Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘vertinnegåver’

I haust gjekk eg forbi ein garnbutikk som skulle stenge. Utruleg kor dyrt det kan bli med sal, altså. I shoppetåka må eg ha rive til meg mange nøste bomullsgarn. Vimplane har jo vore så populære, tenkte eg kanskje. Det var berre å sette i gang med kluteproduksjon for å rettferdiggjere garnkjøpssmellen.

strikka-handduk-og-vaskeklutar

Strikkefakta: Mønster frå «Kluter» av Bitta Mikkelborg; «På kryss og tvers» (handkle) og «Glassklart» (fire ulike småbrikker) | Settpinnar og rundpinne nr. 3 | Handkle i marineblå Mandarin Petit og brikkene i Rico baby cotton soft print dk farge 010 multicoloured og 006 denim light blue.

Handkledet er 22×26 cm. Det er halvparten så stort som originalen og eit passe stort gjestehandkle. Eg repeterte midtrapporten seks gongar i staden for 12 og la inn eit hol over fire masker til oppheng mellom tredje og fjerde rapport. Handkledet var vanskeleg å strikke i så mørkt garn, og ikkje kom mønsteret til sin rett heller. Eg skal nok strikke det igjen, men lysare.

Og eg skal strikke mange, mange klutar frå denne boka. Så langt har eg prøvd åtte mønster og gitt vekk klutar til veninner og grandtanter. (Sjå, kjære, så lurt at eg kjøpte så masse garn. Tante Margit blir nok rørt over å få ein så fin presang!) Fine restegarnprosjekt, enkelt å ha i veska og supre smågåver eller større gåver saman med såper og toalettvesker og kosmetikk. Kinderegg!

Snella

 

Reklame

Read Full Post »

arne-og-carlos-crazy-fuglar

Meinte eg eigentleg at Arne og Carlos mjølka same konsept litt vel hard? Jepp! Fall eg pladask for årets fuglar? Dobbeltjepp! Kven kan vel motstå desse sjarmørane – for høvet iført paljettar og fargerikt restegarn.

Desse fuglane kan varierast i det uendelege. Til veninna med bursdag i november var det litt oppkvikkande å kunne finne fram mitt mest glorete restegarn og sette saman noko som ville gli rett inn i «La cage aux folles» – ein perfekt allegori på liva våre for tida.

Strikkefakta Mønster: Arne og Carlos-fugl, funne i Allers sitt julemagasin. Pinne: 3 Garn: Ymse restegarn, mellom anna sjokkrosa Dale Påfugl og Bling paljettgarn. Det lilla håret vart sist sett i boaen til frøken Viktualia Sjøgren.

Snella

 

 

Read Full Post »

Ei lita takk til ein kollega vart til etter litt inspirasjon på Pinterest. Ein enkel EOS-leppepomade har fått kronblad av papir og stengel av piperensar.

vertinnegave-pynta-eos-lypsyl

Du treng

  • EOS-leppepomade
  • pent papir
  • piperensar
  • saks
  • lim
  • passar
  • penn

Og så gjer du sånn:

eos-lypsyl-kreativ-gaveeos-lypsylgaveeos-gave-passerroseeos-papirblomsteos-papirblomst-passareos-i-papirblomst

 

Snella

 

 

Read Full Post »

Det finst uendeleg mange skjønne hekla brosjer rundt om, og hos Anabelia blir eg alltid spesielt inspirert. Når no ein blomst av ein kollega fyller 40, passa det fint å prøve denne nydelege blomsten. Det blir ikkje siste gongen.

Hekla blomsternål frå Anabelia

Heklefakta
Mønster: Crochet flower brooch av Anabelia (gratis)
Garn: restar av Drops alpakka 7238 mørk oliven, 3770 mørk rosa og 100 natur
Anna: knapp, brosjenål, nål og tråd
Heklenål: 3

Eg pressa blomsten i form og stiva han litt med sukkerlake så han toler litt bruk.

Fargevalet er inspirert av årets Marimekko-fargar, Unikko spring 2016, som eg har falle heilt og fullstendig og pladask for:

Unikko Spring-collection 2016 inspiret choched brooch

Snella

Read Full Post »

Heimestrikka ansiktsklutar er kvardagsluksus. Raskt å strikke, og ei annleis vertinnegåve. Her er ein bukett med fire store vaskeklutar og fire små til ansiktsrens eller ansiktsvatn.

Ein bukett klutar

Alle mønstera er gratis, og eg har eg funne dei via Pinterest.

Almost lost wash cloth

Mini almost lost wash cloth

Strikkefakta for blomstene:
Mønster til stor blomsterklut: Almost lost washcloth
Mønster til liten blomsterklut: Mini almost lost washcloth
Garn: Rico baby cotton soft print dk farge 010 multicoloured og 006 denim light blue
Pinnar: 3

Leafy wash cloth stockinette

Leafy wash cloth

Strikkefakta for lauvklutane:
Mønster: Leafy washcloth – to variantar, ein med rettstrikk og ein med glattstrikk
Garn: Rico fashion pixel dk farge 006 grasgrøn
Pinnar: 3

Gratulerer med dagen, kjære søster! Håpar du likar blomsterbuketten.
Snella

 

Read Full Post »

Det er mange i bloggverda som har forelska seg i Pluviôse, og det låg nok mange slike under dei tusen juletre i år. Så også hos oss.

