Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Posts Tagged ‘vår’

 Eit av garna eg lenge har hatt lyst til å prøve er Arwetta Classic. Dette garnet har ikkje den lokale garnbutikken, så når eg kom over det i ein butikk i Vejle på sommarferie ifjor fann eg ut det måtte prøvast. Vel heime fekk eg sjølvsagt fleire idéar, og måtte supplere med litt nettkjøp sånn at eg hadde dei fargane eg trengte. Garnet er tynt og deilig, men litt stummare enn eg liker det. Eg ser at huene fort blir litt utvida, og trekker seg ikkje tilbake i riktig form.

Zig-zag lue

Zig-zag lue

 

Strikkefakta:

Mønster: Zigzag-lue av MarionR

Garn: Arwetta Classic

Pinne: 2,5mm
Neste hue i samme garn laga eg for at eldstemann skulle ha ei hue under sykkelhjelmen. Denne er altså veldig tettsittande til min 12-åring.

Stripete hue i Arwetta Classic

Stripete hue i Arwetta Classic

Strikkefakta:

Mønster: La opp 134 m, 16 omganger ribb, økte til 144m, strikka 60 omganger før felling. Starta felling med 2 r, 2 r saman, strikka ein omgang utan felling, 1 r, 2r saman, ein utan felling og så to rett saman rundt heile neste omgang.

Garn: Arwetta Classic

Pinne: 2,5

Garnmengde: 40 gram. 
Huer kan det aldri bli for mange av, og er eit kjekt prosjekt å ha lett tilgjengeleg i veska om det skulle bli tid til litt strikking. Eg har framleis litt Arwetta igjen som skal bli til fleire huer!
– Nøstet –

Read Full Post »

No når det brått blei vår, trengte eldstemann ei tynn hue som gjekk under sykkelhjelmen. Free Spirit Hat som veslebror fekk i fjor, er heilt perfekt sidan den er strikka i tynt garn og i tillegg er ei morsom hue.

Free Spirit Hat i duse blåtoner

Free Spirit Hat i duse blåtoner

Nøsteguten er ikkje like glad i sterke farger som broren, så han gjekk for duse blåtoner. Ein rest av fleirfarga Opal og resten av Regia Silk som eg brukte til Fuglemammas omslagsbody passa fint. Igjen blei det riller i starten.

Free Spirit Hat

Free Spirit Hat

Når storebror fekk hue, kom Snuppa og lurte på når det var hennar tur. Ho ville ha alle fargar fekk eg beskjed om. Eit restenøste av Opal med lange fargeskift blei funnen fram, og fargerikt blei det. Sidan fargeskifta måtte passe med omgangane måtte eg kutte garnet for kvart parti, og på slutten gjekk eg tom for garn og måtte spleise inn igjen nokre av dei små restane eg hadde kutta av. Altså tok det omtrent like lang tid å feste alle ender som det tok å strikke hua. Men kva gjer det når Snuppa meiner ho har verdas finaste hue og snillaste mamma?

På bilete ser du forresten såvidt Tøysetoppen som eg strikka ifjor.

 

– Nøstet –

Read Full Post »

Våren

Våren

Enno ein gong fekk eg vetren å sjå for våren å røma,
heggen med tre som der blomar var på, eg atter såg bløma.
Enno ein gong fekk eg isen å sjå frå landet å fljota,
snjoen å bråna og fossen i å, å fysa og brjota.
Graset det grøne eg enno ein gong fekk skoda med blomar,
enno eg høyrde at vårfuglen song mot sol og mot sumar.

Eingong eg sjølv i den vårlege eim, som mettar mitt auga,
eingong eg der vil meg finna ein heim og symjande lauga.
Alt det, som våren i møte meg bar, og blomen eg plukka,
fedranes ander eg trudde det var som dansa og sukka.
Difor eg fann millom bjørkar og bar i våren ei gåta,
difor kvar ljod i den fløyta eg skar, meg tyktes å gråta.

