Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘vinter’

 

Prikkejakke i Sterk

Prikkejakke i Sterk

Eit av favorittmønstera frå eit av favoritthefta av favorittdesigneren, strikka i favorittgarnet.  Prikkejakke frå Børnestrik med pinde 3,5 til 4, designa av Lene Holme Samsøe, og strikka i Sterk.Frå det heftet har eg tidligare strikka Siggis Slipover og Bellatunika

Denne jakka blei julegåve til Fikslein. Garnet er overskuddsgarn frå Mariusjakkene eg strikka til gutane mine ifjor. Eg strikka jakka på pinne 3,5 og strikka str 6 år, men strikka lengda til midt mellom str 4 og 6.

Eg strikka jakka fram og tilbake som det stod i oppskrifta for å unngå at det blei ein tjukk kant ved sida av knappestolpen om eg hadde strikka rundt og klipt opp. Eg har lite erfaring med mønsterstrikk på vranga, og det er ikkje noko eg har lyst til å gjere igjen. Det gjekk  veldig sakte og det var ikkje noko kjekt. Men jakka blei kjempefin når den endeleg blei ferdig.

Klok av skade var eg ikkje i tvil om at skulle strikke neste jakke rundt og deretter klippe opp. Denne jakka er strikka i Tove og Pt2, så den er frå Børnestrik på pinde 2,5 til 3. Den er strikka i str 6 mnd og frå bunnen og opp i motsetning til jakkene i større størrelsar der ein startar på toppen. Mønsteret gjekk fort og greit å strikke når det berre var rettmasker, og eg prøvde heklemetoden før eg klipte opp mellom knappestolpane.

Prikkejakke i Pt 2 og Tove

Prikkejakke i Pt2 og Tove

Denne jakka er sendt avgårde til ei lita jente som kom til verda like før jul. Heldigvis er det fleire små på veg blant familie og vener, så eg kan framleis strikke babykle og små størrelsar.

– Nøstet –

Advertisements

Read Full Post »

Nokon gongar startar prosjektet med at ein finn eit mønster ein berre MÅ prøve. Andre gongar, som i dette tilfelle, var det garnet som lokka. Oftare og oftare kom eg over fine ord om Shetland Soft, og når haustgarderoben til Snuppa skulle planleggast fann eg ut at det var på tide å teste ut dette garnet. Inne på nettbutikken til Malsen og Mor blei eg overrumpla over alle dei flotte fargane! Kva skulle eg velge? Første plan var å strikke prikkejakke frå Lene Holme Samsøe, eg hadde lilla Nøstebarngarn som eg tenkte eg kunne bruke til kantfarge og grønt til prikkar. Kanskje oransje til bunnfarge? Jau, den såg flott ut. Men så var det jo så mange andre fargar. Den turkise var skikkeleg flott (og nevøen skal jo ha julegåve), og når eg såg mønster på Lommegenser havna både mønster og garn i handlekorga på eit blunk. Kort tid etter låg det i postkassa.

 

Lommegenser

Lommegenser til nevøen

Lommegenser, turkis og brunt tok eg med meg på ferie i sommar. Sjølv om garnet var seigt og klissete og det lukta sauefjøs, så var lommegenseren eit veldig kjekt prosjekt som gjekk superkjapt å strikke. Så kjekt var det at når eg kom heim og fann ut at det nydelege oransje garnet ikkje passa med det grøne til prikkar, heiv eg meg rundt og strikka ein lommegenser til.

 

Lommegenser

Lommegenser til Snuppa

Men så skjedde det som av og til ofte skjer. Det blir kjekkere å starte på eit nytt prosjekt enn å fullføre det gamle. Så dei to lommegensarane blei liggande med lause trådender og framleis stive og klissete. Lenge. Heilt til i forrige veke då det plutseleg blei så kaldt at det måtte tjukkare gensere med i barnehagen. Ein liten time med trådfesting, ei runde i vaskemaskina med Milo og vips var to deilige, mjuke gensere klare for bruk.