*

Pluviôse - pulsvarmarar i alpakka*

Desse pulsvarmarane var ei gåve til den skjønne dama som var jubilant i vår, og dei skulle passe til Leftie-sjalet hennar. Det var eit halvt nøste att etter sjalet, så eg kjøpte eitt til. Eg ville ha tette og nette pulsvarmarar, så eg la opp med dobbel tråd på pinne 2,5 og følgte det superenkle mønsteret, som seier rillestrikk heile vegen. Mønsteret finn du gratis på Ravelry.

*

Pluviôse - strikka pulsvarmarar*

Det er det søte beltet som gir pulsvarmarane det lille ekstra, og dei toler litt pynt. Eg sydde fast ein ein blomstrete knapp frå Molly Makes oppå ein stor kvit knapp.

Det er ein artig kuriositet at «pluviôse» var namnet på ein månad i den gamle franske kalenderen, og namnet kjem frå latin pluviosus, som tyder «regnfull». Mottakaren bur i Bergen, så det passar jo bra.

Snella

Read Full Post »

– Vi er invitert i middagsbesøk på laurdag. Eg trur det er ei uformell bursdagsfeiring, sa herr Fiks tysdag kveld.

Det tar eg som ei utfordring! Tre kveldar og ein føremiddag til disposisjon. Det må bli eit av mine signaturskjerf i patenstrikk. Grave, grave i garnlageret. Mhm, eit såvidt påbegynt nøste Drops Kid-Silk i perlegrått etter bolerovesten til svigermor passar den fagre, sommardagslyse mottakaren. Eit rør med perler i kvitt, sølv og akkurat same gråfarge som garnet låg tilfeldigvis og glitra i perler-og-anna-dill-samlinga.

*

Dameskjerf i patentstrikk med perler

*

Patenstrikk er grueleg enkelt, men ser spesielt flott ut. Mi oppskrift:

Legg laust opp 26 masker på pinne 6 (det ser lite ut, men det stemmer!).

Første omgang: Ta av første maske, *eitt kast, ta av ei maske som om du skulle strike den vrangt, strikk ei maske rett*, gjenta til du har éi maske att på pinnen. Strikk siste maska rett.

Andre omgang: Ta av første maske, *eitt kast, ta av ei maske som om du skulle strikke den vrangt, strikk neste maske og kastet rett saman*, gjenta til du har éi maske att på pinnen. Strikk siste maska rett.

Gjenta andre omgang til skjerfet er passe langt.

I dette tilfellet strikka eg til det var tomt for garn. Då var skjerfet passe langt til å få to gongar rundt halsen og endane nedi ei v-utringing eller ei skjorte. Eg sydde på perler langs begge kortendane og somme stader litt innover skjerfet.

Her er ein annan versjon av skjerfet, i eit litt meir eksklusivt garn og med blondekant. På dette skjerfet er alle perlene trædde på garnet først og så strikka inn.

Oppdatering mars 2014: Hei! Det hadde vore veldig hyggeleg om du la att ei helsing – om du likar skjerfet, om du prøver mønsteret eller om du berre er ute på ein surferunde. Dette er vårt desidert mest besøkte innlegg.

Detalj frå dameskjerf i patentstrikk

Nærbilete av dameskjerf i patentstrikk med perler

*

Eg sat med skjerfet heilt fram til vi skulle køyre av garde, så innpakkingsting vart òg trylla fram frå tølene.

Ferdig pakke til vertinna

*

Her er skjerfet pakka inn i silkepapir og ei tom øskje som det har vore nydelege lakrisbitar frå Anton Berg i, ein grøn silkebandrest og eit raudt hjarte som eigentleg var kjøpt til juletreet.

Snella

Read Full Post »

Det har vore ein lang vinter, og tre gode kollegaer fortente ei lita helsing før ferien. Eg surfar på ei god brukerestegarnbølge for tida, og denne gongen var det mellom anna sjokkoransje og vårgrønt som fekk vere med – to nøste eg verken kan hugse eller begripe at eg har kjøpt nokon gong. Men til hekla påskekyllingar etter denne oppskrifta var dei perfekte!

˜*

Tre hekla påskekameratar

Tre hekla påskekameratar

*

Her er det mange ulike typar garn, og alle var ulikt tjukke. Likevel brukte eg berre heklenål 3,5. Dermed fekk kyllingane ulik storleik, og til dels ulik form. For at kyllingane skulle kunne sitte betre hadde eg litt ris i botnen før eg fylte resten med fyllvatt.

Litt pussige ser dei ut, men eg synest dei er søte, og det gjorde mottakarane òg. Kollegaen som fann den oransje på kontoret sitt, syntest det var ein glitrande påskeidé å hekle ei kyllingappelsin.

Ein kylling er hekla på ein liten kveld og blir ei hyggeleg vertinnegåve å ha med i påskeselskapet.

Snella

Read Full Post »