Kirsebærtre i bløming

Dette er første og siste strofe i Aasmund Olavsson Vinjes uendeleg vakre og såre dikt «Våren» – første gong publisert i Vinjes eige vekeblad, Dølen, i 1860. Diktet er tonesett av Edvard Grieg.

Endeleg, endeleg er våren kommen!

Snella

Read Full Post »

– Der har du funne fram overgangskåpa, ja. Det er så skjønt at det endeleg er vår, sa ein kollega då eg kom virvlande inn på kontoret hin dagen.

Overgangskåpe? Har eg det? Ja, min santen. Kjøpt som vinterkåpe i Berlin, men altfor tynn til norske innlandsvintrar. Sidan eg openbert er dame med overgangsjakke, måtte eg sjølvsagt skaffe meg eit høvande overgangssett med tynne og lekre, men litt varme hanskar i blondestrikk og tilhøyrande skjerf.

*

Blått vårsett

Blått vårsett

*

Den rette oppskrifta fann eg etter litt leiting hos Garnstudio, og det måtte bli Drops Alpaca i fargen petrol sidan settet må passe til overgangspromenadar ved fjorden. Aldri hadde eg vel trudd eg skulle strikke meg hanskar på pinne nr. 2! (Eg strikkar så laust at eg alltid må ned ein pinnestorleik.) Det var skikkeleg putlete, men eg kjenner meg veldig fin når eg tar hanskane på.

*

Vårhanskar med holmønster i alpakka

*

Snella

Read Full Post »

Eg heng framleis med i Luer2013-alongen på Uformelt. Huer er kjekt å strikke har eg funne ut, og hittil har eg greid å berre bruke garn frå lageret. Det er ein ekstra bonus!

Ei av aprilhuene er Free Spirit Hat som passer godt som vårhue. Oppskrifta lar deg velge mellom to ulike måtar å strikke starten på. Den absolutt penaste er «Latvian Braid» som er vist på bilda til designeren. Ein sein kveld syns eg det såg veldig vanskeleg ut, så eg gjekk heller for den enkle versjonen med riller.

Free Spirit Hat

Free Spirit Hat

Hua er strikka i einsfarga brun Lanett og fleirfarga Regiagarn. Eg la opp som det stod i oppskrifta, men lot vere å auke ut etter rillene. På denne måten blei den akkurat passeleg til Klumpen. Om eg skal strikke ei til i samme størrelse, vil eg nok legge opp litt færre masker.

Her ser du januarhua, februarhua og marshua.

– Nøstet –

Read Full Post »

Vår!

Her på Vestlandet har vi hatt ei veke med fantastisk veir! Ei heil veke utan regn, og relativt lite vind. Det har vore ei travel tid i Nøsteheimen der det meste av tida utanom jobb har gått med til å hjelpe familiemedlemmer på flyttefot med flyttelass og nedvask. No nærmer det seg heldigvis slutten på dei prosjekta, så då kan eg bruke energien på det eg likar aller best, nemleg handarbeid.

Vårstemning

Men innimellom all flyttinga så har eg lurt meg ut på verandaen og nydt solstrålande! Måtte det vare!

Det blomstrer på verandaen

Nøstet –

Read Full Post »

Endå ein marsdag med varmerekord i Oslo. Perfekt dag for slentretur langs Akerselva. Vårteikna var mange:

Krokus langs Akerselva

Vårteikn 1: krokus

Andestegg Foto John Martin Mjelde

Vårteikn 2: Yr, snatrande andestegg

Loff i Akerselva

Vårteikn 3: ein loff?

Men det aller sikraste vårteiknet var den sure, sure lukta av eingongsgrill. Kan vi ikkje snart bli kvitt denne plagen?

Den plagsame eingongsgrillen

Snella

Read Full Post »

Det er vår! Alt vaknar til, og snelleheimen tar imot mange hyggelege gjester for tida. Aller helst skal det jo vere reint og ryddig til ei kvar tid, men eg innser at det er vanskeleg å få til. Kva gjer ein då? Jo, ein legg fram desse serviettane og smiler strålande:

Serviett - My idea of housework is to sweep the room with a glance

Snella

Read Full Post »