm og vakker, lett som eit vindpust og av mjukaste mjuke kidsilk. Effekten kjem av ein strikkar med dobbel tråd. Først strikkar ein med begge endane av eitt nøste, så fasar ein inn neste farge.

Versjon 1:

Strikkefakta
Mønster: Ombre Cowl Hood (gratis på Ravelry)
Garn versjon 1: Påbegynte nøste Drops KidSilk i fem ulike fargar (mørk lilla, rosa, kremkvit, lys grøn og mørk grøn).

Garn versjon 2: Påbegynte nøste Drops KidSilk i tre ulike fargar (lys blå, blå og lilla).

Pinne: 5

Mål: 55 cm – 60 cm lang.
Versjon 2:

 

Ombre cowl

Ombre cowl

 
 
Ombre cowl

Ombre cowl

 
Begge halsane blir gåver til flotte veninner!
– Snella og Nøstet –

Read Full Post »

 

Prikkejakke i Sterk

Prikkejakke i Sterk

Eit av favorittmønstera frå eit av favoritthefta av favorittdesigneren, strikka i favorittgarnet.  Prikkejakke frå Børnestrik med pinde 3,5 til 4, designa av Lene Holme Samsøe, og strikka i Sterk.Frå det heftet har eg tidligare strikka Siggis Slipover og Bellatunika

Denne jakka blei julegåve til Fikslein. Garnet er overskuddsgarn frå Mariusjakkene eg strikka til gutane mine ifjor. Eg strikka jakka på pinne 3,5 og strikka str 6 år, men strikka lengda til midt mellom str 4 og 6.

Eg strikka jakka fram og tilbake som det stod i oppskrifta for å unngå at det blei ein tjukk kant ved sida av knappestolpen om eg hadde strikka rundt og klipt opp. Eg har lite erfaring med mønsterstrikk på vranga, og det er ikkje noko eg har lyst til å gjere igjen. Det gjekk  veldig sakte og det var ikkje noko kjekt. Men jakka blei kjempefin når den endeleg blei ferdig.

Klok av skade var eg ikkje i tvil om at skulle strikke neste jakke rundt og deretter klippe opp. Denne jakka er strikka i Tove og Pt2, så den er frå Børnestrik på pinde 2,5 til 3. Den er strikka i str 6 mnd og frå bunnen og opp i motsetning til jakkene i større størrelsar der ein startar på toppen. Mønsteret gjekk fort og greit å strikke når det berre var rettmasker, og eg prøvde heklemetoden før eg klipte opp mellom knappestolpane.

Prikkejakke i Pt 2 og Tove

Prikkejakke i Pt2 og Tove

Denne jakka er sendt avgårde til ei lita jente som kom til verda like før jul. Heldigvis er det fleire små på veg blant familie og vener, så eg kan framleis strikke babykle og små størrelsar.

– Nøstet –

Read Full Post »

Plutselig var det 2016, og det er over eit år sidan vi publiserte forrige innlegg. 2015 viste seg å bli eit travelt år for både Snella og Nøstet, og blogging var ein av aktivitetane som måtte vike. Vi satsar på at 2016 kan prioriterast annleis og at blogging kjem høgare opp på lista.

Handarbeid blei heldigvis ikkje lagt vekk i 2015. Det blei både strikka og hekla ein heil del, og på tampen av året sneik det seg inn eit syprosjekt.


Eit av dei største prosjekta mine i 2015 var Primulapledd, eit design frå Arne og Carlos som ein finn i boka Handarbeid i hagen. Gratis oppskrift på pleddet kan du finne her.

Ei god venninne gifta seg, og det var på sin plass med ei flott bryllaupsgåve. Eg hekla pleddet i dobbel Drops Alpaca, og valgte eit stort fargespekter. Eg prøvde å sette saman fargane sånn at det ikkje skulle bli to like blomster. Og når dei skulle heklast saman prøvde eg å unngå blomstrar med lik farge ytterst ved sida av kvarandre. Om alle blei ulike er eg usikker på, men det er i allefall ikkje mange det fins to av.

Eg hekla først to omgonger på alle blomstrane, og så hekla eg dei saman på tredje omgong. Eg har latt vere å hekle halve blomster til kortsidene, og hekla kanten rundt med stavgrupper i passe avstand.

Som alltid etter eit sånt prosjekt lovar eg meg sjølv at det skal bli lenge til neste gong. Og det blei ei stund, men no er eg jammen igong med eit nytt pledd igjen. Ikkje samme type mønster, men i samme garn.
– Nøstet –

Read Full Post »

Ingenting er som ein mjuk og tynn, men god og varm, hals som passar inni kåpa! Treppenviertel er eit supert mønster til nettopp det, og det er kjempegøy å strikke!

Treppenviertel cowl

Eg ville gjerne lage halsen større enn oppskrifta seier, slik at han også dekker vinterkalde skuldrar. Derfor la eg opp til litt fleire «trapper» (mønsteret er inspirert av trappene i Hamburg). Eg tok litt ekstra i sidan garnet er tynn babyull og pinnane tilsvarande tynne 2,5. Det tar litt tid, men det er fint veskespøt, og den hustrige veninna som fekk gåva til fødselsdagen, fortener det!

Det blir fleire av denne. Sannsynlegvis blir dei neste einsfarga, for då kjem nok det kule mønsteret betre fram.

Treppenviertel cowl

Snella

 

Read Full Post »

« Newer Posts - Older Posts »