Endeleg eit høve til å hekle min variant av den kule troféelgen Helge! Den har stått på lista lenge, og med striper er den eit perfekt restegarnsprosjekt. Elgen blir prikken over i-en på dåpsgåva til ein tysk gudson med foreldre som alltid er like skuffa kvar gong dei ikkje ser ein elg når dei er i Noreg.
*
Heklefakta
Mønster: Inspirert av elgen Helge hos hvadbiertenker.dk (pdf), men ca. halvparten så stor og med eigendesigna gevir, knappar til auge og nasebor, og med ei lita hempe så han kan henge på veggen.
Garn: restegarn frå lageret
Heklenål: 2,5
Her er lille-Helge klar til å trekke sørover og flytte inn på eit tysk barnerom.
–Snella–
[…] før har denne guten fått umaroteppe og den søte heklaelgen Helge. Mammaen har fått eit vakkert sjal i duse […]
Stilig!!
Takk! Det blir definitivt fleire av denne! 😃