Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Når sommervarmen endeleg er komen, er det kjekt å ha litt småprosjekt å jobbe med. Noko som ikkje ligg tungt og varmt i fanget, eller har tjukk ulltråd som får hendene til å svette. Eg strikker ofte sokkar, huer eller kluter når det blir for varmt. Denne langhelga var sommaren innom på Vestlandet og eg henta fram igjen sokkane som har vore innimellomprosjekt ei lang stund.


Strikkefakta: Vanilla Socks frå Mina Phillip
Garn: Svart Fabel og multifarga garn i samme tjukkelse, mest sannsynlig Opal.
Pinne: 2,5 mm


Sokkane eg strikker er som regel resteprosjekt. Eg har ein god del påbegynte nøster med sokkegarn, og det kombinerer eg som regel med svart Fabel. Her trudde eg at det var litt lite multifarga garn, så eg satte optimistisk igong med striper. Etter ei stripe kom eg på at det syns eg ikkje var så gøy i kombinasjon med magic loop, så det blei med den eine stripa. Rekke opp var heilt uaktuelt på restegarnsokker. Desse går i gåvekassa sidan dei blei litt små til meg.
Nøstet –

I dag kom våren på ordentleg her hos oss! Og med våren kom inspirasjonen til å hekle nokre nydelege små hjarte til eit festbord som skal dekkast til jonsok.

syrininspirert garn

Hekla hjarte i rosatonar

Heklefakta| Mønster: Amal Shebl (lenke til gratis diagram) Garn: DMC 5 cotton pearl 818 og 223 og metallic pearl 5283 Heklenål: 2

Garnet er eigentleg broderigarn, men det var heilt perfekt. No skal eg hekle opp resten av hjarta medan eg gler meg til jonsokbryllaup.

-Snella-

Av og til, eller eigentleg ganske ofte, så dukker det opp oppskrifter som ein berre må strikke! Dette er ein av dei som kom på den lista! Så enkelt med rillene, og så interessant med løvkanten!

Strikkefakta:
Oppskrift: «Løvlisjal» av Elisabeth Steenks, @_strikkelisa_ på Instagram
Pinne: 3,5 mm
Garn: Kvit Sandnes Lanett. 054 og 055 (grønfargar) Cheeky Merino Joy frå Rosy Green Wool, kjøpt frå NinaPetrina då vi var på Bergen Strikkefestival.

Akkurat no er det heldigvis litt for varmt til å bruke sjal, men dette skal nok bli brukt mykje når det blir litt kaldere. Imens tripper eg etter å begynne på fleire Løvli-oppskrifter, har du sett løvliskjørtet?
Nøstet –

Samstrikkprosjekt er kjekt! Pickles-kjole har stått på siklelista ei stund, og Puno-garnet er så skjønt, så skjønt. Og dyrt. Men når begge fekk pengar i bursdagsgåve, kunne det berre bety Puno-tid!

tunika og kjole i puno

Resultatet vart to herlege plagg som hjelper frosne sjeler gjennom mørke tider og inn i våren.

Strikkefakta:

Oppskrift: Dagny-kjolen fra Pickles, gratis oppskrift i KK nr 42/2016. Kjolen er strikka ovanfrå og ned. Garn: Puno Alpakka frå Rauma. Pinnar: 4,5 og 5,5.

Tunikaen: Garnfargar: burgunder nr. 5434, bringebærraud nr. 877 og cerise nr. 838. Totalt 480 g. Eg la opp til str. XS, men litt meir enn mønsteret sa før deling til bol og armar. Eg strikka òg to omgangar ekstra både før og etter deling for at det skulle bli plass til å røre armane.

På eit tidspunkt gjekk eg tom for burgunder, og dermed vart det ein tunika. Armane er ekstra lange, og vrangbordene er 28 omg. lange. Stripene er strikka sånn: 28 omg. i nr. 5434 + (7 omg. i nr. 838 og 7 omg. i nr. 877) x 2.

Kjolen: Fargar: burgunder nr. 5434, bringebærraud nr. 877, totalt 500 g. La opp til str. S, men auka til 256 masker for å få den vid og lang nok til å rekke til deling for armar og bol. Stripene er på 28 omgonger i kvar farge. Strikka den så lang som det var garn til. Strikka armane lenger enn oppskrifta sa.

Det er nesten synd det er blitt vår, slik at vi må legge vekk kjolane ei stund. Men berre nesten.

Snella og Nøstet

Eit mønster i eit amerikansk magasin. Ei tante med åkle på veggen. Eit djupdykk i garnlageret. Ein idé. Tante Marit må få ei varm ullpute som passar i interiøret, i påskegåve. God påske, alle kjære lesarar!

