
Prikkejakke i Sterk
Eit av favorittmønstera frå eit av favoritthefta av favorittdesigneren, strikka i favorittgarnet. Prikkejakke frå Børnestrik med pinde 3,5 til 4, designa av Lene Holme Samsøe, og strikka i Sterk.Frå det heftet har eg tidligare strikka
Siggis Slipover og
Bellatunika.
Denne jakka blei julegåve til Fikslein. Garnet er overskuddsgarn frå Mariusjakkene eg strikka til gutane mine ifjor. Eg strikka jakka på pinne 3,5 og strikka str 6 år, men strikka lengda til midt mellom str 4 og 6.
Eg strikka jakka fram og tilbake som det stod i oppskrifta for å unngå at det blei ein tjukk kant ved sida av knappestolpen om eg hadde strikka rundt og klipt opp. Eg har lite erfaring med mønsterstrikk på vranga, og det er ikkje noko eg har lyst til å gjere igjen. Det gjekk veldig sakte og det var ikkje noko kjekt. Men jakka blei kjempefin når den endeleg blei ferdig.

Klok av skade var eg ikkje i tvil om at skulle strikke neste jakke rundt og deretter klippe opp. Denne jakka er strikka i Tove og Pt2, så den er frå Børnestrik på pinde 2,5 til 3. Den er strikka i str 6 mnd og frå bunnen og opp i motsetning til jakkene i større størrelsar der ein startar på toppen. Mønsteret gjekk fort og greit å strikke når det berre var rettmasker, og eg prøvde heklemetoden før eg klipte opp mellom knappestolpane.

Prikkejakke i Pt2 og Tove
Denne jakka er sendt avgårde til ei lita jente som kom til verda like før jul. Heldigvis er det fleire små på veg blant familie og vener, så eg kan framleis strikke babykle og små størrelsar.
– Nøstet –
Read Full Post »