No har eg høyrt at Shetland Soft blir solgt ferdig vaska, så det blir nok fleire bestillingar etterkvart!

 

– Nøstet –

Read Full Post »

Sjalet Leftie seglar opp som ein stor favoritt både hos Snella og Nøstet. Snella har strikka to, eit i natur med grønfargar og eit i grønt med kvitt, og eg har strikka eit med rosatonar til Snella. Då det ifjor kom ei ny dame inn i familien, var det ein fin anledning til å få strikke eit til. Denne gongen valde eg å strikke i haustfargar som ville passe denne flotte dama heilt perfekt. Leftie er perfekt som prosjekt for å få brukt opp restane sine, det ligg jo òg i namnet. Eg blei ikkje nøgd med dei fargane eg fann i alpakkalageret mitt, så det blei nytt garn på meg denne gangen. Drops Alpaca har masse flotte fargar og det var ikkje vanskeleg å finne dei eg ville ha.

Leftie i haustfargar

Leftie i haustfargar

Sjalet er kjapt og kjekt å strikke. Berre eit blad til, berre eit til, og sånn fortset ein. Innimellom blada er det greit med litt rillestrikk som passar godt om ein samtidig ser ein god film. Gleder meg allereie til neste gong eg skal strikke Leftie. Kanskje eg må ha eit sjølv …

– Nøstet –

Read Full Post »

Plutseleg to veker att til jul! På fredag fekk vi snø, og det blei skikkeleg julestemning. Ungane fryda seg ute i snøen med akebrett og ski. Kjekt å sjå at dei vel mor sine heimestrikka huer når det er kaldt og vått, så etter jul må eg strikke fleire. Spesielt eldstemann treng nokon litt stilige huer.

Vel, igår regna all julestemninga vekk så no må eg finne anna inspirasjon for å bli ferdig med gåvene. Ei gåve som allereie er ferdig er til barndomsveninna. Ho får perlestrikka hals og hue i grå alpakka frå Drops.

Perlestrikka hals og hue i dobbel alpakka

Perlestrikka hals og hue i dobbel alpakka. Riktig farge i bilete til venstre.

Perlestrikka hals med vri fann eg oppskrift på hos Marte Helgetun. Eg brukte dobbel alpakka på samme pinne som var anbefalt i oppskrifta. Eit veldig kjekt prosjekt å strikke, og halsen blei heilt perfekt størrelse på. For å lage eit sett leita eg etter ei hue som kunne passe. På garnstudio fann eg Mossing around. I oppskrifta står det Nepal og dobbel perlestrikk, men eg fortsatte med dobbel alpakka og enkel perlestrikk sånn at det var likt med halsen.

Hua blei òg veldig fin, men eg syns det var vanskeleg å ta eit godt bilete av den. Så får vi håpe at barndomsveninna liker det like godt som meg.

– Nøstet –

Read Full Post »

Plutseleg var det berre tre veker igjen til jul! Kor blei dei siste vekene av? Vel, noko av tida har eg jobba, litt har eg trent, og jammen har eg ikkje strikka litt òg.

Nøstet presenterer Julegåvestrikkestatistikk for dei tre siste vekene:

Strikkestatistikk

På x-aksen er det altså datoane og på y-aksen strikketimer. Måndagar kan ein sjå at er dårlege strikkedagar. Då går det i eit med jobb, middag, lekser, trener for barneidrett (frå 18.nov), køyring av Nøsteguten til handball, og så få alle i seng litt for seint. Elles må eg sei at eg har overraskande mykje strikketid. Eg har med meg strikketøyet overalt, og nytter alle ledige stunder. I tillegg var det mykje god strikketid på hyttetur i skikkeleg uveir den 23.

Det gjeld å utnytte tida, strikk mens Snuppa bader, når det er barneidrett (og du ikkje er trener), når det er handballkamp eller trening, når det er musikkbarnehage, på hytta, når mannen skal sjå Bonanza ein søndag morgon og når samme mann jobbar overtid og  ein kan sjå Jane Austen Bookclub.