Påskeegg på åklehekla pute

Heklefakta | Mønster: Bargello pillow av Margret Willson frå Crochet World Magazine (oktober 2016) Garn: frå lageret; Mor Aase i naturkvitt, raud Kidsilk frå Drops, opprekt raudt arvegarn, arva Triplex frå Bogerud i grønt Heklenål: 3,5

Dei skjønne påskeegga er frå Kaffebrenneriet.

IMG_5895

Bakstykket er hekla i Mor Aase etter same mønster som det hekla helseteppet.

Godkjent åklehekl? Dette mønsteret var iallfall artig å hekle. Eg trur ganske sikkert eg blir inspirert av det igjen.

Snella

Å ja, påska er vedunderleg! Det er lyst, det er fargar, og vettren har enno ein gong for våren måtta røma. Og det er så gøy å pynte. Hos oss tar det gjerne litt av – til fryd både for meg sjølv og naboane (etter latteren oppe i vegen å dømme).

pc3a5skehare-pynt-pc3a5-dc3b8r.jpg

Vi dekorerer alltid døra til Halloween, og no vart eg inspirert til eit artig prosjekt saman med ungane av ei påskedør på The chic site. Thanks for sharing!

Tulipanane er på plass.

Tulipanar

Dei hekla påskekyllingane heng i bjørkekvistane.

hekla påskehare«

Heklefakta|Mønster: gratis hos «Jordbær med fløte».
Garn: gult bomullsgarn. Heklenål: 3,5

Og egg med karse på mormors heklabrikker høyrer til.

egg med karse

God påske!

Snella

Eg synes det er vanskeleg å finne fine strikkemønstre til gutar. Sjølv om det har blitt mykje betre dei siste åra, har ikkje så mykje fenga meg. Det kan nok vere at det er eg som er litt kresen. Eg likar at det skal vere litt fargar, men helst ikkje fleirfargestrikk. Ikkje heilt enkel, men likevel ikkje for komplisert. Ja, du skjønar!
Men her fann eg ein som eg likte veldig godt, og då passa det jo fint at eg trengte ei gåve til ein skjønn gut på 5 år.

Strikkefakta:

.

Mønster: Oppskrift nr 3 frå Rauma Design Barn 245R, strikka i str 8 år sidan eg strikker ganske fast.

.

Garn: Rauma Tumi, blå 0190 og blå 6416

.

Pinne: 2,5 og 3mm

Det var mitt første møte med dette garnet. Det virka veldig mjukt på nøstet og det samme verka genseren når den var ferdigstrikka, men garnet sklei liksom ikkje på pinnane når eg strikka med det. Så det blir nok andre garnalternativ om eg skal strikke fleire. Og det er godt muleig eg gjer. Snuppa har allereie bestilt ein i rosafargar. Strukturen på genseren synes eg blei heilt fantastisk. Armane er dekte med falske fletter, men det kjem dessverre litt dårleg fram i den mørkeblå fargen. Det blir nok mykje betre med ein litt lysare farge.

.

– Nøstet –

Det er gøy å finne gåve når eit tysk fadderbarn med foreldre som elskar det nordiske uttrykket, fyller år. Formel: Eit lekkerlekkert produkt frå Blafre og noko heimelaga i nordisk stil. I år vart det drikkeflaske og ei søt, hekla vimpelrekke av restegarn.

Hekla vimpelrekke med dusk

Heklefakta | Mønster: inspirert av Cupcake by me via Pinterest. Mønster trengst eigentleg ikkje, men det finst på Karen Klarbæks verden.  Garn: bommullsgarnrestar, mest Mandarin petit kjøpt inn i mengder på sal. Heklenål: 3,5

Filtkulene er frå same sal. Tråden i vimpelspissen er berre trukken gjennom kula og knuta med dobbelknute.

Frå før har denne guten fått umaroteppe og den søte heklaelgen Helge. Mammaen har fått eit vakkert sjal i duse fargar.

Vimpelrekke til barnerom

Vimplar har vore i populære lenge, og det var gøy å variere litt. Frå før har eg hekla eit utal vimpelrekker i meir romantisk stil.

For å halde på stilen, blir gåva pakka inn eit delikat papir med eit litt stramt kort. Det må vere skikkelege frimerke utanpå.

Slik får du gåve-til-noregsvenvenner-stilen:

Full pakke: søt vimpelrekke i nordisk stil; norsk gåvepapir  frå Epla; naïvt kort med rev frå Moia; drikkeflaske frå Blafre (eg har kjøpt med ein ekstra kork med tut); norske flagg; norskromantisk frimerke med kronprinsesse Mette-Marit.

