Her er neste 40-årsgåvesjal. Denne gongen er det den tyske veninna som fyller år. Ho jobbar som dommar i eit iskaldt praktbygg, kler seg formelt på jobb og er glad i alt med norwegermuster. Enter eit varmt, men elegant sjal i grått, kvitt og støvrosa med norske detaljar og akkurat passabelt med paljettar for litt glamor.
Strikkefakta: Mønster: Dream stripes (gratis på Ravelry) og rosebordmønster frå den klassiske telemarkskofta, funnen i Sandnesheftet «klassikere»Garn: Sandnes tynn alpakka i lysegrått, naturkvitt og lyserosa og dessutan paljettgarnet Anny Blatt Tresor 1141 Pale blush Pinne: 3
Sjalet er strikka etter mønsteret fram til det kvite feltet med rosemønster. Her måtte eg trikse litt for å få det til å gå opp. (Joda, eg rekna og talde, men litt kreative løysingar måtte til likevel. Heldigvis kan mykje fiksast i blokkinga.)
På nest siste rille har garnet fått følge med paljettgarn. Garnet vart sist sett i Bella-kjolen og i strikkahalsen Treppenviertel.
Andre veninner har fått sirkussjal etter same mønster og Perhaps perhaps.
–Snella–