Det gjeld å utnytte tida, strikk mens Snuppa bader, når mannen skal sjå Bonanza ein søndag morgon, på hytta i uveir, når det er barneidrett (og du ikkje er trener), når det er handballkamp eller trening, når det er musikkbarnehage, og når mannen jobbar overtid og ein kan sjå Jane Austen Bookclub heilt aleine heime.

Så korleis gjekk det eigentleg med alle julegåvene du skulle strikke, Nøstet? Jaudå, månge gåver er påbegynt. To er heilt ferdig, derav oldemorsstripeteppet. Ei gåve som består av to deler er halvferdig, ein genser er ferdig strikka og skal monterast, eit par Moon Socks er ferdig strikka og må òg monterast, eit rilleteppe er 60% ferdig, eit sokkepar er 60% ferdig og eit Babybornsett er påbegynt. I tillegg skal det strikkast minst ein liten ting til. Det skal gå fint. Evig optimist når det gjeld strikkeprosjekt! Har du kontroll over julegåvene?

– Nøstet –

Read Full Post »

Slekt og vener har begynt å komme med ønskelister til jul som inneheld heimestrikka plagg av ulike slag. Heldigvis så hadde eg mange av desse ønskene på planen i utgangspunktet. Det er begrensa kor mange ekstra gåver eg kan greie å lage på ein månad!

Tidlig ein morgon kom Klumpen med nok eit gåveønske. Han hadde vore på ei nettside og funne noko fint. «Eg har skrive ned alt som stod der mamma, sånn at du kan finne det igjen seinere»

Årets julegåvetips?

Årets julegåvetips?

He, he, tanken var god, men så gode er nok ikkje detektivegenskapane mine.

Det han imidlertid får er eit deilig pledd han kan ha rundt seg når han står opp før hanen gjel og vil sjå barne-tv. Pleddet er hekla i oldemorsstriper på tjukk heklenål.

Oldemorsstripeteppe

Oldemorsstripeteppe

Eg samla saman alt eg fann av blått, grått, svart og kvitt i Nepal og babyulltjukkelse. Babyull og liknande la eg dobbelt. Stripene varierer frå ei til tre av samme farge, så tilfeldig som eg greide. Nokon ga seg sjølv sidan det var både små og større restenøster. Dette blei eit kjempekjekt prosjekt. Mange av stripene fekk meg til å huske gamle prosjekt, blant anna er det ein del garn frå den blå nissefamilien, nokre av nøsta var frå garnet eg arva etter mamma og eit par nøster bytta eg til meg frå strikkeveninna.

Så får vi håpe at det fell i smak.

 

– Nøstet –

Read Full Post »

Eller 35 dagar om du vil. Til jul altså. Og no skulle eg sjølvsagt presentert nokre fine julegåver som eg har klare. Men den gong ei. For dei få dagane eg har vore heime på dagtid dei siste vekene har både den eine og den andre stormen vore innom, og vestlandet har i tillegg blitt vaska skinnande reint. Ikkje mykje fotoveir altså. Men det går rykter om sol seinare i veka, så då blir det kanskje ei råd med det.

Men om eg ikkje har noko heilt nytt å vise fram, kan eg vise fram ei hue eg strikka her tidligare i haust. Nemleg Dobbeltribbtoddlerhua. Den fann eg på bloggen Ribbestrikk og mer. På den samme bloggen finn du oppskrift på Nonstoptop som sikkert mange kjenner til. Den har eg på strikkelista mi. Lurer på om nokon kan ha lyst på ein slik?

Dobbeltribbtoddlerhue

Dobbeltribbtoddlerhue

Men altså, mottaker til Dobbeltribbtoddlerhua var Fikslein. Den er strikka i Juvelrestar som låg i garnlageret. Veldig enkelt og greit mønster, og ei tett og god hue. Har du lyst til å gjere meir ut av den, fins det ein versjon med fletter.

Så, no var det rett tilbake til julegåvestrikk!

– Nøstet –

Read Full Post »

« Newer Posts - Older Posts »