Snella

I mi verd er det høgsesong for femårsdagar no. Det er stor stas – spesielt når det er små veninner som har bursdag. Som mor til tre gutar ser eg det som mitt privilegium å lage søte, jentete ting i gåve.

Filtveske med hekla blomsterpynt crochet flowers on girl's purse

I år har eg som uttalt mål å bruke mest mogeleg restegarn og stæsj frå lageret. Den blå filtveska var eit spontantkjøp på Panduro for mange år sidan, og med søt heklapynt passa ho fint til ei ung dame.

Heklefakta: Mønster: May Roses frå Attic 24 (Thanks for sharing!) Garn: Restar av Drops Muscat etter vimpelprosjekta. Heklenål: 3,5.

Hekla pynteblomster cute crochet flowers and bling

Blomstene var artige å hekle, så eg laga likegodt nokre nåler som skal få pynte opp pakkar, med det same. (Laga av ein blomst og eit lauv med sikkerheitsnål på baksida.) Mellom anna har den fancy nøkkelringen og duskeblingsmykket over her fått innpakning med blomsternål.

God søndag! Det er ein flott hekledag i dag.

Snella

Tenk at det har gått fem år sidan vesle Fikslein blei fødd. Han måtte feirast med ein skikkeleg fest! Skulle vi våge å invitere til utebursdag i lunefulle mars?

Ugler godtepose owl goodiebag

Ja visst, og det blei ein suksess! Norske ungar er då vikingar! Vi sette opp ein lavvo og spidda pølser, mais og s’mores på bål i nyinnkjøpt fyrfat/bålpanne frå Felleskjøpet.

Bålpanne og lavvo

Etterpå hadde vi kaker og sånn, som seg hør og bør. Bålkake:

Bålkake cake on fireBålkake firecake

Kaka er av torokvalitet, men pimpa til det uigjenkjennelege. Brune m&ms og nonstop er ved, og gule, raude og oransje er glør. Flammane er laga av kamferdrops og bringebærdrops som er smelta i omnen på 200 grader i fem minutt for deretter å gjenoppstå som logande eld.

Appelsingelebåtar jelly oranges

Appelsinbåtar av gelé har eg laga før, og det er alltid ein supersuksess. Denne gongen brukte eg fire appelsiner, ein pakke appelsingelé og ein pakke sitrongelé. Eg hadde i all safta frå appelsinene, og det gjorde geleen veldig frisk. Alt forsvann på eit blunk. Det gjorde også bjørnebæsjen:

Bjørnebæsj Bearpoo

Det var ikkje før ein vaksen las skiltet at bjørnebæsjen fekk bein å gå på. – Bjørnebæsj? Æsj! Og så var alt vekk i dei glupske gapa.

Oppskrifta? Superenkel og supergod: Smelt sjokolade og rør i cornflakes. Ha i minimuffinsformer og la stivne. Eg har pynta med litt kakepynt.

Dei fine skilta er lånt frå Hallmark (free printable signs courtesy of Hallmark Thank you for providing blank printables!) Og så pynta eg litt med kongler og greiner og marshmellows:

Camp birthday decoration marshmellow pine cones

Vi har mykje naturtomt, og ungane var overalt – i trea, på dissestativet, ved bålet, i lavvoen og i akebakken. Og litt natursti vart det tid til. Målet var å finne godteposane, som for høvet var fine ugler:

Ugler godtepose owl goodiebag2Ugler godtepose owl goodiebag 1

Uglegodteposane er laga av dorullar og innpakningspapir frå Panduro. Uglene er inspirert av det koselege programmet Hygge i Strömsö, og har fått søte uglefjes (free printables courtesy of My owl barn).

For å få tak i skattekartet måtte bursdagsgjestene finne ting i naturen (sjå bilete under). Eg hadde lagt kartet i eit skrin med kodelås, og for kvar ting ungane fann, fekk dei eit nytt tal til låsen. Når alt var på plass, kunne vi opne skrinet. Derifrå gjekk det unna:

Ugler i bjørk owl in a berch tree

Scavenger hunt natursti

Invitasjonen laga eg enkelt i PowerPoint med teikningar freidig lånt frå nettet. Takk til alle som deler bilete og inspirasjon!

Invitasjon til utebursdag i mars

Naturstien:

Natursti scavenger hunt

Bileta er lånt frå CBC . Thank you!

Og alle var samde om at det hadde vore ein fin bursdag!

Snella